tirsdag 4. mars 2014

Storpreikaren

Oppdatert 25.3.2014:
Fra "vår mann i Storpreikaren" har vi fått denne spennande biletserien pr. i dag....



No er det kome opp mellombels rekkverk, og skal vi tru kommunen så kan vi forvente ordinær trafikk her til helga. På bildet ser det jo bra ut!


Noko seier meg at det er ganske bratt i svingen.... Det må det jo være.






Ein del av massane som er fjerna, er tydlegvis nytta som ein slags sikringsvoll her. Det var sikkert ikkje så dumt med tanke på at det er rimeleg høgt ned her. Men korleis går det med stien min ned til Tandla???



Vegen "nedanfor", dvs. der som raset kom ned, har visst blitt lappa saman. Støypekanten ser ut til å være moden for ein ... øh... oppgradering...?

Og jammen har vi fått ei større utkøyrsle her! Det var bra. Den største grana er borte også, så noko godt kom det da ut av dette.

*************************************************

Oppdatert 11.3.2014:
Vår utskremde medarbeider har vore på farten att, og eg har fått hand om desse bilda fra i dag.

 Eg har lite greie på slikt arbeid, men det er sikkert ein heil jobb å få denne svingen på plass att før våren kjem for alvor.


 Det er ganske så store mengder masse som må vekk. Men i det minste kan vi få oss nokre fine nye utkøyrsler her og:-)



 I "Evigheitssvingen" rasa det ut ein del av støypekanten i fjor haust. Ein må ut fra at dette vert ordna i samme slengen nå.


Sikkert ikkje dumt å bruke litt av masseoverskotet til å støtte oppunder her ein smule....



I vegen rett nedanfor Storpreikaren ser det slik ut nå.  Her må det nok også på plass ein ny støypekant. Samt renskast litt meir i fjellsida. Forhåpentlegvis.



 Ser ut som vi får ei større utkøyrsle her og.
Ja forresten: Hogg gjerne ned resten av grantrea som står der også.
















Som ein ser er vegen tydeleg sperra. Forutan på denne staden, så står det skilt både v/Judassvingen, der vi gjekk opp til forrige veke, samt v/Tandla. (Må presisere at vi kom opp i vegen mellom Judassen og Tandla, det har sine fordelar å ha tilgang til marka, og forresten visste vi ikkje at vegen var stengt v/Tandla på det tidspunkt. Berre så det er sagt)

**********************************************


Forrige tysdag rasa det fra Storpreikarsvingen, det veit jo alle i bygda nå.

Det kanskje ikkje alle veit er omfanget av raset, det er nok adskillig meir masse som har kome ned enn det vi skulle tru.

I kveld fekk eg tilsendt ei rekkje bilder fra staden, tatt av grunneigaren, og gjengitt med hans løyve.
Dei viser at dette er ikkje noko plass å ferdast no, korkje for folk, fe, traktor eller bil.

Det er ein årsak til at vegen er stengt, og at folk vert oppmoda til å halde seg borte fra staden:
Her er det farleg. 

Det er framleis ein del lausmassar att oppe i fjellsida, og eg for min del er lite interessert i å risikere liv og lemmer berre for å gå til Engadalen ein snue.

Eg er også beden om å opplyse at stien fra Tandla og opp til Evigheitssvingen også er stengt.
Det er heller ikkje tilrådeleg å gå Sandvikberget. Der er det mykje is no, og den kan komme kva tid som helst.

Men nå: Bilder.

Eg fant forresten eit bilde fra 2010 om korleis det såg ut tidlegare. Storpreikaren er midt i bildet.



Ein får i det minste eit visst inntrykk av kor bratt det er....


Dette er teke ikkje så lenge etter at raset gjekk. Som ein ser det ikkje småtteri som er kome ned, men på dette tidspunkt er det framleis mykje lausmassar att oppe i fjellsida.



Tre dagar før stod vi og hogg ved her.... Eg har to veddungar liggande rett på oppsida av raset, og to dungar på nedsida. Veldig greit at raset ikkje gjekk den dagen vi stod der med motorsaga....

Storpreikarsvingen vart bygd på 50-talet eingang, og utstyret som vart nytta var noko heilt anna enn i dag. Heile Engadalsvegen tok det 15 år å bli ferdig med. Når ein ser korleis vegen er bygd, så forstår ein at datidas byggekrav og byggemåte neppe er godt nok til å tåle den trafikken som er der nå.  Kor mange tonn veg t.d. ein moderne traktor m/hengaren full av rundballar?



Heile svingen er, som alle dei andre svingane oppover, bygd i naturstein av heller beskjeden storleik. Vegen var sikkert dimensjonert til å tåle den beskjedne biltrafikken og datidas små traktorar, men nå til dags er det heilt andre doningar som trillar oppover her, dyreruta t.d.

Muren her er rimeleg høg, kanskje opp mot 10 meter. Lurer på korleis grunnen er? Storpreikaren er den svingen som er plassert i det desidert brattaste partiet, men eg vil tru at det er andre parti i Engadalsvegen som også kan være greit å halde auge med. T.d. mellom Storpreikaren og Evigheitssvingen er det eit stykke med natursteinmur som ein kanskje skal sjekke ut??

Her er arbeidet med litt fjellrensk i gang.  Eg har gått nedi her sjølv, men det var før raset gjekk, og på den tid ein var ung og dum.

Kommunen har kome fort i gang med arbeidet, og det skal dei ha ros for. Engadalsvegen er meir brukt enn ein skulle tru, og spesielt no om våren kan det være folksomt her. Da vi hogg ved der forrige laurdag, måtte vi ganske ofte ta ein pause grunna bilar og folk som skulle forbi.

Det er laga til ein mellombels sving slik at det er mogleg å ta seg forbi for dei som absolutt MÅ. Men etter mi meining er det kun dei fastbuande på Råadn, og utrykningskøyretøy som MÅ. Som tidlegare nevnt: Det er ikkje ufarleg å ferdast her nå.

Det spørs korleis svingen vert i framtida. Skal ein få noko som tåler litt, så må det kanskje borast og støypast??

Dette bildet ser ut til å være tatt midt inne i den gamle svingen. Som ein ser er det lite storstein i fyllmassane. Utan at eg skal påberope meg noko ekspertise i korleis ein veg skal være bygd....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar