tirsdag 8. oktober 2013

Ein tur på terrengsykkelen.


I dag var det regn.
Og blad som fell fra trea.

Dvs. ein perfekt dag for å teste ut terrengsykkelen.

Den gamle Cannondalen vert lite nytta til trening, men på haustdagar slik som i dag er det ein godt alternativ til landevegssykling, for ikkje å snakke om å sitte inne i spinningsalen.
Det er 10 varme ute enda, og eg hadde ikkje behov for anna enn ei tynn ulltrøye under den gule sykkeljakka. Det skulle vise seg å bli meir enn varmt nok.

Opp Engadalsvegen er det nylagd asfalt og nytt fortau denne hausten. Usle 10 månader tok det, så var vegen ferdig.
Nylagd asfalt betyr lett trilling, til tross for knastedekk og greier. Eg følte meg som Big Mig (Klengenavn på Miguel Indurain, spansk storsyklist fra første halvdel av 90-talet), der eg susa oppover langs rekkehusa i kollosal fart. Opp til gamlekyrkja, og nedatt, før eg tok snuen opp til nyekyrkja også. Masse kyrkjer her i bygda, og i kommunen generelt.
Fra nyekyrkja tok eg gangvegen ned til barnehagen, og sviiisj! så bar det framover Grindane. Forbi Hagasanden, skytebana, tverrslaget, dynamittlageret, nesten ei grein i trynet, og så: Den bratte bakken. Kanskje ikkje så lang, maks eit par hundre meter, men veldig bratt, sikkert oppmot 20%. På asfalt hadde det gått greit, men på regnvåt grus og sleipe blader måtte eg faktisk stå av 20 meter fra toppen. Nå var eg ingen Big Mig lenger, meir ein Big Mac, dvs. ein ekkel, feit sak. (Men Big Mac er velsmakande, så eg får trøste meg med det).

Ned att mot Rydøla er det først veldig bratt, og så går det greit oppover mot brua. Der stoppa eg og skulle ta bilde av fossefallet, men i regnværet hadde det danna seg lågt skydekke, slik at eg såg ikkje toppen av fossen. Hovedelva var imidlertid veldig stor.

Eg gadd ikkje sykle lenger oppover, for vegen på andre sida av brua såg enda meir attgrodd ut.
Får heller prøve i helga kanskje? Nokon som vil bli med?

Turen nedover gjekk greit. Den lange bratte bakken er lettare fra denne sida, da det er i to etappar, men også her er det nokre svinbratte parti.
Nedatt må ein nå være obs, da det kan være veldig glatt. Det å sykle med vanlege kombidekk her nå, er ikkje å anbefale. Knastedekk er det einaste som dug.

Ved dynamittlageret traff eg ein av dei lokale hundeluftarane, for dette er eit flott terreng å lufte sine firbeinte i. Det var vel ein jakthund hvis eg ikkje såg heilt feil. Men du veit, meg og hundar...

Tok turen over brua ved skytebane, og nedatt mot "sentrum" var eg oppom Røneidsvegen, der det no er komme opp gatelys. Samanhengande heilt fra sandtaket og inn til "sentrum". Nei, du verden.
Det neste som trengs her no må være eit rekkverk, for det er bratt og høgt ned i fylkesvegen nedanfor. Sidan eg sykla i slik kollosal fart, så hadde eg ikkje tid til å stoppe for å ta bilder, skal heller prøve ein annan dag.

Eg likar å trille på desse mindre sidevegane, og har vurdert om det kunne vore mogleg å arrangert sykkel-NM i bygda. Det trur eg nesten det kan, iallfall løypemessig, men det er tross alt ein del andre ting som skal på plass først.

Nede ved Hesjabakken tok eg gangstien ned til fylkesvegen att, før det bar over gamlebrua og ned på gangvegsystemet i "sentrum". Inne på treningssenteret var det spinningtime, men faktisk er det bedre å sykle ute enda. Det verste steget er å komme seg utafor døra, for når ein først er komen ut, så er det berre moro.
Ein blir blaut, og gjørmete, og det er......sjarmerande på sitt vis...

Eg trilla forbi Badet, der var det masse bilar, som vanleg, og eg fant ut at ein tur dit etter syklinga var ein god ide. Ut forbi campingplassen, og så heim.
Heile turen var ikkje meir enn litt over ein time, og det var neppe meir enn to mil, men det gjorde ingenting. Det viktigaste var at ein nå er så smått i gang med oppladinga til sesong 2014. Det å starte opp nå, og halde det gåande ute nokre veker til før spinningsalen ropar, er berre bra.
Ein bygger litt grunnlag, istaden for å utsette treningsstart til mars/april. Da kjem ein bakpå.

Hadde ein berre fått av seg nokre kilo også....

Det regna godt i ettermiddag, men det må ein berre tåle. Det har, som nevnt, sin eigen sjarm å sykle i møkkavær, sjølv om eg kjenner nokre som meiner at sykling kun skal skje i sol...

Hovedelva rann stor og stri nederst i dalføret....



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar