tirsdag 15. juli 2014

Topptrimmen 2014-2016, Fivlenosi.

Tid for topptur nr. 2 på laurdag som var. Fivlenosi, ein sentralt beliggande topp i kommunen, var målet denne ettermiddag/kvelden.

Fivlenosi er 1466 m.oh. og ligg ganske så lett tilgjengleg til. Her kan ein gå opp fra fleire plassar, Engadalen, Røssesete, Kilen eller som vi gjorde; fra Vigdalen.
Fra Vigdalen er kortast, men så kjem jo køyringa i tillegg. Hvis ein bur i Dalsdalen, så hadde eg nok starta fra Kilen...

Denne gang hadde vi ikkje med oss dei gamle karta, men satsa alt på kommunens flotte gavekart fra i fjor.
Tid opp er er rekna til mellom to og fire timar, alt etter kor ein startar.


Stien fra Vigdalen og opp mot Fivla er svært mykje brukt, og det er ikkje problem å finne fram. Det står skilt ved parkeringsplassen på Vårstølen i Vigdalen, og sidan er det berre å gå på.
Når ein har passert hyttene til Luster Turlag, så er ein komen på nesten 1000 m.o.h., og det sjølv om ein har gått under ein time fra parkeringsplassen som ligg på ca. 650 m.o.h. Over mot Heggdalen og Hillesetvatnet er det ein felles sti eit stykke, iallfall iflg. kartet. Vi tok av mot venstre og sjølve toppen noko før stiskillet.

Det må forøvrig føyast til at vi faktisk måtte snu att også: Vi havna nemleg borti eit forrykande torever, og fann det mest fornuftig å søke ly på Fivla. Der vart vi sittande i tre kvarter medan uværet raste forbi, og da vi kom ut, så var det fint å gå.

Fra vi tek av den merka turstien og opp til Fivlenosi er det ingen markert sti, men det er greit å gå. På eit lett synleg punkt har ein eller annan smart person satt opp ein slags varde, og denne kan ein berre følge. Denne varden står heller nær toppen, men sjåast langt nedanfra. Dette er forøvrig den einaste skikkelege varden som er oppi der, utanom sjølve toppen da....
Fra ein tek av stien og opp til toppen er det ca. halvannan km. i luftlinje, og knappe 250 høgdemeter. Når vi var der, så var det framleis att ein del snøfenner, og det renn ganske mykje vatn under ein del av desse. Eg meiner at ein helst bør unngå å gå over slike fenner, brått kan ein rase igjennom, og ein veit liksom ikkje heilt kva som er under. Eit fall på berre ein meter er ille nok. Eg går derfor helst utanom snøfenner, men det kan jo være moro nedatt :-)

Sjølve toppen er lett å finne. Det flatar ut på slutten, og da ser ein toppunktet rimeleg greit. Fra toppen er det, nær sagt som vanleg, fint utsyn til ei rekkje lett attkjennande fjelltoppar. Ein kan og sjå ut på Hafslovatnet og Barsnesfjorden i Sogndal.

Her oppe kan ein og finne nokre parti med spesiell kvit stein. Det ser noko pussig ut med heilt kvit stein midt oppe i all gråsteinen, men det er vel ei forklaring på det.


Nedatt gjekk vi litt annleis enn opp, dvs. nedatt til den merka stien. Som nevnt er det ikkje noko merking opp til toppen, så her er det nærast fritt fram, ein kan gå omtrent der sin vil. Nokre hamrar og mindre stup her og der, men ikkje noko som fører til lange omvegar.

Konklusjon: Ein fin og heller lett topptur, iallfall fra Vigdalen. Vi brukte litt over to timar opp, tok eit par pausar på vegen, samt litt mat og drikke. Heile gåturen tok ganske så nøyaktig fire timar. Grunna vår ufrivillige retur ned att på Fivla (vi hadde gått ca. 800 m. forbi hyttene før vi måtte snu) så vart det totalt 1009 høgdemeter. Vi gjekk totalt 15,0 km. men det er med den mellombelse returen grunna uvær. Eg vil anslå heile turen til ca. 13,5 km.

Vi var topptrimmarar ca. nr. 55-60 som hadde vore der, så eigentleg er kanskje denne turrapporten overflødig...
Det var også greit å oppleve at gangsperren som hang i i tre dagar etter Solsetnosi, no ikkje gjorde seg gjeldande. Det er kun litt trening som skal til.

















Kart m/spor og profil.



















Som ein ser har profilen ein dump ned etter ca. fire km. Det var da vi fant det smartast å returnere ned til hyttene...



 Her starta vi. Eller rettare sagt, bildet viser når vi kom nedatt.... Store skilt gjer det lett å finne fram, og stien er mykje brukt.


Denne fine brua skal ein krysse etter berre eit parhundre meter.


På veg opp, så er det flott utsyn ned att i Dalsdalen.


Stien er, som ein ser, lett å følge. Dette bildet er teke nokre hundre meter før hyttene som vi kan skimte litt i bakgrunnen. Fjellet er sjølve Fivlenosi, men vi ser ikkje toppen herfra.


Flott utsyn mot Hest og Asbjørnsnosi.


Over mot Jagershaug.


Prøver meg alltid på eit lite panoramafoto fra toppen.



























Nedatt mot Dalsdalen.


























Sjølve toppunktet, og på venstre sida av varden kan vi skmte den nye boksen som er satt opp i høve Topptrimmen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar