torsdag 10. juli 2014

Selsafari, ny attåtnæring

Det er ikkje så mykje ein har fått vore ute på fjorden, mest fordi ein aldri har hatt båt.
Men nå har vi ein liten Mørebas, og da byr omsider høvet seg.

Forutan å dra opp MENGDER med krabbe av diverse slag, så er det observerte sjølivet mest av type sjøstjerner.

Iallfall fram til i ettermiddag.

Ein liten kveldstur innover Gåpnafjorden, langs Råasida, avslørte ein ynda stad for kobbe. Rett nok har vi ofte sett kobbe i fjorden, men stort sett berre symjande i ein kort perode, og naturleg nok berre øvre delar av skallen.

Derfor var det litt artig å sjå ikkje mindre enn seks kobbar av ulik storleik som hadde funne seg ein avslappande plass langs vatnet. Vi såg to ungar, to som antaglegvis var mødrene til desse, samt noko som kan ha vore ein litt eldre sel. Og til slutt ein skikkeleg sværing. Og da meiner eg stor.

Sidan kunnskapen om kobbe er heller liten, så må ein lese seg opp litt.

Såvidt eg har funne ut, så må dette være såkalla steinkobbe. Den vert også kalla fjordsel, og skulle ein tru folkepratet, så er dette ein nærast forhatt art som grafsar i seg alt som fins av fisk i fjorden.
Steinkobbe er på Norsk Raudliste, og er såleis ikkje tillatt å jakte på.

Kobben et helst fisk, og når ein ser seks sel innanfor eit område på 50 meter, derav ein feit sak på sikkert halvannan meter og 100 kilo, så forstår ein at her går det på fiskebestanden. Det er neppe dei einaste seks selane i fjorden....


Uansett kva ein måtte meine om kobbe, så kan ein ikkje utrydde alt ein ikkje likar. I årevis har ein høyrt at "det er ikkje fisk i fjorden, for kobben har tatt alt".
Når ein ser så mykje kobbe, så må det heller være motsatt. Fjorden må innehalde fisk, kanskje også mykje fisk, for korleis skal det ellers være så mykje fjordsel her??

Dette velfødde spekklasset slappa av på land. Han såg ut til å være herren i huset... 


Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet, men her låg det to stk. og slappa av. Ein unge, og ei mor. 


Dyra var litt nyfikne, og symde og dukka rundt båten. 



























På avstand ser dei litt morsomme ut...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar