tirsdag 12. november 2013

Min (fotball)kamp, del I

I kveld var det omsider slutt. Årntle slutt med fotball.
Ein strekk i høgre legg på huba-lubatrening var altså det som skulle til, for nå ER det slutt. Ein gang for alle.
Har sagt det før, men nå må det bli alvor.

Den som ser meg spelar fotball igjen, dvs utanom med mine barn, kan herved skyte meg der og da, slik som dei gjorde med gamle hestar i Det Ville Vesten.

Eg har spela fotball meir eller mindre heile livet, og skulle tru det var ein smule vemodig å måtte gi seg, men alderen krever sitt.

Derfor, inspirert av han der Knausgårdfyren som skriv lecablokktjukke bøker om livet sitt, skal eg ta lesaren med på ei "episk" reise innan ein heller middelmådig fotballkarriere.



Fotball var stort sett det einaste ein kunne holde på med av frtitidsaktivitetar på tidleg 70-tall. Eller nei. Det var det nok ikkje. Det fantes skulemusikk, ski, barnelag... og så kan eg ikkje komme på meir.
Skikarriera var veldig kort og langt fra vellukka. Kan erindre at eg var med på eit par skirenn oppi Leirdalen, og det gjekk ikkje så bra. Moro var det iallfall ikkje.
Hadde imidlertid ein (svært) fotballinteressert nabo, som var fast gjest i heimen dersom fotballaget hans i England hadde vunne. Når dei tapte, såg vi ikkje noko til han.
Sjølv om han var nokre år eldre, så spela vi ein del fotball, sommar som vinter.
Det var sikkert denne fritidsaktiviteten som gjorde at eg fekk være med dei eldre gutane da eg byrja på skulen i 1972. Mange av dei hadde sikkert spela litt fotball før, men kanskje ikkje alle hadde spela like mykje?
Eg var iallfall desidert yngst, da eg var den einaste i førsteklasse ved Gaupne Skule i 1972/73 som antaglegvis hadde spela fotball i det heile teke.
Vi var to gutar og sju jenter i klassen, og dette var leeenge før det i det heile teke fantes noko som heitte "dame" eller "jente" fotball. Jentene skulle spele slåball eller finne på andre unyttige leiker.
Sidan eg var så snill og beskjeden av meg, så hadde eg sjeldan guts til å spørre om å få være med. Derfor luska eg berre rundt når dei andre valde lag, og håpa at dei spurde om eg ville være med. Og det ville eg jo. Alltid.
Etterkvart var vi fast inventar i alle friminuttar, samt på alle ettermiddagar som det var mogleg å spele fotball på. Heime på "ranchen", vart det satt opp eit enkelt mål. Det var eigentleg berre to staurar, men det var godt nok. Det var ein liten bakke bak målet, slik at ballen alltid trilla ned att. Tidlegare hadde vi spela ute i "hagen", med diverse eldre familiemedlemmar, men no vart det straks meir alvor.

I fjerdeklassen vart det starta ein skuleserie i kommunen. Alle skulane som hadde elevantall til det, stilte med lag, beståande av spelarar fra 4. til 6. klasse. Det var Hafslo, Livdtun, Gaupne, Jostedal, Luster, Skjolden og Fortun, altså sju lag. Den første hausten, i 1975, spela vi enkel serie.
Men den aller første fotballkampen eg spela var rett etter skulestart denne hausten, for vi måtte jo ha ein treningskamp må vite. Det var, av alle plassar, i Hestahagen i Fortun. På den tid var Fortun adskillig meir befolka enn i dag, og eg hugsar at det var ein jamn kamp, men eg trur vi vann med eit mål eller to. Masse tilskodarar var det også, antaglegvis var heile bygda avgarde for å sjå på. og som nevnt; Midt på 70-talet var det framleis ein heil del fastbuande i Fortun.
I Hestahagen var det ei nokolunde god grasbane i sjuarformat, men med store mål som vi aldri hadde spela med før. Her i bygda var det framleis ikkje noko skikkeleg idrettsanlegg, men det vart laga til ei fotballøkke midt i bygda. Eigentleg var det berre ei slåttemark der vi satte opp to mål, men denne vart brukt så mykje at grasbana tilslutt bestod av eit reint jorddekke. Ikkje grus, ikkje gras, men JORD.
Den første sesongen vart vi nr. tre i serien, berre slått av storfavorittane fra Hafslo, som vi tapte 0-2 imot ute på 11-ar bana på Moane, og Jostedal som nok overraska både oss og mange andre.
Til 11-ar kampar måtte vi dra med oss litt meir folk, og ei stor grasbane var som eit HAV for for oss den gang. Berre det å ta utspark var ei utfordring.
Vi spela uavgjort mot Jostedal, på ei slags sandbane i Fossøyane, og det eg nesten hugsar best er at dei hogg ned nye målstenger til vi skulle spele. Målstengene, inkl. tverrliggar, var nemleg laga av nokre gråor i skogen som omkransa bana.
Resten av kampane vant vi greit.
Vi spelte heime mot Fortun, Skjolden og Luster, og borte mot Livdtun. Problemet til Livdtun var at dei ikkje hadde eiga bane, og derfor måtte dei spele alle kampane sine på vår heimebane. Det passa jo ganske bra.

Eg spelte venstreving dei to-tre første åra. Antaglegvis fordi eg var den einaste på laget som var keivbeint.
Vi hadde spesielt ein god spelar på laget som laga ein del mål, men ellers var vi ganske jamnt besatt, med ein meir eller mindre fast "førstesjuar", som av ein eller annan pussig grunn bestod av 8 spelarar. Ein keeper og sju utespelarar, dvs. "åttar"-fotball, eit uttrykk eg ikkje har høyrt sidan.... vel, midten av 70-talet...

Vi hadde ein god keeper, han var fødd i 1963, og stilte gjerne i Arsenaldrakt på kamp. Eg var reservekeeper, i tilfelle han skulle bli skada, men det tok ei stund før det skjedde. Det var vel berre i andre sesongs kamp mot Livdtun eg stod ein omgang, slik at han skulle få spele litt utpå i det minste ein kamp. Trur knapt eg var borti ballen.
Vi hadde også ein 1963 modell i midten bak, med to fra 64-kullet på backplassane. Trur det var kiving om å unngå venstrebackplassen. På midtbana hadde vi stjernespelaren vår fra 63-kullet, for han var i god form også den gang, og sprang gjerne over heile bana. Lenger framme på bana var eg som yngstemann på venstrevingen, og så hadde vi ei forlengst fraflytta mann til med oss (også fra 1964), samt at det var eit og anna bytte ellers.

Året etter fekk vi til ein dobbelt serie, med både vår og haustsesong, med omtrent akkurat dei same spelarane og iallfall same laga. Vi vart nr. tre det året også. I kampen mot Luster, som gjekk på Ekservollen der inne, vart keeperen vår skada, og da fekk eg min einaste kamp i mål. Hugsar ikkje resultatet, men eg slapp iallfall ikkje inn mål. Eg erindrar at bana i Luster var veldig hallande mot sjøen, og at underlaget gjerne bestod av grandekuler, med sand, grus og nokre grastustar ute på sidene. Dessutan var det ein stor fjøs like ved, med opne gjødselkjellarar. Dit inn forsvant gjerne ballen slik at det vart innkast. Da var det fram med ein lang kjepp, tørke av driten på ballen i graset, og så spele vidare.
Vi var også på Skjolden og spelte dette året. Bana den gang låg der som i dag, men var ein del mindre, og i vesentleg dårlegare stand. Dekket bestod av ein ubestemmeleg blanding av gras, grus og tunnellmasse. Men vi vant i det minste. Her møtte eg også eit par spelarar på min eigen alder som eg skulle spele mykje fotball med seinare i livet.

I 1977 fekk ikkje dei eldste være med lenger, dvs. 1963-kullet var no for gamle og dei måtte no spele på "vanlege" lag slik som vi har idag, og der inngå i det ordinære seriesystemet. I 1977 fekk eg også gleda av å score mitt første mål, utan at eg hugsar kven det var i mot, men det var iallfall på løkka vår, det som no var heitande "Sire-Trond Stadion".
Men 1966-kullet var veldig bra, og hadde ein fire-fem gode spelarar som gjekk meir eller mindre rett inn på laget, iallfall når vi spela 11-ar fotball. No var fotballbana i Gaupne ferdig anlagt, og vi hadde såleis eit flott anlegg. Den siste speledagen det året møttes alle skulelaga fra heile kommunen, samt dei eldre gutelaga fra same skulane, og jentene sine skulelag i håndball. Jentehåndball og gutefotball, dvs. for ungdomsskulenivå, var starta same året.
Det var masse folk på bana denne laurdagen, og det var første gangen at det vart spelt fotball på det som no er sentralidrettsanlegget i Gaupne. Det stod ein telefonstolpe midt på bana hugsar eg, slik at vi brukte to sjuarbaner til den tids åttarfotball.
Vi vart nr. tre den sesongen også.

1978 vart mitt siste år som lilleputtspelar, og eg var nå eldst på laget. Det var kome til to andre fra mitt kull, men dei var ikkje så veldig interessert i fotball, så mykje fall på meg og dei tre-fire "beste" fra 1966-årgangen. Det året var også Solvorn skule kome med, slik at vi var no var 8 lag. Det var enkel serie, kun om våren. Vi møtte Solvorn i første kampen, i eit øspøs regnvær på heimebane, og av ein eller annan grunn på jordbana, og ikkje på den nye flotte grasbana tohundre meter derfra. Vi vant 3-0 og eg var nå flytta ned som forsvarar.
Den kampen eg kanskje hugsar best det året var bortekampen mot Hafslo. Dei hadde ein superspelar som laga lassevis med mål. Han var stor og sterk, så eg fekk beskjed av trenaren om at "han skal du ha denne kampen". Godt gamaldags frimerke altså. Sjølv om han var adskillig bedre enn meg, så gjekk frimerkejobben såpass bra at han vart dritsur, og skjelte meg ut på bana. Da fekk han tilsnakk av dommaren. Vi er likt gamle, og spela mykje fotball i lag seinare på gymnaset i Sogndal, men denne forsommardagen i 1978 var det alt anna enn vennskap som vi hadde i tankane.
Sesongen gjekk heller dårleg. Vi var mykje svekka etter at mange av dei gode fra 1964-kullet hadde gått av med "pensjon". I 1977 var eg framleis yngst på laget i nokre kampar. Året etterpå var eg eldst.
Trur vi vart nr. fire eller fem det året.


Hausten 1978 måtte eg gjere nokre innhopp på småguttelaget til IL Bjørn, enda eg ikkje var gamal nok, og med det vil det starta eit nytt kapittel.


Eg kom over eit lagbilde fra 1976. Bak f.v. har vi oppmann Reiulf Kjørsvik, Anders Knut Molland, Hans Erik Lingjerde, Bjarne Anton Brendstuen, Arve Røneid og trenar Magnar Høyum.
Framme f.v. har vi Kjetil Røneid, Tor Harald Kjørsvik, Rune Veum, Kjell Inge Søvde og til slutt er det meg....
Vi registrerer ellers at fotografi på 70-talet ikkje hadde den digitale kvaliteten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar