torsdag 25. juli 2013

Topptrimmen 2011-2013, turrapport Hest.

Da var det på tide å ta siste topptur i denne utgåva av Topptrimmen, og sirkelen er på ein måte slutta:
For to år sidan byrja vi med den kortaste og lettaste toppen, Vorfjellet, nett oppi hogget her, og nå avsluttar vi med den toppen vi ser kvar dag. På dei tre somrane som har gått har vi vore på turar og toppar som vi kanskje aldri kjem att på.

Hest er 1632 m.o.h. Ein nyttar kartblad 1417-4, Gaupne, tidl. Solvorn.
Startpunkt er fra dammen i Leirdalen, ca. 480 m.o.h. Det er såleis ein høgdeskilnad på ca. 1150 m.
Dessverre var det litt problem med GPS`en i dag, så eg har ikkje nøyaktige opplysningar om heile turen, men eg har data på den viktigaste biten, nemleg om sjølve ryggen....

For på denne tid av året er det ein fordel og gå ryggen oppover. Alternativ rute er om Nonskar og opp på "baksida" som dei kallar det. Ulempen der er at det er styggbratt siste biten, og ikkje minst er det kronglete og tildels svært høgt. Eg har gått begge rutene før, og ryggen er den desidert beste turen.

Hest er ein av våre lettast attkjennande toppar, saman med Vangsen, Storen og Lodalskåpa.
Men før ein kjem til topps, så må ein gå ein bit i småskogen ovanfor dammen.
Det er sti fra parkeringsplassen v/dammen, men den kan være litt problematisk å finne hvis ein ikkje veit kor ein skal gå. Så difor: Gå opp traktorvegen til venstre for dei to bygga der, og da går du i stikk motsatt retning av Hest. Men det er ikkje noko å bekymre seg for, det er berre i 100 meter, og så finn du ein god sti opp til Skaret. Der står det eit einsleg sel, og ein finn også nokre gamle tufter etter gamal stølsdrift. Skaret ligg på ca. 720 m.o.h.
Det er ikkje smart å gå direkte fra parkeringsplassen og opp mot Hest. Det er mykje krattskog, så derfor: Gå til Skaret, kanskje eit parhundre meter lenger totalt, men mykje lettare å gå sti enn i kratt.

Fra Skaret ser ein Hest omtrent heile vegen, og det ser kanskje ikkje så langt ut.
Men det er mykje lenger enn ein trur. Det er over tre kilometer opp til der ein skal opp på ryggen, og nesten 600 høgdemeter. Hest ser kanskje ikkje så stor og mektig ut på avstand, men i dette landskapet vert ein som ein mygg.

På veg bortover er det fleire små elvar som skal kryssast, og hvis ein er heldig finn ein også to fine hølar som ein kan slenge skrotten uti ein varm sommardag, slik som i dag t.d.
Når ein skråar bortover, så er det lett å komme noko for høgt, slik som vi gjorde i dag. Det var ikkje snakk om mange meter, men nok til at vi måtte gå ned att ein smule. Ein er da byrja å nærme seg ein lita elv som heiter Hestagrovi, og før ein kjem dit, så er det satt opp nokre enkle vardar her og der. Desse er det ein fordel å følge.
Borte ved Hestagrovi, så må ein kanskje leite litt for å finne ein stad å krysse elva tørrskodd. Hvis det vert problematisk, så kan ein gå over den tydlege morene som er der, og like godt vasse over. Her er det normalt låg vannstand så seint på året, og med så lite snø i fjellet som nå.

Det er etter elva at det byrjar å verte moro. Og det er herfra eg har data på GPS`en.
Fra Hestagrovi og opp på ryggen, må ein sjå seg noko for. Bruk litt tid på å finne dei tråkk og enkle vardar som er, og det er omtrent berre ein einaste stad ein kjem seg opp på sjølve ryggen.
På avstand ser det mest ut som det ikkje går an å komme seg opp, men hvis ein følgjer spora, så skal det gå greit.
Sjølve biten med å komme seg opp på ryggen er ganske bratt. Det er ikkje snakk om store avstanden, kanskje berre eit par hundre meter, men som sagt, her er det bratt. Ikkje noko problem å gå, for all del, men kanskje må ein på alle fire her og der. Det slepp ein hvis ein tek ein liten snue tilbake mot høgre når ein nærmar seg det aller brattaste. Det er å anbefale, mykje lettare dei siste 100 metrane opp til ein er på sjølve Ryggen.
Her står det eit par mindre vardar, og herfra og opp er det ca. ein km. til sjølve toppen.

Nedanfra ser kanskje ikkje ryggen så bratt ut, men her stig det nesten 300 høgdemeter på ca. ein kilometer. Ein går på noko svaberg, men mest på store steinar. Det er enormt kor mykje grov stein det er her. Innimellom kan ein følge eit tråkk noko til venstre på ryggen når ein ser oppover. Dette tråkket går imidlertid litt utpå kanten her og der....
Sjølve ryggen er breiare enn ein trur. Ein kjem ikkje utpå kanten, hvis ein ikkje vil, og på det smalaste er det iallfall ti meter breitt, og heller ikkje der er det spesielt skummelt, langt derifra. Det er turen for å komme seg opp på ryggen lenger nede som er "verste" biten.

Nokre somrar vert ikkje ryggen snøfri, men i år var det berre heilt på toppen at vi gjekk nokre meter i snø. Greit å komme seg nedatt i det minste...
Og rett etter snøfonna, så er ein oppe. Det er ein markert topp, og ein ser kor ein skal omtrent heile vegen. Her er det ikkje noko vidde og fleire toppar på rekke og rad. Det er umogleg å ikkje finne toppunktet.

Utsynet fra Hest er veldig flott, og vi kunne sjå milevis i alle retningar, endatil heimatt.

Da vi hadde vore på toppen i finværet, og alle hadde fått skreve seg inn i boka og klypt kortet, så var det på tide å komme seg nedatt. Vi gjekk nedatt samme vegen, den alternative ruta er ikkje å anbefale synes eg.

Og akkurat da vi skulle byrje å gå, så høyrde vi det første tordenskrallet....

Inga grunn til å somle, så her var det berre å komme seg nedatt. Sidan vi var så mange i dag (13 stk fra Dammen) , så vart vi fort delt opp i puljer. Eg gjekk saman med ungdomsavdelinga ned til Hestagrovi, og der byrja det å regne, etterkvart ei skikkeleg skur. Sidan ein skal gå på mykje stein, så er det definitivt ein fordel å gå på Hest når det er tørt.

Vi var nede ved dammen og bilane etter ca. sju timar. Det inkluderer alle stopp.

Det vikigaste data gjeld fra Hestagrovi og opp.  Dette er ein avstand på 1,9 km. og ein stig 632 meter på denne biten. Det seier seg sjølv at det er bratt her.


Konklusjon: Dette er nok ein av dei litt tyngre turane i topptrimmen 2011-2013. Eg var nr. 150 som skreiv meg inn i boka, så det er nok ein del som har att denne toppen framleis.
Det er viktig å bruke litt tid på å finne stien opp til Skaret, og derfra skrå inn mot punktet for å komme opp på ryggen. Nokre primitive vardar når ein nærmar seg sjølve Hest er til lette, og ein finn som nemnt litt spor og stiar her og der.

Nokre er kanskje redd for høgder og stup, men eg meiner at t.d. Soleibotntind er verre i så måte. For ikkje å snakke om vegen inn til Nørstedalsseter i høve Liabrekulen.
Hest er ein karakteristisk topp med eit flott utsyn. Absolutt verdt å ta denne turen, om det er topptrim eller ikkje.

Bilder:

Fjellet Hest ruvar over bomstasjonen i Leirdalen. Der var det så mange som skulle opp denne dagen at det vart nesten trafikkork.

Dette er fra Skaret, og ein har alt no eit fint utsyn nedatt i Leirdalen, og fram Tunsbergdalsvatnet.

På veg fra Skaret kjem ein over to slike idylliske hølar som ein kan forfriske seg i. 

Her er vi byrja å nærme oss, men det er lenger enn det ser ut. For å komme seg opp på sjølve ryggen skal ein gå opp i dei eine grøne partiet noko nedanfor den vesle snøfonna vi ser langt nede på ryggen.

Kryssing av Hestagrovi. Ein er her på noko over 1000 m.o.h. og terrenget er som ein ser noko ulendt...
Like til høgre for bildet er det ein svært markert morene, og kanskje det er lettare å krysse elva der?

Dette bildet er tatt da vi kom opp på ryggen, og vi ser bort på den alternative ruta. Den går oppå kanten.

Utsyn fra kvileplassen vår ca. ein km. fra toppen.

Som ein ser er ryggen brattare enn ein kunne tru, men det er kanskje også breiare enn frykta? Ein må som tidlegare nemnt oppsøke stup dersom ein absolutt skal utpå slike stader da...

Dette bildet tok eg fra toppen, og det er meir for å vise at ein ikkje må gå ut på skavlane her oppe. Her er det eit parhundre meter rett utover.

Fleire kjende utsynstoppar.....

Forsøk på panoramabilde. Vi ser Veitastrondsvatnet til venstre, og den store kvite toppen lengst til høgre er Såta, 1701 m.o.h.

Nytt forsøk på panoramabilde. No er Såta lengst til venstre i bildet, og vi ser Tunsbergdalsvatnet, Skagastølstindane laaangt i bakgrunnen, og noko av Lustrafjorden.


mandag 22. juli 2013

Rundt fjorden.

På ein aldeles fantastisk dag....
......måtte vi sykle dei 75 km. rundt Lustrafjorden. Det var rett og slett ikkje mogleg å la være.
Har sykla denne runden før i år også, men det er så steikande flott, at denne turen vert eg aldri lei. Men det MÅ være godvær.

Fire stk. i alt, men vi var berre to som starta herfra. Ein traff vi på Tangaflati, og den fjerde traff vi i Solvorn.

Masse bilar på ferja, og sjølvsagt masse folk på beachen like ved.Vatnet held no MINST 15 grader, det er eg sikker på.
På ferja traff vi andre kjentfolk også, bl.a. på to hjul, men dei hadde motor på sine doningar....
Ein av dei hadde kome fra Belgia på ein Indian fra 1934!!!

Som dei gentlemen vi er, så slapp vi ut alle bilar, MC`ar og fotturistar først. Fotturistane skulle vel opp til stavkyrkja oppi hogget.
Veldig greit å sleppe dei andre av først, slik at vi ikkje irriterer unødig.

Bakken opp fra kaien på Urnes verkar å være veldig bratt, spesielt når ein har stått i ro ei lita stund. På ferja hadde vi nemleg drukke opp brusen som vi kjøpte på butikken i Solvorn, der var det fullt hus og stormande jubel, i sterk kontrast til ein annan stad som eg vil nevne seinare.

Det gjekk i luffetempo inn mot Munthehuset, og det var så fint vær/natur at vi stoppa for litt fotografering her og der.

Fra Munthehuset går det nedover til sjøen att, og rett etter minibutikken er det ein bratt liten kneik.
Det fins dei som hevdar at det er flatt langs Sørsida, men dei har antaglegvis aldri sykla der sjølv. Rett nok er det ingen lange bakkar, men småkneikar heile vegen inn til Skjolden.
Vi passerte Feigefossen, som skal være den nest høgaste uregulerte fossen i landet, 212 meter, er det korrekt???

Forbi Sørheim, der det står eit fareskilt om smalare veg, noko som er ganske utruleg, i.o.m. at vegen er einfelts fra før. Lerummuseet er blitt veldig fint forresten.

Så dei to tunnellane mellom Sørheim og Skjolden.... Den første er ganske lang, ca. ein kilometer, og svart som natta. Heldigvis hadde vi med ei superlykt, for dei vanlege sykkellyktene er ikkje gode nok i denne kolsvarte tunnelen.

På Skjolden svinga vi innom Skjolden brygge, som er veldig fint utanpå. Og ingenting meir.
Omtrent ikkje eit menneske, og omtrent ingenting å få kjøpt. I kakedisken var det to kvikklunsj og tre melkesjokoladar.
Ja, og så var det eit par forskjellige typar med brus, og minst tre forskjellige sortar is.
Prisen? Astronomisk.
Det er ikke første gang det er slik, men nå er det nok. Dette gidd eg ikkje bruke tid og kroner på fleire ganger.

På sandvolleyballbane nokre hundre meter derfra var det derimot masse folk. Endatil nokre som bada her og...brrrrr.

Utover Lustrafjorden trilla vi no fem stk, for det dukka opp ein til på Skjolden.
Han stoppa på Lustrabui, for der var det også ope, og ein heil del folk. Der gjekk det sikkert an å få kjøpt bollar, kanelsnurrar og anna snadder.

Utover fjorden kunne vi sjå over på andre sida, som vi hadde sykla ein time før, og ut på Urnes der vi hadde køyrt i land fra ferja.
Totalt sett ein fantastisk tur med veldig hyggelege sykkelkollegaer. Det er slike turar vi har altfor lite av.
Avslappande roleg tretimars tur på knappe 75 km. i noko av landets flottaste landskap.

Bilder next.

M/F Urnes er ikkje største ferja på kloden, men til vårt bruk er det meir enn bra nok. Fin båttur!

Og utover stupet der oppe var det "Oppdrag Sognefjorden" hadde ein av sine spektakulære stunt...

Solvorn i bakgrunnen. 

Og der framme ventar Urnes.

Måtte sjølvsagt ta eit panoramabilde. Såg også ein del niser midt på fjorden, samt nokre kobbar på vegen inn mot Skjolden. Den eine kobben hadde endatil ein fisk i gapet.

OK, framgrunnen er kanskje ikkje så vakker, men utsikta ned på kaien, og over til Solvorn kan ein ikkje klage på.

Og da trilla vi innover på Skjolden.

Munthehuset, for dei som vil ta seg ein matbit der.

Fra Munthehuset, og tilbake mot Urnes.

Og der ser vi heimatt. Hest i bakgrunnen ruvar over fjorden.

Smal veg fra Kroken og til Sørheim, men det er litt av sjarmen. 


Feigefossen, og alltid like morsomt å vite at vi sykla på den andre sida ein time før.

Og langt der ute ser vi over på Urnes att. Ein flott tur!


søndag 21. juli 2013

Topptrimmen 2011-2013, turrapport Liabrekulen.

Dette treårige prosjektet nærmar seg slutten, og nestsiste topptur nå vart Liabrekulen, 1910 moh.
Iflg. deltakarkortet er forventa tid opp 3-5 timar, noko som er eit ganske vidt spenn.
Ein nyttar kartblad 1518 III, og startpunktet er Nørdstedalsseter. Eller rettare sagt: Det går an å køyre halvannan kilometer til på ein noko shabby anleggsveg, så hvis du ikkje er redd for bilen din, så sparar du altså noko tid...

Da vi gjekk der i dag, laurdag 20.7.13, var det fint vær. VELDIG fint. Vindstille og varmt, endatil på startpunktet litt over 1000 moh.
Det er merka DNT-sti fra Nørdstedalssetertil Turtagrø/Sognefjell, så her er det rimeleg greit å finne vegen. Problemet er heller at det er FOR mykje merking. Det er vardar og T-ar overalt, til tider altfor mykje og tett.

Men det er ein annan historie.

Vårt startpunkt var like ved eit bekkinntak, og stien/terrenget er slik at vi må krysse eit par mindre elvar ganske tidleg på turen oppover. Det vart noko surring fram og tilbake, men vi kom oss nå over rimeleg greit. På turen opp tok vi av oss skoa og vassa i det ikkje altfor varme fjellvatnet.
Stien vidare oppover går mykje på svaberg og stein. Det er såleis ikkje noko tydeleg tråkk i bakken, og det er vardar og T-ar overalt. Når ein kjem opp på 1500-1600 meters høgd må ein over nokre snøfenner, og tippar vi gjekk ca. ein kilometer totalt på snø.

Den merka turstien er lett å følge, men det er ein del opp og ned, og noko ur å gå i. Turen opp er dermed ikkje noko særskilt fin å gå.
Når ein kjem opp på ca. 1700 meter, så skal ein ta til venstre. Ein ser ikkje toppen med ein gang, iallfall gjorde ikkje vi det, for vi såg nabotoppen på 1770 moh. først, og trudde det var dit skulle.

Etter eit par hundre meter vekk fra den merka turstien forstod vi at det var feil topp, for da dukka Liabrekulen opp. Det er satt opp ei og anna primitiv varde her, så det skal være mogleg å finne fram ganske så enkelt.
Den første kilometeren her er rimeleg flat, og så stig det ca. 100 høgdemeter på slutten, tildels i grov ur. Det var ei stabil ur, så det var ingen problem.
Den første toppen ein kjem til, er sjølvsagt ikkje det endelege Målet. Neida, som med alle andre fjelltoppar, så er det ein til litt lenger borte, men det er berre snakk om 100 meter, maks, og i lett terreng.

Når ein så kjem opp, så forstår ein kvifor ein skal reise hit i finvær. Utsikta er eineståande.
Panorama til Jotunheimen og Breheimen.

Vi brukte ca. 3 timar og eit kvarter opp. Været var såpass at vi kunne ta oss ein matbit på toppen, samt førebu beina på turen nedatt. Det var mogleg å sette seg i le for vinden på toppen, og vi kunne nyte utsikta inn mot Fanaraaken, Sognefjellsvegen og kva dei no heiter alle stader og toppar innover....


Turen nedatt gjekk som ein vind, for det er veldig OK å skli på snøen i bratte bakkar.....

Vel nede att ved elvane vi måtte krysse, så vart det på ny litt fram og tilbake, men no fann eg ein sjanse til å hoppe over slik at eg slapp å ta av meg skoa.


Nede ved bilen var det på tide å lese av resultat fra turen. Dei tørre tall viser at vi gjekk totalt 14,3 kilometer, og med matpausar, fotografering og surring for å komme seg over elvane, så brukte vi 5 timar og 58 minutt.
Totalt 1004 høgdemeter, så dette er langt fra den brattaste turen.


Eg syntes at naturen her langt inne i fjellheimen var veldig flott. Fantastisk utsyn i milevis.
Sjølve stien og turen var tildels noko kjedeleg, men som sagt: Utsynet på turen er verdt det.
Det er ikkje den verste og tyngste av topptrimturane, eg vil anslå Liabrekulen til å være middels tung i høve til dei andre toppane.


Det går forøvrig ikkje an å nemne Nørdstedalsseter utan å komme inn på vegen for å komme seg dit.
Det var 56 kilometer fra Gaupne, så totalt vart det over 11 mil køyring denne dagen. Og hvis du synes vegen inn til Fortun er skral, så har du noko i vente. OK; vegen fra Bjørk og opp til Nørdstedalsseter er forsåvidt OK; men naturen her inne er storslegen. Vegen opp Bakligjelet må være noko av det mest ekstreme innan norsk vegbygging nokon gang. Når ein kjem inn i dalbotnen, så er det mest uråd å forstå at det kan gå ein veg oppover her. Men det gjer det.

Og dei juva som er her er formidable. Vi snakkar ikkje om titalsmeter, men hundrevis. Og laaangt der oppe, ute på kanten går denne vegen...

Her ser vi startpunktet vårt, bekkeinntaket ca. halvannan kilometer innafor Nørdstedalsseter. Hadde den gamle Subaruen, og det var sikkert like greit.

Fyllinga ut i vatnet hadde neppe blitt lagt slik i dag....

Oppover etter kryssinga av elvane, så er det godt merka. Nesten for godt etter min smak, da det er så mange vardar og T-ar at ein vert forvirra....

Fin utsikt nedatt mot startpunktet, og laaangt bak til venstre kan vi skimte dammen på Fivlemyrane.

Her ser vi toppen av Liabrekulen lengst oppe, men det var denne særprega brefronten som var noko å merke seg.

Tungt opp, men kjapt ned....

Dette bildet er tatt på ca. 1800 moh. og vi ser bort mot toppunktet. Her har vi forlengst tatt av den merka turstien.

Midt oppe på snøflata kom vi over dette fine vatnet. Fint, men sikkert kjølig.

Panorama mot kjende toppar.

Ord. Unødvendig.

Ord. Unødvendig.

Kan du skimte vegen oppe til venstre? Og forresten, fra der eg tok bildet er det like langt ned vidare ned i juva.

Ned dit ja...


Det er ganske utruleg at det har gått tunge køyretøy oppover her.



tirsdag 16. juli 2013

På tur i ruskevær

Med ein gang finværet kjem, så vert fjell og fjordar fylde opp med folk.
Det er vel og bra, men det har sin eigen sjarm å reise på tur når det er ein smule ruskevær også.

T.d. det at ein nesten ikkje møter folk. Kun lyden av dyr, og kanskje ein bekk. Litt regn...
Spesielt.

I kveld gjekk eg opp på Jargolnipa ein snue. Ikkje så langt, det var berre for å bevege seg ein smule.
Eg traff ikkje ein sjel, men ein god del sauer. På fire bein....

Litt vind da eg parkerte bilen, og litt småkjølig.
Det gav seg etterkvart, og da eg var på tur nedatt var det heilt vindstille.

Litt yr, og skodde, noko som gjev høve til å ta litt anna enn dei vanlige utsiktsbilda.

Stien opp mot Vorfjellet er så godt merka at Stevie Wonder hadde funne vegen.

Ikkje den store utsikta her i kveld....



Trolsk stemning i fjellet.

Ned mot Havåsen. Dessverre fekk eg ikkje sett ryggen opp på Hest, som er ein av to toppar som no står att i Topptrimmen 2011-2013.

Det kjem kanskje ikkje fram på bildet, men eg kan GARANTERE at eg såg ei hulder borte på denne myra...

Her var klokka vorte godt over 2200, men mørketida er heldigvis nokre månader fram i tid.


mandag 15. juli 2013

The Cabin in the Woods

Kjøpte denne på DVD for ei tid tilbake, og var litt småspent.
Fekk så omsider tid til å sjå filmen for nokre netter sidan, og her er kva eg meiner om den.

CitwTeaserSmall.jpg

Cabin in the woods gjer forsøk på å være morsom og horror på ein gang, men dessverre er den ikkje skikkeleg bra på nokon av delane. Ikkje er det morsomt nok, og horrordelen vert forutsigbar.

Plotet i filmen synes litt uklart til å byrje med. Av ein eller annan grunn får vi bli kjent med nokre byråkratligande personar, før vi hoppar over til ein ungdomsgjeng som skal på hytta. Hytta og gjengen er som tatt ut fra "Evil dead", men berre med mykje større budsjett, og utan den blodige sjarmen derfra.
Der "Evil Dead" er ein regelrett splatterfilm, er det litt tammare i Cabin in the woods.
Men kanskje det er slik at Cabin in the Woods er ein hyllest til nemnde splatterklassikar??

Uansett: Alt går på tverke for ungdomsgjengen, som må unnsleppe skumle skapningar i skogen, før det da viser seg at alt er eit skodespel iscenesatt av byråkratane fra dei første scenane.
Og kvifor dei har satt i gang denne djevelskapen skal forbli hemmeleg til du har sett filmen sjølv.

Cabin in the woods hadde premiere i april 2012, og har gjort det tåleg bra på pengefronten. Budsjettet er oppgitt til å være ca. 60 mill USD, og innspelingsinntektene har vore godt over det doble. Det må jo seiast å være OK for ein midt på treet horrorfilm.

For dette er midt i sausfatet. Ikkje er det veldig bra, men heller ikkje dårleg. OK tidtrøyte, men definitivt ikkje meir.
Eg gir filmen ein for noko meir fortjener den ikkje.

Høgdepunkt: Når vaktstyrken vert slakta av dei frigitte monstra.

Lavmål: At den dopa dusten klarer seg gjennom heile filmen, eller....?

World War Z

Zombiefilmar er i skotet som aldri før, ikkje minst takka være TV-suksessen "The Walking Dead".

Men stort sett er zombiefilmar også einsbetydande med lågbudsjett, og dermed er ofte kvaliteten så som så.
Eitt heiderleg unntak i nyinnspelinga av "Dawn of the dead" fra 2004, som var veldig bra.

World War Z har hatt ein teaser ute i lenger tid nå, og den har sett svært lovande ut. Filmen bygger på romanen av samme navn, men med nokre vesentlege forskjellar: Boka er liksomintervju med overlevande etter den store Zombiekrigen, og går over fleire år.

File:World War Z poster.jpg
Filmen har pressa ned tidsramma til å gå over dagar, og med hovedrolleinnehavar Brad Pitt i omtrent alle scenar. Men det skulle kanskje berre mangle, det er jo hans firma som kjøpte filmrettane...

Filmen opnar med Brad i rolla som tidlegare FN-arbeider Gerry Lane. Saman med familien sit han fast i køen i New York da noko forferdeleg skjer. Det kjem brått folk stormande fra alle kantar, og nokre av dei angrip "oss", som så vert til ein slags gale monster igjen. Denne forvandlinga skjer på berre 12 sekund, så det er ikkje rart antallet zombiar veks rimeleg fort.
Vår helt og familen kjem seg såvidt ut av byen, og vert innlosjert for natta hos ein vennleg spansktalande familie. Neste morgon skal dei rømme med helikopter fra eit hustak, og det er såvidt dei held unna...
Det er faktisk den mest spennande scena i heile filmen.

Gerry, eller Brad hvis vi foretrekk det, kjem seg ut på eit hangarskip og får beskjed om å hjelpe til. Hvis ikkje; Rett i land.
Så derfra får turen til Korea, Israel og Wales. Kule scenar fra Jerusalem forresten, men tvilar på at den heilproffe israelske hæren hadde godteke den bråken som oppstod...

Det er ikkje meir å røpe, annan enn at det etter premieren er satt i gang arbeid med ein oppfølgar. Filmen, som hadde eit hyggeleg budsjett på knappe 200 mill USD, har nemleg blitt ein stor suksess, og dreg inn kroner så det held. Sidan premiera 2. juni har filmen tjent inn over 400 mill USD, så det teiknar til å bli kroner for Brad og firmaet hans.

Aberet med filmen er nokre logiske bristar her og der, t.d. med den nemnde israelske hæren.
Men det kan ein leve godt med. Eg ser fram til oppfølgarane, for det er nemleg planlagt tre filmar i denne serien, det blir jo.... interessant....
Høgbudsjettszombiefilm er alltid gøy, men eigentleg kan ein vel knapt kalle desse drapsmaskinene for zombiar slik som vi kjenner dei fra "The Walking Dead" og Romero sine "......of the dead". Brad sine zombiar er raske, sterke og adskillig farlegare enn dei trege subbande tinga fra nemnde seriar.
Eg sat att med eit inntrykk at dei var meir som dei smitta fra den fantastiske "28 days later".

Men eg lever godt med raske zombiar, nå dei er så godt laga som dette.

Så skal du sjå berre ei  zombiefilm heile ditt liv, så er dette eit svært godt alternativ.

Terningkast:



Høgdepunkt: Når Brad må komme seg ombord i helikopteret på taket.

Lavmål: Den israelske hæren som tilsynelatande står og søv når musikk og sang lokkar zombiane til seg på utsida av muren rundt Jerusalem.

torsdag 11. juli 2013

Turrapportar, topptrimmen 2011-2013.

Eg veit ikkje kor interessant det er, og om det er nyttig veit eg heller ikkje...
Men for dei som måtte ha interesse av det, så kan ein kanskje få litt informasjon.

Først om Nonhaugen

Her er om Store Soleibotntind.

Litt om Vivakulen.

Her er det info om turen til Ingebjørgfjellet.

Turen til Kinnfokfjellet.

Om Store Haugmelen.



Dei to toppane eg tok første året, Vorfjellet og Myrhyrna, har eg ikkje skreve om.
Det er imidlertid dei to lettaste toppane, og spesielt Vorfjellet er jo ikkje meir enn ein kveldstur no til dags. Der køyrer vi no heilt opp på Brunestegen, og ein har såleis berre 400 høgdemeter å gå. Turen til Vorfjellet er no vorte ein av våre mest brukte fjellturar etter at Bygdelaget merka stien opp dit.

Når det gjeld Myrhyrna så køyrer ein no heilt opp til Vanndalsvatnet, og derfra er tydeleg merka sti. Litt opp og ned, men ein grei ettermiddagstur. Vanndalsvatnet ligg på 1045 m.o.h. og Myrhyrna er på ca. 1450 m.o.h.


God tur!

Topptrimmen 2011-2013, turrapport Nonhaugen.

Da var det på tide med årets første topptrimrapport, dette treårige "finn-toppar-i-Luster" prosjektet til Luster Turlag.
Har tatt sju toppar før, så det var nr. åtte som stod for tur nå, og det var ein av dei meir krevjande, iallfall i utgangspunktet. Nonhaugen, som er beliggande mellom Fortun og Skjolden på Årdalssida, hvis vi kan kalle det så, er ikkje så høg, berre knappe 1300 m.o.h. Aberet er at ein må byrje å gå heilt nede fra Fortun, ca. 20 m.o.h.....
Det er altså snakk om ein ganske stor høgde som skal forserast.
I foldaren som Topptrimmen har gitt ut, så er turen opp anslått å ta 4-5 timar, eller 3-4 timar fra Berdalen.
Da eg har høyrt på "erfarne fjellfolk", så bestemte eg meg for å starte i Fortun. Vegen opp til Vetleåsen har eg gått før, og på kartet er det merka skogsveg vidare til Furåsen. Ein skal nytte kart "Lusterfjorden", nr. 1417-1, målestokk 1:50 000.

Vegen opp til Furåsen er farbar med sykkel for dei som har litt trening. Du må sikkert gå av her og der, men nedatt er det sikkert moro...
Berre pass på for det er rimeleg høgt ned einskilde stader, SVÆRT høgt faktisk, og vi snakkar ikkje om titalsmeter, men eit parhundre.
Eg angra på at eg ikkje tok med meg sykkelen min, for det hadde spart meg ein del tid. MEN, det å sykle opp her er altså for dei som har trilla ein del på førehand. Furåsen ligg på over 400 m.o.h. og det er ca. 3,5 km. opp.

Fra Furåsen skal ein gå over grassletta, og gjennom ei grind oppimot skogen. Det skal være ganske greit å finne fram til denne grinda, berre sjå over sletta. Da eg kom inn i skogen måtte eg stoppe nokre sekundar for å finne stien vidare. Så oppdaga eg nokre gamle raudmerker, og ein ganske bra sti. Denne gjekk opp til den gamle vårstølen til Furåsen, ein støl som heiter Hovden.
Der vart det straks litt meir utfordrande å finne fram vidare, men på den andre sida av stølen hang det ein liten plastpose, og den var neppe knytta fast av seg sjølv, så eg gjekk dit. Det medførte litt fram og tilbake i eit minutt eller to, men så kom eg innpå ein ny sti. Denne var nok ikkje så mykje brukt, men bedre enn frykta. Stien skal ein følge til ein passerer Lauvhovden på kartet. Da er det nokre myrparti, og det kan være litt vrient å finne fram. Uansett er det berre å krysse myra, og så kjem ein til elva som kjem ned v/Vassbakken. Her må ein vasse over. I dag var elva lita, så vatnet rakk meg ikkje meir enn til midt på leggen. Det var ikkje meir enn nokre få meter å vasse heller, så det var uproblematisk.

På dette tidspunkt var eg komen ca. 740 m.o.h. og skogen bar preg av å komme i høgda. Fra andre sida av elva er det berre å gå oppover, og er ein heldig så finn ein eit rimeleg bra tråkk etter andre topptrimmarar. Eg følgde dette heilt til eg kom over tregrensa og det vart meir stein/fjellgrunn.
Fra ein kryssar elva og opp til toppen stig det jamnt heile vegen utan avbrekk. Ca. 500 høgdemeter på ein kilometer skal ein opp, så her får ein prøvd seg litt. På dette tidspunkt holdt flugene på å gjere meg gal, og eg håpa at det skulle være litt vind over tregrensa, men i dag var det sjølvsagt ikkje eit vindpust, enda til på 1200 m.o.h.

Det kan være ein smule krøkkete å komme seg opp til sjølve toppen, men dersom ein må snu, så er det berre snakk om å endre retning nokre få meter. Ein kjem til to toppar ganske tett ved kvarandre, kanskje berre 50 meter i mellom, og boksen ligg i den lengst innpå.
Eg var på toppen i berre nokre få minuttar, tok eit par bilder og skreiv navnet mitt i boka, klyppa kortet og fekk på lang bukse og gensar. Flugene var der i hopetall, og til å bli heilt desperat av. Eg gjekk nedover så fort eg torde, berre for å komme vekk fra insekta, og bevilga meg ein Colaboks og ein Cubasjokolade litt lenger nede i bakken.

Eg presterte å snuble også, datt ned ein liten fjellskrent og rakk å tenke: "Håpar det er mobildekning her oppe."
Men det gjekk bra. Det var slitte sko som var årsaka, så nå har eg kjøpt nye.

Eg stoppa litt nede i bakken for å kontrollere GPS-sporet, og fann da ut at eg stod midt i det tråkket som eg hadde tatt oppover. På steingrunn er det ikkje alltid like lett. Følgde så tråkket vidare ned til elva, som eg kryssa på akkurat samme plass som på tur opp.

Turen nedover gjekk veldig greit, og eg møtte eit par nedanfor Furåsen. Det var dei einaste folka eg møtte på heile turen.
Eg kom nedatt i Fortun ca. fire timar og tre kvarter etter at eg gjekk fra bilen. Eg brukte to og ein halv time opp, og gjekk stort sett heile tida, stoppa kun for å ta bilder. Mat åt eg ikkje, anna enn sjokoladen, samt 1,7 liter drikke. Hadde tatt ei RedBull og ei banan i bilen, det var nok drivstoff. Har vore mykje meir sliten etter andre turar.

Utfra GPS-en så var det ca. 7 km. å gå til Nonhaugen fra Fortun, og dei totale høgdemetrane var 1350. Eg gjekk ikkje så veldig fort, men eit jamnt tempo utan lange pausar. Kun korte stopp i samband med klesskifte på toppen, og kryssing av elva.


Oppsummering: Flott tur, med eit visst lokalhistorisk aspekt. Her startar vi ved middelaldarkyrkjegarden i Fortun (er det ikkje noko som helst stell av denne???), og går opp til den nedlagde plassen Vetleåsen. Furåsen var ein fin plass, mykje større der enn eg trudde. Det var også fin utsikt til Luster Turlag sine flotte bygg på Fuglesteg. Og når ein kom opp på Nonhaugen var det panoramautsikt til Breheimen/Jotunheimen så langt ein kunne sjå.
Så, sjølv om det var ein litt tyngre tur,  så var det eigentleg greit å gå. Det gjeld berre å halde auga opne, og følge med når ein skal vidare fra Hovden. Andre har sagt til meg at ein IKKJE må gå for langt innover i dalen, så derfor, kryss elva tidleg etter Lauvhovden, og sjå etter tråkk fra andre topptrimmarar.

Nå: Bilder.

Dette er i Vetleåsen, og som ein ser var det ikkje så nøye kor kraftlinjene vart plassert før i tida...

For å komme til Furåsen fra Vetleåsen må ein over ei bru, og der tok eg dette idylliske bildet.


Dette er det no nedlagde bruket Furåsen. Iflg. Gards og Ættesoge for Luster vart garden rydda i 1650 åra. No har det vel ikkje budd folk der fast sidan 1960/70-talet.

På vegen opp mot Hovden er det fleire fine fossar.

Når ein først er komen over tregrensa er det fin utsikt.

Eg prøvde meg på eit panoramabilde her, men det var så innihelsikes irriterande med alle flugene som surra omkring, at det vart noko ustødig. 

Vi ser nedatt i Skjolden, og innerste delane av fjorden.

Her ser vi inn mot Jotunheimen, Skagastølstindane og Store Soleibotntind, som broderen gjekk opp i dag.

På tur nedatt tok eg dette bildet av Furåsen. På motsatt side av dalen ser vi det nedlagde bruket Gjerseggi. Denne garden vart iflg. Gards og ættesoga nedlagt i 1968 grunna rasfare. Kanskje ikkje så rart.

Nedatt mot Fortunsdalen og Sognefjellsvegen. Nærast ser vi Hovden, dernest Fuglesteg, og lengst inne i dalføret kan vi skimte Ormelid.

Ned til Furåsen går det løypestrengar fra vårstølen. Antaglegvis er det ei tid sidan desse vart nytta.

På veg nedatt fra Furåsen ser ein kvifor garden fekk namnet sitt, og på hylla oppe i fjellsida ser vi Fuglesteg.