mandag 10. juni 2013

LustRabalder

Fort det går ei helg.
Og i Parken har det vore ei hektisk helg vil eg tru.
Der var det nemleg rabalder både fredag og laurdag. Slikt musikkrabalder som vart arrangert i fjor for første gang.

Hyggeleg at arrangørane tok på seg å lage rabalder ein gang til, no med kanskje enda bedre program???

Var i grillbua på fredag, som ein del av den årlege dugnadskvelden.
Som vanleg åt folk som hestar når det nærma seg natta. Vi var fem stk. som jobba på høggir ein periode, men det gjekk rimeleg greit.

Musikken var for meg stort sett ukjent, men eg fekk iallfall med meg at ein svensk gjeng med lokalt innslag var på scena. Kanskje ikkje det enorme publikumet akkurat da, men dei hadde iallfall ein låt som heitte Youngblood, og som minna meg om Gluntan sin "Trondhjæm Trondhjæm at æ reist i fra dæ".

Det var iallfall full fyr da Sirkus Eliassen var på scena. Ja, og så fekk eg med meg ein sang om ein supernova. Men har ingen aning om kven som sang.

Dette er nemleg aberet med å grille: Ein får liksom ikkje ta så mykje del i det som skjer på scene og blant publikum.
Uansett; Det viktigaste var at det var brukbart vær, masse folk og god stemning.

Laurdag kveld skulle headliner Plumbo avslutte heile gildet, og eg vart sendt ned denne kvelden også.

Etter å ha stått i grillbua i fem år(dog ikkje samanhengande...), så var det på tide å prøve noko nytt, så kvifor ikkje  være scenevakt??

Som sagt, så gjort. Saman med andre av bygdas fremste(?) kvinner og menn skulle vi gjere scena trygg for artistane. Nå var det faktisk høve til å få høyre litt musikk også, samt sjå på stemninga.
Som forventa vart det ein del folk i ølavdelinga, noko som kanskje ikkje er så rart, og som skuldast eit molboregelverk av ei anna verd. Men det skal vi komme tilbake til.

Første innslag på scena, framfor ein tom sal,var dei lokale representantane i forsterka utgåve.
Både slekt og nabolag var med, og fin fengande musikk med eigen vri. Folk kom det også etterkvart. Ein hyggeleg time var det.

Neste band vart den første positive overraskinga denne helga, nemleg Tyyl fra Sogndal. Gitarbasert eigenkomponert (så vidt eg oppfatta det) rock som eg fekk verkeleg sansen for. Imponerande forestilling framfor lite folk, men dei som var der likte openbart det som skjedde.
Full guffe heile tida, og desse skal eg få med meg meir. Verkeleg bra var det.
Einaste aberet var at eg nesten ikkje forstod eit ord av det som vart sunge, det var jo sogndalsdialekt må vite. Musikken var uansett kanon.

Og så, Plumbo. Har hatt ei forestilling om at dette er eit slags rølpeband, og det er det kanskje. Men folk var tidleg framfor scena for å få ein god plass. Det nye sikringsgjerdet var veldig bra, og det var ingen fare for at noko ille skulle skje. Det einaste måtte være at ein eller annan ramla over til oss, eller at det vart trangt på nokon.

Og rølpemusikk var det kanskje med refreng som gjekk på drikking og bilar, og generelt lett gjenkjennlege tema for publikum.
Plumbo har hatt ein hit i Møkkamann, og den kom som ekstranummer. Da hadde dei holdt på i nesten halvannan time, og da var det bra kok i salen.

Plumbo vert kanskje sett på som eit harryband av nokre, kanskje spesielt sine musikarkollegaer. Men dei fortjener ros for si framferd i Parken denne kvelden, iallfall så vidt eg har fått med meg. Etter konserten så kom dei ned til oss framfor scena, og småprata med publikum. Eit glass vin i handa og hyggeleg avslappa prat med fansen, samt at nokre fekk komme inn på det grønne rommet utpå natta. Her i huset er vi t.d. dei stolte eigarar av skjorta til vokalist, gitarist og frontfigur i bandet. Samt ein del bilder såklart. Det er jo ikkje kvar dag vi møter rockestjerner, den siste var Hanken i Turboneger sommaren 2009. Har bilde av det og :-)

Plumbo vart dermed den andre store positive overraskina denne kvelden. Deira framferd til fans kan tjene som eksempel for mange band. Da føreset eg at det ikkje har skjedd noko som eg ikkje veit om. Våre to ungdomsrepresentantar i huset var iallfall veldig nøgde kl. 0300 om natta.


Så må vi gi litt skryt til dei som står bak dette.
Det er antaglegvis masse arbeid som vi ikkje ser, berre det å få tak i alle artistar må være ein kjempejobb.
Forhåpentlegvis har arrangøren eit overskot etter helga også, og vi kan kanskje byrje å glede oss til neste Rabalder??

Til slutt nokre ord om ølserveringa. Gudbedre for noko tull. Her må publikum betale for å komme inn på eit lukka område, for så å måtte inn på ENDA eit lukka område for å kjøpe øl eller cider. Det blir som å være delvis levande eller litt gravid: Anten serverer du alkohol, eller så kan det kuttast ut. Og mitt forslag er: Ølservering over alt inni Parken. Det er ingen problem å kontrollere kven som kjøper, og dersom ein eller annan underårig får i seg Parkenkjøpt alkohol? So what. Dei drikk jo som svampar utanfor Parken, rundt omkring i busker og hagar.

Eit latterleg regelverk som må være påkomme i byråkratisk tåketenking. Spesielt med tanke på at det under Sogn Gamaldansfestival er ølservering på heile området. Forstå det den som kan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar