tirsdag 17. september 2013

Stirydding

I fjor vår rydda vi den gamle "Vintervegen" fra Tandla og opp mot "Evigheitsvingen".
Sidan den gang har det vore linjerydding og litt vindfall, samt at småkratt dessverre ikkje stoppar å vokse.

Så i kveld har eg flytta startpunktet ein smule nedover, og tatt ein runde med ryddesaksa.
Nå skal det være greit å gå, både opp og ned, utan å henge seg opp i all slags busker og kratt.

Oppe i svingen er det også greit å finne fram nå.

Så oppfordringa er: Bruk stiane som vi har rydda.

Til våren skal vi ha klar ein ny liten bit fra Engadalsvegen og opp i Sandvikberget. Denne stien er forsåvidt klar, og har fått sin eigen stifadder. Vi skal merke med maling, og så er det berre å ta turen.


Eg har eit par bilder fra i kveld, og forøvrig må vi rette ein stor takk til grunneigaren, som let oss få bruke eigedomen hans på denne måten. Utan velvillige grunneigarar, så hadde dette aldri gått!


Her ser vi det nye startpunktet. Skiltet er flytta til den andre sida av vegen, samt ca. 30 meter nedover.
Dette tiltaket sparde meg for masse arbeid etter linjeryddinga.

Det er berre å gå opp denne skogsvegen. Vi satsar på å merke med maling så snart det vert tørt i været.

Dette er oppe i svingen, og her er det no vesentleg lettare å ta seg nedover.

Det kjem kanskje ikkje så godt fram på bildet, men her er det rydda bort busker og kratt slik at det er greit å gå.

Merkinga fra i fjor lyser godt opp, og det skal ikkje være vanskeleg å finne fram.

Fin utsikt.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar