Den går fra Engadalsvegen, ca. 50 m. ovanfor Storpreikaren, og opp i Sandvikberget, ca. 100 meter nedanfor Lø.
Velvillige grunneigarar har stilt eigedomane til disposisjon, og det set vi pris på.
I gamle dagar gjekk det eit trakk her ein stad, men vi har ikkje funne dette, iallfall ikkje heile vegen. Kanskje er det mogleg å sjå restar etter eit gamalt spor oppe i granskogen, i det minste hvis vi legg godvilja til...
Den nye stien vart rydda for busker og kratt i sommar, og da satte vi opp enkle merkeband.
No er det merka med lysblå maling, og forhåpentlegvis skal det greit å finne vegen både opp og ned.
Fra vegen og opp stig det ca. 95 høgdemeter. Grunna litt fram og tilbake er det i underkant av ein km. å gå. I luftlinje er det nok ikkje meir enn eit par hundre meter.
Stifadder har vi også fått, og stien kjem også inn på det nye kartet som forhåpentlegvis vert delt ut til innbyggarane i kommunen.
Det vi har att no er å få opp skilt oppe i Sandvikberget og nede i Engadalsvegen.
Det er ikkje spesielt vanskeleg å gå her. Barn fra 7-årsalderen vil antaglegvis meistre dette greit, og sålenge ein held seg langs merka sti, så vil ein heller ikkje komme nærme farlege parti.
Hvis ein absolutt MÅ utpå kanten, så må ein aktivt oppsøke dette.
Det er kanskje nokon som lurer på kvifor vi har rydda ENDA ein sti oppi her?
Det er fleire årsaker. For det første har det vore ein sti her i gamle dagar. Rett nok har denne antaglegvis gått ein annan stad, men vi får iallfall ein forbindelse mellom Engadalsvegen og Sandvikberget.
Det vil gjere det tryggare å gå opp på Lø om våren, før all isen er komen ned fra fjellet, dvs. rasfare...
Og sist men ikkje minst: Det er greit å ha eit alternativ. Dette er ein stad svært få har gått, og det er da moro å komme på nye plassar??
Eg la også inn eit nytt merke i høve "Vintervegen" fra Tandla og opp i "Evigheitsvingen". Her er det nesten som ein veg opp til det gamle vassverket, og det er jo ikkje dit vi skal....Det nye lyseblå merket skal være lett å sjå.
Bilder.
Det er kanskje nokre som lurer på kvifor det er blått og ikkje raudt som vert nytta? Da kan du spørre ein fargeblind.....
Merkebanda fra i sommar skal vi fjerne med tid og stunder.....
Det skulle gå greit å finne fram her...
Her er vi komne opp i Sandvikberget. Den lokalkjende vil såleis ikkje ha problem med å kjenne seg att.
Vi håpar å få opp eit lite skilt her.
Om sommar og haust er det sjølvsagt ein del skog som stenger litt for utsikta, men i april vil nok dette være ein fin tur.
Fotballkampar var det i kveld og...
Her er eg komen nedatt i vegen. Det skulle ikkje by på problem for eit normalt friskt menneske å ta seg opp her.
Her ser ein kanskje noko tydlegare kor stien startar. Det er Storpreikaren vi ser i bakgrunnen.
Og her er vi nede ved Tandla. Vegen til det gamle vassverket går opp til venstre i biletkanten, men dit skal ein ikkje gå hvis ein skal opp i Engadalsvegen, da går du etter det blå merket.
Etter ei slik økt var det greit med eit lite bad :-)