torsdag 24. oktober 2013

Ein tur på Bedehuset.

Når ein er med i diverse lag og foreiningar, så må ein stille opp på ulike arrangement.

Og nå på søndag som var, var det min tur. Bygdelaget skulle overrekkje ei lita påskjønning til Luster Familiemøte som har gjort mykje godt dugnadsarbeid i Bedehuset siste halvåret.
Bedehuset er ikkje ein stad eg besøker til dagen for å sei det slik, sjølv om eg alltid var med bestemor på tredjedags basaren der midt på 70-talet.
Som praktiserande ateist var det ikkje fritt for at eg følte meg som eit lam i løvens hule, iallfall før eg kom inn dørane.

Denne søndagen var det besøk fra Evangeliesenteret. Det er nokre karar som syng og spelar om Jesus, og som angivleg er frelst. Deira bakgrunn er gjerne som narkoman eller alkoholikar, sjølv om eg kunne tenkt meg å få sjå noko meir handfast på det.

Da eg kom inn døra vart eg ynskt velkomen av ildsjelene bak dugnadsprosjektet. Sidan det er i samme bygda, så kjende eg jo mange av dei frammøtte. Kun blide og hyggelege menneske å sjå.
Det var nærast ein skrikande kontrast til sist gang eg var der, som 12 åring eller noko slikt. Da var det ganske så dystert, med tungetale og greier. Ei traumatisk oppleving.

Bedehuset har verkeleg fått ei fin oppgradering. Her må det ha vore mengder med dugnadstimar, og lokalitetane er jo vortne rett fine. Lyse, fine veggar og ikkje minst; Bedre varme. Inngangspartiet er utvida ein smule og toaletta er no nyoppussa. I gamle dagar stod det ein utedass bakom her. Skrekk og gru.
Det er heilt klart at folka bak oppussinga har gjort ein formidabel jobb, og det skal dei ha all ære av.


Salen vart fylt opp, så eg vil anslå besøket til nærare 100 stk. Det er hyggeleg for arrangøren at dei kan samle såpass med folk, men på den andre sida, så har dei heile kommunen å ta av.
Eg fekk komme opp på podiet og overrekke ei blomehelsing, og sei nokre meir, eller helst mindre, velvalgte ord. Eg var meir nervøs for å stå der i 30 sek. enn å prate pensjon på eit personalmøte i to timar.
Applaus fekk eg også, det var snilt gjort, for eg sa neppe så mykje fornuftig.
Eg tenkte at det ville være uhøfleg å strene rett ut att dørane, og sidan eg har ei viss interesse av livssyn og religion, så vart eg værande der ein time.
Satte meg langt baki salen, der eg vart tatt godt imot av nokre sambygdingar. Dei takka for gåva, og så får eg tru at dei ikkje fekk forhåpningar om at eg ville bli fast gjest der.
Etter ei kort innleiing av møteleiar var det så tid for Evangeliesenteret. Dei skulle synge og framføre såkalla vitnesbyrd i ein knapp time, før det vart kaffi og kaker.
Ja, forresten: Der har mange lag og organisasjonar mykje å lære. Det var jo eit aldeles overveldande kakebord, mektig imponert!

Tilbake til Evangeliesenteret: Dei hadde no vore i distriktet i ei veke var det vel. Og dei er innlosjerte privat. Dei har farta omkring i Sognebygdene og forkynt Det Glade Bodskap, og eg forstod det slik at dette var den siste dagen deira her i Sogn. Åtte mann var dei, og dei kunne synge høgst brukbart.
Først fekk dei aller minste på møtet være med fram på podiet og synge nokre strofer. Personleg så kan eg styre mi begeistring for at barn blir opplært til å tru på det eine eller det andre, men det får være foreldra sitt valg.
Så var det meir sang fra dei åtte karane, og innimellom vart det altså vitnesbyrd. Eg har jo knapt peiling på kva eit vitnesbyrd er, men eg forstod det slik at det er ei slags personleg forteljing, i plenum, om korleis vedkommande, etter eige utsagn, vart frelst.
Slike vitnesbyrd gjekk på rundgang blant dei åtte. Dei opplyste at dei hadde vore narkomane og alkoholikarar, mista arbeid, hus og familie, men så funne meininga i livet i Jesus.
Det er sjølvsagt veldig bra dersom dette er tilfelle, for det meste er eigentleg bedre enn å være alkis og narkis.

Ein av dei åtte fortalde at han hadde vore på Evangeliesenteret ei tid, og der hadde han sett store ting skje. Bl.a. hadde folk blitt lindra for alvorlege sjukdommar som kreft. OK, var eg den einaste i salen som reagerte på akkurat det?
Der og da såg det slik ut, men eg vil tru at det nok var andre som stussa over akkurat den påstanden der, og den kunne vi godt vorte sparde for.
Ei pengeinnsamling var det også. Eg hadde ikkje ei krone på meg, men hadde vel neppe gitt om eg hadde hatt heller. Gir aldri til religiøse organisasjonar, om det så er jødar, muslimar, buddistar eller gud forby: Scientologar.


Konklusjon: Det heile var ei nærast surrealistisk oppleving. Ei lovprising av Herren og Jesus med allsang og vitnesbyrd, noko som er lysår fra mitt personlege livssyn.
Men arrangøren skal ha ros for at dei har pusta liv i det gamle huset og det framstår no som eit teneleg hus for bygda, i sterk kontrast til rønna 100 meter lenger framme i Øyagata. Kanskje kan navnet "bedehus" og det enorme veggmaleriet skremme lag/organisasjonar ein smule, men det er det eigentleg inga grunn til. Kristenfolket slik det framstod denne søndagen er blide, hyggelege menneske som vil sine sambygdingar berre vel.
Dog må eg få sei at eg sat att med kjensla av at sjølv om vi var i samme rom, så var vi ikkje i samme univers. Earth calling.

Etter ein time i Gaupne Bedehus var eg forsynt, og tok deretter turen på Treningssenteret for å teste ut den nyaste spinningtimen eg skal ha. Eg føler meg meir heime der likevel.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar