mandag 9. desember 2013

Jule/skulegudstjeneste.

10.12.13:
Ny oppdatering.
Fekk ein hyggeleg melding fra skulen om at det var loddtrekning som avgjorde arbeidsfordelinga. 
Det var grei og avklarande beskjed.

Gaupne Skule har alltid opptrådd ryddig, hadde dei berre flytta skulepreika eit par usle timar og nå....

Ellers er det hyggeleg at denne posten skapte eit større engasjement enn vanleg. Fleire kommentarar på Facebook, nokre einige og andre uenige.....
Og det er no ein av dei mest leste postane mine. Kan vi nå att den om tullete alkoholservering i Parken?
***********************
10.12.13:
Ei lita oppdatering.
Snakka med 10-åringen i dag ang. dette. Han hadde fått beskjed fra skulen at han måtte i kyrkja denne dagen.
Det synes eg høyres litt rart ut, og eg sluker ikkje det rått for å sei det slik. Og iflg. skulen må han da heller ikkje gå.

Men han er alt tildelt ei oppgåve, som eg no har fått vite er etter loddtrekning.

Det er ok.

***********************

I kveld har eg tenkt å kaste inn ein liten brannfakkel.

Det er om skulegudstjenester.

Også i år skal Gaupne skule ha eit slikt arrangement, fordi "det er ein del av vår tradisjon og kulturarv".

For det første: Kor lenge må noko vare før det blir ein tradisjon? To år? Ti? 30?
På den tid da eg gjekk på barneskulen, dvs. rett etter at isen trekte seg tilbake fra landet, hadde vi ikkje noko slikt.
Det skulle vore interessant å få vite når denne uvana med å sende 6-12 åringar i kyrkja i skuletida starta.

For det andre: Kvifor skal dette skje i skuletida? Er det verkeleg skulens oppgåve å fylle kyrkja?
I skrivet fra skulen står det at dei er bevisste på å legge gudstjenesta til byrjinga av dagen, slik at det vert tid til "kos og avslutning" etterpå.
Eg har null problem med at folk går i kyrkja, gjerne til dagen hvis dei har glede og nytte av det.
Men da skjer det på fritida, og definitivt ikkje på jobb eller i skuletida.

For det tredje: Skulen viser til opplæringslova, der det står klart og tydleg at undervisninga ikkje skal være forkynnande.
I samme skriv, berre to linjer lenger oppe, står det at 5. klasse skal ha ulike oppgåver, bl.a. å lese fra juleevangeliet.
Hvis det å få ein tiåring til å stå i kyrkja å lese fra Bibelen ikkje er forkynnande, så lurer eg SVÆRT gjerne på kva som er forkynnande. Eg kan godt tenke meg eit svar fra skulen på det.

For det fjerde: Skulen er klar over at det kan oppfattast som støytande eller krenkande at "deira barn deltek i religiøs aktivitet".
Øh? Nokre linjer lenger oppe skriv skulen at skulegudstjenesta er ein del av vår "tradisjon og kulturarv".
Var det berre tull det da? Er det religiøs aktivitet likevel?
Dernest: Det er ikkje "krenkande eller støytande" med skulegudstjenester. Det er berre totalt unødvendig.

For det femte: Kvifor skal skulen ha ei skriftleg tilbakemelding på kven som ikkje vil gå i kyrkja?
Det kan like gjerne være motsatt. Dei som vil gå i kyrkja gjev beskjed.


Eg høyrer av og til argumentet "Jammen det må dei da tåle ein dag i året".
Såklart ungar tåler det. Mange barn kan kanskje finne ei god meining med å gå i kyrkja.
Men det er ikkje det som er poenget.
Poenget er at det er ikkje skulens ansvar å fylle kyrkja.
Så derfor: Ta med ungen til ei vanleg søndagspreik da vel. Kyrkja treng sårt til meir besøk. Inga grunn til å skubbe skulen framfor seg, fordi ein sjølv ikkje vil ta turen ein søndag.


Ei anna problemstilling er at det neppe er noko rekrutteringstiltak for kyrkja heller, det å dra 150 meir eller mindre umotiverte ungar til kyrkja ein kvardag. Det sprudlar ikkje akkurat av Den Norske Kyrkja sine liturgiar.

Så har vi ei anna og meir seriøs problemstilling.
Vi lever i ei heilt anna tid i dag enn for, la oss sei 30 år sidan da denne "tradisjonen" starta. No til dags har vi både muslimar, katolikkar, humanistar, greskortodokse, jødar og masse anna rart i det norske samfunnet, endatil på Gaupne Skule. Dette var laaangt meir uvanleg da eg gjekk på skulen, for da var alle liksom medlemar i Statskyrkja.

Slik er det ikkje lenger.
For ein 8-årig katolikk eller muslim er det kanskje ikkje så morsomt å bli att nærast åleine på skulen medan 140 andre reiser til kyrkja.




Korleis ein skal løyse dette?
Det er himla enkelt. Legg skulegudstjenesta til umiddelbart etter skuleslutt, og dei elevane som da vil gå, kan reise i kyrkja.
Problemet er løyst.

"Jammen, da er det jo ingen som vil da".

Ja, og så?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar