onsdag 19. juni 2013

"Norsk politi slaktes"

Det er komen ein ny rapport som viser at det norske politiet ikkje lir av ressursmangel, men av dårleg leiing og byråkrati.

Bombe.

Rett nok var ikkje dette årsaka til at eg slutta i etaten for over ti år sidan, men byråkrati var det såmenn den gang også.

Norsk politi er det mest ineffektive i Norden, og TV2 har i kveld oppslag om ei bygd som har danna borgarvern da det lokale lensmannskontoret berre har ope ein og anna dag.
Med oppretting av borgarvern er vi ute på ville vegar.

Og det er, dessverre, til ein viss grad forståeleg at eit lokalsamfunn ser seg nødt til å opprette eit slikt vakthald. Det må være det offentlege si plikt å verne om lovleg verksemd, og å sørge for at borgarane kan føle seg trygge på alle vis. Når det offentlege sviktar, så ser ikkje innbyggarane anna råd enn å ta skeia i eiga hand, og det er ikkje akseptabelt.

Utover på 1990-talet var det stadig snakk om at etaten måtte effektivisere seg, og få folk ut i gata.
20 år seinare har det stikk motsatte skjedd. Pengane renn inn i justissektoren, og stadig færre politifolk er å sjå. Kva er det som er totalt gale?
Kvar gikk det så hinsides feil avstad?

Svar: Svak leiing på øverste nivå i årevis. Vi har hatt nikkedokker som har dansa etter departement og direktorat si pipe. Vi har hatt fagforbund som har gjort jobben sin utan tanke på at politiet er der for samfunnet sin del, og ikkje motsatt. Tidlegare fagforeiningsboss Arne Johannessen gjorde unektleg ein svært god jobb for "seg og sine medlemar", men om alt var så samfunnsnyttig, sjå det er ein annan sak. Ellers er det ei historie for seg at Johannessen, som privat er ein veldig hyggeleg mann, på TV framstår som den reine bulldog når han er fagforeiningsboss.

Forslaga som no er komne inneber drastiske endringar i norsk politi, og det vil garantert bli ramaskrik. Politiet er nemleg ei konservativ yrkesgruppe som ikkje finn seg i endringar kvar dag. Eller kvart tiår for den saks skuld. Bla. tok det årevis å endre navn fra Politikammer til Politidistrikt. Som om det skulle bety noko.

Men endringar må til.

I Luster skal det lokale lensmannskontoret være stengt nokre veker.
I gamle dagar, dvs. berre for 10-12 år sidan, hadde det vore utenkeleg. Luster kommune, med eit flatemål større enn Vestfold fylke, og med tusenvis av turistar i fjell og på bre, vil være utan lokale tjenestemenn/kvinner i vekevis.
Motargumentet vil være at det er beredskap i Sogndal, og at det såleis vil bli godt ivareteke.

Beklager, det er ikkje godt nok. Det er faktisk elendig service ovanfor oss, innbyggarane i kommunen som faktisk betaler lønna til administrasjonen som har funne på dette usedvanleg dårlege forslaget.

Dei siste åra eg jobba her var vi alltid minst to på jobb, heile sommaren. Rett nok kunne det ei veke eller to være berre ein kontoransatt og ein tjenestemann, men det var i det minste ope, og vi kunne rykke ut på t.d. ei trafikkulukke eller ein brann, eller ein leiteaksjon. I tillegg hadde vi da Sogndal i bakhand, som på den tid hadde opptil fleire tjenestemenn/kvinner som kunne bistå i tilfelle.

Eit eksempel: For ca. 12 år sidan var vi to stk. på jobb i Luster, og så kom det inn melding om at nokre utlendingar hadde reist avgårde med ein stolen bil oppover Sognefjell. Sognefjellsvegen er som kjent til dels smal, og tjuvane måtte stoppe for ein buss som kom nedover. Nokre snarrådige lokale fekk fjerna ein vesentleg motordel i den stolne bilen, og der stod dei. Bomstopp på ein smal og svingete vestlansveg.
Veldig bra gjort!
Vi fekk telefon inn på kontoret, og eg, som da var eldst og hadde "kommandoen" hadde ikkje hjarte til å sende min unge kollega ut åleine. Eg skulle på ferie kl. 1200, men det fikk så være.
Så vi ringte Sogndal som kom inn etter oss, og drog med ein gang innover.
Ca. tre kvarter tok det fra bilen stoppa til vi kunne pågripe tre unge utanlandske menn, med ein stolen bil full av tjuvgods. Vi fikk, grunna god lokalkunnskap, endatil tak i ein lokal tolk som hjalp oss.

Dei tre nellikane vart frakta til Sogndal, registrert med foto og fingeravtrykk, tjuvgods vart spora opp, og dei tre vart utvist to dagar seinare.

I dag er noko slikt heilt utenkeleg. Da hadde antaglegvis dei som stoppa bilen blitt satt til Florø, som neppe hadde hatt nokon å sende ut, grunna eit eller anna regelverk eller manglande personell og beredskap. Dette var jo trass alt ikkje noko fare for liv og helse, men sikkert enormt irriterande for t.d. han som eigde bilen.... For ikkje å snakke om butikkane som nå faktisk fekk att tjuvgodset sitt.

Det verkar som om byråkratane i departement og direktorat rett og slett meiner at vi må tåle å bli utsatt for såkalla "kvardagskriminalitet". Det at ein butikkeigar tek folk på fersk gjerning, og så opplever at politiet ikkje kan rykke ut, det må være enormt øydeleggande for tillita til samfunnet som beskyttar av lovleg verksemd.
Enda verre er det t.d. ved ulukker. Ein opplever at politiet, som skal være den leiande koordinator på t.d. ein brann, ikkje kjem fram før brannen er slokna....
Ein ting er det beredskapsmessige og funksjonen på skadestaden, det andre er at ein risikerer tap av verdifulle opplysningar i høve etterforskninga seinare.

Men slike bagatellar er tydelegvis heilt OK i det byråkratiske justisvesenet. Det er ein  skremmande arrogant haldning, og vitnar om at borgarane er kun ting, og ikkje lovlydige menneske som har krav på god beskytting og hjelp.

Vi får håpe at det vert røska opp ein del nå. Av totalt 11 500 politiansatte, så arbeider over halvparten med fjas, dvs. papir, papir, papir, papir. Usle 5000 av dei 11500 arbeider med politioppgåver. Det er jo hårrreisande. Den eine halvparten (ja, meir enn det) skal altså administrere kva den andre halvparten driv med. Gudbedre.


Ein ting er sikkert, eg hadde fått pustevanskar første dagen skulle eg byrja i etaten att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar