tirsdag 10. desember 2013

Ein dag med norsk idrettsarroganse

Som dei fleste jo har fått med seg er det eit handballmeisterskap som pågår i desse dagar. Reknar med at handballdamene vinn enda eit gull, sjølv om det interesserer meg lite. Hyggeleg for denne idretten her i landet, og handballdamene er med rette veldig populære, sjølvsagt fordi dei vinn mykje, men og fordi dei er gode og flotte representantar for norsk idrett generelt.

I motsetnad til han der trøndaren på ski, som etterkvart seier så masse dumt at det berre blir flaut.
Northug må være Boasson Hagens SVÆRT onde, og dumme, tvillingbror.

Men tilbake til handball.
Knallmoro å spele, ikkje så gøy å sjå på, men det er nå ein smaksak.

Og så får vi den gamle handballkjempa Øystein Havang på skjermen.....
Kveldens motstandar, Paraguay, burde nemleg ikkje fått vore med i VM fordi dei er for dårlege...

Det er ufatteleg arrogant å sei noko slikt.
Kvinnehandball er ein av svært få idrettar der Norge er ei stormakt, som i ski forøvrig. Og sjølv om dette ikkje akkurat er verdas største idrettsgreiner, så kan da andre land enn dei som er "gode" få være med. Ellers hadde det jo berre blitt ein sju-åtte land som deltok og kor gøy hadde det blitt?
Norge og Danmark, samt nokre europeiske land til. Hadde blitt stusseleg.

Skal kvinnehandball ha den minste sjanse til å vekse, så må andre land enn dei tradisjonelle få være med. Det er faktisk ikkje så mange år sidan at kvinnehandball stod i fare for å bli kasta ut fra OL, fordi det var så få land som satsa på det, med dertil låge TV-tall, noko som jo er superviktig for geriatriklubben IOC.

Dessutan: Korleis skulle det tatt seg ut dersom Norge ikkje fekk være med, fordi dei var for dårlege?
Det hadde blitt ramaskrik.
Og det vart det før OL 1996, Atlanta.
På den tid var Norge ein dårleg sykkelnasjon, og hadde ikkje kvote for å delta i fellesstarten for menn, landeveg. Etter mykje sutring og klaging fekk dei tigge til seg ein einaste plass. Det vart til at Svein Gaute Hølestøl fekk starte, men han ramla nokre rundar før mål, og måtte bryte....

Men han fekk være med, og det bør Paraguay få være i handball-VM også

Var det nokon som forresten nemnde norsk tennis (Christian Ruud unnateke) og norsk kunstløp??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar