Undra si tid er ikkje over, sjølv om påska forlengst ligg bak oss.
Etter kun tre-fire månader kom draktene våre. Kva som er årsaka til den utruleg lange leveringstida skal eg ikkje spekulere i, men nå er dei her, og dei er testa på landeveg, og har gjennomgått den første vasken.
Viktigast: Buksa. Verka til å være veldig bra. Mi bukse i storleik XL sat som støypt, kanskje litt lengre enn dei eg har brukt før, slik at skillet til sommaren antagleg vert flytta. Men det var ei behagleg og god bukse, absolutt ei av dei bedre. Den ser litt anleis ut enn på bildet under, det kvite feltet er istaden gult. Og medan eg hugsar det: Gult vert gjennomsiktig i regnvær....
Kort trøye: Også veldig bra. Lang glidelås, så klart, og med sponsornavna i sjølve stoffet, ikkje påklistra.
Min storleik var også her XL, og eg tør påstå at denne passa godt. Forhåpentlegvis vil denne passe inn med fjorårest framleis synlege skille...noko som er veeeldig viktig.
Lang trøye: Mi jakke i XL var kanskje litt stor. Men på den andre sida: Ein skal tross alt ha noko under ein kald vårdag. I går hadde eg kun superundertøy og den korte trøya under, men når ein skal bruke t.d. ei ulltrøye, så vil nok denne passe greit. L ville nok uansett vorte litt lite.
Jakka var god mot vind og regn. Ikkje heilt vanntett, og heller ikkje heilt vindtett, noko som er perfekt. Dersom ein har heilt vanntette plagg, så vert det som å ikle seg ein plastsekk, veldig ubehagleg.
Konklusjon: Eit av dei beste draktsett eg har brukt. Kanskje ein må utvide med hanskar og lang bukse etterkvart?
Terningkast: Sterk femmar. Det einaste som trekker ned er som nemnt at buksa vert gjennomsiktig i regnvær, men kun det vesle gule stykket bak vel og merke. I det minste kan det kanskje gjere at vi hugsar å ta på bakskjerm.
Men nokon av oss er kanskje av den ekshibisjonistiske typen?
*********************************************
Oppdatert 4.2.2014:
Og da er den ferdige drakta klar....
Eg synes vi kan være nøgde med sluttresultatet. Men design er ein ting, det at drakta fungerer og er ei god drakt er noko heilt anna. Utfra det vesle eg har sett og prøvd, så verkar dette å være bra saker.
**************************************************
Oppdatert 2.2.2014:
På spinningøkta i går, dvs. laurdag, så fekk eg vite at det visstnok var ei nettside under opparbeiding.
Den ser ut til å være i oppstartsfasen enda.
**************************************************
Eg må nesten drive litt reklame for det nystarta idrettslaget i kommunen.
I desember var det skipingsmøte for den nystarta Luster Sykkelklubb.
Driftige eldsjeler har tatt tak i dette, og har på kort tid fått på plass litt sponsorar, styre, revisorar og diverse andre byråkratiske saker. Det synes eg er veldig godt jobba.
Det er nemleg ikkje berre-berre (eller only-only som ein rallykøyrar sa), å få alle formalitetar på plass. Registrering i Brønnøysund, idrettsforbund, sykkelkrets og gudane veit.
Men alt er nå på plass, og førstkommande helg er det tid for prøving av antrekk.
For klubbdrakter må vi jo ha. Dei er faktisk ganske fine, i gult, kvitt og svart. Eg har ikkje noko bilde av dei her, men skal prøve å få det til så snart vi har det på plass.
Men kvifor skipe ein ny klubb, når vi har Sogn CK rett i nærleiken?
For min eigen del har eg ikkje vore med i Sogn CK på mange år, av private årsaker. Eg følte meg dritdårleg behandla dengang, og har sagt til meg sjølv: Aldri meir medlem der.
Men dette er leeeenge sidan, og dagens styre i Sogn CK er sjølvsagt av ein heilt annan standard. Reknar eg med. Sjølv om eg framleis ikkje har fått langtidspremien min for 15 gjennomførte Sognefjellsritt. Og i år skal eg delta for 17. gang....
Meir av årsaka til skiping av ein sykkelklubb innanfor kommunes grenser, er nok at det har vorte fleire og fleire lustringar som syklar. I gamle dagar, dvs. på 1990-talet, var vi ikkje så mange. Det var ikkje behov for ein eigen klubb på den tid, med maks ti turryttarar.
No er det andre tider. Sykkelsporten er vorten stor, og etter berre ein månad eller to er vi komne opp i 40 medlemmar. Eller kanskje enda fleire??
Så vil kanskje nokon lure på kvifor vi ikkje gjekk inn som ei undergruppe i t.d. IL Bjørn?
Eg meiner det hadde vore eit feilgrep. Årsaka er at da hadde vi kome inn under dei reglar og sponsorar som idrettslaget har, med representasjon i styret og greier. Og så måtte vi vel ha køyrt i IL Bjørn sine fargar, dvs. raudt og blått, som er akkurat dei same fargane som Sogn CK har.
Slik som det er no, så styrer vi oss sjølve.
Det blir også ei lette å sjå meir felles bekledning innover fjorden. Dei siste åra har det vore meir regel enn unntak at vi har vore kledd i vidt forskjellig antrekk på treningane. Hvis vi har vore ti stk, så har det vore MINST ni forskjellige antrekk. Det ser litt bedre ut når fleirtalet køyrer i like drakter.
Dessutan er det mykje lettare når vi er på ritt, t.d. Voss-Geilo.
Så. Skal vi ha noko arrangement?
Idear skortar det ikkje på, men eg trur at vi får ta nokre prøvearrangement først.
Vi er fleire som har snakka om eit slags "Fjorden Rundt". Det kunne vi hatt fra Ornes, inn til Skjolden (kest ellers?), ut til Gaupne, og med målgang t.d. på Breheimsenteret. Ein kjempefin tur i noko av landets flottaste landskap. Ca. 85 km. så det hadde vore overkommeleg for dei fleste. Vi kunne hatt dette i samband med Lustradagane i byrjinga av juni, det hadde vore ein fin dato.
Ein annan ide til arrangement er eit klatreritt fra Gaupne og opp på Brunen. Da må ein sikkert nytte terrengsykkel eller crossykkel, men det burde være enkelt å arrangere. Start fra Pyramiden kl. 1200 laurdagen under Lustradagane??
Eg meiner det er eit godt tiltak å skipe ein ny sykkelklubb i kommunen. Vi har no sjansen til å bli ein klubb som femner om heile kommunen, sjølv om enn så lenge er det helst Gaupne som dominerer i medlemsmassen. Noko som kanskje ikkje er så rart da det er det største bygdelaget saman med Hafslo. Vi får håpe hafslobygdingane også blir sterkare med utover våren. Det hadde vore veldig artig å få til eitt idrettslag som tok for seg heile kommunen, og som berre dreiv med ein idrett.
Eg trur forøvrig at ei spesialisering av dei forskjellige idrettslaga i kommunen er vegen å gå. T.d. kan IL Bjørn ta seg alt innan ski, medan Hafslo tek seg alt av fotball, og Luster tek seg av handball. (OBS! Dette er berre eksempel!!!)
Er det snart vår, slik at vi kan ut å sykle i dei fine nye draktene våre?