onsdag 28. august 2013

Voss-Geilo 2013, rittrapport

Da er det gått eit par dagar sidan det som utan tvil må ha vore årets sykkeltur.
Turrittet Voss-Geilo vart arrangert av Bergen CK i samarbeid med Geilo IL for første gang laurdag 24. august, og det var over 1500 påmeldte deltakarar.
Arrangøren hadde lagt opp til ein spennande trase gjennom flott natur, og ikkje minst skulle vi få oppleve eit byggverk i superklassa.

Vi starta ca. kl. 1020, i ei pulje litt bak, for å sei det slik. I utgangspunktet hadde vi håpa på å komme oss til Geilo på sju timar, og ta laurdagen som ein tur med bildetaking og greier.
Traseen viste seg å være adskillig tøffare enn vi rekna med, så eg skal komme litt tilbake med tid og stopp undervegs.

Vi var ca. 100 stk i pulja vil eg anslå, og i fint seinsommarvær bar det mot Skjervet. Masterkøyring ut av Voss sentrum, og masse vakter over alt. Veldig bra vakthald av arrangøren, som har hatt fokus på sikker køyring til V-G. Som kjent var det ei trist hending under Bergen-Voss før i år.
Det fine været og den store pulja gjorde at det gjekk mest av seg sjølv heilt ned til Granvinvatnet og den første stigninga av betydning, nemleg over til Ulvik. Eg køyrde der sist i 1984, og hugsa lite av korleis vegen var, men minnast at det skulle være smalt og bratt oppover.
Toppen ligg på berre ca. 350 m.o.h. så det var uansett ikkje noko fjell vi skulle over, og ikkje var det så bratt som eg trudde heller. Men smal veg var det i høgste grad, lite trafikk dog.

På toppen tok vi ein liten "natures break", samt at den eine mista telefonen sin. Det medførte ein liten ekstra stopp utan at det var så nøye.

Nedover mot Ulvik kom vi inn i ei stor gruppe, og det var stort å sykle ned dei svingete vegane til fjorden. Verkeleg ei oppleveing, sjølv om asfalten var noko dårleg stadvis.

Utover fra Ulvik og til Hardangerbrua gjekk det i store puljer, og den vi havna i var ikkje optimal for å sei det sånn. Litt mykje trekkspelkøyring, samt at vegen er av vekslande kvalitet. Vi måtte ut på ei dårleg grusstrekning med vegarbeid, da ein tunnell ikkje var ferdig. Ein del opp og ned før Hardangerbrua openberra seg. Dette meisterverket av ei bru var eigentleg verdt heile turen, som no hadde vart i litt over fem mil. Opp til brua var ikkje heile anlegget heilt ferdig, men vi vart geleida trygt inn. Bratt opp var det også.
Turen over fjorden er verdt ein post for seg sjølv, så det får eg heller ta ein annan gang.

Når ein kjem over brua, så er det rett inn i ein liten sykkeltunnel som går bratt opp og i sirkel slik at ein kjem opp på tunnelportalen som brua fører inn i.
Her stoppa vi for å ta litt bilder, og derfra og opp til vegen att var det styggbratt, og lenger enn vi rekna med. På toppen var det bunkring med litt mat og drikke, og det var alt no klart at dette kom til å bli ein eineståande sykkeltur. Været var framleis fint, og det var berre til å fortsette inn mot først matstasjon i Eidfjord.
Vi havna i ein fin gruppe innover Hardangerfjorden, og hadde på førehand avtala å stoppe i Eidfjord. Dette var etter 73 km, og vi tok ein god pause. Nøyaktig tre timar etter starten på Voss, så trilla vi vidare langs gamlevegen attmed Eidfjordvatnet. Meget spesiell strekning som er stengt for bilar i dag, naturleg nok. Biltrafikken går i ein lang tunnel nå til dags, og det er nesten rart å tenke på at her hadde det køyrt både bussar og campingvogner.
Oppover mot fjellet gjekk det rimeleg greit. Vi vart leia inn på gamlevegen opp Måbødalen, og det var bratt og slitsomt, men det visste vi om. Og det var jo heile vitsen.
Dessverre var det gått ras på gamlevegen eit stykke oppi dalføret, så vi måtte igjennom Måbødaltunnelen, nesten to km. i motbakke og med biltrafikk. Forhåpentlegvis er gamlevegen open for syklistar neste år.
Vel ute av Måbødaltunnelen stoppa vi på nytt, for det var greit å samle seg litt her. No var vi komne opp på nesten 500 m.o.h. og det var vel eigentleg ingen av oss som visste kor langt det var til neste drikkestasjon oppe ved Vøringfossen. Og det var iallfall ingen som visste kor bratt det no skulle bli...

For nå kom vi inn i parti som var sanselaust bratte. Etter ni mil opp og ned i brukbar fart, så kom det no kneikar som antaglegvis er oppmot Stalheimskleivnivå, dvs 18%.
Men det er rart med det, moro var det, enda så slitsomt det var.

På drikkestasonen v/Vøringfossen måtte vi ta meir bilder, og ein var liksom over det verste nå. Neste matstasjon var på Dyranut, 1250 m.o.h. "berre" 18 km. vidare oppover. Og 18 km. med slakke motbakkar skal i utgangspunktet gå greit, men etter nesten 100 km. var det tungt nok.
Og etter ca. ei mil var det stopp. For lite mat gjorde at blodsukkernivået datt som ein stein i løpet av eit minutt eller to. Det var rett og slett uråd å halde følge lenger. Det hadde gått så fint i 100 km, og så var det bråstopp totalt. Grusomt.
Heldigvis var vi to, og eg hadde ein Bixit i baklommen, som smakte som manna fra himmelen. Dessutan hadde vi ein ny "naudsynt pause", og da oppdaga eg blåbær i lyngen. Og det var antaglegvis dei beste bæra på kloden.
Etter dette gedigne måltidet så kom eg litt til hektene att, og vi trilla i sidevinden oppover, svært sakte nå, vidare mot Dyranut.
Det var veeeldig langt dit. Dei 18 kilometrane vart som mil, og dei lange slakke bakkane tok liksom aldri slutt.
Så, laaangt oppe på vidda såg eg eit skilt om at det var 500 meter igjen. Eit stort, fint skilt var det, men det vart ein skikkeleg nedtur da eg oppdaga at det var 500 meter til geitostsalget....

Uansett kom vi alle saman opp til Dyranut og her var det mat. Heldigvis. Våre turkameratar hadde nok venta ei stund, men nå var det på tide å pakke seg inn i meir klede, for så høgt til fjells var det kjølig.
Eg kunne nå ha ete alt mogleg. Om noko hadde tilbydd meg eit såpestykke så hadde eg satt tennene i det også. Tomatsuppe er normalt fysjom, men nå slengte eg i meg to koppar og syntes det var supergodt. Skiver, bananer, saft.... alt gjekk ned på høgkant, og etter nokre minuttar så verka kroppen å være bra igjen.

Så da var det berre å sykle dei siste 55 km. til Geilo.

Det var sikkert nokon som trudde at no var det slutt på motbakkane, men det var det jo sjølvsagt ikkje. Neida, nokre lange slake stigningar var det her og, og jernbanebrua på Haugastøl (var det vel) var omtrent som eit fjell.
Vi hadde to mindre stopp på vegen til Geilo, mest for å konstatere at alle var med i nokolunde grei form. Nå var det slett ikkje noko store puljer vi kunne være med i lenger, det var faktisk berre oss fire, og utruleg nok nådde vi att ein heil del syklistar også. Det var jo hyggeleg.

Omsider kom vi da til Geilo, etter timevis på tohjulingen, og til eit målområde som var byrja å bli litt meir folketomt. Men det betydde ingenting. Vi hadde gjort det vi kom for, hadde sykla fra Voss til Geilo meir eller mindre samla heile vegen og hadde hatt ein kjempetur. Tida vi brukte var totalt likegyldig.


Vel i mål vart det meir mat, og eg var svolten som ein ulv. Det hadde nok gått med ein del energi på turen ja...

Vi fekk diplom, som eg neppe kjem til å sjå på att, samt eit rabattkort til Intersport, ein pin og eit panneband. Ikkje rare premieringa altså, ei deltakarT-skjorte hadde gjort seg. Vi betalte tross alt 700 spenn for dette.
Garderobetilhøva var heller ikkje optimale for å sei det forsiktig, men sidan dette var første året, så reknar eg med at arrangøren rettar opp desse bagatellane.

Konklusjonen er uansett at dette var eit superarrangement. Det var langt tøffare enn eg hadde forventa, det vart den desidert tøffaste sykkelturen eg har hatt sidan eg på eit forunderleg vis fullførde Jotunheimen Rundt i 1994. Men veldig gøy. Og det som gjorde det så artig var traseen og at vi var fire stk som holdt i saman og venta og hjalp kvarandre.
Så sant det er mogleg vil eg være med til neste år også, for denne turen bør eigentleg alle syklistar ta ein gang før dei dør. Eit flott arrangement som Bergen CK og Geilo IL med god grunn kan være stolte av. Terningkast: Sterk femmar.

Og nå; bilder. Dei første tok eg sjølv med iPhonen, medan dei siste vart tatt med eit "årntle" fotoapprat av vår tolmodige sjåfør som vi er ei evig takk skuldig for å ha vore med på denne turen.

Dette er sjølvsagt startfeltet, og som ein ser var det bra med deltaking...

Dette bildet tok eg, surprise(!) på Hardangerbrua. Jøje meg for eit byggverk.

Eg måtte berre ha eit bilde fra utkikksposten rett over tunnelportalen som brua fører inn i.

Her er vi komne forbi Eidfjord, og det er gamlevegen langs vatnet vi ser. Vegbygging i gamle dagar var noko anna enn nå.

Her er vi akkurat byrja på gamlevegen opp Måbødalen. Det ser kanskje ikkje så bratt ut, men tru meg: Det er verre enn det ser ut.

Omsider oppe ved Vøringfossen.

Dyranut. Mat. Drikke. Tørre klede.

På Hardangervidda, ein heilt anna type fjellovergang enn t.d. Sognefjellet som eg har sykla over mange ganger.

Og dette vart den eigentlege premieringa...

Dei neste bilda er tatt av fotograf Øy.

Før start, og vi ser rimeleg friske og optimistiske ut.

Her har vi akkurat tatt av opp mot Ulvik, og det er da Granvinvatnet vi ser i bakgrunnen. Ser du nokre kjentfolk på bildet??? Vi var i denne pulja alle fire.

Nytt gruppebilde, her på veg opp fra Hardangerbrua. Denne gangvegen var veldig bratt, men her er vi heldigvis oppe.

Dette er ein ukjent sykkelkollega av oss, som tok seg ein velfortjent kvil etter Måbødaltunnelen.

Det var ikkje spesielt moro å sykle to kilometer i motbakke og i tunnell samstundes, men er vi da ut komne.

Og her har vi akkurat satt kursen opp mot dei brattaste partia...

På Dyranut hadde folk tenkt til å slappe av ein smule...

Denne deltakaren såg vi i målområdet, og han kom faktisk etter oss, det var da noko.

Klare for heimreise. Slike turar medfører ikkje så reint lite rot i bilen....Men det er verdt det.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar