lørdag 23. november 2013

Sjakk og sånt.

Alle snakkar om sjakk i desse dagar, og det er vel naturleg nok, med tanke på at ein norsk 22-åring akkurat har vorte verdsmeister.

Ein unik prestasjon, og antaglegvis mykje større enn vi anar.

Det er kanskje dei som meiner at dette ikkje er idrett, men med tanke på at t.d. casting, skyting, bowling, bogeskyting, curling og golf er med i Norges Idrettsforbund, så er sjakk minst like mykje ein idrett.

Det er ikkje alltid berre dei fysiske bragdene som skal reknast.


Magnus Carlsen er nå vår største idrettsutøvar internasjonalt, og det er antaglegvis berre Suzann Pettersen og Thor Hushovd som kan måle seg.
Alle desse tre er utøvarar i store internasjonale idrettsgreiner, og er nok større i utlandet enn her heime.
Hvis eg skal rangere store norske idrettsprestasjonar, så må dette sjakk-VM være heilt der oppe med Vebjørn Rodal sitt OL-gull, sigeren over Brasil i Frankrike-VM, samt Hushovd sin VM-siger i Australia.


Her på berget er det framleis ski som dominerer, og det er heilt naturleg, tufta på laaange tradisjonar.
Det er dessutan den einaste idrettsgrein vi kan seiast å være ei stormakt, og det er nasjonalidretten vår.

Ski-VM fra Oslo vart sendt til sju land.
Til samanlikning vart Artic Race of Norway kringkasta til over 100 land.


Det er no snakk om at Oslo skal søke vinter-OL, eit arrangement som kjem til å koste milliardar. Det mest usmaklege med dette er at det for berre nokre år sidan vart skrinlagt å søke om Tromsø-OL i 2018, da "det var for dyrt". Eit Oslo-OL fire år seinare vert sikkert myyyykje billigare....
Det er til å få mark av når idrettstoppane nå vil ha vinter-OL til Oslo, når det var så jekla dyrt å arrangere det i Tromsø.
Hyklersk er det.


Dessutan: Skal nasjonen satse på eit stort idrettsarrangement, så gå for sykkel-VM i Bergen i 2017. Det gir adskillig meir omtale i den stor verda, og vil koste ein promille av det eit vinter-OL er berekna til.


Fram til forhåpentlegvis Stockholm får Vinter-OL i 2022, så skal vi glede oss over at vi no har ein verdsmeister i sjakk, eit spel som har ei over tusenårig historie, og som har mange millionar utøvarar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar