onsdag 13. november 2013

Min (fotball)kamp, del III

I 1982 var vi komne opp på juniornivå, og frafallet fra dei som ikkje orka å være med meir byrja å merkast. Nå kan ein jo sei at det var dei som ikkje kom med på laget til eikvar tid som gav seg først, kanskje ikkje så rart.
Ellers er det nå slik at ein får andre interesser når ein er 17-18 år. Damer og øl t.d.
Det er nok ikkje til å komme forbi at den kombinasjonen øydela ein smule for både den eine og den andre.

I 1982 vart vi altså påmeldt i juniorserien. Dette eksisterer ikkje no til dags, men på den tid hadde langt dei fleste laga i Sognebygdene eit slikt tilbod til dei som framleis var for unge til seniorfotball.
Vi hadde med oss eit par hybelbuarar fra Årdal denne sesongen, og dei heva laget.
Seriøsiteten fra dei to forrige sesongane var byrja å dale, og vi tapte mot dei litt "større" klubbane i distriktet.
I 1982 og 1983 fekk vi også eit nytt lag å spele mot, nemleg Høyang, som tidlegare hadde havna i pulje med Sunnfjordlaga. Derfor var det med stor spenning vi drog ut dit til vår første seriekamp.

Vi var eigentleg jamnspela, men så fekk vi ein stygg skade, og da datt alt i fisk. Trur vi slapp inn 3-4 mål siste halvtimen. Vi var ikkje vande med såpass alvorlege skader den gang, og det skremde oss nok meir enn vi trudde.
Høyang var eit godt lag, og saman med Jotun og Sogndal var det dei som kjempa i toppen.

Utpå hausten var det klart at A-laget var heilt på felgen. Dei hadde nesten ikkje nok spelarar til å stille lag på bortekampar, og det vart stortap på stortap. Seniorfotballen i IL Bjørn opplevde sine svartaste dagar, og det var akutt fare for å rykke ned i sjuande divisjon.
Ja, faktisk så stod det så ille til at dei nærast bønnfalt om å få med nokre av oss juniorspelarar slik at dei ikkje vart kasta ut av serien.
Min midtstopparkollega fra juniorlaget hadde allereie fått eit par kampar før sommarferien, og uti september vart eg spurt også.
Seniorane skulle spele borte mot Anga i Førde, og MÅTTE ha hjelp fra juniorlaget for å i det heile kunne stille lag. Eg trur vi var tre juniorar som vart med opp, og vi fekk alle spele, meir eller mindre heile kampen.
Sjølvsagt hadde vi ikkje nubbesjans og tapte 0-3.

Neste kamp eg vart kalla inn på gjekk enda verre. Det var sjølvsagt ei ny laaang reise, til Eivindvik for bortekamp mot Gulen. Der var opning av den nye grasbana, med skulemusikk og flaggheising. Stor stas.
Dei skulle berre visst at vi stilte med eit elendig lag. Eigentleg var vi berre 10 mann, inkl. to juniorar. Dvs. null innbyttarar, men vi hadde med oss ein kar som skulle på arbeid der ute. Han hadde ikkje spela fotball på kanskje ti år, men han fekk nå på seg ei drakt, og så satte vi han fram på høgrevingen, "slik at da må dei i det minste ha ein mann til å passe på han", som vår spelande lagleiar sa.
Vi låg under 0-3 til pause, og vart i andre omgang totalt rundspelt. Seks ballar til gjekk det inn bak keeperen vår, så Gulen fekk iallfall ein fin start på nyebana si med 9-0 siger over det dårlegaste Bjørnlag eg nokon gang har spelt på.
Denne kampen var antaglegvis eit lavmål nesten utan like. Greit nok at det måtte være med juniorar, men det var altså ikkje nok folk til å stille fullt lag ein gang. Vi fekk med ein mann som ikkje hadde korkje trening eller føresetnader for å spele fotball. At han ikkje vart skada var berre ei lukke.
Utover hausten overtok vi juniorar meir og meir av seniorkampane også, og omsider byrja vi å vinne også. Vi vant ein kamp på heimebane, utan at eg hugsar kven det var i mot.
Sesongen vart avslutta med bortekamp mot Loen, langt uti oktober. Ein bortekamp til Loen på den tid var noko heilt anna enn i dag. Ikkje var det noko Fjærlandstunnell, så eg meiner å hugse at vi køyrde om Oppstryn og Sognefjell for å komme fram.
Uansett stilte vi med sju juniorspelarar i den kampen fra start av. Kun fire seniorar fant det bryet verdt å være med, det var svært dårleg gjort. Nedrykket var forlengst eit faktum, så vi hadde kun ei miserabel ære å spele for. IL Bjørn hadde tapt 0-9 to ganger den sesongen, og tapt alle bortekampane sine. Det vesle som var kome av poeng var på heimebane, og vi måtte spele mot Loen, ellers så stod klubben i fare for å bli bøtelagd.
Det byrja dårleg. Eg spela midtstoppar, og det gjekk heller skralt, for etter 20 minuttar låg vi under 0-3. Dette såg ut til å bli ein reprise av kampen i Gulen to månader før.
Men merkeleg nok fekk vi ei redusering like før pause, på straffespark. Det var ein seniorspelar som scora, hugsar ikkje kven.
Det skjedde eit eller anna i pausen, for i andre omgang dominerte vi, og klarde faktisk å score to mål til, slik at det no stod uavgjort. Det ville i såfall være det første bortepoenget den sesongen, så vi var eigentleg glad til.
Like før full tid fekk vi straffe.
Ei nervøs stemning spreidde seg, kven skulle ta denne, og kanskje sørge for at vi mot alle odds klarte å vinne ein bortekamp?
Jo, eg var straffeeksekutør på juniorlaget, og vart sendt fram. Som yngstemann på laget.
Å sei at eg var nervøs er ei mild underdriving. Det var som om det var overhøyringa på konfirmasjonsdagen om att.
Straffesparket var ganske dårleg, det var korkje hardt eller velplassert, men ein dårleg keeper redda dagen, for oss. Full jubel. Vi hadde komen att fra 0-3 til 4-3 og IL Bjørn vant sin einaste bortekamp det året. Trur det er einaste gangen eg har blitt matchvinnar. Trur eg vart påspandert ei øl på turen heim att enda eg var berre 17 år.

I 1983 sesongen var det ikkje noko juniorlag. Det hadde blitt ei ganske tøff belastning for fleire av oss, som måtte spele to kampar i veka, samt to treningar på kvart av laga. Det vart derfor bestemt at no vart det eitt lag. No skulle vi spele på det lågaste nivået i fylket, og eg skal love at det var ikkje rare greiene.
IL Bjørn skulle no i elden mot Vadheim, Hellevik, Bulandet, Kaupanger, Tambarskjelvar, Breim.... det var på den tid det dårlegaste av dei dårlege innan fotball i Sogn og Fjordane.
Både 1983 og 1984 sesongen var prega av at dette var useriøse greier, med bortekampar meir prega av øl og moro enn fotballtaktikk. Eg kan endatil erindre at vi drakk øl FØR eit par treningskampar om våren, samt i nokre pausar. Hadde dette skjedd i dag hadde det blitt ramaskrik. Til bortekampen mot Vadheim vi skulle på i 1983 hadde vi brått ein bil for lite. Vi skulle rekke ferja på Hella, så gode råd var dyre. På eit eller anna vis fekk vi låne eit vrak av ein bil fra Gaupne Bensinstasjon. Den hadde berre prøveskilt, og var i elendig forfatning, antagleg skulle bilen kondemnerast. Den var grå og mildt sagt grusom i lakken, rett og slett eit vrak. Sjåføren, som var keeperen vår og eit år eldre enn meg, køyrde fra Gaupne til Hella på 54 minuttar på datidas vegar. At det gjekk bra skuldast kun flaks. Når vi kom ned på ferjekaia, så tok vi ei U-sving slik at alle kunne få sjå det rullande vraket vårt.
Eg køyrde heimatt, medan mine to medspelarar sjølvsagt drakk pils fra Vadheim til Gaupne....

Ellers hadde vi gjerne Bjørnbussen på bortekampar, og det var standard prosedyre å fylle den stakkars bussen full av øl før Gaularfjellet. Det var såvidt vi drog opp bakkane fra Vetlefjorden. Til ein bortekamp i Sunnfjord ein stad i eit av desse åra hadde vi 11 kassar pils i bussen. Folk trur meg kanskje ikkje når eg seier det, men det er sant som natta er svart. 11 kassar fordelt på kanskje 15 mann. Var det rart vi ramla ut av bussen når vi kom heim?
Sjuande divisjon i 1983 og 1984 var totalt useriøst. Det var avgarde med "gutta på tur", spele ein kamp ein eller annan gudsforlatt plass, og så drikke som svampar på veg heimatt.
30 år etter har eg ingen problem med å innsjå kor håplaust dette var, men der og da hadde vi det ganske moro. Spelarstallen var jo rimeleg ung, og fotballen var berre for skøy.
Vi havna vel rundt tredjeplass begge åra trur eg. Av ein eller annan grunn vart eg også tatt ut til være kaptein i nokre kampar, utan at eg heilt forstod kvifor.


Sommaren 1984 måtte eg i militæret, og dermed var fotballen slutt for det året. Da eg kom tilbake sommaren etter var det kome nye trenarar på plass, og det vart starten på det som skulle bli IL Bjørn sin gullalder innan fotball.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar