torsdag 15. mai 2014

Kommunesamanslåing

Det pågår ein debatt om å slå i saman kommunar.

Det er ein god ide, mykje har endra seg sidan den siste store samanslåingstrenden på byrjinga av 60-talet.
Det er ikkje til å komme fra at transport og kommunikasjon, samt mykje anna, har endra seg siste 50 åra.


Derfor er det på høg tid at Luster må sjå til sine naboar i Sogndal og Leikanger, meiner nokon, for det meste sogndøler :-)
Det må være eit gode for lustringar også, det å slå seg saman med Sogndal og Leikanger.

Årsak: Gaupne og Hafslo vert da liggande i sentrum av den evt. nye store kommunen.
På Hafslo, som jo er den mest naturskjønne bygda i Indre Sogn, er det framleis god plass til bustadbygging.
I tillegg har vi sommarperla Solvorn rett i nærleiken.
Ergo: Nye bustadfelt må komme på Hafslo, istaden for å stappe enda meir ned i Fjøra.

Administrasjonen for kommunen plasserer vi sjølvsagt i Gaupne. Dette fordi det vert  midt i den nye storkommunen, med omtrent lik geografisk avstand til alle deler av kommunen.
Ein knapp time til Hella?
Ingen problem.
Iallfall ikkje større enn det vil være for skjoldingane, jostedølene og fortunsdølene  og måtte reise til Sogndal i ein time.
Ein forsterka (eller rettare sagt: Forstørra) kommuneadministrasjon i Gaupne, vil også medføre ei utbygging av helsetilbodet her. Ja, for det er vel ingen vits i å ha eit helsesenter i Sogndal også, berre knappe halvtimen vekke?
Skal ein først spare pengar, og ikkje minst; "få meir kompetanse",  med å slå saman kommunar, så må ein jo gjere grep som  monnar.
Og med helsesenteret på plass, så bør jo Sogn Brann og Redning også plasserast her.
På den måten får utrykningsetatane omtrent like kort (eller lang, alt ettersom ein ser det) til heile den nye storkommunen:
35 min til Kaupanger, Fortun, Leikanger og Fåberg.
Knappe timen til Hella, Veitastrond, Ornes og Fjærland.


Så der har vi det:
Alle byråkratane i Stat og Fylke kan fortsette på Leikanger.
Fotball, vidaregåande skular og handel i Sogndal.
Bustadutbygging på Hafslo.
Kommuneadministrasjon, helse og brann/redning i Gaupne.

Eit fantastisk godt forslag.
Berre sjå på kartet, så ser vi at Hafslo og Gaupne passar perfekt til dei nemnde formåla.


Og brått var ikkje kommunesamanslåinga så populær likevel?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar