fredag 16. mai 2014

På sykkeltur til Strondi.

Oppdatert 19.5.2014:
I går tok vi heile turen, og vel så det.
Ein strålande forsommardag, der det for første gang gjekk an å sykle i kort-kort.
Hadde med lause armar, men dei tok eg av opp Indre Hafslo.

Da vi var to som la av garde denne gang, så gjekk det sjølvsagt mykje lettare.
Heilt fram til der asfalten slutta kom vi, og da var det over 45 km. heimatt.
Ein kjapp stopp, før vi snudde og etter berre ein km. eller to, så møtte vi den tredje lokale syklisten. Vi vart einige om å stoppe på ein open kafe lenger nede i bygda.
Der sat det fire godt vaksne, turistar eller noko slikt, og tok seg kvar sin halvliter. Det såg sjukt behagleg ut, men vi lot fornuften sigre, og tok heller ei cola.

Veldig bra at det var ein slik liten oase der!


På veg heimatt, så køyrde vi utanfor den  fremste lengst tunnellen. Den er såpass lang, at den uansett ikkje er fristande å sykle igjennom. Vegen var også brukbar. Røyrtunnellen er vi NØDt til å sykle igjennom, men den er så kort at det byr ikkje på problem.

Da stod det att to tunnellar, og utanfor den lengste av dei, så klarde eg sjølvsagt å punktere. Det er alltid like irriterande, men det er ikkje akkurat første gang da....
Slangeskiftet gjekk greit, litt lite luft kanskje, men greit nok. Iallfall så greit at vi av ein, no i ettertrid iallfall, uforståeleg grunn, fant ut at vi skulle ned i Solvorn også.

Det var ikkje noko sjakktrekk.
Ned var greit, men oppatt vart eit slit. For ikkje å snakke om fra Stolpen og opp til Heggmyrane. Eller enda meir konkret; Fra Hillestad og den snaue siste km. til toppen.
Vi hadde på dette tidspunkt køyrt over ni mil, og nærma oss 1400 høgdemeter. Heile turen hadde no vart i over fire timar, så det skulle  berre mangle at det ikkje merkast ein smule.


Sliten. Ohoi.
Men fra Heggmyrane og heim, så gjekk det iallfall greit.
Fin trening, men det merkast i beina dagen derpå.

Fordelar med å sykle her:
Lite trafikk. Vi traff totalt 11 bilar.
Naturen. Det har sin eigen sjarm å sykle i slike storslåtte omgjevnader.
Medvind heim att. Alltid.

Ulemper:
Asfalten er tildels svært dårleg.
Tunnellane er svarte som natta. Skal du på død og liv sykle igjennom dei, så ha for all del eit skikkeleg godt lys!! Vegen utanfor er farbar, men spesielt tunnell nr. to på veg framover har ei dårleg vegbane på utsida.
Motvind på vegen framover. Alltid.


Data fra turen:
Total distanse: 106,2 km.
Totale høgdemeter: 1378
Snittfart: 24,23
Toppfart: 67,86 km/t
Snittpuls: 145 (79%)
Makspuls: 174 (95%)

Reiseruta denne søndagen.



 På veg framover. Veitastrond kapell.

På veg ned mot Veitastrond Kafe for ein velfortjent brus. 



Vendepunkt. Når du er komen så langt fram som dette, så vil eg anbefale å snu.


På veg heim langs vatnet.


****************************************************************************






Forrige laurdag fant eg ut at ein sykkeltur var tingen. Kveldsturar er alltid fint.

Men kor skulle turen gå?
Tenkte først på ein tur framover Jøsstedalen, men der har eg sykla såpass mange ganger, at det var på tide med litt variasjon. Så kvifor ikkje ein tur til Solvorn, og kanskje opp att Gamlevegen på Hafslo?

Men da eg var komen på Heggmyrane, så var været så fint, og stemninga så god, at eg fant ut at ein tur mot Veitastrondi var ein god ide. Kanskje ikkje så langt, nett forbi Moane kanskje??
Men framover langs vatnet, så var det så fint å sykle at eg satte meg som mål å trille til den første tunnellen. Der kunne eg finne ut om det gjekk an å sykle utanfor, på den gamle asfalterte stripa langs med vatnet.

Det gjekk såpass greit, at eg fant ut at eg kunne sykle til neste tunnell nokre kilometer lenger oppe langs vatnet.
Og sidan været framleis var strålande, så sykla eg utanfor den tunnellen også.

No var det byrja å bli litt kveld, og ikkje fullt så varmt og fint lenger, så eg valde og stoppe ved noko vegarbeid som pågjekk. No kunne eg faktisk sjå inn på sjølve Strondi, det var knapt ei mil dit.
Dessverre hadde eg ikkje med meg noko særleg mat og drikke, så eg tok ikkje sjansen på å sykle lenger. Ein skulle tross alt komme seg heim...

På ein snuplass der framme stoppa eg for å tygge i meg dei to små Bixitkjeksa eg hadde i baklommen, samt å drikke den halve RedBull flaska som var med. Vannflaska på 0,7 l. var byrja å få faretruande lite innhald...

Det fine med å sykle mot Veitastrondi er at det er nesten alltid trekk heimatt. Så også denne gang.
Dernest er det veldig artig å sykle på stader der ein skjeldan køyrer. Vegen langs vatnet går opp og ned heile tida, og kvaliteten på vegen er mildt sagt varierande. Asfalten er tildels skral, og det er smalt og svingete. Derimot er er det omtrent ikkje bilar, og såleis midt i blinken for oss som er på to hjul.

Naturen er storslagen. Sjølve vatnet er eit av dei største i fylket, med høge snøkledde fjell på begge sider. Med sol som er i ferd med å gå ned, så vert dette ei flott oppleving.
På "andre sida" ser vi fraflytta gardar, og eg tenkte at det hadde vore artig å vore der ein gang.
Men det kjem jo aldri til å skje.

Da eg var komen til Moane att, så drakk eg siste skvetten med Red Bull, og for verkeleg å plage meg sjølv: Gamlevegen fra Hafslo og til Heggmyrane.
Her er det spesielt to bratte bakkar. Ikkje så lange, den siste er ikkje på meir enn 400 meter. Men denne siste er oppmot 15%, så etter seks mil åleine, så merkar ein slikt...

Oppe på Heggmyrane, der no var berre ti grader, tok eg på meg vindvesten og trilla  heimover.


Eg hadde ikkje møtt ein einaste anna sjel på to hjul, men hadde likevel hatt årets flottaste tur så langt.
Flott vær, storslagen natur, nesten ikkje biltrafikk....  kan ein be om meir som syklist?

Eg sykla ikkje fort. Det var turen som var heile vitsen. Eg kunne stoppe å ta bilder her og der... ein svane kunne eg sjå... eit andepar.....
Vi stressar altfor mykje når vi trenar på sykkel. Det skal gå så innihelsike fort, opp mot makspuls til tider.
Vi har altfor få turar, for turens eigen del. Det gir meg mykje meir å sykle sju mil i makeleg fart til Veitastrondi, enn å køyre som ein villmann til Skjolden og tilbake.
Saman med å sykle rundt fjorden, er ein tur til Veitastronden den finaste sykkelturen ein kan ha i kommunen. Fram til "sentrum" og heim, så vert det ein tur på over ni mil, og dersom ein absolutt vil køyre villmann, så værsågod.
Det er fullt mogleg å sykle på racer utanfor dei to tunnellane som eg var forbi. Litt dårleg veg her og der, javel, men eg slapp å gå av ein einaste gang. Det var faktisk problemfritt å sykle der, og eg kan anbefale turen på det sterkaste.
Neste gang skal eg ta med meg litt meir mat og drikke, så eg kan sykle heilt fram. Folk er velkomne til å bli med, men da skal det være som ein tur og ikkje noko sprengkøyring.

Litt data:
Totalt: 3 timar og 17 minutt.
Distanse: 75 km.
Snittfart: 22,7 km/t.
Høgdemeter: 980
Snittpuls: 133 (73%)
Makspuls: 168 (92%)


Bilder:

Reiseruta denne laurdagen.



Vendepunkt kl. 2000. Da var det kanskje på tide.



Utsyn heimover.


Tunnell nr. to rekna fra Hafslo, tunnellinngangen på bildet er på Veitastrondsida.
Denne tunnellen er ganske lang, så eit godt lys er eit must. Dette er også tunnellen med den klart dårlegaste vegen på utsida.




Dette er den første tunnellen du kjem til, dersom du syklar fra Hafslo. Denne er heller kort, men det går fint an å sykle på utsida også. Hugs eit godt lys hvis du skal sykle igjennom.



Over mot Yngsdalen, og den forlengst nedlagde skulen på andre sida av vatnet.


Opp gamlevegen på Hafslo... for å plage seg sjølv litt ekstra.



Det ser kanhende ikkje så bratt ut på bildet, men her er det 15% i 400 meter, noko som merkast etter 6-7 mil på sykkel åleine.



Etter ei god treningsøkt, er det tid for åndeleg og kroppsleg påfyll...








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar