lørdag 14. september 2013

Angliru

Ser du på Tour de France om sommaren?
Såklart. Alle gjer det.

Touren er sykkelsportens flaggskip, midt i ferietida og greier.

Men touren er berre ein av dei tre Grand Tours, og akkurat nå pågår årets antaglegvis tøffaste etapperitt, nemleg Vuelta Espana.
Giroen i år var nemleg av det meir humane slaget, etter dei siste års hårreisande traseear. Faktisk er nok Touren den "lettaste" av dei tre Grand Tours, men prestisjen er såklart langt større.

Det er berre to etappar att av Vueltaen for i år, og mange ryttarar har alt stått av. Mange brukar nemleg dette som den perfekte oppladninga til VM, som i år har ein steintøff trase i Italia.
Dei siste tre vekene har ryttarane klatra hinsides mange høgdemeter i Spania, og det må være bra trening for dei som satsar på å få køyre i regnbogetrøya neste år.

I sommar såg vi sikkert Alpe d`Huez på TV, med ein million drita fulle tilskodarar på dette fjellet.
Og bevares, Alpe d`Huez er ein tøff stigning, faktisk er det mykje likt med å sykle opp i Vanndalen.
Alpe d`Huez er 13,8 km. lang, og stig 1070 meter, noko som gir ein snittprosent på 8,1.

Angliru er litt kortare, 12,5 km. og stig 1266 meter, det blir ein snittprosent på 10,13. Det høyres kanskje ikkje så ille ut, men det er verdt å nevne at dei første fem kilometrane berre har ein ca. stigningsprosent på sju, før det faktisk flatar ut og går nedover eit stykke. Ergo: Dei siste seks kilometrane er styggbratte.
Snittprosenten ligg på 13,1 og i det verste partiet bikkar det 23%.

Angliru vart først brukt i 1999, i "The age of EPO", og Jose Maria Jimenez fekk æra av å krysse målstreken først. Jimenez var ein fantastisk klatrar til tider, men kunne også kollapse som ingen andre. Derfor var han aldri noko fare samanlagt når han deltok i trevekersritta på slutten av 90-talet.
Han fekk noko seinare alvorlege depresjonar, og døydde, overvektig og ikkje attkjennande, på ein psykiatrisk klinikk i Madrid fire år seinare, samme vinter som Marco Pantani endte sine dagar. Dei to beste klatrarane på slutten av 90-talet døydde altså med berre nokre månaders mellomrom.

I den første utgåva var det eit skikkeleg grisevær, og datidas syklar hadde ikkje utveksling slik som nå. Det var mange av syklistane som måtte gå opp, og bilane som måtte stoppe hadde problem med å komme i gang att fordi det var så bratt og glatt.
Angliru har seinare vorte nytta fem ganger, og det er sjølvsagt kun dyktige klatrarar som har vunne. Den siste var, merkleg nok, Juan Jose Cobo i 2011 som vant det året. Sidan den gang har han ikkje klart noko som helst på to hjul. Sjølv om Cobo rett nok var ein god klatrar, så var det likevel ein smule overraskande at han gjekk heilt til topps.

Men kor bratt er 23,6% stigning som det er på det verste?
Stalheimskleiva er Norges brattaste asfalterte veg, såvidt meg bekjent. Der er det svinbratt, men likevel ikkje "verre" enn 18%.
Under Voss-Geilo for nokre veker sidan var vi nok oppi parti på 15-16% på det verste, og det var bratt nok for min del. Men det var likevel berre 100 meter. Det er heilt noko anna når det er 15-20% i eit par kilometer.


Arrangøren av Vuelta Espana lukkast med å finne den tøffaste stigning i Europa for sine syklistar. I allfall var det slik heilt til RCS, Giro-arrangøren, kom med Zoncolanstigninga i 2003....
Zoncolan skal forøvrig være den nestsiste stigninga i neste års Giro.
Zoncolan og Angliru framstår i dag som sykkelsportens verste stigningar, dei er faktisk så bratte at det nesten vert for mykje av det gode.


Ta ellers gjerne ein kikk på cyclingnews.com sitt galleri fra tidlegare utgåver.

Og rådet må være: Skal du sjå eit einaste sykkelritt dette året, slå på TV`en i morgon ettermiddag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar