lørdag 9. november 2013

Ein deprimerande dag med forskjellige grupper på FB

Oppdatert 14.11.2014:
På Boka vert det delt og likt mykje rart. Det verkar ofte som folk ofte kun les overskriftene, og da er det ikkje så rart at ein liker og deler ting som ved nærare påsyn viser seg å være... skal vi sei....litt ymse.....

Eg har t.d. opplevd å få opp på veggen min tips om sider eg kan like, slik som vaksineaksjon.no.
(Nei, eg lenker ikkje til direkte samfunnskadelege sider)
Vaksineaksjon.no vart opprinneleg oppretta som ein slags protest mot svineinfluensavaksina i 2009. Vi hugsar vel den? Massevaksinering i gymsalen osv?
Vaksineaksjon.no påberopte seg å inneha opplysningar om at denne vaksinen kunne være farleg å medføre skumle biverknader. Og i ettertid har det blitt utbetalt erstatningar som følge av moglege biverknader. Det som antivaksinefolket jo ikkje nemner er at det døydde over 30 personar her i landet som følge av svineinfluensaen, og alle dei var uvaksinerte.
Men FB-sida til vaksineaksjon.no har i løpet av åra etterpå utvikla seg til det reine galehus, der alle meiningsmotstandarar og kritiske røyster vert utestengt og blokkert. Dei mest rabiate kvir seg ikkje for å slenge ut rein løgn og dei mest hysteriske påstandar om alle slags vaksiner:

Det at polio er nesten utrydda grunna omfattande vaksiner er feil. Vaksinen hadde derimot ingen effekt, tvert om vart det fleire poliotilfeller etter vaksinering.

Ebolaepedimien i Afrika er planta av jødisk styrte (såklart) legemiddelfirma.

Vaksinerte barn i Norge har større dødlegheit enn uvaksinerte.

Vaksiner inneheld nanorobotar som "dei" vil sette inn i oss for kontrollere oss.

Bill Gates donerer store summar til vaksinasjonarbeid i U-land i den hensikt å redusere befolkningsauka i verda.


And so on.
Den eine meir absurde påstanden avløyser den andre.

Ein ting er å være kritisk til svineinfluensavaksinen. Noko heilt anna er å tru at vårt heimlege barnevaksinasjonsprogram er eit ledd i ein jødisk (såklart) plan for å redusere befolkninga i landet.

Og kjeldene? Stort sett amerikanske heilville konspirasjonssider, gjerne med eit strekt antisemittisk preg. Berre ikkje prøv å bemerk det, da er du brunskvettar umiddelbart og vert garantert blokkert. Eller masserapportert.


Andre galehus finn vi blant religiøse ekstremistar, det være seg islamske, farlege menn som synes det er rett å skjære hovudet av "vantru", eller såkalla "israelsvenner", som synes det er sjølvforsvar å bombe skular og barnehagar i Gaza.
Dei religiøse skal få være i fred i denne omgang, så eg skal heller hoppe over på dei som viser seg litt oftare på veggen min, dei høgreekstreme. Kan ikkje fatte kva dei har der å gjere, dei er ikkje velkomne.

Ein over to år gamal post har dukka opp i det siste. Den omhandlar 22.juli og historien om at daværande AUF-leiar måtte rømme fra Utøya i hoi og hast. Denne handlinga har visstnok falt nokre tungt for brystet, og Pedersen vart anmeldt for å ha forlatt folk hjelpelause.
Ein ting er å være kritisk til AP og AUF, noko heilt anna er å anmelde ein ungdomsleiar for svik. Pedersen var eitt av hovudmåla på Utøya, saman med Gro Harlem Brundtland. Det skulle berre mangle at han ikkje kom seg i land fortast mogleg. Kven kunne vel der og da forutsjå at ein barnemordar skulle ta livet av fleire titalls menneske?

Så må ein sjå på kven som kom med denne anmeldinga. Var det ein oppegåande person eller organisasjon?
Nei, det var fra Vigrid. Nynazistorganisasjonen som meiner at holocaust ikkje fant stad.

Altså.... hvis vi liker ting fra Vigrid....da bør ein kanskje ta ein liten pause?
Problemet var sjølvsagt at ein måtte lese meir enn overskrifta.

I ei lenke som vart delt nå håpa mange på at Pedersen måtte få ei streng straff som ei følge av sviket og den påfølgande anmeldinga.
Vel.
Anmeldinga vart henlagt nesten med det samme, og artikkelen som vart delt var som sagt over to år gamal.

Ein smarting meinte at det var det samme om det var nazistar eller kommunistar som stod bak anmeldinga.
Øh. Nei. Vi snakkar ekstremistar her. Løgn og propaganda er ein del av kvardagen deira. Eit forkvakla syn på andre sine meiningar.
Gangsyn, anyone??


Til slutt i dag: Helsetips. Fra noko som kallar seg   kilden.info.  Dei har både ein blogg, samt ei heilvill FB-side.
På utsida ser det kanskje ut som nok ein tilforlatleg lett alternativ blogg.
Det er det ikkje.  Kilden.info fremjer mykje av det samme syn på vaksiner som vaksineaksjon.no
Det å søke helseråd fra totalt ukvalifiserte folk er neppe lurt i nokon samanheng, og spesielt når det gjeld ein av våre største oppdagelsar, vaksinar.

I vår del av verda har vi det så godt at vi ikkje veit korleis ein poliopasient ser ut. Vi hugsar ikkje at koppar tok livet av millionar fram til sjukdommen vart erklært utrydda på 1970-talet etter eit massivt vaksineprogram.
Vi gløymer at det i fattige deler av verda døyr hundretusenvis av menneske, kvart år, av den "harmlause" sjukdommen meslingar. I vår vestlege arrogante verd fins det smitteringar der ein med vilje påfører barn meslingar "for å styrke immunforsvaret" deira.
Det kan dei gjere i trygg forvisning om at moderne helsestell kan lett ta seg av denne svært smittsomme sjukdommen. I u-land døyr det altså tusenvis kvart år, av meslingar!!
Nemnte eg at dei fleste av desse er barn??

Kilden.info. tek heller ikkje fem øre for å blokkere meiningsmotstandarar over ein låg sko, men hyler sjølv om "ytringsfridom" så snart det hevar seg ei kritisk røyst i mot dei sjølve.

Hyklersk. Men kva anna kan ein forvente fra dei mørkare sider av det som yndar å kalle seg "alternativbransjen"?

*******************************************************************


Oppdatert 12.11.2013:
Da har NRK tatt tak i saka om dei dårleg skjulte truslane og sjikaneringa av Fylkesmannen.
Det er på tide, og hvis dei vil grave litt meir, så kanskje dei kan konfrontere trolla også?

For dette er nettroll. Slike som er tøffe på nett, og med tydlege innslag av tastatourettes.
når ein konfronterer slike face to face, så har dei ein tendens til å trekke seg unna. Det har vi sett gang på gang.

***************************************


Eg veit ikkje heilt kor eg skal byrje.
Eigentleg burde eg deaktivert heile FB-kontoen min, for så mykje møl som det har vore den siste veka, ja det skal ein leite lenge etter.

Eit tilfeldig samantreff mellom dei tragiske drapa i Årdal (konspitullingane har forlengst konstatert at det var Mossad og CIA som stod bak), samt ein veldig oppheta korsdebatt grunna regelverket til NRK har ført til eit oppgulp av ei anna verd.

Diverse satiresider har avslørt noko vesentleg: Kjeldekritikk. I nettets tidsalder kan ALT spreiast over heile kloden på eit augeblikk, og mykje vert slukt rått.
Det er som ein vis mann, nærare bestemt Abraham Lincoln, ein gang sa: "Internett er ei god kjelde til informasjon, spesielt YouTube." [citation needed]


Nokre hugsar kanskje flaggdebatten fra i vår? Den om skulen i Ålesund der norske flagg skulle forbys.
Det var sjølvsagt tull fra A til Å, men dette vart delt ukritisk av (altfor) mange.
Dei siste dagane har det dukka opp har det dukka opp ei ny historie fra same kjelde, nemleg denne.
Eigentleg har eg ikkje lyst å lenke til openbare rasistnettstader, men hensikta også vidare....

Har de eigentleg sjekka komentarfeltet på fyret.nu?
Kva med denne klassikaren, som ein reaksjon på trippeldrapet?


*******************************************

Ønsker denne dritten alt vondt! Håper noen har vett til å gjøre mot ham som det han gjorde mot den unge jenta på 19 år!! Brenn i helvete din jævla faens ubrukelige dritt!!!!!! Du dreper våre barn og jeg ønsker deg til helvete!!!!!!!!
*********************************************************************

Eller denne godbiten:

********************************************
Jeg sier ikke at det ikke var synd at det ikke var fylkesmannen som var om bord på bussen da negeren gikk amok med kniv… Selv om han indirekte la opp til at tre mennesker ble drept.
***********************************************************************

Ein dårleg skjult trussel:

*********************************************
Jo det var synd at IKKE fylkesmannen IKKE var ombord i bussen så kunne vi blitt kvitt denna LANDSFORÆDEREN en gang for alle.
*************************************************************************

Ellers må eg dra fram denne tråden, der det vert lagt ut foto, navn og tlf.nr. til bl.a. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som om vedkommande liksom skulle ha noko av ansvaret etter trippeldrapa å gjere. Svært graverande, og det seier ein del om nettsida at slikt får ligge ute, i dagevis.


Det er altså ikkje med måte. Og dette er berre nokre utsagn av maaaaaange. Og med navn, som rett nok kan være fake, men likevel.

Nokon meiner at heile asylmottaket i Årdal burde brennast ned, kanskje med asylsøkarane inni?
*********************************************

Ta saken i egne hender og brenn drite ned. Det er absolutt på tide å sette asylmottak i brann da dette bare vil forsette så lenge vi er under et korrupt herredømme.
************************************************************************

Dei har kanskje ikkje fått med seg at det er eit desentralisert tiltak, så dei måtte i såfall satt fyr på ei rekkje hus i kommunen....


Og så har vi dei som hevdar at muslimane kjem og tek landet vårt.
**********************************************
Dette asylmottaket + alle de andre i dette landet bør fjernes med øyeblikkelig virkning.
Det er som en rugemaskin som ruger fram muslimske drapsmenn og voldtektsmenn,
Nei til Islam!!
**********************************************
Det er nok ikkje slik at Norge vert oversvømma av muslimar som bombar oss. Hvis vi ser på religion og livssynstatistikken fra 2005 til 2012 så er det nemleg katolikkane som aukar mest. I 2005 var det knappe 77 000 muslimar og 215 000 "andre kristne", som da i all overvekt er katolikkar fra Aust-Europa. De veit, dei som gjerne bygger husa våre.
I 2012 hadde muslimane auka til 112 000, medan "andre kristne" no nærma seg 290 000.
Muslimane hadde altså auka med 35 000 og "andre kristne" med 75 000.

Hmmm. Rart vi ikkje høyrer noko om at katolikkane kjem og tek landet vårt....
112 000 muslimar er forøvrig ca. 2,3 % av landets befolkning. Og dei 2,3 usle prosenta er liksom ein trussel mot riket, flagget, korset, demokratiet og gudveitkva.

SSB sine tall kan vi finne her.


Men litt tilbake til denne busshistoria fra Rogaland..... Saka fekk også ein smule omtale i Stavanger Aftenblad.
Som ein da ser er det to sider av samme sak. Så kan ein velge kven som er mest truverdig. Avisa eller Fyret.nu.
Ja forresten: Denne episoden er fra februar 2013. Kvifor vert denne dratt fram att nå??

Ein kan skrive side opp og side ned om fyret, men først kan det jo være greit å sjå kven som står bak denne nettsida. Her er ein artikkel fra Dagsavisen som kastar eit blikk på folka bak. Det er rett nok fra i fjor sommar, men med bakgrunn fra Vigrid, så bør det ringe nokre bjeller.
Vigrid er ein nynazistorganisasjon som køyrer full pakke, med holocaustfornekting og heile greia.
Her er jo litt meir bakgrunnsstoff av nyare dato.

Så eg må spørre: Ynskjer vi å lenke til høgst tvilsomme nettsider med nynazistar og holocaustfornektarar i bakgrunnen? Ynskjer vi verkeleg det?


Fyret.nu har hatt mykje fokus på trippeldrapet i Årdal, som alle andre media. Det skulle berre mangle, det er kanskje den verste hendinga sidan 22.juli.
Som ein reaksjon på drapa vart det oppretta ei slags minneside om jenta fra Årdal, og den vart spredd på FB i full fart. Det var eit godt tiltak, og mange ville uttrykke si støtte til familien.
Nå var det ikkje familien sjølv som stod bak sida, men iflg. Sogn Avis ein utan tilknytning til familien.
Det som var ei minneside er etterkvart utvikla til å bli eit oppkok av grove rasistmeldingar. Heilt utan hemningar legg folk ut alle moglege utsagn, med fullt navn.
Det er ikkje til å tru.
Gang på gang kjem det fram påstandar om at "muslimane kjem og drep damene våre".
Vel, sålangt tyder alt på at gjerningsmannen er fra Sør Sudan, verdas yngste land. Befolkninga der er i all hovedsak....kristne. Islam er ein mindretalreligion, der dei siste offisielle tal viser at langt under 10% av befolkninga er muslimar.


Litt bort fra tragedien i Årdal, skal komme tilbake til denne litt seinare, med nettets mest usmaklege så langt om den saka, har vi hatt ein debatt om kors.
Det var NRK-profilen på sørlandet som hadde fått beskjed om at ho ikkje skulle vise fram gullkorset sitt på TV. Det var jo ein mildt sagt tullete beskjed å få, men NRK er visstnok strikse på at deira medarbeidarar skal framstå nøytrale på alle vis. Derfor ser vi vel heller ikkje hijab og regnbogefarga slips på nyhendeopplesarane i Dagsrevyen.

Så vi får ei ny gruppe på FB. Ei som vil at vi kan gå med kors når vi vil.
Denne gruppa har fullstendig gått av skaftet. Det som i utgangspunktet var ein slags protest mot at ein NRK-medarbeidar måtte føye seg etter arbeidsreglementet, har blåst opp til (enda eit) oppgulp med grove rasistiske utsagn.
Det skulle visstnok være ein einaste klage/merknad på korset, og da startar sjølvsagt jakta på kven som har reagert...
Muslimar? Jødar? Ateistar?
Kristin Mile, leiar i Human Etisk Forbund, gjekk tidleg ut og sa at HEF ikkje hadde problem med at NRK-ansatte hadde kors under sending. Ho meinte endatil at det var eit rigid arbeidsreglement fra NRK si side.
Ein skulle tru dette var rimeleg avklarande. Det var det ikkje.

Det var å helle bensin på bålet.

Det var da vel ikkje HEF som skulle bestemme kven, når og kor ein skulle gå med kors? Hundrevis, for ikkje å snakke om tusenvis av innlegg om at vi går med kors når vi vil, kor vi vil, og ingen skal hindre meg i å gå med kors.

Nei, det er det vel heller ingen som har gjort. Gå med kors til dommedag for min del.
Berre ikkje klag når de ser ei jente med hijab.


Sida om korset er no stengt for nye innlegg, da det vart eit kok av stygge ytringar.

Ein annan diskusjon som vart avleidd av korshistoria var om flagget vårt. Sidan vi no skulle nekte folk å gå med kors, så skulle vel korset i flagget fjernast også?
Dette var også ei historie som dukka opp i mai, med ei viss bakgrunn i fyret.nu
No er denne dukka opp att, verre enn noko gong.

For det første bør ein sette seg ein smule inn i flagghistoria. Det norske flagget følgjer skandinavisk tradisjon, og skulle vise tilknytinga til sine naboland. Det svenske og danske flagget er begge eldre, og som kjent har vi vore i langvarige unionar med begge land. Flagget, som vart utforma på byrjinga av 1820-talet, har som vi alle veit det særprega skandinaviske korset. Fargane har ikkje noko med religion å gjere, men er tvertimot inspirert av bl.a. den franske og amerikanske revolusjonen. "Frihet, likhet, brorskap". Både USA og Frankrike var sterkt sekulære nasjonar, og er det enda meir i dag, om enn av totalt forskjellig årsak. Men det er ei annan historie.
Også her har muslimar og ateistar fått skulda for at korset skal bort. Det er ein mildt sagt grov påstand, som HEF har tatt skarp avstand fra. Som mangeårig medlem i HEF må eg sei eg steilar ein smule over å bli tillagt eit slikt vanvidd.


Det fins ateistar og kristner. Muslimar og jødar, og stort sett klarer vi godt å tåle trynet på kvarandre. Det skulle berre mangle. Det fins også dei som er litt meir villige til å strekke seg i den eine eller andre retning, t.d. kan ein erklære seg for å være ein "sann Israelsvenn" og "god kristen". I utgangspunktet er det ikkje noko gale i det, men det kan gje seg bisarre utslag.
For vi kjem atter ein gang inn på ordet "kjeldekritikk".
Eg har sett at folk lenkar til eit av landets verste og mest avsindige konspirasjonsnettstader, Nyhetsspeilet.no, for å bygge under sine påstandar om støtte til både eit og hitt.
Det er mildt sagt ironisk at "israelsvener" kan lenke til ein slik openbar jødefientleg nettstad. Her florerer det med dårleg skjult jødehat, og ikkje minst denne groteske "artikkelen" fra nokre år tilbake. Som eit reint unntak lenkar eg dit, slik at ein kan få sjå vanviddet. Med tanke på at "Israelsvenner" og "gode kristne" lenkar til denne nettstaden så må atter ein gang spørre seg:

Ynskjer vi å lenke til høgst tvilsomme nettsider med nynazistar og holocaustfornektarar i bakgrunnen? Ynskjer vi verkeleg det?



Lenger oppe i denne posten skreiv eg litt om konspirasjonsteoriar etter trippeldrapa i Årdal.
Altså: Folk er gale.  Rablande gale.
På samme nettstad, i eit kommentarfelt til ein annan "artikkel", (eg nektar å lenke til rein idioti) kjem det fram påstandar om "mind-controll", dette er ein fiks ide om at "nokon" styrer gjerningsmannen til grufulle handlingar.

*********************************************
Var dette en falsk flagg terrorhandling. Mystisk svart BMW er observert kjørende bak bussen. Tipper at gjærningsmannen ble beamet og at han fikk voice to scull som fortalte til ham at han måtte drepe. Det ble sannsynligvis gjort også tiden før han gikk inn i bussen i Årdal.
*************************************************************************

Falsk flagg terrorhandling..... Det betyr at EEEEEigentleg var det nokon som utførte denne grufulle handlinga på vegne av styresmaktene. Tidlegare var det gjerne Arbeidarpartiet som fekk skulda for sånt, slik som 22/7, som det EEEEEEigentleg var AP som stod bak. Men no er det jo Erna som styrer. Så: Kven skal vi beskulde da?
Jo, det blir dei same gamle: Jødane. Mossad og CIA.
*********************************************

Egentlig lukter det lang vei en CIA/MOSSAD operasjon fra disse kaldblodige drapene. Vedkommende gjerningsmann HAR oppholdt seg i ISRAEL og ellers i Midtøsten.Han er chippet helt sikkert hvis han er en hemmelig leiemorder agent. Mindcontrollert djævel. Skal Erna slippe nå slike inn i Norge er jeg veldig skuffet !
************************************************************************


Gudbedre for eit vanvidd.

Hvis vi så sper på med litt god gamaldags rasisme og da:
**********************************************

Hjernene til afrikanske og latinamerikanske menn er veldig følsomme for beaming med mikrobølger. De reagerer umiddelbart og har ingen motstand mot falske tanker. De kan ha intellektuell forståelse for at tankene deres blir manipulert utenfra noe som gjør dem rasende, men bare noen få klarer å motstå beskjedene de får direkte inn i hjernen. Dette har noe med psyken til disse gruppene av menn å gjøre.
**************************************************************************



Ein bør kanskje tenke seg ein smule om før ein ukritisk "liker" sider på FB og lenker til dårleg skjulte rasist/nynazistsider. Eg vil tru at det er svært få som trives i dette grumset på nett.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar