onsdag 30. juli 2014

Tour de France, karakterbok

Det er alltid artig å dele ut karakterar til dei forskjellige laga etter ein trevekers sykkelfest i Frankrike (og England).

Det har vore alt fra kjempesuksess til komplett fiasko.

Vi startar på toppen.

Terningkast seks går til Astana.
Det fins kanskje dei som hevdar at Nibali aldri hadde vunne dersom Froome og Contador hadde vore med til Paris. Vel. Det er liksom litt av vitsen å komme seg dit. Hvis du veltar og pådrar deg ein skade, så er du ute av dansen, så enkelt er det.
Nibali er ingen novise i dette med å køyre ein trevekers Grand Tour. Han er nå ein av svært få som har vunne alle dei tre store trevekersritta, og den første sidan Alberto Contador. Før Contador var det vel Hinault? Det seier ein del. Ikkje ein gang Indurain oppnådde dette, han vant rett nok både Giroen og Touren, men klarte aldri noko bedre enn nr. 2 i sin heimlege Vuelta.
Astana fekk også fire etappesigrar, alle med Nibali.
Svært imponerande tour!
Og så er det sjølvsagt alle dei som seiar at "sykkel er berre dop". Nei. Tidene har forandra seg. Feltet er ikkje til å kjenne igjen fra slik det var for 10-20 år sidan. Til tross for stor framgang i utstyr og treningsmetode, så syklar dei tildels langt saktare opp fjella. Det er eit godt tegn.

Terningkast fem går til fleire lag.
Vi startar med Tinkoff-Saxo.
Det var nok ingen som trudde at dette laget skulle bli så suksessfyllt etter at den soleklare kapteinen velta ut omlag midtveges. Tre etappesigrar vart det til slutt, samt klatretrøye til Majka. I motsetnad til Sky, så oppnådde Tinkoff-Saxo svært gode resultat utan sin kaptein. Kva Contador kunne ha oppnådd får vi aldri vite, men vi får håpe han dukkar opp i Vueltaen om nokre veker, det bør bli eit fyrverkeri.

Ein god figur, og dermed femmar på terningen, også til Giant Shimano. Kittel er lusen i bakkane, men det betyr eigentleg ikkje så mykje når han leverer så til dei grader på dei flate etappane. Fire sterke gevinstar, samt at Degenkolb hadde to andreplassar på litt meir kuperte trasear, og Dumolin nr. to bak Martin på tempoen.
At dei var hjelpelause i samandraget er liksom ikkje så nøye da. Forresten hadde dei eit av fransk syklings aller største talent heime....
Warren Barguil slepper dei istaden laus i det meir fjellrike Vuelta Espana.

Ag2R fekk ein andreplass samanlagt, ein etappesiger og suveren vinnar av lagkonkurransen.
Ingen i Frankrike snakkar lenger om "et felt i to hastigheter". Når franske ryttarar gjer det godt, så er det såklart ingen som er dopa...
Det kan godt stemme, dopingproblematikken er tatt med langt større alvor der enn i mange andre sykkelnasjonar. Peraud er ingen ungfole, men Bardet lovar godt for framtida, og laget framstod svært solid. Det er gledeleg at franske lag nå tildels dominerer i sitt heimlege trevekers ritt. Det var forresten på tide.

FDJ var også svært imponerande. Eller rettare sagt: Pinot var megabra. Han vant ungdomstrøya, og havna på pallen samanlagt. At han havna i kvitt i Paris var inga bombe, men på pallen, det var over forventingane.
God støtte i Jeannesson, men den franske meister Demare, han skuffa ein smule.

Omega Pharma-QuickStep tok tre sigrar, noko som kanskje var færre enn forventa før starten i England. Men med superspurtar Cavendish ute før vi var i gang, så må dei sei seg supernøgde med fasiten i Paris. Tony Martin er berre makelaus, og Trentin leverer alltid når han får sjansen.
Spurttoget var godt, men Renshaw var ikkje kjapp nok mot Kittel, Kristoff og Greipel. Noko vi forsåvidt visste fra før.


Vi hoppar ned på terningkast fire.
Katusha. Etter ein katastrofe av ein giro, så slo dei tilbake til gangs med Kristoff. To flotte etappesigrar, samt ytterlegare fleire toppfem-plasseringar. Med litt meir hjelp, så kunne han hatt ein eller to sigrar til.
Det som ikkje var bra var Rodriguez. Totalt ute av form etter skaden i Giroen, så dukka han opp på startstreken med eit slags håplaust mål om å ta klatretrøya. Det var han eigentleg sjanselaus på.
Trofimov klarte ein topp-15 plassering, og må sei seg nøgd med det. Anonymt, men greit nok.

Belkin gjorde ein god tour, og tok sjølvsagt heim årets mest forhåndsomtala etappe, den på brustein som knekte Froome. Cyclocrosskonge Boom var suveren akkurat den dagen.
Ellers fekk Belkin tre mann i topp 15, og enda opp som nr. to i lagkonkurransen. Det må seiast å være solid, men vi hadde forventa meir, spesielt av Molema, som vi kanskje ser i anna drakt neste år? Boom er alt klar for Sky, og vinn antagleg i Roubaix neste år.

Cannondale var også solide, utan at dei vant ein einaste etappe. Sagan var meir suveren i poengkonkurransen enn nokon gong. Han var faktisk for god på mange etappar, så god at han brant for mykje krut for tidleg, og vart sittande åleine i finalane.
Men i motsetnad til sine spurtkollegaer, så heng han med over lassevis av bakkar og mindre fjell. Det er eigentleg ingen reell motstandar i denne konkurransen og han har nå tre grønne trøyer på rappen. Kan han matche Zabels seks strake??
Ja, og så vant dei prisen for å ha den mest offensive ryttar i De Marchi. Det var fortjent.

Lotto-Belisol må også få terningkast fire. Det får dei gjennom ein etappesiger i Greipel, samt ein dag i gult etter ein flott dag av Tony Gallopin. Dei fekk også Van Den Broeck velberga til Paris, men han var kanskje den samanlagtfavoritt som skuffa meg mest.
Solid totalinntrykk, men Greipel er akkurat litt for treg til å matche Kittel, og Van Den Broeck er for skjør til å havne på pallen. Dei kan sei seg nøgde med det dei oppnådde.

Trek får også ein firar, dog under litt tvil. Men dei har to mann blant dei 12 beste i Paris, sjølv om vi neppe har sett Zubeldia i det heile tatt. Det er ein lite under at denne mannen omtrent kvart år er i topp-10 i Paris, utan at vi har sett han på TV.
Ingen etappesigrar, og Andy Schleck var også i år ein gedigen nedtur. Alt tyder på at han er ferdig som toppsyklist. Cancellara var også litt skuffande. Han pleier alltid å levere, men vart utmanøvrert av Boom på etappen som "alle" forventa at Cancellara skulle ta heim.
Laget må sei seg nøgde med det dei oppnådde.

Netapp-Endura debuterte i Touren, men med ein opplagt Leopold Koning, så vart dette svært godt utfra forventningane. Totalt nr. sju i Paris var nok over det mange såg føre seg, sjølv om han vart nr. ni i fjorårets fjellrike Vuelta. Laget gjorde ikkje skam på Wildcardet sitt, og med Koning i stallen til neste år, så er dei nok på plass da også.
Ein solid tour av det heller vesle laget. Dei har også sikra seg ny tysk (!) navnesponsor for nokre år framover. Kanskje tysk sykkelsport er på veg opp att, sju etappesigrar i årets tour kan neppe skade??

Terningkast tre.
Da er vi komne til dei som skuffa ein smule, og vi startar med BMC. Van Garderen vart nr. fem, ok, men dette er eit av verklege storlaga i sykkel, og utan etappesigrar så er ein femteplass under forventningane.
Van Avermat er for heit i toppen, og utan Gilbert på plass, så vart det litt anonymt og traust.
For all del, nr. fem i Tour de France er bra, men som sagt: BMC er eit av sykkelsportens rikaste lag, vi må forvente litt for alle dei millionane som dei har til disp. Det fekk vi ikkje heilt i år.

Movistar hadde eg eit firar eller femmar klar til, heilt fram til tempoen på laurdag. Da klappa Valverde isaman, og vi kan konstatere at han aldri kjem til å vinne touren. Til neste år er forhåpentlegvis Quintana på plass, og da blir det liv i fjella....
Movistar som lag var eit av dei desidert beste, men kapteinen var rett og slett ikkje god nok.
Ein smule skuffande.

Garmin-Sharp var ein fiasko heilt til Navardauskas vant på fredag. Med Talansky ute, så vart det istaden brot som holdt nesten inn (Bauer), før dei altså berga heile touren med ein flott etappesiger etter eit seint solobrot. Navardauskas vart også nr. tre på sisteetappen, og såg ut til å være den einaste som klarte noko som helst på dette laget på slutten.

Bretagne-Seche Environnement var det minste laget i årets tour, og var kun med fordi dei er, ja nettopp, franske. Roman Feillu er ikkje så rask som han ein gang var, men klarte ein og annan topp-10 plassering. Det som bergar dette laget fra ein dårlegare karakter, er at forventninane var ørsmå, og så fekk dei faktisk ein mann på 16.plass i Paris. Brice Feillu gjorde ein heilt grei jobb samanlagt.
Dei burde hatt med Vegard Stake Laengen....

Europcar var mykje synlege i TV-ruta, men det vart liksom aldri det heilt store ut av det. Voeckler sine beste dagar er forlengst forbi, så i framtida må¨dei rekne med Pierre Rolland. Han vart til slutt nr. 11 samanlagt, men var nok ikkje heilt opplada etter ein god giro der han vart nr. 4.
Ellers vart Coquard nr. tre i poengkonkurransen, og totalt sett var det ein tour på det jamne.

Vi nærmar oss dei dårlegaste laga, og terningkast to.
Lampre-Merida.
Med verdsmeister Costa som uttalt mål om topp-10, så var det visse forventningar til dette laget. Dessverre vart Costa sjuk, og måtte utgå før Pyreneane. Det var kanskje like greit, han verka ikkje skarp nok.
Det vart såleis gamlefar Horner som enda opp som lagets bestemann, nr. 17 totalt.
Ellers hadde dei Serpa med i ei rekkje utbrot på slutten, utan at det førte med seg så altfor mykje.
Alt-i-alt ein skuffande tour for Lampre, som tross alt bryr seg mest om Giroen.

IAM var også skuffande. Med innkjøpte (og etter rykta; høgtlønna) Chavanel på plass, så skulle vi forventa eit eller anna. Men det vart småpent og anonymt. Fin sveitisk meisterdrakt, det var liksom  hovedinntrykket etter tre veker. Haussler vart nr. to på ein etappe, det var høgdepunktet.
Ikkje mykje å skrive heim om til Sveits dette altså.


Da er vi komne til dei dårlegaste, dvs. terningkast ein.
Det er tre lag som får den tvilsomme æra, og vi startar med Cofidis.
I fjor hadde dei ein brukbak Tour, med Navarro som nr. ni i Paris. I år måtte han bryte, og da var det ikkje så rare greiene att. Bestemann vart nr. 31 samanlagt, og dei var aldri i nærleiken av etappesiger. Rein Taramae er ikkje lenger eit stort talent, han er kun enda ein for godt betalt ryttar på eit fransk lag. I motsetnad til FDJ og Ag2R så slit Cofidis med "mette" ryttarar som verkar "dovne". Det dårlegaste franske laget i år, desidert.

Orica-GreenEdge.
Kva har skjedd sidan i fjor? I fjor var dei fantastiske, i år elendige. Ikkje i nærleiken av å oppnå noko som helst. Dette laget er openbart ikkje laga for trevekersritt, i giroen var det kun to som fullførde.
Gerrans er normalt ein garantist for resultat, men fleire stygge velt gjorde at han måtte pakke kofferten, og resten av laget framstod tafatt og anonymt.
Gjesp.

Sky. Når forventningane er store, så vert fallet desto større. Ein komplett fiasko fra A til Å. Froome er ingen stor teknikar på sykkelen, ala Nibali, og med den radmagre briten ute, så skulle Porte overta. Det vart ein nesten like stor flopp.
Dei einaste som kan sjå seg i spegelen på dette laget er Thomas og Nieve. Thomas er ingen trevekerssyklist, men var habil nok iallfall 14 dagar.
Nieve er ein god syklist, og laget burde satsa på han istadenfor Porte. Tilslutt enda Nieve på 18.plass, noko som jo er elendig for det britiske superlaget.
Nå treng vi berre vente på Vueltaen, med ein forhåpenlegvis motivert Froome på plass. Alt må bli bedre enn denne utgåva av touren.

mandag 21. juli 2014

Topptrimmen 2014-2016, Skoganipa

Tur nr. 3 vart gjennomført laurdag 19.juli. Den greiaste turen sålangt, klarde å komme meg under tre timar fra eg starta fra bilen, til eg var komen nedatt. Men så juksa eg litt da....

Skoganipa er beliggande 1255 m.o.h. mellom Veitastondsvatnet  og Dalsbotn.  Her går det sikkert fint an å reise på vinteren og, men med mine (svært) begrensa skiinteresser og ikkje minst evner på slikt eit framkomstmiddel, så valde eg å ta turen nå.

Topptrimkortet anbefaler å starte anten fra Rupheim på Hafslo, eller fra Dalsdalen på Indre Hafslo.
Eg har sjekka kartet, og såg da at det går ein traktorveg laaangt innover fra Hafslo, heilt til ein støl som heiter Fossen, og nesten opp til ein anna støl som heiter Skogo.
Ergo: Sykkel.

Først skal ein finne vegen opp til Rupheim, som forøvrig heller ikkje er eit namn du finn att på kartet....
Eg snakka med nokre lokalkjende, og vart henvist til bomvegen på Alme. Dessutan hadde eg GPS`en ståande på i bilen, så det gjekk heilt greit å finne fram. Det er fleire mindre kryss her på "Hafslo sitt tak", men ein kjem uansett ikkje så langt dersom ein køyrer feil.
Bomvegen kostar 40 spenn, og da kan ein køyre omtrent så langt ein kan.

Sidan eg ikkje hadde aning om kor Rupheim var, så køyrde eg berre oppover, og ca. tre km. etter bommen kom eg til ein liten parkeringsplass, der det stod skilt til Skoganipa, det passa jo bra. Det passa også veldig bra at det stod Rupheim på eit anna skilt.
Eg parkerte her, og dersom eg skulle gå heile vegen, så måtte eg tatt av inn i terrenget ca. ein km. før denne stien fører ut på traktorvegen att.
Men med det fantastriske hjelpemiddelet eg hadde med meg, dvs. den gamle terrengsykkelen min, så slapp eg det. Eg sykla vidare oppover mot Tvangen eit par hundre meter, og kom til traktorvegen som eg håpa skulle føre meg heilt inn mot stølen Skogo. Denne traktorvegen er sperra med stor grind, og låst med hengelås og kjetting. Heldigvis var det ein liten port ved sidan av som eg kunne gå igjennom.

Traktorvegen var ganske så bra, eg kunne ha køyrt med crossykkelen her.  Ein og annan kneik var det, men ikkje verre enn at eg fint klarde å sykle alle saman, utan sykkelsko.
Bilen, som stod parkert på 585 m.o.h. kunne også tatt seg inn her, men det er ikkje å anbefale, det er tross alt kun for dei med løyve.

Det var veldig fint å trille innover fjellet. Når eg var komen opp til ein fin støl som heiter Håvardsete, så var det også omtrent slutt på kneikane, det var nesten flatt heilt inn mot Fossen. Der var det ned eit lite stykke, for det gjekk ein litt shabby traktorveg opp mot parkeringsplassen til stølen Skogo, og reknar eg med, ein anna støl lenger inne på fjellet som heiter Hongi.
Her stod det sanneleg to bilar parkert, så eg forventa å møte folk ein eller annan gang på turen.
Eg hadde nå sykla i fem kilometer på brukbar traktorveg, og i totalt 41 minuttar. Det høyres ikkje så veldig fort ut, men så stoppa eg og tok litt bilder her og der, det må seiast.
Parkeringsplassen ligg på ca. 850 m.o.h. så totalt får ein altså ca. 265 høgdemeter å forsere med sykkel, dersom ein gidd.

Opp mot stølen Skogo er det ein tydeleg sti, men eg gjekk likevel litt feil, og fortsatte rett fram mot Hongi. Det gjorde ikkje så mykje akkurat, for alle myrane var omtrent uttørka i kokvarmen. Eg berre gjekk rett opp da eg sjekka kartet og forstod at eg hadde gått glipp av stiskillet.
Fra Skogo ser ein rett opp på toppen, og varden der posten er plassert, kan ein sjå fra laaang avstand.
Men ein må gå ein omveg for å komme opp. Det er ikkje mogleg å gå rett opp dei bratte fjellskrentane, så derfor er det fra tidlegare av merka ein sti innover eit lite dalsøkk. Det er satt opp nokre vardar her og der, men mange av desse var ramla ihop, og raudmerkinga var ganske så utydleg mange stader. Det hadde ikkje skada med ei oppattfrisking her.
Det er også ein del sauestiar, som kan skape litt forvirring, så eg tok meg god tid for å være sikker på å finne fram. Det var tross alt heilt ukjent terreng, og eg var åleine. Folka som eigde bilane, dei såg eg ikkje snurten av. Kun sau, ganske mange av dei.
Lett og greit terreng innover, og når ein er komen så høgt at ein trur ein skal snu å gå opp på sjølve ryggen til toppunktet, så føl ein berre merkinga. Det er veldig greit med merka sti til toppen.

Den raude postkassen er altså plassert i varden ute på kanten. Noko høgt ned, men fin utsikt.
Da eg var der, så var det sol, og veldig varmt. Det var t.d. over 30 grader på Skogo, og på toppen var det nokre digre klegg som kunne drive folk til vanvidd. Dei stakk igjennom sokkane.

Flott utsyn på ein slik klar dag: Eg kunne sjå heilt til Fresvikbreen, og i motsatt lei heilt til Hurungane.

Eg brukte ein time og 43 minutt fra bilen, dvs. ein time og to minutt fra parkeringsplassen til Skogo.
Eg gjekk heller sakte, mest for å kunne finne ein trygg veg. Når ein er åleine, så tek ein aldri sjansar.

Nedatt gjekk det naturleg nok fortare. Eg tok fleire bilder, inntok litt næring og ikkje minst, ca. to liter drikke totalt. Det var forresten lettare å sjå merkinga ned enn opp.
Sykkelturen heimatt gjekk som ein draum. Det å gå fem kilometer på traktorveg er direkte kjedeleg, så eg var sjeleglad at eg valde denne løysinga.
Eg var nede til bilen att knappe tre timar etter at eg trille derfra, det er med alle stopp. Heile turen var knappe 17 km, og totalt 10 av desse var på to hjul. Hvis folk gidd å gå fra Rupheim, så gjerne for meg.

Dette vart såleis den antaglegvis lettaste turen i denne utgåva av topptrimmen, men det var jo fordi eg sykla ei mil. Artig å komme seg på nye plassar, og det var ein fin topp å bruke laurdagskvelden på. Fint utsyn, og lett å finne sjølve toppunktet, absolutt ein tur å anbefale.

Eg var forresten nr. 73 som hadde vore der, så det er openbart at ikkje alle topptrimmarar vil opp her på vinterstid. Det forstår eg godt.

Her er litt Stravaopplysningar fra turen.


 Startpunkt. Opp til venstre går stien dersom ein vil gå. Eg er lat, og valde å sykle vidare innover traktorvegen.


 Dette er Håvardsete.


Som ein ser er vegen innover fjellet ganske bra, og fullt mogleg å sykle. Det er sjølve Skoganipa vi ser omtrent midt på bildet. 


 Her er det nesten obligatorisk å ta bilde. Vi ser stølen Fossen i framgrunn, og ned på Veitastrondsvatnet.
 I Dalføret på andre sida av vatnet er Yngsdalen.

 Endatil etter ein slik sommar var det att ein og annan snøflekk. Ein kan kanskje skimte stien til høgre for fonna, samt ein varde i horisonten??


Og her er toppen. Nå ser vi nedatt på Skogo i framgrunn, og Fossen lenger nede.  


 Flott vær, flott utsyn.


 Som forrige, men i motsatt retning....


 Det er også nokre små vatn her på toppen som ein kan kjøle seg ned i. Vatnet held minst 20 grader, og det er ikkje fleip eingang.



























På vegnedatt, ca. 100 meter fra toppen, så tok eg dette bildet. Måtte berre ha med fjorden, Feigefossen og Skagastølstindane.....

tirsdag 15. juli 2014

Topptrimmen 2014-2016, Fivlenosi.

Tid for topptur nr. 2 på laurdag som var. Fivlenosi, ein sentralt beliggande topp i kommunen, var målet denne ettermiddag/kvelden.

Fivlenosi er 1466 m.oh. og ligg ganske så lett tilgjengleg til. Her kan ein gå opp fra fleire plassar, Engadalen, Røssesete, Kilen eller som vi gjorde; fra Vigdalen.
Fra Vigdalen er kortast, men så kjem jo køyringa i tillegg. Hvis ein bur i Dalsdalen, så hadde eg nok starta fra Kilen...

Denne gang hadde vi ikkje med oss dei gamle karta, men satsa alt på kommunens flotte gavekart fra i fjor.
Tid opp er er rekna til mellom to og fire timar, alt etter kor ein startar.


Stien fra Vigdalen og opp mot Fivla er svært mykje brukt, og det er ikkje problem å finne fram. Det står skilt ved parkeringsplassen på Vårstølen i Vigdalen, og sidan er det berre å gå på.
Når ein har passert hyttene til Luster Turlag, så er ein komen på nesten 1000 m.o.h., og det sjølv om ein har gått under ein time fra parkeringsplassen som ligg på ca. 650 m.o.h. Over mot Heggdalen og Hillesetvatnet er det ein felles sti eit stykke, iallfall iflg. kartet. Vi tok av mot venstre og sjølve toppen noko før stiskillet.

Det må forøvrig føyast til at vi faktisk måtte snu att også: Vi havna nemleg borti eit forrykande torever, og fann det mest fornuftig å søke ly på Fivla. Der vart vi sittande i tre kvarter medan uværet raste forbi, og da vi kom ut, så var det fint å gå.

Fra vi tek av den merka turstien og opp til Fivlenosi er det ingen markert sti, men det er greit å gå. På eit lett synleg punkt har ein eller annan smart person satt opp ein slags varde, og denne kan ein berre følge. Denne varden står heller nær toppen, men sjåast langt nedanfra. Dette er forøvrig den einaste skikkelege varden som er oppi der, utanom sjølve toppen da....
Fra ein tek av stien og opp til toppen er det ca. halvannan km. i luftlinje, og knappe 250 høgdemeter. Når vi var der, så var det framleis att ein del snøfenner, og det renn ganske mykje vatn under ein del av desse. Eg meiner at ein helst bør unngå å gå over slike fenner, brått kan ein rase igjennom, og ein veit liksom ikkje heilt kva som er under. Eit fall på berre ein meter er ille nok. Eg går derfor helst utanom snøfenner, men det kan jo være moro nedatt :-)

Sjølve toppen er lett å finne. Det flatar ut på slutten, og da ser ein toppunktet rimeleg greit. Fra toppen er det, nær sagt som vanleg, fint utsyn til ei rekkje lett attkjennande fjelltoppar. Ein kan og sjå ut på Hafslovatnet og Barsnesfjorden i Sogndal.

Her oppe kan ein og finne nokre parti med spesiell kvit stein. Det ser noko pussig ut med heilt kvit stein midt oppe i all gråsteinen, men det er vel ei forklaring på det.


Nedatt gjekk vi litt annleis enn opp, dvs. nedatt til den merka stien. Som nevnt er det ikkje noko merking opp til toppen, så her er det nærast fritt fram, ein kan gå omtrent der sin vil. Nokre hamrar og mindre stup her og der, men ikkje noko som fører til lange omvegar.

Konklusjon: Ein fin og heller lett topptur, iallfall fra Vigdalen. Vi brukte litt over to timar opp, tok eit par pausar på vegen, samt litt mat og drikke. Heile gåturen tok ganske så nøyaktig fire timar. Grunna vår ufrivillige retur ned att på Fivla (vi hadde gått ca. 800 m. forbi hyttene før vi måtte snu) så vart det totalt 1009 høgdemeter. Vi gjekk totalt 15,0 km. men det er med den mellombelse returen grunna uvær. Eg vil anslå heile turen til ca. 13,5 km.

Vi var topptrimmarar ca. nr. 55-60 som hadde vore der, så eigentleg er kanskje denne turrapporten overflødig...
Det var også greit å oppleve at gangsperren som hang i i tre dagar etter Solsetnosi, no ikkje gjorde seg gjeldande. Det er kun litt trening som skal til.

















Kart m/spor og profil.



















Som ein ser har profilen ein dump ned etter ca. fire km. Det var da vi fant det smartast å returnere ned til hyttene...



 Her starta vi. Eller rettare sagt, bildet viser når vi kom nedatt.... Store skilt gjer det lett å finne fram, og stien er mykje brukt.


Denne fine brua skal ein krysse etter berre eit parhundre meter.


På veg opp, så er det flott utsyn ned att i Dalsdalen.


Stien er, som ein ser, lett å følge. Dette bildet er teke nokre hundre meter før hyttene som vi kan skimte litt i bakgrunnen. Fjellet er sjølve Fivlenosi, men vi ser ikkje toppen herfra.


Flott utsyn mot Hest og Asbjørnsnosi.


Over mot Jagershaug.


Prøver meg alltid på eit lite panoramafoto fra toppen.



























Nedatt mot Dalsdalen.


























Sjølve toppunktet, og på venstre sida av varden kan vi skmte den nye boksen som er satt opp i høve Topptrimmen.

torsdag 10. juli 2014

Selsafari, ny attåtnæring

Det er ikkje så mykje ein har fått vore ute på fjorden, mest fordi ein aldri har hatt båt.
Men nå har vi ein liten Mørebas, og da byr omsider høvet seg.

Forutan å dra opp MENGDER med krabbe av diverse slag, så er det observerte sjølivet mest av type sjøstjerner.

Iallfall fram til i ettermiddag.

Ein liten kveldstur innover Gåpnafjorden, langs Råasida, avslørte ein ynda stad for kobbe. Rett nok har vi ofte sett kobbe i fjorden, men stort sett berre symjande i ein kort perode, og naturleg nok berre øvre delar av skallen.

Derfor var det litt artig å sjå ikkje mindre enn seks kobbar av ulik storleik som hadde funne seg ein avslappande plass langs vatnet. Vi såg to ungar, to som antaglegvis var mødrene til desse, samt noko som kan ha vore ein litt eldre sel. Og til slutt ein skikkeleg sværing. Og da meiner eg stor.

Sidan kunnskapen om kobbe er heller liten, så må ein lese seg opp litt.

Såvidt eg har funne ut, så må dette være såkalla steinkobbe. Den vert også kalla fjordsel, og skulle ein tru folkepratet, så er dette ein nærast forhatt art som grafsar i seg alt som fins av fisk i fjorden.
Steinkobbe er på Norsk Raudliste, og er såleis ikkje tillatt å jakte på.

Kobben et helst fisk, og når ein ser seks sel innanfor eit område på 50 meter, derav ein feit sak på sikkert halvannan meter og 100 kilo, så forstår ein at her går det på fiskebestanden. Det er neppe dei einaste seks selane i fjorden....


Uansett kva ein måtte meine om kobbe, så kan ein ikkje utrydde alt ein ikkje likar. I årevis har ein høyrt at "det er ikkje fisk i fjorden, for kobben har tatt alt".
Når ein ser så mykje kobbe, så må det heller være motsatt. Fjorden må innehalde fisk, kanskje også mykje fisk, for korleis skal det ellers være så mykje fjordsel her??

Dette velfødde spekklasset slappa av på land. Han såg ut til å være herren i huset... 


Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet, men her låg det to stk. og slappa av. Ein unge, og ei mor. 


Dyra var litt nyfikne, og symde og dukka rundt båten. 



























På avstand ser dei litt morsomme ut...

onsdag 9. juli 2014

Topptrimmen 2014-2016, Solsetnosi

Kveld, og har akkurat sett Tyskland spele ball-i-hatt med eit eller anna lag fra Sør-Amerika. Brasil trur eg det var.

Derfor kan det passe med ein rapport fra denne utgåvas første topptrimtur, nemleg til Solsetnosi, ein fjelltopp mellom Alsmo og Tunsbergdalsvatnet.
Ikkje så langt å reise å køyre for å komme til startpunktet. Vi valde å reise fra dammen øverst i Leirdalen, men iflg. Topptrimkortet kan det også være mogleg å gå om Dueskaret. Da er startpunkt i "den store svingen" i Leirdalsvegen. Ved å køyre til Dammen, så sparer ein seg ca. 200 høgdemeter, men det er kanskje ein smule lenger å gå.
Ein nyttar kartblad 1417-4, Gaupne, eller enda bedre: Luster kommune sitt flotte gåvekart fra i fjor. Solsetnosi er nemleg oppmot øvre kartkant, så dersom ein vil sjå kva toppar og dalføre som måtte være lenger nord, så må ein bruke "gavekartet".

Solsetnosi må karakteriserast som ein av heller lettare toppane i denne utgåva av Topptrimmen vil eg tru, men det vart ein lenger tur enn eg rekna med likevel. Terrenget var meir opp og ned enn eg hadde forestilt meg.

Sjølve toppen ligg på 1278 m.o.h. Når ein kjem fra Dammen, så er det ikkje så enkelt å vite kva topp ein skal til, så vi gjekk først opp på det gamle trigpunktet. Derfra såg vi bort på posten, berre ca. 100 meter borte.

Litt om ruta vi gjekk: Når ein er komen over på andre sida av Dammen, så kjem ein til eit par hytter. Det er faktisk ein sti oppover her, og den ligg mellom hyttene, ganske nær nytta nærast vatnet. Det er ikkje noko skilt eller merka sti.
Det har openbart vore ein del folk eller fe som har trakka oppover her, for stien såg ut til å være i flittig bruk, i det minste til ein passerer tregrensa. Dersom ein er interessert i sjå rett ned høge stup, så har ein forresten høve her. Men ein må i såfall oppsøke dette sjølv, stupa legg ein knapt merke til når ein går oppover. Inn mot det som heiter Solsetfjellet, er det nesten flatt. Her er det ein sti, omenn ikkje spesielt mykje brukt. Det er også satt opp nokre vardar her og der.

Det er ein fordel å følge stien, så langt ein kan før ein bryt av til høgre. Vi tok av litt for tidleg, mest for å kontrollere den toppen som låg lengst nede. Når ein går innover så ser ein liksom tre høgdedrag i samme fjell, og det er altså det midterste som posten er plassert på. Vi satsa som nevnt på den nederste først, den sørlegaste, og fikk iallfall med oss eit flott utsyn nedatt til Alsmo.

Posten er satt opp på ein stor varde, og Stevie Wonder hadde funne postkassen nå. Den er nemleg knallraud. Det var forresten på tide at Turlaget fekk bytta ut dei 30 år gamle matboksane som er vorte nytta tidlegare. Dei nye postane er lette å finne, ein slepp å grave inni vardar og stein lenger.

Så litt om utsynet: Solsetnosi kunne by på flott utsikt, mot velkjende toppar i Breheimen spesielt, men vi kunne også sjå inn mot Dyrhaugstind og Fanaråken. Dessverre var det litt skyer i Jotunheimen, men av andre kjende fjell så fant vi lett t.d. Vangsen, samt at det var eit flott utsyn mot Hest og Asbjørnsnosi. Lengst inni Tunsbergdalen kunne vi også skimte brearmen som stakk ned.

Vi traff også andre topptrimmarar på tur, det var veldig hyggeleg. Greit og møtast "in real life" også, ikkje berre på FB:-)

Vi vart anbefalt å gå ein litt annan veg nedatt, derav den sirkelen på GPS-sporet.
Da kom vi fortare ned på den ikkje altfor tydlege stien, men her blir det sikkert lettare å finne fram etterkvart som topptrimmarar tek beina fatt. Det var totalt fem stk. der denne dagen. Samla har det nå vore 13 stk. der.


Eg syntes dette var ein grei start. Totalt gjekk vi i fire timar og 20 minutt, inkl. alle stopp. Det var noko infernalsk med fluger og klegg oppi fjellet i dag, og det varme været gjorde at eg for min del sveitta som ein gris. Vel, fluger skal ha mat dei og..... Eg blir gal av fluger....
GPS`en viste totalt 954 høgdemeter over ein samla distanse på 12,3 km. Når vi startar på 480, og skal opp på 1278, så seier det seg sjølv at det vert meir opp/ned enn ein skulle tru på førehand.

Konklusjon: Fin tur i godt selskap og godt vær. Fint utsyn på toppen, faktisk adskillig bedre enn eg hadde trudd.

 Her er vi like etter start. Kanskje ein kan ta sykkel over Dammen?

I enden av Dammen ser vi to hytter. Stien byrjar like til høgre for hytta nærast vatnet.





Inn dit skal vi.





Som ein ser, så er det noko høgt utover einskilde stader, men som nevnt: Ein må leite etter desse vil ein sjå ned.... 


Fint utsyn over mot Hest, og dette myrholet var nytta til å velte seg i av større dyr. Ikkje rart, så mykje fluger og klegg som var oppi her. 


Fint utsyn mot fremste delane av Tunsbergdalsvatnet, og legg merke til endemorena som stikk ut.

Hmmm... Kva topp skal ein opp på..... 

Vi fekk god utsikt nedatt på Alsmo, ca. 1100 meter lenger nede... 


 Flott utsyn her! Fekk med nesten heile vatnet.


 Toppen, 1278 m.o.h. med dei lett synlege nye postkassane.



























Her er forøvrig ruta som vi gikk, med profil og fart.

mandag 7. juli 2014

Sognefjellrittet 2014, rittrapport

Oppdatert 8.7.2014:
Det må såklart nemnast at Luster SK nesten tapetserte pallen i dameklassa. Med 1. og 3. plass i boks kan den nystarta klubben sei seg godt nøgde. Eg er mektig imponert, og meiner at dei begge to har kapasitet til langt større oppgåver enn dette.
Kva det kan være, kan vi heller ta opp internt....

Komplett resultatliste kan ein finne her.

Og til slutt er eg ubeskjeden nok til å legge ut adelskalendaren, hø-hø.
Antaglegvis den einaste lista eg noken gang kjem til å toppe, iallfall eit par år til.
*********************************

7.7.2014:


Da var det 17. Sognefjellrittet fullført.
Ein ny kopp er plassert på hylla, og "langtidspremie" for 15 fullførte ritt er også lagt inn i eit skap på loftet.

Meir om premiar seinare.


Det var altså 17. gang eg var med på dette rittet. Har fullført alle ganger, utan andre ambisjonar enn å, ja nettopp, fullføre.
Sogn CK har verkeleg fått sving på organiseringa, og Jotunheimen Rundt og Sognefjellsrittet fungerer no bedre enn nokon gong, iallfall verkar det slik for oss deltakarar.
Startområdet for oss som starta på Lom var også i år på Loar skule. Dette er eit godt og velfungerande område. Her er det god plass, og adskillig bedre enn dei tidlegare matstasjonane som dei hadde for mange år sidan.
I år var feltet todelt, med ei eiga "rekordpulje" som starta eit kvarter før.
Dette er eit godt tiltak som er etterlyst tidlegare, da det reduserer det store startfeltet betydleg, og, skulle ein tru, reduserer faren for velt i starten.

Så feil kan ein ta.

Vi starta kl. 1300, og med masterkøyring ut av sentrum.
Så, når masterbilen skulle forsvinne, oppstod det ein form for kork. Kva som var årsaka skal eg ikkje sei for sikkert. Uansett; bråstopp vart det, og rett bak meg velta det eit par stk. Min sykkelkollega rett framfor meg holdt på å gå over rekkverket så det sang, men fekk på ein forunderleg måte bremsa i tide.
OK, velten skapte litt rør og rot, så det oppstod fort luker i feltet.
Mykje uvøren køyring dei første kilometrane, openbart at det var mange syklistar som ikkje hadde delteke i ritt før. Men ein gang må jo være den første:-) På den første mila(!!), såg vi tre velt, dette er heilt unødvendig, og muligens eit resultat av lite trening i feltkøyring.

Sidan vi hadde mista ein av "våre" så trilla vi oppover Bøverdalen i makeleg tempo. Etter eit par mil kom tredjemann oppatt til oss, så da kunne vi gi på litt. Vi kjenner denne løypa ganske godt, og været var fint og mildt, iallfall heilt fram til vi skulle byrje på stigninga opp Bøverkinhalsen, dvs. til Jotunheimen Fjellstue. Fire km. motbakke, iflg. Strava ein kat. 2 stigning. Jo lenger oppover vi kom, jo meir vind fekk vi mot oss, og inn mot Bøvertun var det berre til å få på seg lause armar. Det fine varme været skulle vi ikkje sjå meir til. Oppover mot Krossbu bles det berre meir og meir, og sjølvsagt av type motvind. Av alle dei ganger eg har sykla opp her, så er det motvind ni av ti ganger, og i år bles det meir enn nokon gang.

Forbi Krossbu byrja det å småregne, og vel oppe på Sognefjellshytta, bles det verkeleg utrivleg. Det var berre å ta på seg det ein måtte ha av klede.
Innover mot fylkesgrensa og Herva fekk vi vinden i ryggen ei lita stund, og da gjekk det som det kosta.
Men ned "Korpabakken", dvs. til Hervadammen, så bles det verre. Iflg. værmeldinga skulle det være frisk bris, men at det var minst kuling i kasta føler eg meg rimeleg sikker på. Nå plaskregna det også. Kraftig kastevind fra sida, og øspøs regnvær nedover Sognefjellet.... det er ingen leik. Forbi Oscarshaug bles det noko sanselaust, og det var faktisk problem å halde sykkelen på rett kjøl. For dei meir "kjøttfulle" av oss gjekk det OK på eit slags vis, men det var så ille at folk måtte stå av sykkelen av frykt for å blåse av vegen.

Det gjekk ganske tregt nedover fjellet, mest grunna ein SU-registrert bil som hadde problem med å komme seg forbi dei enda tregare syklistane som var openbart redde i det fryktelege været. Vi nådde att denne bilen v/Turtagrø, og trilla etter heilt ned til Fortun. I gamle dagar hadde eg peisa denne bilen glatt, men fornufta har heldigvis sigra. Vi køyrde likevel forbi minst 40 syklistar, og det utan å køyre tulling. Årsaka var erfaring og kjennskap til nedkøyringa, og for min del var det ekstra trygt å bruke crossykkelen, denne er vesentleg stødigare enn racersykkelen.

Den infernalske vinden gav seg ned mot Fortun, men eg var framleis bak den SU-registrerte bilen. Akkurat i krysset i Fortun"sentrum", så bråbremsa bilen, fordi det kom ein annan bil fra Fortunsdalen. Eg trudde faktisk dei skulle kollidere, og hogg i bremsene. Hadde heldigvis god avstand,  fekk sladd på bakhjulet og rakk å tenke "for ei helsikes køyring da", til bilen som hadde dukka opp som troll fra ei øskje.

På ein eller annan forunderleg måte hadde vi komne oss velberga ned fjellet, i eit aldeles forjekligt vær.
No var vi gjennomblaute fra topp til tå, og ein av oss hadde slept kontakten. På Skjolden såg eg på klokka, og konstaterte at vi nå hadde sykla i 3 timar og 55 minutt. Det skulle såleis holde svært hardt å komme inn under seks timar.
Sidan vi no var to stk, så trilla vi i jamn fart til matstasjonen i Luster, der vi fekk oss litt næring, og ikkje minst; Få av seg nokre blaute lag med klede.
Tredjemann i følget kom også forbi, og vi sykla i samla flokk mot Nesbakken og Gaupne. Det gjekk ganske bra unna. I Råaberget nådde vi att ein mann, og så bar det innover mot Gåpnabøgdi der familie og kjentfolk hadde tatt oppstilling på den vante plassen. Det var svært hyggeleg at det stod folk der i år og, møkkavær til tross.

Mannen vi hadde nådd att var openbart ikkje interessert i å dra, men ville heller nyttegjere seg at vi skulle ha han med på lasset. Men det gjekk ikkje.....Han fekk værsågod være med å dra ei økt han og. Når resten av gruppa rullerer på å dra, så snik du deg ikkje unna.


Så. Opp Indre Hafslo. Nå var beina byrja å bli rimeleg kokte, for vi hadde tross alt bikka 100 km. og vi skulle sykle oppover i 8 km. Stigninga byrjar med ein gang ein kjem ut av Røneidstunnellen, og det er meir eller mindre samanhengande motbakke heilt til Heggmyrane.
På Tangaflati var det berre å sjå opp mot "The Hill", den siste tre kilometer lange stigninga av betydning.
Nå var det berre oss tre som var att, og oppover gjekk det i stabilt tempo. Heilt stille var det, ikkje eitt ord vart sagt før vi var komne nesten opp.

På Uglo stod RedBull-stasjonen og venta. Vi tok oss ein velfortjent minuttspause, og trilla utover mot Hafslo og Sogndal. Eg såg no at vi hadde køyrt såpass bra at vi kunne klare å komme oss under seks timar likevel. Det ville nok stå på minuttet, men med god køyring såg eg at det kunne gå.
Utover Barsnesfjorden gjekk det veldig bra, litt medvind og stort sett tørr asfalt. Vi runda forbi Helgheim, og eg såg at vi hadde to minuttar på oss før sekstimarsgrensa gjekk ut.
Vi gav på litt ekstra gjennom rundkøyringa, og inn til mål i Sogndal sentrum, samla tre stk. fra Luster SK.
Tida fekk vi vite med det samme, vi hadde klart å komme oss under seks timar med to og eit halvt minutt, dette fordi tida vart satt i gang ved utgangen av Lom sentrum, dvs. etter masterkøyringa, og ikkje på startstreken.... Det passa oss ganske bra, for ellers hadde vi vore ca. 10 sek. under seks timar.


Oppsummering: Ei episk utgåve av Sognefjellsrittet. Eit innforj****g vær ned Sognefjellet gjorde dette til ein av dei turane eg kjem til å hugse lenge. Vi har opplevd utgåver med plaskregn i Lom, snø og hagl på fjellet, kokvarme i Fortun og opp Nesbakken, men ingenting som dei tre-fire mila fra øverst i Bøverdalen og ned til Fortun, og spesielt sjølve nedfarten. Eg var seriøst redd for å blåse i grøfta, og var for første gang glad for dei unødvendige kiloane.  Lettare syklistar må ha hatt eit mareritt av ein nedfart.

Om arrangementet: Eit nytt flott arrangement fra Sogn CK. God service på matstasjonane, (det er lenge sidan eg har stoppa i Luster, men det var veldig hyggeleg å treffe folka der), god resultatservice, og fint målområde. Heilt i toppklassen er det.

Det som ikkje kan seiast å være i toppklassen er premieringa.
Rett nok syklar vi ikkje for anna enn for moro, men eg vil foreslå ei deltakar T-skjorte, slik som t.d. Bergen-Voss har. Med ein såpass startkontingent, så bør det være mogleg å få til.
Langtidspremien for 15 fullførde ritt var.... TA-DAAAA!!! ein refleksvest.
Det var noko snote, så eg reknar med at til 20-årsjubileumet om tre år, så får eg ein pose te-lys.
Til fem og tiårs premie fekk eg nokre fine plakettar i tre, men for 15 utgåver... ein refleksvest. Den var også revna i armen, utan at det betyr så mykje.

Konklusjon: Eit nytt flott arrangement, med vennlege, hjelpsame og hyggelege arrangørar. Dei hadde fått terningkast seks, hvis det ikkje var for den noko beskjedne premieringa.
Slik det er no, så får dei ein sterk femmar.
Ellers er eg superhappy for den gode sosiale turen vi hadde. Utan tvil den mest vellukka vi har hatt over Sognefjellet nokon gang. Tre stk. som sykla meir eller mindre samla i knappe 14 mil, og dette gjorde at vi kom fortare til mål alle saman. Faktisk vil eg påstå at dette var den mest vellukka turen vi har hatt, på nivå med Voss-Geilo 2013, og Bergen-Voss 2012.



Nå: Litt bilder. Grunna det grønnj*****e været, så har eg ikkje bilder fra etter Fantesteinane, utanom eit fra målområdet.

 Nyvaska doning klar til tur over fjellet. 


 Jammen fekk vi alle syklane inn i bilen i år også.


 Klargjering på Lom.


 Lustringar på Lom!!


 Eit startfelt. Portalen til sponsor Sparebanken Vest ser ut til å miste litt luft...


 Ein del snø att på Sognefjellet dette året. Som ein ser er det skyer i horisonten.


 Løypas høgste punkt, Fantesteinane 1434 m.o.h.



























Og i Sogndal fekk vi dette: Ei flaske sprudlevatn. Ein grilltallerken. Ein diplom som eg har putta oppi årspremien min. Og ein premie for 15 gjennomførte Sognefjellsritt....