onsdag 28. august 2013

Voss-Geilo 2013, rittrapport

Da er det gått eit par dagar sidan det som utan tvil må ha vore årets sykkeltur.
Turrittet Voss-Geilo vart arrangert av Bergen CK i samarbeid med Geilo IL for første gang laurdag 24. august, og det var over 1500 påmeldte deltakarar.
Arrangøren hadde lagt opp til ein spennande trase gjennom flott natur, og ikkje minst skulle vi få oppleve eit byggverk i superklassa.

Vi starta ca. kl. 1020, i ei pulje litt bak, for å sei det slik. I utgangspunktet hadde vi håpa på å komme oss til Geilo på sju timar, og ta laurdagen som ein tur med bildetaking og greier.
Traseen viste seg å være adskillig tøffare enn vi rekna med, så eg skal komme litt tilbake med tid og stopp undervegs.

Vi var ca. 100 stk i pulja vil eg anslå, og i fint seinsommarvær bar det mot Skjervet. Masterkøyring ut av Voss sentrum, og masse vakter over alt. Veldig bra vakthald av arrangøren, som har hatt fokus på sikker køyring til V-G. Som kjent var det ei trist hending under Bergen-Voss før i år.
Det fine været og den store pulja gjorde at det gjekk mest av seg sjølv heilt ned til Granvinvatnet og den første stigninga av betydning, nemleg over til Ulvik. Eg køyrde der sist i 1984, og hugsa lite av korleis vegen var, men minnast at det skulle være smalt og bratt oppover.
Toppen ligg på berre ca. 350 m.o.h. så det var uansett ikkje noko fjell vi skulle over, og ikkje var det så bratt som eg trudde heller. Men smal veg var det i høgste grad, lite trafikk dog.

På toppen tok vi ein liten "natures break", samt at den eine mista telefonen sin. Det medførte ein liten ekstra stopp utan at det var så nøye.

Nedover mot Ulvik kom vi inn i ei stor gruppe, og det var stort å sykle ned dei svingete vegane til fjorden. Verkeleg ei oppleveing, sjølv om asfalten var noko dårleg stadvis.

Utover fra Ulvik og til Hardangerbrua gjekk det i store puljer, og den vi havna i var ikkje optimal for å sei det sånn. Litt mykje trekkspelkøyring, samt at vegen er av vekslande kvalitet. Vi måtte ut på ei dårleg grusstrekning med vegarbeid, da ein tunnell ikkje var ferdig. Ein del opp og ned før Hardangerbrua openberra seg. Dette meisterverket av ei bru var eigentleg verdt heile turen, som no hadde vart i litt over fem mil. Opp til brua var ikkje heile anlegget heilt ferdig, men vi vart geleida trygt inn. Bratt opp var det også.
Turen over fjorden er verdt ein post for seg sjølv, så det får eg heller ta ein annan gang.

Når ein kjem over brua, så er det rett inn i ein liten sykkeltunnel som går bratt opp og i sirkel slik at ein kjem opp på tunnelportalen som brua fører inn i.
Her stoppa vi for å ta litt bilder, og derfra og opp til vegen att var det styggbratt, og lenger enn vi rekna med. På toppen var det bunkring med litt mat og drikke, og det var alt no klart at dette kom til å bli ein eineståande sykkeltur. Været var framleis fint, og det var berre til å fortsette inn mot først matstasjon i Eidfjord.
Vi havna i ein fin gruppe innover Hardangerfjorden, og hadde på førehand avtala å stoppe i Eidfjord. Dette var etter 73 km, og vi tok ein god pause. Nøyaktig tre timar etter starten på Voss, så trilla vi vidare langs gamlevegen attmed Eidfjordvatnet. Meget spesiell strekning som er stengt for bilar i dag, naturleg nok. Biltrafikken går i ein lang tunnel nå til dags, og det er nesten rart å tenke på at her hadde det køyrt både bussar og campingvogner.
Oppover mot fjellet gjekk det rimeleg greit. Vi vart leia inn på gamlevegen opp Måbødalen, og det var bratt og slitsomt, men det visste vi om. Og det var jo heile vitsen.
Dessverre var det gått ras på gamlevegen eit stykke oppi dalføret, så vi måtte igjennom Måbødaltunnelen, nesten to km. i motbakke og med biltrafikk. Forhåpentlegvis er gamlevegen open for syklistar neste år.
Vel ute av Måbødaltunnelen stoppa vi på nytt, for det var greit å samle seg litt her. No var vi komne opp på nesten 500 m.o.h. og det var vel eigentleg ingen av oss som visste kor langt det var til neste drikkestasjon oppe ved Vøringfossen. Og det var iallfall ingen som visste kor bratt det no skulle bli...

For nå kom vi inn i parti som var sanselaust bratte. Etter ni mil opp og ned i brukbar fart, så kom det no kneikar som antaglegvis er oppmot Stalheimskleivnivå, dvs 18%.
Men det er rart med det, moro var det, enda så slitsomt det var.

På drikkestasonen v/Vøringfossen måtte vi ta meir bilder, og ein var liksom over det verste nå. Neste matstasjon var på Dyranut, 1250 m.o.h. "berre" 18 km. vidare oppover. Og 18 km. med slakke motbakkar skal i utgangspunktet gå greit, men etter nesten 100 km. var det tungt nok.
Og etter ca. ei mil var det stopp. For lite mat gjorde at blodsukkernivået datt som ein stein i løpet av eit minutt eller to. Det var rett og slett uråd å halde følge lenger. Det hadde gått så fint i 100 km, og så var det bråstopp totalt. Grusomt.
Heldigvis var vi to, og eg hadde ein Bixit i baklommen, som smakte som manna fra himmelen. Dessutan hadde vi ein ny "naudsynt pause", og da oppdaga eg blåbær i lyngen. Og det var antaglegvis dei beste bæra på kloden.
Etter dette gedigne måltidet så kom eg litt til hektene att, og vi trilla i sidevinden oppover, svært sakte nå, vidare mot Dyranut.
Det var veeeldig langt dit. Dei 18 kilometrane vart som mil, og dei lange slakke bakkane tok liksom aldri slutt.
Så, laaangt oppe på vidda såg eg eit skilt om at det var 500 meter igjen. Eit stort, fint skilt var det, men det vart ein skikkeleg nedtur da eg oppdaga at det var 500 meter til geitostsalget....

Uansett kom vi alle saman opp til Dyranut og her var det mat. Heldigvis. Våre turkameratar hadde nok venta ei stund, men nå var det på tide å pakke seg inn i meir klede, for så høgt til fjells var det kjølig.
Eg kunne nå ha ete alt mogleg. Om noko hadde tilbydd meg eit såpestykke så hadde eg satt tennene i det også. Tomatsuppe er normalt fysjom, men nå slengte eg i meg to koppar og syntes det var supergodt. Skiver, bananer, saft.... alt gjekk ned på høgkant, og etter nokre minuttar så verka kroppen å være bra igjen.

Så da var det berre å sykle dei siste 55 km. til Geilo.

Det var sikkert nokon som trudde at no var det slutt på motbakkane, men det var det jo sjølvsagt ikkje. Neida, nokre lange slake stigningar var det her og, og jernbanebrua på Haugastøl (var det vel) var omtrent som eit fjell.
Vi hadde to mindre stopp på vegen til Geilo, mest for å konstatere at alle var med i nokolunde grei form. Nå var det slett ikkje noko store puljer vi kunne være med i lenger, det var faktisk berre oss fire, og utruleg nok nådde vi att ein heil del syklistar også. Det var jo hyggeleg.

Omsider kom vi da til Geilo, etter timevis på tohjulingen, og til eit målområde som var byrja å bli litt meir folketomt. Men det betydde ingenting. Vi hadde gjort det vi kom for, hadde sykla fra Voss til Geilo meir eller mindre samla heile vegen og hadde hatt ein kjempetur. Tida vi brukte var totalt likegyldig.


Vel i mål vart det meir mat, og eg var svolten som ein ulv. Det hadde nok gått med ein del energi på turen ja...

Vi fekk diplom, som eg neppe kjem til å sjå på att, samt eit rabattkort til Intersport, ein pin og eit panneband. Ikkje rare premieringa altså, ei deltakarT-skjorte hadde gjort seg. Vi betalte tross alt 700 spenn for dette.
Garderobetilhøva var heller ikkje optimale for å sei det forsiktig, men sidan dette var første året, så reknar eg med at arrangøren rettar opp desse bagatellane.

Konklusjonen er uansett at dette var eit superarrangement. Det var langt tøffare enn eg hadde forventa, det vart den desidert tøffaste sykkelturen eg har hatt sidan eg på eit forunderleg vis fullførde Jotunheimen Rundt i 1994. Men veldig gøy. Og det som gjorde det så artig var traseen og at vi var fire stk som holdt i saman og venta og hjalp kvarandre.
Så sant det er mogleg vil eg være med til neste år også, for denne turen bør eigentleg alle syklistar ta ein gang før dei dør. Eit flott arrangement som Bergen CK og Geilo IL med god grunn kan være stolte av. Terningkast: Sterk femmar.

Og nå; bilder. Dei første tok eg sjølv med iPhonen, medan dei siste vart tatt med eit "årntle" fotoapprat av vår tolmodige sjåfør som vi er ei evig takk skuldig for å ha vore med på denne turen.

Dette er sjølvsagt startfeltet, og som ein ser var det bra med deltaking...

Dette bildet tok eg, surprise(!) på Hardangerbrua. Jøje meg for eit byggverk.

Eg måtte berre ha eit bilde fra utkikksposten rett over tunnelportalen som brua fører inn i.

Her er vi komne forbi Eidfjord, og det er gamlevegen langs vatnet vi ser. Vegbygging i gamle dagar var noko anna enn nå.

Her er vi akkurat byrja på gamlevegen opp Måbødalen. Det ser kanskje ikkje så bratt ut, men tru meg: Det er verre enn det ser ut.

Omsider oppe ved Vøringfossen.

Dyranut. Mat. Drikke. Tørre klede.

På Hardangervidda, ein heilt anna type fjellovergang enn t.d. Sognefjellet som eg har sykla over mange ganger.

Og dette vart den eigentlege premieringa...

Dei neste bilda er tatt av fotograf Øy.

Før start, og vi ser rimeleg friske og optimistiske ut.

Her har vi akkurat tatt av opp mot Ulvik, og det er da Granvinvatnet vi ser i bakgrunnen. Ser du nokre kjentfolk på bildet??? Vi var i denne pulja alle fire.

Nytt gruppebilde, her på veg opp fra Hardangerbrua. Denne gangvegen var veldig bratt, men her er vi heldigvis oppe.

Dette er ein ukjent sykkelkollega av oss, som tok seg ein velfortjent kvil etter Måbødaltunnelen.

Det var ikkje spesielt moro å sykle to kilometer i motbakke og i tunnell samstundes, men er vi da ut komne.

Og her har vi akkurat satt kursen opp mot dei brattaste partia...

På Dyranut hadde folk tenkt til å slappe av ein smule...

Denne deltakaren såg vi i målområdet, og han kom faktisk etter oss, det var da noko.

Klare for heimreise. Slike turar medfører ikkje så reint lite rot i bilen....Men det er verdt det.




onsdag 21. august 2013

Ny asfalt.

Det har gått hardnakka rykter om at det er lagd ny asfalt innover fjorden dei siste dagane.
Eller, ikkje fjorden, men vegen innover langs fjorden har fått ny asfalt....

Så det måtte sjølvsagt testast.
På to hjul.

Dessverre vart det litt seint før eg kom avgarde, men ein trilletur er nå fint uansett kor tid det er på døgnet.

Vegen mellom Nes og Fortun har i årevis vore heilt elendig. Vegdekket er stadvis i ein slik forfatning at eg har vore redd for sykkelen min.
Heldigvis kom Gullringtunnelen for nokre år sidan, men desse to kilometrane er likevel ikkje meir ein ein litt lang møteplass. For på begge sider av den nylaga vegen fra dengang, er det berre sorgen.


Uansett trilla eg innover, åleine. Brukbart vær, ikkje så kaldt og heller ikkje særleg vind og regn. Faktisk ikkje regn i det heile tatt unnateke eit par dråpar.

Men så..... ny asfalt.....
Det er vakkert å køyre på. Behagleg. Hadde det berre vore slik i milevis.
Vegen er stadvis smal, OK, men i kveld var det så lite trafikk at det var ikkje noko problem.

Gjennom Høyheimsvik"sentrum"  var det svart fin vegbane. Men så: Tohundre meter med det gamle drittdekket att. Før det vart svart i eit par kilometer att.

Likedan nylagd asfalt fra Flahamar og forbi badeplassen, før det av ein eller annan grunn var ca 100 meter opphald med møkkaveg igjen. Og når eg seier 100 meter, så er det maks. Altså: Ein kilometer med fint vegdekke, så 100 meter humpedumpe, og så ein ny kilometer med strøken veg att...
Og korleis den nye fine asfalten vil takle neste vårs telehiv kan ein vel berre tenke seg.
Denne vegbiten treng ein operasjon i full narkose, asfalten er som eit plaster til ein amputert fot.

Uforståeleg.


Det var også noko støypekantarbeid forbi Luster. Dei to slitarane som hadde det tunge ansvaret med den manuelle dirigeringa slapp meg forbi utan venting (skulle berre mangle, det var jo ingen bilar der...).
Og nå til dags vert støypekantane laga der og da. Ei slags form som sementbilen fyller oppi, og ut att i den andre enden kjem ein fiks ferdig støypekant!
Nei, kva dei kan få til i våre dagar.

På Fjøsnadn måtte eg berre stoppe å beundre den digre krosbåten som låg til kais. Eit digert drog som sikkert hadde like mange folk ombord som det er innbyggarar i Luster.
Eit flott syn denne seinsommarkvelden.


Men uansett kor fin båten var, den nylagde asfalten var MYKJE finare. Iallfall er vegen fin fram til våren.
Og der som den er lagt.



tirsdag 20. august 2013

På Gammaldansfestival.

Det er kun ein gang i året eg betaler for å gå i Parken, og det er på gammaldansfestivalen.
Det er ingen problem å være vakt der nede ein kveld eller to, men det å gå ned, betale nokre lappar for å høyre eit band som eg har null forhold til, og deretter å bli bura inne for å drikke ei øl 50 meter fra scena? Niks. Ikkje aktuelt.

Men på Gammaldansfestivalen får dei lov å selge øl på sjølve danseplatninga. Ikkje det at eg dansar gammaldans, men øl kan ein jo drikke for det.

Som vanleg var det rigga til med provisorisk bardisk i det nedre hjørnet, og eg kjøpte meg ein halvliter til usle 65 spenn. Det er nærast ein 90-talspris i mine auge, men takk som byr.

Så ville eg gjerne ha ein grilltallerken, for grillmat og kald pils er unektleg veldig godt.
Det er 15 meter bort til grillbua, men dit kunne eg ikkje gå med halvliteren i handa, for det var ikkje lov.....
Det var nemleg kun lov å drikke på sjølve danseplatninga. Det var ikkje eingang lov å gå bort til det inngjerda området som til vanleg vert nytta til ølservering.
Så. Eg fekk ein bekjent til å holde eitt. stk halvliter medan eg gjekk dei 15 metrane bort til grillbua, der eg fekk god mat.Tok med meg den bortatt, og leita etter ein plass å sitte. Det var ikkje så lett å finne, for det var byrja småregne, og det beste hadde vore og tatt sete i ei av bodene på det inngjerda området. Men dit var det ikkje lov å ta med øl...

Altså..... Det er øl vi snakkar om. I pilsklassen.
Det er ei heilt lovleg vare, og vi er inne på eit inngjerda område, og så skal vi absolutt måtte stå inne på ein full dansplatning fordi ein eller annan luring har funne på at slik skal det være.

Hjernefabrikken er neppe utsolgt.



Men det var forøvrig god stemning i Parken denne kvelden. Masse utanbygds folk, og altfor lite lokale som gadd å reise ned.
Dette må være ein av dei beste helgane i året for campingplassen og det nyopna Tunet, samt for Pyramiden. All ære til arrangørane!

Hadde berre alkoholreglementet vore like bra.

Det er ikkje så mange metrane bort til grillbua, men det er av ein totalt uforståeleg grunn ikkje lov å ta med seg ein halvliter bort dit.

Og det er heller ikkje lov å ta med seg ølet dei få metrane bort til der det normalt vert servert pils....

Gudbedre.

torsdag 15. august 2013

Via Ferrata Gåpn

Turistkommunen Stryn har skjønt det.
Ein må tilby noko særskilt til dei som kjem på besøk, og det har dei sikkert klart i.o.m. bygginga av sin nye Via Ferrata Loen.

Slike ting er spektakulært, og vil antaglegvis få ein del nyfikne til å komme forbi.

Stryn nyttar det som ligg der, naturen, og kvifor skal ein ikkje kunne få til noko liknande her også?


Så, kvifor gjere det vanskeleg?


Det går an å lage noko tilsvarande rett oppi hogget her. Kanskje ikkje fullt så høgt, men sikkert nok til å få det til å krible ein smule....

Eg såg føre meg to alternativ for plasseringa av noko slikt, og i begge tilfeller brukar ein Engadalsvegen som utgangspunkt. Ein slik Via Ferrata fra Engadalsvegen ein stad over til Gåpnaberget, over juvet som elva har greve ut.... Det ville i det minste bydd på spektakulær utsikt, og anslagsvis 80-100 meter ned på det meste. Og det kunne vel få nokon kvar til å skjelve ein smule....

Eg var kjapt inne på ei karttjeneste, og målte opp litt for moro skuld. Der tenkte eg meg to alternativ, eit kort spenn, og eit langt. Det kortaste målte eg til 110 m, og det lengste til 139 m. Om det er praktisk gjennomførbart har eg ingen aning om, det får klokare folk finne ut av.

Fordelen er at her kan ein få omtrent kven som helst til å gå over. Ein treng ikkje klatre for å komme til utgangspunktet, det er faktisk mogleg å køyre opp! Men da må ein sjølvsagt lage til for parkering.
Og skal ein tru denne artikkelen i Nationen, så tek bygginga heller ikkje lang tid.

Eg har heller ikkje tenkt på om grunneigarane jublar for noko slikt, men det er nå uansett eit morsomt tankespel.


Sånn. Det er iallfall lov å komme med forslaget, og ein dag eg får tid, så skal eg stikke opp å ta bilder derfra.

Og ein ting er iallfall sikkert, dette treng vel ikke å koste så mykje som gondolbaner og badeanlegg. Naturen er der, det er berre vilje og kroner til å gjennomføre det som skal på plass.
Reiselivet burde iallfall være interessert i å være med på dette.

Ei gangbru over her?
JU-HUUU!

Eller kanskje ei litt lenger oppe...?

Over her kanskje?

lørdag 10. august 2013

Stølstrimmen 2013, Sperlestølen

I Jostedalen har dei i fleire år hatt gåande noko som heiter Stølstrimmen. Det er mengder med stølar og hytter i dette langstrakte dalføret, og kvart år er det ti stølar/hytter som vert plukka ut til denne trimmen.

Ei artig ordning som kan gjere at ein kjem seg på stader ein ellers aldri har vore på.
Det har medført turar til Sandhaugdalen, Trekanthytta og Fivla tidlegare år, og fredag var vi på Sperlestølen.

Utan at eg veit det, så vil eg tru at Sperlestølen har vore vårstøl for Gardshaugen og gardane i Sperla ein gang i tida. I våre dagar er det såklart ingen som stølar lenger, men sela fra tidlegare tider er ofte oppgradert og holdt fint i stand.
Og så er det sjølvsagt nokre tufter her og der.

Utgangspunktet for turen er Gardshaugen, ein fraflytt gard ca. 250 m.o.h. Herfra er det godt merka sti opp til både Sperlestølen, Vassdalen og Liastølen.
Sidan det er såpass mange plassar å gå til, så er dette ein mykje brukt sti, og sidan det er fint og lett terreng, så er det sikkert ein del småbarn som har gått denne turen også.
Det er ca. 3,5 km. tur/retur, så det passar fint for barn som ikkje har byrja i skulen også.

Det er ei elv som kjem ned her, og den har nokre fine fossefall. I tillegg er det mykje grov furuskog her oppe, og gamle furutre kan som kjent bli store.....

Sperlestølen ligg på ca. 600 m.o.h. og det er velhaldne sel og hytter her. Det er også laga til med nokre benker og bord.
Og så var det dyr der. Av typen som seier mø. Det er jo alltid stas.

Hadde eg vore åleine, så hadde eg tatt turen opp på Vassdalsvatnet ein km. lenger oppe. Har aldri vore der, og folk seier det er så fint der oppe, så da bør ein jo ta turen ein eller annan gang. Kanskje neste haust....

Uansett var dette ein fin liten tur som kan anbefalast alle som skal ta med seg fire-fem åringen ut i naturen.
Flott utsikt, lett å gå, og fossar å sjå, har ein bruk for meir da?

Bilder:

Som ein ser er det grov furuskog som dominerer....

"Da vi hadde gått langt og lenger enn langt kom vi til kongsgården..." Eller i det minste ein foss.

Måtte ta eit bilde nedover dalen også.

Sperlestølen. Elva til venstre kjem fra Vassdalen.

Velkomstkomiteen står og ventar på oss.

Eg syntes desse kyra stod så fint plassert i den reine Tine/Freia reklamen, så da måtte eg berre ta eit bilde.

Godt merka på turen opp.

Og når ein kjem ned att kan ein velge kor ein vil gå. Eg anbefaler der som bilen står :-)


Dette skiltet står ved utgangspunktet i Gardshagen, og er veldig enkelt å sjå.


Da vi kom nedatt la eg merke til kor mange bygg det var på gardane før i tida. Vi talde ikkje mindre enn 11 bygg på garden i framgrunnen. I bakgrunnen, til venstre ser vi ein annan gard litt oppi fjella, og i dalføret på andre sida ser vi Åsen. Der kan ein også gå opp til nokre stølar.

torsdag 8. august 2013

Til Styggevatnet.

Vi har i årevis snakka om å sykle til Styggevatnet, men det var ikkje før i går det vart alvor.

Avreise fra Prix kl. 1700, noko som i ettertid viste seg å være seint nok...

Det er langt til Styggevatnet, veldig langt med sykkel iallfall. I utgangspunktet skulle det ta ca. tre timar opp, og ca. to timar heim, og årsaka til at det tek så mykje kortare tid heim er sjølvsagt at det er unnabakke :-)

Iflg. kartet er høgste regulerte vannstand på Styggevatnet 1200 m.o.h. Toppen av dammen vil eg tru ligg på 1220.
Framover Jostedalen er det heller greit å sykle, og vi tok det roleg oppover. Nokre småbakkar her og der, men det er først etter Breheimsenteret at det verkeleg kjem ein knekkar. Her er ein kilometer med oppmot 12-13% stigning. Og årsaka til at eg veit kor bratt det er, er sjølvsagt at ein av oss har slik fin computer som måler slikt.
Fra Fåberg og innmot Fåbergstølen er vegen heller smal, men det er lite trafikk. Tunnelen som er der er ikkje så lang, men når ein kjem fra Fåberg er det ganske mørkt, for vi ser ikkje utgangen. Lettare når ein kjem nedatt.

På Fåbergstølen er vi komne opp på ca. 520 m.o.h. og det er byrjar å bratte til skikkeleg like før Øystølen. Her er det ca. 7 km. til toppen, så vi får ein snittstigning på ca. 10%. Fra Øy og oppmot Viva er det greit med bil, men computeren viste at nå var det på ny både 12 og 13 % i bakkane. Slik er det i 3-4 kilometer. Ved Viva flatar det ut ein smule, slik at ein kjem litt til hektene att. Det var fint vær denne kvelden, sol og vindstille (iallfall så langt), så det gjekk eigentleg bedre enn forventa.

Fra Viva og inn dalføret skulle ein tru det ikkje er så bratt, men det ligg på jamnt 8-10% innover.
Her var det heller ikkje sol, og jo lengre inn ein kom, jo meir vind vart det.
Lengst inni dalbotnen er vegen lagt i hårnålssvingar, og det er normalt til litt hjelp. Det er berre det at desse hårnålssvingane er ganske bratte.
Ei rimeleg tøff strekning er det.

Vegen er asfaltert opp til ein parkeringsplass ved damfoten. Det går ein shabby grusveg opp til toppen av dammen, der oppe er det fin utsikt. Parkeringsplassen låg i skugge, og det var nå blitt innihelsikes kaldt, tross alt var vi på 1150 m.o.h. Oppe på dammen var det imidlertid sol, så eg tok doningen og sykla heilt opp på den heller skrale grusvegen. Der oppe var det adskillig varmare, og sjølvsagt fin utsikt inn mot breen i andre enden av vatnet. Dessutan: Har ein først sykla i motbakke meir eller mindre i fem mil, så kan ein godt ta med seg utsynet....
Vi brukte ca. 3 timar og ti minuttar opp.

Det var befriande å få på seg noko tørt, samt gomle i seg litt næring, og så bar det nedatt.
Vegen var ikkje blitt flatare, så her kunne vi verkeleg trille på i full fart om det var ynskjeleg. Nå er asfalten noko skral, så det er ikkje tilrådeleg å gi på før ein er komen ned mot Øystølen att.
Men dersom ein klarar å sykle fra Nes til Fortun, så klarer ein alltids å tåle denne vegen også.

Nede att v/Fåbergstølen var alle noko frosne etter 8 km. unnabakke i 10 graders varme. Så da passa det veldig bra med ei punktering....

Vi kom oss avgarde att, og eg for min del fekk ikkje i meg varmen før eg var komen til Hesjevollen att, unntatt på beina, dei var iskalde i nesten seks mil.

Vi hadde planlagt å stoppe på Hotellet, men grunna punkteringa var det byrja å bli litt seint. Vi var på Gjerde kl. 2124, og da var det nok ikkje særleg smart å stoppe der.

Nedover Jostedalen gjekk det greit, men noko plage med varmen var det DEFINITIVT ikkje.
Det byrja også å melde seg eit visst matbehov. Halvanna liter med drikke, samt to RedBull var forlengst fortært, saman med ei banan og ein turblanding. Hadde heldigvis noko nøtter og rosiner att.

Vi var ikkje heime før klokka var blitt 2220, og så mykje lenger skal ein ikkje vente før det vert mørkt. Rett nok hadde vi gode lys med, men det er nå greit å komme seg i hus uansett.

Heile turen tok altså fem timar og tjue minutt, inkl. alle stopp på vegen. Det vart nesten 112 kilometer og antaglegvis godt over 1300 høgdemeter, ei retteleg god treningsøkt altså.


Turen til Styggevatnet (som forøvrig ikkje fortjener navnet sitt, det er veldig fint der oppe), er å anbefale. Men ein bør kanskje reise noko før på dagen. Det vart skikkeleg kaldt nedatt, og fingrar og bein fekk det verst.
Ein må ta dette som ein roleg treningstur. Dei siste kilometrane opp er ganske tøffe, og nedatt må ein være obs på hol i asfalten her og der.

Bilder:

Det er kanskje ein tung tur, men her oppe, 1220 m.o.h. får ein iallfall eit flott utsyn inn mot Austdalsbreen.

Når ein snur seg i høve forrige bilde, så ser ein kor ein kom syklande....Det ser kanhende ikkje så bratt ut oppover dalen her, men tru meg: Dette var tungt.

Dette er så langt som det er asfaltert, dvs. nede ved damfoten. Eg var oppe til masta oppe til venstre, og det var eigentleg helst for å få i meg litt varme i sola.

Dette er rett nedanfor Fåbergstølen, og ein punktering måtte fiksast.
Her er forøvrig ein stemningsrapport kun minuttet før....

På tur ned fra Gjerde, og da måtte eg nytte høvet til å ta eit bilde med Myrhyrna og Vangsen i bakgrunnen.
Gjekk inn på Google Earth og tok dette bildet fra Øystølen og opp til Styggevatnet. Som ein ser er det ikkje mange plassar å få kvile seg på desse seks-sju kilometrane.

Fra Viva og opp til sjølve dammen er det kanskje ikkje så langt, men det er rimeleg tungt for det.