torsdag 14. november 2013

Min (fotball)kamp, del V

Hausten 1988 flytta eg til Sandane for å bu der eit år i saman med praksisperioden på skulen eg gjekk på.
Sandane hadde ein fin historie i fylkesfotballen, og hadde i fleire år vore i daværande tredje divisjon.
Dei hadde rykka ned derfra nokre få år tidlegare, og var veletablerte i fjerdedivisjon.
Trudde dei.
Hausten 1987 gjekk dei på tap etter tap, og dei måtte ned enda eit hakk.
Dermed bytta dei og gamleklubben min, Bjørn, plass, så eg fekk aldri høve til å komme heim for ein bortekamp.
Det var også tre andre klubbar i Gloppen, Sankam fra Sandane og Brodd fra nabobygda på sørsida som eg ikkje hugsar namnet på. Desse to spela i sjuande divisjon, og oppe på Byrkjelo eit par mil lenger mot Skei, heldt Breim til.
Dei sistnemnde hadde eg møtt med Bjørn i sullikperioden, dvs. fra 1982-1985. Da hadde vi tapt, og Breim var no i samme divisjon som Sandane, for første gang i historia. Det var ei viss rivalisering dei to klubbane imellom, slik det skal være mellom gode(?) naboar.

Treninga starta opp tidleg på vinteren, utandørs, enda det var hall på Sandane. Det var gamaldags trening med felles joggetur og greier.
Målsetninga var å rykke rett opp att, for det var nesten eit folkekrav at vi ikkje kunne være på samme nivå som "bøndene på Breim".

Vi hadde ei rekkje treningskampar utover våren, men eg sleit med å finne min plass i systemet. Ein ting var at dette laget var ungt, med berre ein tre-fire superveteranar, men det var også ein andektig gjeng, fjernt fra den smårølpete banden eg hadde spela med i Bjørn. Berre det å sleppe ein fis hadde nesten blitt sett på som umoralsk i Sandane.
Men det var hyggeleg folk der, og seriøst opplegg, det skal dei ha. Innandørsturnering i romjula hadde vi endatil.
Eg prøvde å karre til meg ein plass framover på bana, da eg på ein treningskamp oppdaga at den eine trenaren hadde omtrent einerett på venstrebacken uansett. Sjølv om han kun var trenar, og aldri spelte på treningane sjølv. Det var ei pussig ordning syntes eg.
Eg sleit meg inn på laget som angripar etter nokre kampar, og fekk jammen putte på eit mål borte mot Holmedal. Deretter gjekk det gradvis nedover att, heilt til eg skulle byrje på siste utdanningsåret mitt i Oslo i september.
Året i Sandane var dermed langt fra vellukka, men vi rykka opp med klar margin, og eg fekk være med på mitt fjerde opprykk på like mange år.
Bjørn derimot, rykka ned att etter ein katastrofesesong.

I 1989 meldte eg overgang til Bjørn att da eg fekk pliktåret i Årdal. Det gjekk an å kombinere med litt femtedivisjonsfotball, som eigentleg var eit passe nivå. Der kunne vi henge med utan å trene anna enn for moro eit par ganger i veka.

Eg fekk min første kamp på heimebane mot eit lag som eg ikkje hugsar kva var. Det var litt krisestemning da, for helga før hadde supermålscoraren blitt utvist borte mot Dale. Eg hadde vore med ut på Dingemoen, og var speleberettiga da og, men ryggen sa nei. Dermed måtte eg vente til helga etter, og det enda jammen med at eg vart utvist, for første og einaste gang i heile mi karriere.
Vi leda 2-1 da eg vart utvist "for å frata motstandaren ein opplagt målsjanse", og det var heilt OK. Eg hadde forresten fått gult kort før i kampen for å ha sagt "Jammen Tommy da!" til dommaren, da eg ikkje var einig i ei frisparkavgjerd. Kanskje han skulle hevne seg for tabbemålet eg scora på han i 1985?
Uansett måtte eg tusle i garderoben, sikker på at eg hadde berga i det minste eitt poeng. Men med eitt minutt att, og akkurat da eg runda hjørnet oppe ved symjehallen, så utlikna det andre laget. Eg gjekk inn i garderoben, og hadde knapt fått av meg skoa før resten av laget kom etter. Kampen var slutt, og dei hadde jaggu prestert å sleppe inn enda eit mål.
Dermed fekk eg karantene, og det var først på hausten det var sving på sakene att. Trur vi enda på ein tredje-fjerde plass det året, noko som var greit nok. Hadde aldri ambisjonar om noko meir.
I 1990 fekk vi inn att trenaren fra 1988, dvs. det året eg ikkje spelte på Bjørn. No skulle det verkeleg bli liv og satsing!
Det vart stikk motsatt med tid og stunder....
Det vart altfor mykje surr. Stadige skifter på laget, rokkeringar hit og dit, og systemsnakk som ingen forstod eller brydde seg om. Men vi trente bra, og var i god form, noko som gjorde seg utslag i ein sterk haustspurt der vi gjekk 8-10 kampar på rad utan tap.

I 1991 fortsatt vi med samme trenar, men nå var beina mine så øydelagde at eg ikkje spelte ein einaste kamp. Treningar vart det nesten ingen av heile våren, så da fekk eg tak i min første sykkel....
Denne sesongen vart derfor observert fra sidelinja, og det var eit smått kaotisk syn å sjå Bjørn det året. Trenaren hadde openbart den oppfatning at vi skulle springe alle lag i senk, men det hjalp jo lite når fotballforståing og taktiske grep var hinsides.
Rokkeringa på laget var no den fullkomne parodi: Den eine keeperen fra 1988 sesongen t.d. var no angripar, og den beste angriparen vår fra den gang var no midtstoppar.
Systemet var heilt banan, og ingenting fungerte. Eg var nesten glad eg var skada heile året slik at eg slapp å være med på det pinlege faktum at vi no rykka ned til sjette nivå att.
Den samme trenaren hadde i løpet av tre sesongar fått Bjørn ned to divisjonar, og fått 100 000,- for det. Meir vekkasta pengar skal ein leite lenge etter.

Den avsindige treninga i 1991 og 1992 hadde jaga fleire spelarar over til naboklubben Luster. Dette var ein moroklubb som hadde starta på lågaste nivå eit par år før. Det var lite seriøsitet over denne gjengen, men med den stadige tilgangen av gode spelarar fra Bjørn, så var det dei som rykka opp til femte nivå i 1991. Luster var før seriestart i 1992 den beste klubben i kommunen, da Bjørn var plassert på sjette nivå, og Hafslo heilt nederst i sjuande.
1992 sesongen vart også ein fiasko for min del, da stadige skader også dette året gjorde at eg ikkje fekk spelt ein einaste kamp. Saman med ei rekkje andre fra Bjørn si "stordomstid" fra 1986-1987 hadde vi meldt overgang til Luster. Målsetninga var berre å møtast eit par ganger i veka, spele litt fotball, og ellers ta ein kamp om gangen. Det var slik eg ville ha det.

I løpet av vinteren 1992-1993 byrja beina endeleg å fungere att, og eg erobra ein fast plass på venstrebacken til Luster. Vi spelte heimekampane på den vesle intime bana på Skjolden, og det var alltid god stemning på både heime og bortekampane. Heimekampane hadde vi gjerne på laurdagane, slik at vi kunne pilse litt om kvelden, og ditto på bortekampane. Dog var det langtfra dei fyllekulene som hadde prega Bjørn ti år tidlegare.
I første heimekamp i 1993 møtte vi Vik. Dei var av favorittlaga i divisjonen det året, men vi spela dei til tider trill rundt, og vant enkelt 3-1. Eg fekk æra av å sette inn 2-1 målet fra venstrebackplassen min. På den tid var formen rimeleg bra, ikkje minst grunna dei stadig aukande mengder med sykkeltrening. Det året hende det at eg sykla til Skjolden, var med på fotballtrening og så sykla heim att.
Det vart med den eine scoringa for Luster, men det var til gjengjeld eit flott mål iflg. den eine lokalavisa, faktisk i "ultraklassen" for å bruke deira ord. Hø-hø...

Eg må også nemne ein kamp i Firdacupen vi hadde mot Hafslo den sommaren. I Firdacupen skulle det laget som var lengst nede i divisjonane få ta straffespark før kampen byrja. Antal straffespark var det same som divisjonsforskjellen. Hafslo var to divisjonar under oss, og fekk såleis to straffar. Dei presterte å bomme på begge. Vi hadde avspark, og scora etter ca. 20 sekundar. Istaden for å ligge under med to mål, så leda vi omtrent før kampen var komen i gang. Vi vant med ein fem-seks mål trur eg, utan å anstrenge oss nevneverdig, og eg trur dette vart den siste kampen eg spela som aktiv.

Stemninga i Luster var veldig avslappande og lett, i sterk kontrast til opplegget vi hadde hatt i Bjørn dei to åra før. Vi trente oss sjølv, spelte kun fotball, aldri noko taktiske øvingar, og vi bytte på å være kaptein fra kamp til kamp. Resultata var det reine bingo, med lassevis av mål både framover og bakover. I løpet av dei åra eg var med der hende det aldri at vi ikkje scora eller slapp inn mål i samme kamp, ishockeyresultat som 7-4 eller 8-5 var faktisk ikkje uvanleg.

Det var dessverre med den eine gode vårsesongen i Luster for min del. I august 1993 flytta vi til Oslo, og eg spela aldri fotball i seriesystemet att.
No opna det seg ein ny og underleg arena, nemleg noko rart som heitte "bedriftsfotball". Og her skal eg love det var mykje rart, mykje verre enn det eg hadde opplevd som aktiv spelar.
Men utan å vite det la eg altså opp som fotballspelar på ei tid da beina var OK att, og formen kondisjonsmessig var bedre enn på mange år. Eg var 28 år, og kunne nok hengt i stroppen på femtedivisjonsnivå nokre år til, men livet i Tigerstaden freista meir.

Fra no av vart det spel på pussige baner i Bærum og på Romerike nokre år, for ikkje å snakke om noko som kom enda seinare, nemleg "old-boys fotball"....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar