fredag 29. november 2013

Bjønnaposten 2013

Da har vi fått tak i Bjønnaposten, dette årlege bladet som det lokale idrettslaget har gitt ut no i mange år.
Det er artig å sjå tilbake på tidlegare ugåver, av og til er det både bilder og reportasjar fra gamle dagar, dvs. den gang ein var ung og sprek. (Jøss, DET må være lenge sidan.)

Layouten i bladet er blitt betydleg bedra siste par åra.
Idrettslaget kan med rette være stolte av eit nytt flott nummer, som einkvar Lustraheim burde ha på stovebordet no i desember.

Sjølv om primærområdet for IL Bjørn er Gaupne, Indre Hafslo og Jostedal, så er det fine og gode historiar fra andre deler av kommunen også, slik har det vore i tidlegare utgåver og. Det skal redaksjonen ha all ære av.

Det er som vanleg litt stoff om våre lokale idrettstalent, og vi har faktisk fleire av dei. Spesielt er det i langrenn masse flinke folk, noko som tyder på ei godt dreven skigruppe. Imponert over kva dei har fått til!
Det spørs berre om dei held ut dei treningsmengdene som skal til for å ta steget opp på nasjonalt toppnivå, og dermed også topp internasjonal klasse, når dei skal over i seniorklassa.

Det er også ei svært aktiv handballgruppe med fleire lag i aldersbestemte klassar. Det er veldig bra.
Idrettshallen, som etterkvart er byrja å bli ganske sliten (sjekk taket i dusjane), har vore eit must for utviklinga av handballen i laget.

Så har vi fotballgruppa. Dette er vel den største av alle gruppene i laget, målt i antal utøvarar. Mange av laga har hatt ein god sesong, ikkje minst gjeld dette A-laget, som skulle ha vore i ein divisjon høgare til neste år hvis Årdal hadde hatt eit snev av sportsånd. Dessverre spolerte Årdal sjansen til å utvise fairplay da dei skulle og burde gjort det.
Du veit, fair play er liksom greiaste når ein får fordeler av det sjølv....

Men kjære A-lag: Det bildet de hadde i Bjønnaposten, det burde vore eit anna. ALLE andre lag stilte i bladet opp i drakter, med sponsorar og synlege logoar.
A-laget, som  kanskje er idrettslagets flaggskip, stiller opp i sivilt.....


Uansett: Bjønnaposten må de anskaffe. Sjølv om det hadde vore eit elendig blad så hadde eg kjøpt det berre for å støtte idrettslaget. Men det er ikkje dårleg, det er ei knallbra utgåve.
Laup og kjaup!

lørdag 23. november 2013

IL Bjørn sin julekalender!

Minner om denne.

Dei kom i posten i dag, noko forsinka, men det passa forsåvidt bra, for Bjønnaposten vart også fordelt i kveld.


Både Bjønnaposten og julekalendaren er viktige inntektskjelder for eit lite lag.
Det ligg ein heil del arbeid bak begge deler, og ikkje minst er det verdt å takke alle gode sponsorar, annonsørar og andre som på eit eller anna vis har bidrege.

Det som er viktig nå, er å få salget i sving. Julekalendarane må være ute til 1.desember, naturleg nok.
I år kostar kalendaren 100,- noko som jo er superbillig for 24 dagars spenning. Fine gevinstar har vi fått tak i år også.
Den observante vil sjølvsagt ha lagt merke til at sjølv om 100 spenn er billig, så er det noko dyrare enn i fjor.
Til det er å sei at vi har 500 færre kalendrar i år, kun 1000 stk, så det er jo nesten garantert å vinne.....


I kveld vart Bjønnapostar og julekalendrar delt ut framme på lagshuset, og til alle som lurer på om de skal kjøpe: Såklart de skal. Fotballgruppa, skigruppa, handballgruppa og symjegruppa har alle fått tildelt, og ta godt imot dei når dei kjem.

Eg har i kveld solgt 35 stk. så til dei som vil kjøpe (eller selge): Ta snarleg kontakt, for desse går unna.

mandag 18. november 2013

Ein internasjonal dag på skulen

Vi hadde aldri noko så spennande på skulen da eg gjekk der for ca. 100 år sidan.
Da hadde vi gjerne "Bibelsoge" og pugga salmevers, som antaglegvis er blant det mest unyttige eg har gjort.

Og med "noko" så meines den internasjonale dagen som Gaupne skule hadde forrige veke.
Dagen fekk forøvrig eit oppslag i lokalavisa også, og i tillegg passa det bra etter den triste hendinga i Årdal for to veker sidan.

Vi møtte opp i eit klasserom der vi fikk vite litt meir om Ungarn og Danmark. Nå er jo ikkje det dei mest fjerntliggande landa, men det er jo alltids greit å få vite litt meir, spesielt den danske tellemåten...

I andre klasserom var det litt informasjon om Etiopia, Latvia, Eritrea, Filippinane og Tsjetsjenia som ikkje er ein sjølvstendig stat, men ein republikk i Russland. Men for å sei det slik: Det er forståeleg at folk fra Tsjettsjenia kanskje vil markere litt avstand til dei sentrale styresmaktene i Moskva.

Det var også litt matrettar fra dei forskjellige landa, der noko var godt, medan andre ting var litt meir...uvant.


Eit veldig godt tiltak fra skulen si side, og masse folk var innom.
Eg trur slike treff som dette bidreg til auka forståing mellom oss alle, både "innfødde" og "innflyttarar".
Ein liten reprimande dog: Eritrea har vore ein sjølvstendig stat fra 1993, men på kartet fra skulen var det framleis innlemma i Etiopia. *viftar med peikefingeren*



Som ein kuriositet kan eg referere fra eit stort oppslagsverk fra 1950-talet, der dei skriv om "Afrikanegeren":
"Ja, det stemmer gjerne at negeren har flere koner, og heller vil leve det gode liv enn å arbeide".

Dette står i ei bok som var i mange norske heimar på den tid, og det er slett ikkje noko rasistisk oppslagsverk. Det var nok det gjeldande syn blant mange her i landet i dei dagar.

I eit atlas fra ca. 1960 som eg har heime står det om urinbyggarane i Australia, arborginarane:
"Denne primitive rasen minner mer om steinaldermennesker og aper enn våre dagers moderne mennesker."

Heldigvis har verda gått framover.


søndag 17. november 2013

Ein laurdagskveld i spinningsalen.

Folk finn på mykje rart.
Bl.a. kan det møte opp 15 godt vaksne personar, 10 menn og fem kvinner,  på Luster Treningssenter ein laurdags ettermiddag kl. 1630 for å sitte på ein spinningsykkel i toogeinhalvtime.

Eller; det stemmer ikkje heilt, for dei fleste var nemleg møtt opp i god FØR 1630, antaglegvis for å sikre seg den "faste sykkelplassen" sin. Det var i praksis to timar og 40 minutt på sykkelen...

Spinningsalen på det lokale treningssenteret er ikkje akkurat tillaga for eit slikt stunt, faktisk er det ikkje ein spinningsal i det heile teke.
Men det skal seiast at det er gjort mykje ut av heller lite. Over 20 syklar er det kome på plass, og instruktørplassen er bygd opp slik at vedkommane har full oversikt på forsamlinga.
Det ideelle hadde sjølvsagt vore eit amfi, men ein kan ikkje få alt her i verda.

Brukbart musikkanlegg har dei fått på plass, det er viktig.
Ventilasjonen fungerer også bra, og det bør det sanneleg gjere med ein slik bande svettande individ på plass.

Totalt sett kan vi være godt nøgde med spinningsalen slik han framstår pr. nå.


Laurdagens time baud altså på 150 minuttar køyring med fire såkalla "terskeløkter". Da er det viktig å ikkje komme for høgt opp i puls, noko som kan være fort gjort.
Ein skal tross alt holde på såpass lenge at ein nok skal bli sliten likevel.


Det er første økta som er verst, eller iallfall den første halvtimen. Når det er unnagjort så går det stort sett av seg sjølv.
Mange vil nok synes at det høyres kjedeleg ut å sitte inne og gampe på ein spinningsykkel i over to timar.
Til det er å sei at det høyres verre ut enn det er. Når ein først er i gang, så er det faktisk rimeleg OK. Minuttane og timane går fort unna, og det er utruleg nok aldri kjedeleg, ja med unnatak av oppvarminga, som ein må igjennom.

Til slike økter er det eit must å ta med seg noko mat. Eg hadde med eit par bixit turkjeks, samt ei 0,7 liter vannflaske og ei 0,25 RedBull.
Det gikk med nesten tre heile vannflasker (ein fyller i pausane), og RedBullflaska var med litt for smakens sin del, samt at den tross alt inneheld ein del ekstra "power". Dessutan var det tilbud på slike flasker på Spar i dag.


Kven som var der?
Vaksne. Nesten alle var over 40, og da vil ein sjølvsagt sei at "det er vel 40-års krisa", men nei.
Såvidt eg kjenner til har alle som var der trimma meir eller mindre heile sitt liv, på eit eller anna nivå.
Det å spinne i 150 minutt er ikkje for førstegangsspinnarar, for ein vert sliten, og skal ha hatt nokre timar på sykkel før ein gir seg ut på ei slik økt.


Eg syntes dette var ein veldig fin time, og vil gjerne oppfordre treningssenteret til å ha fleire slike økter, kanskje ikkje kvar helg, men slik innimellom. Eg vil tru at dei fleste som var der hadde ei fin økt, og gjerne stiller opp på nytt.
Og forresten; Klarar du 90 min, så klarar du dette også.

fredag 15. november 2013

Min (fotball)kamp, del VI

Da den aktive karriera var slutt, enda eg ikkje visste det sjølv, så vart det overgang til den myteomspundne bedriftsfotballen.
Hausten 1993 byrja eg å trene med mine kollegaer på Asker og Bærum Politikammer som det heitte den gang. Det var inne i ein liten gymsal om vinteren, men før den tid rakk eg iallfall å få være med på PM i fotball i Harstad. Det var ein heil bit å reise for å spele litt fotball, men så lenge det var i arbeidstida så var det OK.

Asker og Bærum PIL hadde eit brukbart fotballag, iallfall til bedriftslag å være. Vi var med i innandørsserien på vinterstid der vi spela seksarfotball i ein slags lagerhall på Kadettangen. Det gjekk ganske bra minnes eg, men det vart ikkje skikkeleg skøy før utandørssesongen starta i mai 1994.
Nå var det ikkje lenger avstandar å snakke om, neida, her var det berre nokre få kilometer mellom banene på det meste, og alt føregjekk innanfor kommunegrensene til Bærum.
Det er to kampar eg hugsar spesielt. Den eine var mot fengselsvesenet på Ila. Fengselet var liksom erkefienden vår, sidan det tross alt var ein nært beslekta arbeidsplass.
Eg var med på ein kamp mot dei, og det vart reine krigen. Kampen gjekk i flott sommarvær og vi spelte på det kanskje flottaste grasdekket eg har satt mine fotballsko, nemleg grasbana til Ila landsfengsel og sikringsanstalt. Der var det innsatte som stelte bana dagen lang, og ellers var det kun A-landslaget som trena der.
Kan jo føye til at dei innsatte på Ila også hadde eige lag ein periode. Dei spelte kun heimekampar....

Vi spela uavgjort  2-2 mot fengselet, og eg må sei eg lurte på kva oppgåva til dommaren eigentleg var. Blåse i fløyta var det iallfall ikkje.
Dei som spelte desse kampane var gjerne store, sterke menn med meir innsats enn teknikk, og taklingane likna ikkje grisen. Merkeleg nok greidde vi å takke kvarandre etter kampen.

Dette var likevel berre ein forsmak på ein kamp vi skulle ha mot eit innvandrarlag fra midtausten. Dei kalla seg PARS, men vi hadde intern moro av å kalle dei HASJ.
Enkel humor.

Kampen gjekk føre seg på ei grusbane oppi Lommedalen ein stad, og vi tok tidleg leiinga.
Så hugsar eg at ein av våre vart utsatt for ein openbar grisetakling, der gjerningsmannen fekk gult kort. Men politifolk på fotballbana har gjerne kort lunte, og det måtte sjølvsagt hevnast....
Deretter vart det berre verre.
Dommaren, som også hadde med seg linjemenn, mista totalt kontrollen, og gjorde fleire grove feil, i noko som verka til å være panikk. Han var like ille til begge sider, sjølv om vi der og da mistenkte han for å ha fått ei trafikkbot samme dag.
Det var på randa til å bli masseslagsmål, men vi klarde på ein forunderleg måte å besinne oss.
Kampen ebba ut med lassevis av gule kort, og med det eine målet vi fekk tidleg i første omgang.
I ettertid kan ein le av dette, men hadde det komme for ein dag, så kunne det blitt skandale:
"Politilag i masseslagsmål med asylsøkere på fotballbanen!"

Hausten 1994 byrja eg i ny jobb på Romerike, nærare bestemt på Lillestrøm. Der var det og bedriftsserie, men kun sjuarfotball, ikkje 11-ar som i Bærum.
Men det var ok for min del.
Eg melde mi interesse for den lokale oppmannen, og alt samme kveld kunne eg få være med på kamp, mot Kløverlia borettslag i tredje divisjon Nedre Romerike....
Det må ha vore det dårlegaste fotballag eg har spelt mot EVER.
Første gang eg fekk ballen, så tenkte eg: "Er det ingen som skal gå på?"
Neida, eg kunne omtrent spasere ballen i mål. Eg putta på eit par kjappe før eg forstod at det kanskje kunne være ein smule humant å roe ned litt. På opplagde målsjansar spela eg ballen til mine kollegaer, som iallfall putta på nokre mål, sjølv om det like gjerne vart eit sleivspark.
Eg scora fire mål i den kampen, og skulle lett ha laga ti hvis eg hadde vore litt meir ego.

Heldigvis var dei andre laga i serien ein smule bedre.


Da vi flytta heimatt til Sogn i 1996 var det aldri aktuelt å spele aktivt igjen. Men i det minste kom eit lag med avdanka Bjørnspelarar heilt til finalen i Lustraturneringa det året. Det syntes vi var bra gjort.
Dei neste åra vart det berre hobbytrening med oldboyslaget, som vi no hadde fått stabla på beina, samt ein tur til PM i innandørsfotball, bl.a. til Moss to ganger, og ikkje minst til eit galehus av eit meisterskap i Bergen.
Galehus, fordi omtrent alt verka til å være tillatt. Hårreisande taklingar som ville kvalifisert til ubetinga fengsel dersom det hadde skjedd ute i gata.

I Sogndal fekk dei på plass noko som heitte Kjempenes Liga, inspirert av Champions League, på slutten av 90-talet. Dette var ei turnering for avdanka fotballkjendisar i Sognebygdene, og Bjørn, eller var det Luster (?) stilte med lag. Det var moro, heilt til vi møtte Vik eit år. Dei hadde med eit par aktive, og la openbart all si prestisje i å vinne det som skulle være ei moroturnering. Stygge og harde taklingar, og da bestemte eg meg for at denne driten gadd eg ikkje være med på.
Den siste turneringa eg var med på var Veteranturneringa i Lærdal/Årdal. Der vant vi første året den vart arrangert, i 1998 eller 1999 var det vel. Sidan kom det med mange andre lag fra både inn og utland, og da var ikkje det så moro lenger heller.

Eit par år etter siste cup vart eg spurd om eg ville være med prestekontoret si fotballtrening. Det var hyggeleg å bli spurt, og til eit slikt tilbud gjekk det sjølvsagt ikkje an å sei nei. Presteelementet vart kanskje noko utvatna, men det var iallfall ein høg andel av religiøse personar som var med. For ein praktiserande ateist var det både hygleg og uvant å være i eit slikt selskap. "Hygleg" fordi dei truande var.... ja...hyggelege....
Dei var like engasjerte som alle andre fotballspelarar, men ordbruken var heldigvis ein del annleis enn det eg hadde vore vant med fra den aktive karriere, kanskje spesielt på Bjørn på midten av 80-talet. Det var definitivt ikkje ein stad for sarte sjeler...
Det var på prestetreninga eg for første gang fekk oppleve strekkskader. To ganger i venstre lår for tre-fire år sidan, og no sist på mandag i høgre legg.


Høgdepunkt i karriera?
Næ, ingen?
Jo, nokre gullaugeblikk har det da vore. Det å slå Sogndal 2-1 i 1987 var unektleg ein sterk prestasjon.
Det var også godt gjort å komme til semifinalen i Mjøndalen i 1981.
Samt opprykk fire år på rad.
Eg var også med på laget som vart nr. 2 på Politiskulen, da fekk vi ein mildt sagt grusom premie, ein eller annan brun glasdings som eg sikkert har "mista"

Men den største og mest uventa av alle prestasjonar var da vi som ein sammanraska vennegjeng vant Lustraturneringa i 1990. Ingen av oss spela aktivt på det tidspunkt, og førebuingane var totalt fraværande. På den tid var Lustraturneringa i januar, og gjekk på laurdag og søndag. Vi var sjølvsagt ute og pilsa som nokre svin både fredag og laurdagskvelden, og var vel knapt nok edru spesielt da vi gjekk utpå bana den søndagen. Så tapte vi da også den første kampen som gjekk kl. 0900. Eg vakna 0845, reint tilfeldig, og var førstemann fra laget som var i hallen. Det seier vel sitt.
Men kvaliteten på turneringa var altså ikkje bedre enn at vi kunne gå av stad å vinne heile greia, men du verden: Beina var som tre i dagane etterpå, for vi spelte jo heile kampane, og det var faktisk veldig slitsomt i lengda.

Men nå er det over og ut. Det er ikkje eingang vemodig når ein veit at kroppen ikkje tåler det lenger. Fornufta har vel omsider vunne.



torsdag 14. november 2013

Min (fotball)kamp, del V

Hausten 1988 flytta eg til Sandane for å bu der eit år i saman med praksisperioden på skulen eg gjekk på.
Sandane hadde ein fin historie i fylkesfotballen, og hadde i fleire år vore i daværande tredje divisjon.
Dei hadde rykka ned derfra nokre få år tidlegare, og var veletablerte i fjerdedivisjon.
Trudde dei.
Hausten 1987 gjekk dei på tap etter tap, og dei måtte ned enda eit hakk.
Dermed bytta dei og gamleklubben min, Bjørn, plass, så eg fekk aldri høve til å komme heim for ein bortekamp.
Det var også tre andre klubbar i Gloppen, Sankam fra Sandane og Brodd fra nabobygda på sørsida som eg ikkje hugsar namnet på. Desse to spela i sjuande divisjon, og oppe på Byrkjelo eit par mil lenger mot Skei, heldt Breim til.
Dei sistnemnde hadde eg møtt med Bjørn i sullikperioden, dvs. fra 1982-1985. Da hadde vi tapt, og Breim var no i samme divisjon som Sandane, for første gang i historia. Det var ei viss rivalisering dei to klubbane imellom, slik det skal være mellom gode(?) naboar.

Treninga starta opp tidleg på vinteren, utandørs, enda det var hall på Sandane. Det var gamaldags trening med felles joggetur og greier.
Målsetninga var å rykke rett opp att, for det var nesten eit folkekrav at vi ikkje kunne være på samme nivå som "bøndene på Breim".

Vi hadde ei rekkje treningskampar utover våren, men eg sleit med å finne min plass i systemet. Ein ting var at dette laget var ungt, med berre ein tre-fire superveteranar, men det var også ein andektig gjeng, fjernt fra den smårølpete banden eg hadde spela med i Bjørn. Berre det å sleppe ein fis hadde nesten blitt sett på som umoralsk i Sandane.
Men det var hyggeleg folk der, og seriøst opplegg, det skal dei ha. Innandørsturnering i romjula hadde vi endatil.
Eg prøvde å karre til meg ein plass framover på bana, da eg på ein treningskamp oppdaga at den eine trenaren hadde omtrent einerett på venstrebacken uansett. Sjølv om han kun var trenar, og aldri spelte på treningane sjølv. Det var ei pussig ordning syntes eg.
Eg sleit meg inn på laget som angripar etter nokre kampar, og fekk jammen putte på eit mål borte mot Holmedal. Deretter gjekk det gradvis nedover att, heilt til eg skulle byrje på siste utdanningsåret mitt i Oslo i september.
Året i Sandane var dermed langt fra vellukka, men vi rykka opp med klar margin, og eg fekk være med på mitt fjerde opprykk på like mange år.
Bjørn derimot, rykka ned att etter ein katastrofesesong.

I 1989 meldte eg overgang til Bjørn att da eg fekk pliktåret i Årdal. Det gjekk an å kombinere med litt femtedivisjonsfotball, som eigentleg var eit passe nivå. Der kunne vi henge med utan å trene anna enn for moro eit par ganger i veka.

Eg fekk min første kamp på heimebane mot eit lag som eg ikkje hugsar kva var. Det var litt krisestemning da, for helga før hadde supermålscoraren blitt utvist borte mot Dale. Eg hadde vore med ut på Dingemoen, og var speleberettiga da og, men ryggen sa nei. Dermed måtte eg vente til helga etter, og det enda jammen med at eg vart utvist, for første og einaste gang i heile mi karriere.
Vi leda 2-1 da eg vart utvist "for å frata motstandaren ein opplagt målsjanse", og det var heilt OK. Eg hadde forresten fått gult kort før i kampen for å ha sagt "Jammen Tommy da!" til dommaren, da eg ikkje var einig i ei frisparkavgjerd. Kanskje han skulle hevne seg for tabbemålet eg scora på han i 1985?
Uansett måtte eg tusle i garderoben, sikker på at eg hadde berga i det minste eitt poeng. Men med eitt minutt att, og akkurat da eg runda hjørnet oppe ved symjehallen, så utlikna det andre laget. Eg gjekk inn i garderoben, og hadde knapt fått av meg skoa før resten av laget kom etter. Kampen var slutt, og dei hadde jaggu prestert å sleppe inn enda eit mål.
Dermed fekk eg karantene, og det var først på hausten det var sving på sakene att. Trur vi enda på ein tredje-fjerde plass det året, noko som var greit nok. Hadde aldri ambisjonar om noko meir.
I 1990 fekk vi inn att trenaren fra 1988, dvs. det året eg ikkje spelte på Bjørn. No skulle det verkeleg bli liv og satsing!
Det vart stikk motsatt med tid og stunder....
Det vart altfor mykje surr. Stadige skifter på laget, rokkeringar hit og dit, og systemsnakk som ingen forstod eller brydde seg om. Men vi trente bra, og var i god form, noko som gjorde seg utslag i ein sterk haustspurt der vi gjekk 8-10 kampar på rad utan tap.

I 1991 fortsatt vi med samme trenar, men nå var beina mine så øydelagde at eg ikkje spelte ein einaste kamp. Treningar vart det nesten ingen av heile våren, så da fekk eg tak i min første sykkel....
Denne sesongen vart derfor observert fra sidelinja, og det var eit smått kaotisk syn å sjå Bjørn det året. Trenaren hadde openbart den oppfatning at vi skulle springe alle lag i senk, men det hjalp jo lite når fotballforståing og taktiske grep var hinsides.
Rokkeringa på laget var no den fullkomne parodi: Den eine keeperen fra 1988 sesongen t.d. var no angripar, og den beste angriparen vår fra den gang var no midtstoppar.
Systemet var heilt banan, og ingenting fungerte. Eg var nesten glad eg var skada heile året slik at eg slapp å være med på det pinlege faktum at vi no rykka ned til sjette nivå att.
Den samme trenaren hadde i løpet av tre sesongar fått Bjørn ned to divisjonar, og fått 100 000,- for det. Meir vekkasta pengar skal ein leite lenge etter.

Den avsindige treninga i 1991 og 1992 hadde jaga fleire spelarar over til naboklubben Luster. Dette var ein moroklubb som hadde starta på lågaste nivå eit par år før. Det var lite seriøsitet over denne gjengen, men med den stadige tilgangen av gode spelarar fra Bjørn, så var det dei som rykka opp til femte nivå i 1991. Luster var før seriestart i 1992 den beste klubben i kommunen, da Bjørn var plassert på sjette nivå, og Hafslo heilt nederst i sjuande.
1992 sesongen vart også ein fiasko for min del, da stadige skader også dette året gjorde at eg ikkje fekk spelt ein einaste kamp. Saman med ei rekkje andre fra Bjørn si "stordomstid" fra 1986-1987 hadde vi meldt overgang til Luster. Målsetninga var berre å møtast eit par ganger i veka, spele litt fotball, og ellers ta ein kamp om gangen. Det var slik eg ville ha det.

I løpet av vinteren 1992-1993 byrja beina endeleg å fungere att, og eg erobra ein fast plass på venstrebacken til Luster. Vi spelte heimekampane på den vesle intime bana på Skjolden, og det var alltid god stemning på både heime og bortekampane. Heimekampane hadde vi gjerne på laurdagane, slik at vi kunne pilse litt om kvelden, og ditto på bortekampane. Dog var det langtfra dei fyllekulene som hadde prega Bjørn ti år tidlegare.
I første heimekamp i 1993 møtte vi Vik. Dei var av favorittlaga i divisjonen det året, men vi spela dei til tider trill rundt, og vant enkelt 3-1. Eg fekk æra av å sette inn 2-1 målet fra venstrebackplassen min. På den tid var formen rimeleg bra, ikkje minst grunna dei stadig aukande mengder med sykkeltrening. Det året hende det at eg sykla til Skjolden, var med på fotballtrening og så sykla heim att.
Det vart med den eine scoringa for Luster, men det var til gjengjeld eit flott mål iflg. den eine lokalavisa, faktisk i "ultraklassen" for å bruke deira ord. Hø-hø...

Eg må også nemne ein kamp i Firdacupen vi hadde mot Hafslo den sommaren. I Firdacupen skulle det laget som var lengst nede i divisjonane få ta straffespark før kampen byrja. Antal straffespark var det same som divisjonsforskjellen. Hafslo var to divisjonar under oss, og fekk såleis to straffar. Dei presterte å bomme på begge. Vi hadde avspark, og scora etter ca. 20 sekundar. Istaden for å ligge under med to mål, så leda vi omtrent før kampen var komen i gang. Vi vant med ein fem-seks mål trur eg, utan å anstrenge oss nevneverdig, og eg trur dette vart den siste kampen eg spela som aktiv.

Stemninga i Luster var veldig avslappande og lett, i sterk kontrast til opplegget vi hadde hatt i Bjørn dei to åra før. Vi trente oss sjølv, spelte kun fotball, aldri noko taktiske øvingar, og vi bytte på å være kaptein fra kamp til kamp. Resultata var det reine bingo, med lassevis av mål både framover og bakover. I løpet av dei åra eg var med der hende det aldri at vi ikkje scora eller slapp inn mål i samme kamp, ishockeyresultat som 7-4 eller 8-5 var faktisk ikkje uvanleg.

Det var dessverre med den eine gode vårsesongen i Luster for min del. I august 1993 flytta vi til Oslo, og eg spela aldri fotball i seriesystemet att.
No opna det seg ein ny og underleg arena, nemleg noko rart som heitte "bedriftsfotball". Og her skal eg love det var mykje rart, mykje verre enn det eg hadde opplevd som aktiv spelar.
Men utan å vite det la eg altså opp som fotballspelar på ei tid da beina var OK att, og formen kondisjonsmessig var bedre enn på mange år. Eg var 28 år, og kunne nok hengt i stroppen på femtedivisjonsnivå nokre år til, men livet i Tigerstaden freista meir.

Fra no av vart det spel på pussige baner i Bærum og på Romerike nokre år, for ikkje å snakke om noko som kom enda seinare, nemleg "old-boys fotball"....


onsdag 13. november 2013

Min (fotball)kamp, del IV

Da eg kom tilbake fra endt verneplikt sommaren 1985 var eg innstilt på å starte med fotballen igjen.
Rett nok hadde dei to føregåande åra vore heilt baluba, så forventningane var ikkje så store.

Dog: Eg hadde høyrt rykte om at det var komne nye trenarar og spelarar til, og at det no var eit heilt anna opplegg på gang.
Eg var med på ei trening i samband med permisjon rundt 17.mai, og det var altså ikkje til å kjenne att fra året før. Intensiteten, kvaliteten, seriøsiteten.... det var lysår fra det vi var vande med fra dusteåra 1982-1984.
Gode var dei og. Bjørn hadde vunne nesten alle kampane sine det året, unnateke heimekampen mot opprykksrival Kaupanger. Desse to laga var i særklasse det året, så det var på reine at eit av dei ville rykke opp. På den tid var sjuande divisjon Sogn og Fjordane delt inn i Sogneavdelinga og Fjordaneavdelinga. Vinnaren fra kvar pulje rykka opp, og skulle møtast til finale i Førde utpå hausten.

No var det skikkeleg opplegg, og eg fekk være med på treningane utover sommaren. I slutten av juli skulle vi spele treningskamp mot Fjøra som låg tre divisjonar over oss. Vi slo dei 3-1 på heimebane, etter å ha lege under 0-1. Eg fekk æra av å score utlikningsmålet, og deretter gjekk alt berre rett veg. Det var eit godt tegn på at vi no hadde noko stort på gang. Nå vart eg plassert i angrepsrekka, etter å ha spela rundt omkring i alle år tidlegare.

Vi vant alle kampane våre den hausten, men det var spesielt bortekampen mot Kaupanger som vart minneverdig. Dei hadde gått på eit overraskande tap mot Vadheim, så vi var såleis a-poeng før vi skulle møtast i ein av dei siste kampane.
Kampen gjekk på den vesle grusbana ved Kaupanger skule, ei bane som var smal og kort, nærast som eit frimerke i forhold til den store flotte grasbana vi hadde heime.
Det var derfor intensivt til dei grader, for begge lag visste kva som stod på spel. Dei som vant, rykka opp. Målforskjellen var også temmeleg lik.
Det var masse tilskodarar, for Kaupanger hadde i årevis satsa på å rykke opp, og no ENDELEG skulle dei klare det.
Det var ein sann fryd å snyte dei for opprykket. Vi vant 2-0. Min makker i angrepet laga 1-0, og eg fekk inn andremålet etter ein gedigen keepertabbe av mannen som no har vore FIFA-dommar i mange år.
Vi var hardt pressa mot slutten , og stod han av, som folk nordfor ville ha sagt. Dessutan såg dommaren feil på klokka, og bles av kampen fem minuttar før tida.... Det passa oss ganske bra.

Etter Kaupangerkampen var det vel berre to kampar att, borte mot Vadheim som vart sett på som ei lita nøtt, dei hadde tross alt slått Kaupanger, og heime mot jumbolaget Hellevik.
Vi gjekk ut i hundre mot Vadheim, og leia 3-0 før det var gått ti minuttar. Eg scora tredjemålet, og kampen var eigentleg avgjort. Når 90 minutt var unnagjort, så hadde vi putta på tre ballar til, og drog innover fjorden med ein hyggeleg 6-0 siger i bagen. Nå var det heller ikkje drikking til den store medaljen, for no var det adskillig meir styr på ting. Eit par pils, det var alt.
Den siste seriekampen var altså mot det som kanskje var fylkets dårlegaste lag det året, Hellevik fra Hyllestad. Dei hadde vel knapt tatt poeng, så vi lot fleire av reservane spele, og sjølv med laber innsats vant vi 7-1 trur eg det var. Eg scora fire mål i den kampen, og har aldri gjort noko slikt seinare.
Seriefinalen gjekk mot Tempo fra Florø i regnværet i Førde ein sur oktoberlaurdag.
Vi vant også den, 3-0, og kunne titulere oss krinsmeister i sjuande divisjon Sogn og Fjordane. Kontrasten til fylleturane fra dei tre tidlegare sesongane var himmelropande. Rett nok hadde vi fått nokre nye spelarar, men det var seriøsiteten som var endra radikalt.

Framfor 1986 sesongen trente vi som gale fra midten av januar. Vi spela lassevis med treningskampar, der vi vant nesten alt, med unntak av eit to målstap for Fjøra og ein heilkollaps i midten av april borte mot Vik. Da tapte vi 2-8. Vik var rett nok to divisjonar over oss, men det var Fjøra også, som vi hadde slått i ein annan treningskamp.
Før seriestart var det eit slags portrettintervju med dei forskjellige Sognelaga i lokalavisene. Vi var saman med Aurland dei einaste laga fra Sogn. Deretter var det Tempo fra Florø, Anga fra Førde, og så var det kun lag fra Nordfjord. Bremanger, Flatraket, Stårheim, Oppstryn, Hornindal.... Det betydde lange reiser, sjølv om Fjærlandstunnelen no var komen.
Tilbake til portrettintervjua med oss og Aurland. Vi hadde ei moderat målsetjing, der vi berre skulle overleve i divisjonen. Aurland derimot, hadde vore i sjette divisjon i fleire år, og erklærte at i "år er det vår tur" til å rykke opp.
Så da passa da det bra at vi møttes i serieopning i Gaupne.
Og Aurlendingane vart jekka ned på jorda kjapt og brutalt. Til pause stod det 4-0 og i andre omgang putta vi på 8 ballar til, slik at vi opna comebacket i sjette divisjon med pene 12-0.
Deretter fortsatte vi å vinne med kalassiffer nesten heile sesongen, 5-0, 6-0, 8-0....
I den første kampen etter sommarferien skulle vi så møte Aurland på bortebane. Dei hadde hatt ein elendig vårsesong, og det gjekk ikkje bedre enn at vi slo dei 12-0 ein gang til....
Dei rykka forresten ned det året.

Dei lange avstandane den sesongen gjorde at vi og aurlendingane drog på dobbeltkampar i Nordfjord. Det betydde kamp både laurdag og søndag. T.d. møtte vi Stårheim laurdag, medan Aurlendingane same dag møtte Oppstryn. Dagen etter bytte vi motstandar.
Det var også mot Oppstryn vi tapte vår einaste kamp den sesongen, det var kamp to i ei slik dobbelthelg, og vi var plaga med skader. Eg måtte spele høgreback, og dermed vart eg flytta over fra det som etterkvart var vorte min faste venstrebackplass. Den gjekk til ein av våre daværande keivbeinte juniorspelarar som kom inn for ein av våre skada strategar. Eg var framleis den einaste keivbeinte med fast plass på laget, og einaste som var villig til å spele venstreback.
Stemninga var stor på grasbana i Hjelle da heimelaget kunne slå serieleiaren. Eg hugsar godt ein motspelar som heitte Kolbein. Han fekk skryt fra tribuna, og nokon meinte det var den beste kampen han hadde spela sidan 1967...
Den helga var vi forøvrig innom tre fylke for å spele to kampar. Laurdagen hadde vi spelt mot Flatraket ute på Stadlandet. Vi reiste heimefra kl. 0700, og spelte kl. 1500. Vi brukte sju timar på å komme oss til Stadt, og kortaste vegen dit gjekk innom Møre og Romsdal. Fra Oppstryn dagen etterpå køyrde vi via Strynefjell, og Oppland og heimatt over Sognefjellet.

Opprykksrival i 1986 vart Bremanger, og vi møtte dei på bortebane i ein slik dobbeltkamp. Dagen før hadde vi komfortabelt slått Stårheim, og vi overnatta i Vågsvåg utanfor Måløy før vi tok ferja til Bremangerlandet neste dag.
Det vart ein kamp for minnebøkene. Det var langt uti september, og det hadde regna i dagevis. Bana var som eit basseng. No til dags hadde det aldri blitt spela kamp under slike tilhøve, men med dei avstandane som var den gang, så var det inga bøn.
Vi tok leiinga eit stykke uti andre omgang, og vart så hardt pressa i motvinden. Bremanger ville også rykke opp, det gjorde dei da også, for det var to lag som rykka opp det året, men dei ville sjølvsagt vinne mot oss.
Så, berre nokre minuttar før slutt fekk eine midtstopparen vår heada inn eit mål, og da visste vi at vi kom til å rykke opp enda ein gang.
Bremanger fekk eit trøystemål på overtid da ein av våre innbyttarar var uheldig og heada inn eit sjølvmål.
2-1 vant vi, og da unna vi oss faktisk NOKRE pils på veg heim.  Det var jo fem timar reise, så vi vart mest edru att før heimkomst.
1986 sesongen enda med eit nytt seriemeisterskap, og opprykk til femte divisjon. Vi hadde ein suveren målforskjell, og var eigentleg overlegne heile året, tross tapet mot Oppstryn.

I ettertid så er eg av den oppfatning at IL Bjørn nok aldri har hatt eit bedre fotballag enn dette året. Vi slo alle lag vi møtte i treningskampar, enda dei var to divisjonar over oss. Borte mot Jotun, borte mot Årdalstangen, revansj fekk vi mot Vik...
Ein eller annan fotballguru i fylket meinte at vi var antaglegvis det tredje beste laget i fylket, etter Sogndal og Stryn, som den gang var i daværande tredje divisjon. Alle andre lag fra fylket var i fjerde og nedover, med oss altså plassert i sjette. I løpet av sommaren slo vi t.d. komfortabelt daværande leiarlag i fjerde divisjon, Jotun, på bortebane.

Året etter skulle det skje mykje rart, men vi holdt koken og fortsatte den gode trenden og opplegget som hadde fungert greit året før. Treningar, ute sjølvsagt, vi hadde ikkje hall på den tid, fra midten av januar av.
Lassevis med treningskampar, der høgdepunktet vart da vi slo sjølvaste Sogndal 2-1 på Fosshaugane. Rett nok hadde dei nokre u-spelarar, men det var likefult Sogndal sitt A-lag, som det året spela i daværande andre divisjon.
Så: Seriestart heime mot Heia fra Nordfjordeid. Den vant vi 3-1, og så var vi i gang att. Vi vant og vant, sjølv om det ikkje var så overlegent som året før, det skulle berre mangle. Våre store opprykksrivalar var på førehand Høyang og Svelgen, og ute i Høyanger vant vi 3-1, ein sterk prestasjon. Vi slo også Syril 6-1 på heimebane etter å ha lege under 0-1. Dette var ein laurdagskamp i mai/juni med fint vær, og det var over 300 tilskodarar på heimekampen vår den kvelden. Litt øl på tribuna medførte god stemning. Verkeleg moro var det.
Men i løpet av sommaren byrja ting å gå skeis. Formen dala drastisk. Vi hadde holdt det gåande på maks i halvanna år, og slitasjen vart etterkvart stor. Da vi skulle møte Høyang i Gaupne att, så vart vi rundspelt etter alle kunstens reglar, og tapte 1-5. Vi var i så dårleg form at vi knapt greidde å slå våre nabolag Lærdal og Syril som på den tid var botnlaga.
Dessutan vart det bråk rundt trenarrolla midt på sommaren, noko vi skulle klart oss utan. Vi var t.d. to stk. som var på ferie (les: fylletur i Vest-Tyskland), og da vi kom heim att, så fekk vi beskjed om at trenaren hadde fått mistillit fra spelargruppa. Eit slags absurd mistillitsbrev vart visstnok sendt til trenaren, med signering fra 10 av spelarane fra ein 17 mannstropp. Fire av oss som ikkje hadde signert var faste på laget, og heile historia førte til diverse ubehaglege medieoppslag og dermed formsvikten. Vi er antaglegvis eit av svært få lag som har kvitta oss med ein trenar når vi toppar tabellen.
Eg meinte det var eit feilgrep, og var mest lysten på å kutte ut heile fotballen i protest mot den uryddige måten det heile hadde skjedd på. Men sidan vi toppa tabellen, så vart eg med.
No var eg byrja på skule i Oslo, og fekk ikkje med meg heile haustsesongen, og dessverre ikkje den avgjerande opprykkskampen borte mot Svelgen. Vi hadde slått dei 5-0 heime, i ein kamp der lokalavisjournalisten, som er fra Svelgen, meinte vi burde tapt...

Opprykk vart det uansett, for tredje år på rad, og IL Bjørn var klare for 4. divisjon og møter med dei neststørste klubbane i fylket, Jotun, Eid, Florø, Førde, Måløy....
Sjølv melde eg overgang til Sandane for 1988 sesongen, da eg skulle bo og arbeide der i samband med utdanning. Dei hadde vore i fjerde divisjon i årevis, og eg såg fram til å møte gamleklubben min, IL Bjørn i Gaupne. Dessverre kollapsa Sandane totalt den hausten i 1987, og rykka ned. Det vart såleis eit nytt år i femte divisjon for min del.
Meir om det i del V.

Min (fotball)kamp, del III

I 1982 var vi komne opp på juniornivå, og frafallet fra dei som ikkje orka å være med meir byrja å merkast. Nå kan ein jo sei at det var dei som ikkje kom med på laget til eikvar tid som gav seg først, kanskje ikkje så rart.
Ellers er det nå slik at ein får andre interesser når ein er 17-18 år. Damer og øl t.d.
Det er nok ikkje til å komme forbi at den kombinasjonen øydela ein smule for både den eine og den andre.

I 1982 vart vi altså påmeldt i juniorserien. Dette eksisterer ikkje no til dags, men på den tid hadde langt dei fleste laga i Sognebygdene eit slikt tilbod til dei som framleis var for unge til seniorfotball.
Vi hadde med oss eit par hybelbuarar fra Årdal denne sesongen, og dei heva laget.
Seriøsiteten fra dei to forrige sesongane var byrja å dale, og vi tapte mot dei litt "større" klubbane i distriktet.
I 1982 og 1983 fekk vi også eit nytt lag å spele mot, nemleg Høyang, som tidlegare hadde havna i pulje med Sunnfjordlaga. Derfor var det med stor spenning vi drog ut dit til vår første seriekamp.

Vi var eigentleg jamnspela, men så fekk vi ein stygg skade, og da datt alt i fisk. Trur vi slapp inn 3-4 mål siste halvtimen. Vi var ikkje vande med såpass alvorlege skader den gang, og det skremde oss nok meir enn vi trudde.
Høyang var eit godt lag, og saman med Jotun og Sogndal var det dei som kjempa i toppen.

Utpå hausten var det klart at A-laget var heilt på felgen. Dei hadde nesten ikkje nok spelarar til å stille lag på bortekampar, og det vart stortap på stortap. Seniorfotballen i IL Bjørn opplevde sine svartaste dagar, og det var akutt fare for å rykke ned i sjuande divisjon.
Ja, faktisk så stod det så ille til at dei nærast bønnfalt om å få med nokre av oss juniorspelarar slik at dei ikkje vart kasta ut av serien.
Min midtstopparkollega fra juniorlaget hadde allereie fått eit par kampar før sommarferien, og uti september vart eg spurt også.
Seniorane skulle spele borte mot Anga i Førde, og MÅTTE ha hjelp fra juniorlaget for å i det heile kunne stille lag. Eg trur vi var tre juniorar som vart med opp, og vi fekk alle spele, meir eller mindre heile kampen.
Sjølvsagt hadde vi ikkje nubbesjans og tapte 0-3.

Neste kamp eg vart kalla inn på gjekk enda verre. Det var sjølvsagt ei ny laaang reise, til Eivindvik for bortekamp mot Gulen. Der var opning av den nye grasbana, med skulemusikk og flaggheising. Stor stas.
Dei skulle berre visst at vi stilte med eit elendig lag. Eigentleg var vi berre 10 mann, inkl. to juniorar. Dvs. null innbyttarar, men vi hadde med oss ein kar som skulle på arbeid der ute. Han hadde ikkje spela fotball på kanskje ti år, men han fekk nå på seg ei drakt, og så satte vi han fram på høgrevingen, "slik at da må dei i det minste ha ein mann til å passe på han", som vår spelande lagleiar sa.
Vi låg under 0-3 til pause, og vart i andre omgang totalt rundspelt. Seks ballar til gjekk det inn bak keeperen vår, så Gulen fekk iallfall ein fin start på nyebana si med 9-0 siger over det dårlegaste Bjørnlag eg nokon gang har spelt på.
Denne kampen var antaglegvis eit lavmål nesten utan like. Greit nok at det måtte være med juniorar, men det var altså ikkje nok folk til å stille fullt lag ein gang. Vi fekk med ein mann som ikkje hadde korkje trening eller føresetnader for å spele fotball. At han ikkje vart skada var berre ei lukke.
Utover hausten overtok vi juniorar meir og meir av seniorkampane også, og omsider byrja vi å vinne også. Vi vant ein kamp på heimebane, utan at eg hugsar kven det var i mot.
Sesongen vart avslutta med bortekamp mot Loen, langt uti oktober. Ein bortekamp til Loen på den tid var noko heilt anna enn i dag. Ikkje var det noko Fjærlandstunnell, så eg meiner å hugse at vi køyrde om Oppstryn og Sognefjell for å komme fram.
Uansett stilte vi med sju juniorspelarar i den kampen fra start av. Kun fire seniorar fant det bryet verdt å være med, det var svært dårleg gjort. Nedrykket var forlengst eit faktum, så vi hadde kun ei miserabel ære å spele for. IL Bjørn hadde tapt 0-9 to ganger den sesongen, og tapt alle bortekampane sine. Det vesle som var kome av poeng var på heimebane, og vi måtte spele mot Loen, ellers så stod klubben i fare for å bli bøtelagd.
Det byrja dårleg. Eg spela midtstoppar, og det gjekk heller skralt, for etter 20 minuttar låg vi under 0-3. Dette såg ut til å bli ein reprise av kampen i Gulen to månader før.
Men merkeleg nok fekk vi ei redusering like før pause, på straffespark. Det var ein seniorspelar som scora, hugsar ikkje kven.
Det skjedde eit eller anna i pausen, for i andre omgang dominerte vi, og klarde faktisk å score to mål til, slik at det no stod uavgjort. Det ville i såfall være det første bortepoenget den sesongen, så vi var eigentleg glad til.
Like før full tid fekk vi straffe.
Ei nervøs stemning spreidde seg, kven skulle ta denne, og kanskje sørge for at vi mot alle odds klarte å vinne ein bortekamp?
Jo, eg var straffeeksekutør på juniorlaget, og vart sendt fram. Som yngstemann på laget.
Å sei at eg var nervøs er ei mild underdriving. Det var som om det var overhøyringa på konfirmasjonsdagen om att.
Straffesparket var ganske dårleg, det var korkje hardt eller velplassert, men ein dårleg keeper redda dagen, for oss. Full jubel. Vi hadde komen att fra 0-3 til 4-3 og IL Bjørn vant sin einaste bortekamp det året. Trur det er einaste gangen eg har blitt matchvinnar. Trur eg vart påspandert ei øl på turen heim att enda eg var berre 17 år.

I 1983 sesongen var det ikkje noko juniorlag. Det hadde blitt ei ganske tøff belastning for fleire av oss, som måtte spele to kampar i veka, samt to treningar på kvart av laga. Det vart derfor bestemt at no vart det eitt lag. No skulle vi spele på det lågaste nivået i fylket, og eg skal love at det var ikkje rare greiene.
IL Bjørn skulle no i elden mot Vadheim, Hellevik, Bulandet, Kaupanger, Tambarskjelvar, Breim.... det var på den tid det dårlegaste av dei dårlege innan fotball i Sogn og Fjordane.
Både 1983 og 1984 sesongen var prega av at dette var useriøse greier, med bortekampar meir prega av øl og moro enn fotballtaktikk. Eg kan endatil erindre at vi drakk øl FØR eit par treningskampar om våren, samt i nokre pausar. Hadde dette skjedd i dag hadde det blitt ramaskrik. Til bortekampen mot Vadheim vi skulle på i 1983 hadde vi brått ein bil for lite. Vi skulle rekke ferja på Hella, så gode råd var dyre. På eit eller anna vis fekk vi låne eit vrak av ein bil fra Gaupne Bensinstasjon. Den hadde berre prøveskilt, og var i elendig forfatning, antagleg skulle bilen kondemnerast. Den var grå og mildt sagt grusom i lakken, rett og slett eit vrak. Sjåføren, som var keeperen vår og eit år eldre enn meg, køyrde fra Gaupne til Hella på 54 minuttar på datidas vegar. At det gjekk bra skuldast kun flaks. Når vi kom ned på ferjekaia, så tok vi ei U-sving slik at alle kunne få sjå det rullande vraket vårt.
Eg køyrde heimatt, medan mine to medspelarar sjølvsagt drakk pils fra Vadheim til Gaupne....

Ellers hadde vi gjerne Bjørnbussen på bortekampar, og det var standard prosedyre å fylle den stakkars bussen full av øl før Gaularfjellet. Det var såvidt vi drog opp bakkane fra Vetlefjorden. Til ein bortekamp i Sunnfjord ein stad i eit av desse åra hadde vi 11 kassar pils i bussen. Folk trur meg kanskje ikkje når eg seier det, men det er sant som natta er svart. 11 kassar fordelt på kanskje 15 mann. Var det rart vi ramla ut av bussen når vi kom heim?
Sjuande divisjon i 1983 og 1984 var totalt useriøst. Det var avgarde med "gutta på tur", spele ein kamp ein eller annan gudsforlatt plass, og så drikke som svampar på veg heimatt.
30 år etter har eg ingen problem med å innsjå kor håplaust dette var, men der og da hadde vi det ganske moro. Spelarstallen var jo rimeleg ung, og fotballen var berre for skøy.
Vi havna vel rundt tredjeplass begge åra trur eg. Av ein eller annan grunn vart eg også tatt ut til være kaptein i nokre kampar, utan at eg heilt forstod kvifor.


Sommaren 1984 måtte eg i militæret, og dermed var fotballen slutt for det året. Da eg kom tilbake sommaren etter var det kome nye trenarar på plass, og det vart starten på det som skulle bli IL Bjørn sin gullalder innan fotball.

tirsdag 12. november 2013

Min (fotball)kamp, del II

Da den høgst lokale karriera som lilleputtspelar var over, var det tid for å satse vidare.

Nå var det småguttenivå, dvs. for 13-14 åringar, samt for 15-åringar som var fødd etter 1. august. Ein svært pussig regel.
Det var IL Bjørn som no var laget, og den gang, som no, dekka det Gaupne, Jostedal og Indre Hafslo.
Det var ikkje så mnage spelarar fra Indre Hafslo, om det var nokon i det heile, men jostedølene hadde ein par gode årgangar.

Eg var eigentleg ikkje gamal nok til å være med, men hadde fått ein smakebit til ein kamp mot Årdalstangen da dei mangla spelarar. På den tid tok det nesten to timar med ferje for å komme til Årdal, og det var som å komme til ein eksotisk og merkeleg plass. Og det var det jo.
Vi tapte 0-12, og eg trur ikkje vi var over midtbana anna enn da vi tok avspark etter kvart mål.
Eg vart bytta inn eit stykke ut i andre omgang, utan at det hjalp noko særleg, antaglegvis heller tvert i mot.

Det vart fem kampar på småguttelaget første året, no som desidert yngst att. Stort sett tapte vi,
men eg kan hugse at det var ein god kamp mot eit eller annan lag på den nye fine grasbana vår. Da vanka det mykje skryt fra sidelinja, og det var jo hyggeleg.

Det vart eigentleg aldri noko skikkeleg sving på småguttelaget desse åra, dvs. 1978 og 1979. Mangelfulle treningar, tilfeldig opplegg og spelarar som opptrådte i klikkar internt på laget var inga god medisin. Jostedølene på laget trakk seg ut, og det heile var etterkvart ganske dårleg.

Det bedra seg i 1980 og 1981, for da kom det ny entusiastisk trenar, innflytt fra Fortun og greier. Han hadde med seg ein gut som var nokre månader eldre enn meg, og det skulle bli mykje moro framover.
For no vart det meir seriøs trening, med øvelsar i gymsalen og trening eit par ganger i veka fra januar av. No var det også kome flomlys på grusbana, slik at det endatil gjekk an å være der om vinteren, med ispigg og leggbeskyttarar som standardutstyr. Masse skader på snø og isføre. Folk i dag skulle berre visst kva forhold vi trente under.
I 1981 fekk vi ein smakebit på kor gode vi skulle bli, da vi stilte med to lag til Sognemeisterskapet i innandørsfotball, som gjekk i Årdalshallen det året. Begge laga kom til kvar sin semifinale, og sidan vi begge tapte der, så vart det intern bronsefinale som Bjørn 1 vant på straffesparkkonkurranse. Eg spela på Bjørn 2, men hadde blitt skada i andre innleiande kamp, og såg resten av turneringa fra sidelinja.
Straffesparkkonkurransen var forøvrig eit kapittel for seg sjølv. Den foregikk på den måten at vi skulle ta straffa fra midtbana, utan keeper, og løfte ballen i mål utan at den var nedi golvet. Det var ikkje så lett, og det var den siste spelaren på Bjørn 1 som avgjorde, for han var den einaste som klarte det.

No som vi omsider hadde eit skikkeleg opplegg både på og rundt bana, så var det langt artigare å være med att. Det var spelarar fra 1964 og 1965 kullet som var "bærebjelkar" i laget, og vi vart utfylt av talenta fra 1966-årgangen. I 1981 hadde vi også med ein einaste mann fra 1967, eit stortalent som var for ung til å være med, men sidan han var så god så....
Vi var no kome på guttenivå, og hadde eit godt lag. Det var forsterka med dei beste fra Luster, Skjolden og Fortun, slik at vi hadde eit slagkraftig lag til møta med storfavorittane fra Jotun og Sogndal, som var dei beste klubbane på den tid. Andre lag som var med var Årdalstangen, Aurland, Lærdal, Vik og Syril.
Sogndal hadde på den tid eit veldig godt guttelag, og var komen langt i Danacup. Derfor var det ekstra stas å slå dei med tre mål på heimebane hausten 1981. Skal komme tilbake til denne kampen og følgene av den.
Vi låg an til å vinne heile serien det året, men tapte 0-2 for Jotun i Øvre Årdal i siste kamp, og måtte nøye oss med ein litt sur tredjeplass.
Det var likevel ein stor framgang etter dei tosifra tapa to år før, og mykje av æra skuldast den nye trenaren, som fekk system på saker og ting. Fram til 1980 var det rein bingo.

I 1981 fekk vi også reise på turneringar for første gang.
I juni det året var det turnering på Gol, ein fjern plass å spele fotball på den gang. Der kunne vi møte heilt ukjente lag som vi knapt hadde høyrt om. Vi budde på ein campingplass nokre kilometer ovanfor Gol sentrum, og i kiosken der fekk vi kun att 25-øringar når vi kjøpte brus, potetgull og sjokolade.
Reint fotballmessig gjekk det ikkje så veldig bra, for respekta for austlandslaga var nok litt for stor. Trur vi fekk berre tre kampar, med siger, tap og uangjort, og dermed utslegne i puljespelet.
Det gjekk langt bedre seinare på sommaren da vi var med i Mjøndalencup. Her fekk vi møte lag som Hønefoss, Skeid, Sarpsborg, Mjøndalen, Frigg og Sandefjord.
Dette var kjente og tildels veldig gode fotballnavn på den tida.
Og nå var det alvor, blodig alvor.
Vi kom oss igjennom gruppespelet på eit slags vis, og spelte berre bedre og bedre.
Vi hadde no eit  solid lag, og eg spelte fast midtstoppar, saman med min gode kollega som var komen fra Fortun før 1980-sesongen. Vi hadde også ei god midtbane, med ein sentral ballfordelar som kunne sitt fag, samt at vi klarde å score ein del mål. Vi hadde også med oss ein skiløpar (om vinteren altså) som kunne springe dei fleste laga i senk, om han kanskje ikkje var den mest tekniske på jord.
Nå hadde vi også to gode målmenn, som kunne bytte på å spele utan at vi vart spesielt svekka.
I denne turneringa laga vi fleire straffespark. Eller rettare sagt: Min midtstopparkollega gjorde det.
Eg hugsar at han iallfall laga tre straffespark på to kampar, bl.a. to i kvartfinalen mot Skeid trur eg det var.
Den eine straffa vart redda, men den andre gjekk i mål. Etter full tid var det 2-2 og vi var klare for straffesparkkonkurranse, den første nokon av oss nokon gang hadde vore med på.
Vi visste at det kunne skje, så vi hadde plukka ut dei fem som skulle skyte, og eg skulle få den O Store Æra av å være aller første straffeskyttar.
Det var ein heil del tilskodarar på denne kampen, og det er eit understantment av dimensjonar å hevde at vi ikkje var engasjerte. Men foreldre og kjente på sidelinja var mykje verre. Eller bedre. Det var aldri noko dårleg tone, men dei var iallfall nervøse. Min gamle far røykte opp ein 20-pakning Cooly i løpet av pausen fram til straffesparkkonkurransen skulle starte.

Vel, eg var som nevnt første straffeskyttar, og scora greit. Etter fire straffar hadde vi bomma på ein, medan Skeid hadde satt inn alle sine. Vår sistemann scora, og det var spennande om vi skulle få være med vidare, og det fekk vi for vår stjernekeeper redda, og sidan gjekk det tre straffar til der vi scora på alle, medan keeperen deira bomma da han vart pålagt å skyte.
Stemninga var enorm, ekstatisk. Det at vi, ein liten bondeklubb fra landet kunne slå ut "bylaga" var veldig stort. Keeperen vår bar vi på gullstol, og vi var klar for semifinale mot Sandfjord på sjølvaste Nedre Eiker Stadion.
På den tid var Mjøndalen eit topplag i Norge, og det var stort å få skulle spele på eit ordentleg stadion, med tribuner og greier.
Vi var underdogs mot Sandefjord, som på den tid var eit av landets beste guttelag, og hadde vunne Norwaycup ei veke tidlegare.
Det er ikkje til å stikke under stol at vi nå var byrja bli veldig slitne, og ein litt for tynn stall gjorde at vi tapte fortjent 1-3. Men vi leda i det minste 1-0, og da hugsa eg at ein av Sandefjordspelarane sa "Kom igjen gutter, dette er flaut". Og det var det sikkert.

Som eg nevnte lenger oppe i denne posten fekk sigeren over Sogndal visse følgjer.
For vi vart utfordra av det som den gang var A-laget til IL Bjørn til ein treningskamp. Dei syntes kanskje vi var litt kjepphøge, for vi vant jo kampar det året, i motsetnad til A-laget som var heller skralt, og kjempa i botnen av daværande 6. divisjon, dvs. nestlågaste nivå.
Så utpå hausten møtte vi A-laget til det som i utgangspunktet skulle være ein vennskapleg treningskamp.
Vi vant 2-0, noko som seier ein del om standarden på A-laget den gang, og den vennskaplege tonen var som blåst bort.

I 1982 vart vi flytta opp på juniornivå, og da det gjekk utforbakke med A-laget til IL Bjørn den sesongen, så vart det oppdrag der også. To kampar i veka, og treningar med begge lag. Meir om det i del III.

Min (fotball)kamp, del I

I kveld var det omsider slutt. Årntle slutt med fotball.
Ein strekk i høgre legg på huba-lubatrening var altså det som skulle til, for nå ER det slutt. Ein gang for alle.
Har sagt det før, men nå må det bli alvor.

Den som ser meg spelar fotball igjen, dvs utanom med mine barn, kan herved skyte meg der og da, slik som dei gjorde med gamle hestar i Det Ville Vesten.

Eg har spela fotball meir eller mindre heile livet, og skulle tru det var ein smule vemodig å måtte gi seg, men alderen krever sitt.

Derfor, inspirert av han der Knausgårdfyren som skriv lecablokktjukke bøker om livet sitt, skal eg ta lesaren med på ei "episk" reise innan ein heller middelmådig fotballkarriere.



Fotball var stort sett det einaste ein kunne holde på med av frtitidsaktivitetar på tidleg 70-tall. Eller nei. Det var det nok ikkje. Det fantes skulemusikk, ski, barnelag... og så kan eg ikkje komme på meir.
Skikarriera var veldig kort og langt fra vellukka. Kan erindre at eg var med på eit par skirenn oppi Leirdalen, og det gjekk ikkje så bra. Moro var det iallfall ikkje.
Hadde imidlertid ein (svært) fotballinteressert nabo, som var fast gjest i heimen dersom fotballaget hans i England hadde vunne. Når dei tapte, såg vi ikkje noko til han.
Sjølv om han var nokre år eldre, så spela vi ein del fotball, sommar som vinter.
Det var sikkert denne fritidsaktiviteten som gjorde at eg fekk være med dei eldre gutane da eg byrja på skulen i 1972. Mange av dei hadde sikkert spela litt fotball før, men kanskje ikkje alle hadde spela like mykje?
Eg var iallfall desidert yngst, da eg var den einaste i førsteklasse ved Gaupne Skule i 1972/73 som antaglegvis hadde spela fotball i det heile teke.
Vi var to gutar og sju jenter i klassen, og dette var leeenge før det i det heile teke fantes noko som heitte "dame" eller "jente" fotball. Jentene skulle spele slåball eller finne på andre unyttige leiker.
Sidan eg var så snill og beskjeden av meg, så hadde eg sjeldan guts til å spørre om å få være med. Derfor luska eg berre rundt når dei andre valde lag, og håpa at dei spurde om eg ville være med. Og det ville eg jo. Alltid.
Etterkvart var vi fast inventar i alle friminuttar, samt på alle ettermiddagar som det var mogleg å spele fotball på. Heime på "ranchen", vart det satt opp eit enkelt mål. Det var eigentleg berre to staurar, men det var godt nok. Det var ein liten bakke bak målet, slik at ballen alltid trilla ned att. Tidlegare hadde vi spela ute i "hagen", med diverse eldre familiemedlemmar, men no vart det straks meir alvor.

I fjerdeklassen vart det starta ein skuleserie i kommunen. Alle skulane som hadde elevantall til det, stilte med lag, beståande av spelarar fra 4. til 6. klasse. Det var Hafslo, Livdtun, Gaupne, Jostedal, Luster, Skjolden og Fortun, altså sju lag. Den første hausten, i 1975, spela vi enkel serie.
Men den aller første fotballkampen eg spela var rett etter skulestart denne hausten, for vi måtte jo ha ein treningskamp må vite. Det var, av alle plassar, i Hestahagen i Fortun. På den tid var Fortun adskillig meir befolka enn i dag, og eg hugsar at det var ein jamn kamp, men eg trur vi vann med eit mål eller to. Masse tilskodarar var det også, antaglegvis var heile bygda avgarde for å sjå på. og som nevnt; Midt på 70-talet var det framleis ein heil del fastbuande i Fortun.
I Hestahagen var det ei nokolunde god grasbane i sjuarformat, men med store mål som vi aldri hadde spela med før. Her i bygda var det framleis ikkje noko skikkeleg idrettsanlegg, men det vart laga til ei fotballøkke midt i bygda. Eigentleg var det berre ei slåttemark der vi satte opp to mål, men denne vart brukt så mykje at grasbana tilslutt bestod av eit reint jorddekke. Ikkje grus, ikkje gras, men JORD.
Den første sesongen vart vi nr. tre i serien, berre slått av storfavorittane fra Hafslo, som vi tapte 0-2 imot ute på 11-ar bana på Moane, og Jostedal som nok overraska både oss og mange andre.
Til 11-ar kampar måtte vi dra med oss litt meir folk, og ei stor grasbane var som eit HAV for for oss den gang. Berre det å ta utspark var ei utfordring.
Vi spela uavgjort mot Jostedal, på ei slags sandbane i Fossøyane, og det eg nesten hugsar best er at dei hogg ned nye målstenger til vi skulle spele. Målstengene, inkl. tverrliggar, var nemleg laga av nokre gråor i skogen som omkransa bana.
Resten av kampane vant vi greit.
Vi spelte heime mot Fortun, Skjolden og Luster, og borte mot Livdtun. Problemet til Livdtun var at dei ikkje hadde eiga bane, og derfor måtte dei spele alle kampane sine på vår heimebane. Det passa jo ganske bra.

Eg spelte venstreving dei to-tre første åra. Antaglegvis fordi eg var den einaste på laget som var keivbeint.
Vi hadde spesielt ein god spelar på laget som laga ein del mål, men ellers var vi ganske jamnt besatt, med ein meir eller mindre fast "førstesjuar", som av ein eller annan pussig grunn bestod av 8 spelarar. Ein keeper og sju utespelarar, dvs. "åttar"-fotball, eit uttrykk eg ikkje har høyrt sidan.... vel, midten av 70-talet...

Vi hadde ein god keeper, han var fødd i 1963, og stilte gjerne i Arsenaldrakt på kamp. Eg var reservekeeper, i tilfelle han skulle bli skada, men det tok ei stund før det skjedde. Det var vel berre i andre sesongs kamp mot Livdtun eg stod ein omgang, slik at han skulle få spele litt utpå i det minste ein kamp. Trur knapt eg var borti ballen.
Vi hadde også ein 1963 modell i midten bak, med to fra 64-kullet på backplassane. Trur det var kiving om å unngå venstrebackplassen. På midtbana hadde vi stjernespelaren vår fra 63-kullet, for han var i god form også den gang, og sprang gjerne over heile bana. Lenger framme på bana var eg som yngstemann på venstrevingen, og så hadde vi ei forlengst fraflytta mann til med oss (også fra 1964), samt at det var eit og anna bytte ellers.

Året etter fekk vi til ein dobbelt serie, med både vår og haustsesong, med omtrent akkurat dei same spelarane og iallfall same laga. Vi vart nr. tre det året også. I kampen mot Luster, som gjekk på Ekservollen der inne, vart keeperen vår skada, og da fekk eg min einaste kamp i mål. Hugsar ikkje resultatet, men eg slapp iallfall ikkje inn mål. Eg erindrar at bana i Luster var veldig hallande mot sjøen, og at underlaget gjerne bestod av grandekuler, med sand, grus og nokre grastustar ute på sidene. Dessutan var det ein stor fjøs like ved, med opne gjødselkjellarar. Dit inn forsvant gjerne ballen slik at det vart innkast. Da var det fram med ein lang kjepp, tørke av driten på ballen i graset, og så spele vidare.
Vi var også på Skjolden og spelte dette året. Bana den gang låg der som i dag, men var ein del mindre, og i vesentleg dårlegare stand. Dekket bestod av ein ubestemmeleg blanding av gras, grus og tunnellmasse. Men vi vant i det minste. Her møtte eg også eit par spelarar på min eigen alder som eg skulle spele mykje fotball med seinare i livet.

I 1977 fekk ikkje dei eldste være med lenger, dvs. 1963-kullet var no for gamle og dei måtte no spele på "vanlege" lag slik som vi har idag, og der inngå i det ordinære seriesystemet. I 1977 fekk eg også gleda av å score mitt første mål, utan at eg hugsar kven det var i mot, men det var iallfall på løkka vår, det som no var heitande "Sire-Trond Stadion".
Men 1966-kullet var veldig bra, og hadde ein fire-fem gode spelarar som gjekk meir eller mindre rett inn på laget, iallfall når vi spela 11-ar fotball. No var fotballbana i Gaupne ferdig anlagt, og vi hadde såleis eit flott anlegg. Den siste speledagen det året møttes alle skulelaga fra heile kommunen, samt dei eldre gutelaga fra same skulane, og jentene sine skulelag i håndball. Jentehåndball og gutefotball, dvs. for ungdomsskulenivå, var starta same året.
Det var masse folk på bana denne laurdagen, og det var første gangen at det vart spelt fotball på det som no er sentralidrettsanlegget i Gaupne. Det stod ein telefonstolpe midt på bana hugsar eg, slik at vi brukte to sjuarbaner til den tids åttarfotball.
Vi vart nr. tre den sesongen også.

1978 vart mitt siste år som lilleputtspelar, og eg var nå eldst på laget. Det var kome til to andre fra mitt kull, men dei var ikkje så veldig interessert i fotball, så mykje fall på meg og dei tre-fire "beste" fra 1966-årgangen. Det året var også Solvorn skule kome med, slik at vi var no var 8 lag. Det var enkel serie, kun om våren. Vi møtte Solvorn i første kampen, i eit øspøs regnvær på heimebane, og av ein eller annan grunn på jordbana, og ikkje på den nye flotte grasbana tohundre meter derfra. Vi vant 3-0 og eg var nå flytta ned som forsvarar.
Den kampen eg kanskje hugsar best det året var bortekampen mot Hafslo. Dei hadde ein superspelar som laga lassevis med mål. Han var stor og sterk, så eg fekk beskjed av trenaren om at "han skal du ha denne kampen". Godt gamaldags frimerke altså. Sjølv om han var adskillig bedre enn meg, så gjekk frimerkejobben såpass bra at han vart dritsur, og skjelte meg ut på bana. Da fekk han tilsnakk av dommaren. Vi er likt gamle, og spela mykje fotball i lag seinare på gymnaset i Sogndal, men denne forsommardagen i 1978 var det alt anna enn vennskap som vi hadde i tankane.
Sesongen gjekk heller dårleg. Vi var mykje svekka etter at mange av dei gode fra 1964-kullet hadde gått av med "pensjon". I 1977 var eg framleis yngst på laget i nokre kampar. Året etterpå var eg eldst.
Trur vi vart nr. fire eller fem det året.


Hausten 1978 måtte eg gjere nokre innhopp på småguttelaget til IL Bjørn, enda eg ikkje var gamal nok, og med det vil det starta eit nytt kapittel.


Eg kom over eit lagbilde fra 1976. Bak f.v. har vi oppmann Reiulf Kjørsvik, Anders Knut Molland, Hans Erik Lingjerde, Bjarne Anton Brendstuen, Arve Røneid og trenar Magnar Høyum.
Framme f.v. har vi Kjetil Røneid, Tor Harald Kjørsvik, Rune Veum, Kjell Inge Søvde og til slutt er det meg....
Vi registrerer ellers at fotografi på 70-talet ikkje hadde den digitale kvaliteten.

lørdag 2. november 2013

Ein jubilerande kveld i Badet.

Edit: 7.11.2013:
Kan jo være greit å oppdatere ein smule.
Dei offisielle tala viser at det har vore 59000 gjester det første året. I tillegg kjem skulesymjing samt andre lag/organisasjonar har eg forstått det som.
Lurer forresten på kvifor ikkje dei skal takast med i statistikken???
**************************


Så er det gått eitt år sidan Lustrabadet opna.
Prosjektet som skulle øydelegge Luster, og som ville føre kommunen ut ei økonomisk hengemyr slik at omtrent ALT ville bli nedlagt...

Eller?

Nei, det har ikkje gått slik.

Eitt år etter kan vi konstatere at Lustrabadet er vorte ein suksess. Det har vore over 50 000 besøkande, noko som er bedre enn prognosane da debatten raste som verst for fire-fem år sidan. Da var det snakk om at 30 000 besøkande var mange, men det talet vart oppnådd i vår eingang.


Uansett var det klart for den første bursdagen i dag, så litt utpå kvelden var det å ta turen ned.
Det var faktisk litt kake att, så eg fekk eit stykke med inn i bassengområdet saman med ei Cola.
Der inne var det mange kjentfolk, for no som hausten er komen så kjem bygdefolket i større grad til å komme symjande også.
Det er veldig hyggeleg at vi har eit slikt treffpunkt midt i bygda. Godt og varmt er det og.
Men noko av det beste er at det er mykje folk utanfra som kjem på besøk. Fra nabokommunane er det masse folk.

Forutan kveldens kakebit var det sang og musikk av lokale musikarar. Eg hadde aldri høyrt den lokale storsangaren før, men har sjølvsagt høyrt mykje om kor flink han er å synge.
Og det var han. Enorm stemme, enda bedre enn eg hadde trudd. Mektig imponert.
At det var litt sviskesangar som var på plakaten kan vi godt leve med når dei vert framført på ein slik framifrå måte.  Forresten er sviske både sunt og godt, så ikkje noko gale om svisker.

Ja, og så må vi ikkje gløyme musikaren ved sidan av da.
Misunner folk som KAN noko, t.d. å spele eit instrument.

Etter sangen var det litt meir avslapping, før det var heim att.

Og så må eg nevne naboen sin kunst ute i vestibylen/kafeen. Gi meg desse anytime framfor mesteparten av dyrt ræl som heng i diverse galleri rundt om.
Trur eg må spørre om å få kjøpe eitt som eg likte spesielt godt....

Eit triveleg jubileum der vi kan konstatere at Lustrabadet har lagt bak seg eit godt førsteår. Vi må satse på at det skal fortsett slik.



fredag 1. november 2013

Ein svettande kveld i spinningsalen.

Sesongen 2014 er i gang!

Så smått.

I slutten av oktober er det på tide å komme litt i gang med treninga til neste vår/sommar. Det er OK å halde beina ein smule i gang i løpet av vinteren, slik at ein ikkje startar omtrent på bar bakke i mars/april.

Forrige torsdag var den første langspinningøkta, 90 minuttar er lenge nok før snøen har lagt seg. Eigentleg så kan ein fint sykle ute enda, men mange kvir seg til å reise ut. Vått. Kaldt. Nesten som ein gjennomsnittleg sommardag i Bergen.

Etter å ha motteke åndeleg føde forrige søndag var eg å finpussa spinningprogrammet mitt. Køyrde ikkje heile økta, ca. 70 minuttar. Gadd ikkje heile oppvarminga og nedtrappinga samt dei innlagde pausene.
Det verka såpass bra at det var berre å kaste seg uti det på torsdag kveld, og jammen var det nokre som ville være med. 10 stk var vi, og det er ikkje så verst med tanke på at det tross alt er oktober.
Berre vent til januar.

Langspinning er fin trening. Det høyres kanskje litt kjedeleg ut, men tida går forbausande fort når vi først er i gang. Mykje av den første timen går jo med til oppvarming og bolkar med lågare intensitet. Dessutan er det "roe-ned-ein-smule" innimellom. Dei sistnevnte pausane vil nok bli kortare utover vinteren, men førebels vert dei på ca. tre minuttar.

Så har vi nokon som trur at dei ikkje klarar 90 min.
Bull.Og tull.
Klarer du t.d. 60 minutt, så klarer du garantert dei 20 minuttane ekstra. MEN, var det ikkje 90 minuttar da???
Dei siste ti minuttane går med til nedtrapping og litt uttøying. Dessutan er det lågare puls på langspinning enn på t.d. ein 60 minuttar. Så ergo: Klarer du 60 min, så klarer du 90 også. Og alle med normalt sunn helse klarer dette.
Det ein må hugse på er å drikke, og så er det kanskje ein fordel med litt næring innabords. Ein vert trøytt på ein annan måte liksom, og dersom ein ikkje har nok næring i skrotten så risikerer ein å gå sukkertom. Det er lite morsomt.

Fram til nyttår vil eg satse på ca. 90 minuttars økter. Fra januar av aukar vi ein smule, til 100 minutt.
Dessutan vert det sikkert maratonspinning i romjula, for da skal all julematen ut att. Tre timar i spinningsalen går som ein røyk....


Velkomne kl. 1930 kvar torsdag framover.
**************************
Oppdatert fredag 1.11.2013:
Det er ei glede å melde at vi i går var 14 stk. og av dei var ni nye i høve til forrige torsdag.

torsdag 31. oktober 2013

Ein hyggeleg kveld på Tunet

Forrige fredag hadde vi quizkveld.
Det er ei stund sidan sist.

Nå gjorde vi comeback på "hotellet" som sidan forrige gang er vorte til "Tunet".

Eg skal ta konklusjonen først: Veldig bra!

Gaupnetunet som det no heiter, har eigentleg alle føresetnader til å bli ein suksess. Det ligg midt i bygda, og bør være mogleg å drive året rundt.
Rett nok er dette den gamle messa for funksjonærane til Statkraft på 80-talet, men ei viss oppgradering siste månadane har gjort seg.
Og ikkje minst: Det har minka på skogen rundt om.
Sidan dette er midt i sentrum, så var akkurat det svært velkome. Kommunesenteret gror att av bjørk, osp, malplasserte grantre og grusomme blomsterbed som i haust har fått besøk av både sag og spade. Det burde vore meir av slikt.

Ein heil del folk kom det på quizen også. Talde i underkant av 80 personar, og det må vi sei oss godt nøgde med. Hvis deltakarane kunne ha det triveleg, drikke nokre øl, og i tillegg få litt auka kunnskap, så da er kvelden fullkomen i mine auge.

Det vart forøvrig veldig jamnt, reint resultatmessig. Berre eit halv poeng skilde dei to beste laga. Og for all del: Det var slik resultata vart. Laget "Levande kvinnfolk & lys", har jo vunne mengdevis av ganger før, men til tross for ein solid sluttspurt på siste runde, så måtte dei altså bite i graset for "Inst i Ståvao".

Mange som er med på quiz seier at "jammen eg er no berre med, eg kan jo ingenting".
Vel. For det første så er ikkje dette det mest seriøse arrangementet på jord, og det viser seg gang på gang at folk kan mykje meir enn dei trur. Og når fleire personar set seg saman til lag, så kan dei til slutt veldig mykje.

Så eg er ein smule imponert over dei mange gode svara som kjem inn.

Og til sjuande og sist: Vi gjer dette for å ha det moro. Bygdefolket er ikkje av dei kjappaste å få ut alltid, så kan vi samle 80 øldrikkande personar ein fredagskveld, så er det bra. Kanskje det vert slik at Tunet kan tjene nokre kroner på dette også? Får håpe det.

Nå eit stemningsbilde.


Eg har ein del bilder til, men ein skal som kjent ikkje legge ut bilder utan samtykke fra den fotograferte.
Iallfall bør ein ikkje gjere det. Og iallfall ikkje kombinert med øl.


Vi satsar på ein ny quizkveld i romjula. Det vil i såfall bli fjerde året, og antaglegvis følgjer vi tradisjonen, og tek 30.desember i bruk til dette. Nærare info kjem når det nærmar seg.
Velkommen!

fredag 25. oktober 2013

Rare Exports

Kom over denne litt sære finske filmen her ein dag. Kjøpt for 20 kroner i den lokale Sparbutikken, og det viste seg å være årets filmkjøp, prisen tatt i betraktning.

Rare Exports official film poster.jpg 

 For dette var absolutt verdt kronene. Dei få.

Filmen er ein slags juleforteljing fra laaangt nord i Finland ein stad. Oppe på ein fjelltopp driv eit stort internasjonalt selskap på med sprengningar, for dei er på leit etter noko heilt eineståande. Noko som vil skake opp arkeologien til dei grader.
I nabolaget er det nokre reineigarar som ser at dyra deira, av ein eller annan grunn, døyr i hopetall.
Det er sjølvsagt selskapet på toppen av fjellet som får skulda, og da må dei avleggast eit besøk.
Oppe på fjelltoppen finn dei eit stort djupt hol, og det er tydlegevis eit eller annan som er tatt opp fra fjellet. Folka på staden derimot, dei er bortevekk.

Vel nede i "siviliserte strøk" att, oppdagar den eine reineigaren at det har gått noko i ei ulvefelle. Og det er ikkje nokon ulv eller bjørn, men ein tynn, skjeggete mann.... Er det sjølvaste... julenissen....?
Det er iallfall det borna trur, for dei har lest ein del om bakgrunnen for nissen. Han var nemleg ikkje ein snill mann ala Colanissen, nei tvert om. Han var, iflg. sagnet, ein mannevond jævel som straffa alle ulydige barn.
Han vart derfor frosen i is av samane for eit par hundre år sidan, og deretter gravlagd under fjellet som det før nevnte selskapet no driv og sprenger på.

Så byrjar det å skje underlege ting. Born forsvinn, varmeovnar likeså.
Og er det ikkje slik at julenissen har mange hjelparar?


Ein av dei særaste komediar eg har sett på lenge, men faktisk veldig morsom.
Nå går det mot jul og greier, så da kan denne være verdt å få med seg. Det er nok ikkje ein tradisjonell julefilm, og nissens framtoning er ikkje akkurat egna for dei aller minste. Ego: Dette er ikkje ein barnefilm, sjølv om det er ein 10-åring i eine hovedrolla.

Eit par logiske brist:
Filmen skal liksom pågå i desember, og vi er langt nord i Finland, nord for Polarsirkelen. Ergo: Vi har mørketid. Men i Rare Exports er det lyst i timevis midt på dagen.
Ellers er skodespelaren som skal forestille den amerikanske bedriftsleiaren mistenkeleg lik Per Christian Ellefsen, noko som medfører at den amerikanske uttalen ikkje vert så veeeeldig truverdig.

MEN, for alt eg veit så kan dette være detaljar som filmskaparane har lagt inn for å ha det litt ekstra gøy.
For dette er ein artig film, men litt for skremmande til småbarn, og med ein litt underfundig humor som krev litt tankespinn.
Eg syntes det var vel anvendt tid. Filmen, som forøvrig er fra 2010, varer i berre 81 minuttar, og kunne med fordel ha vart eit kvarter ekstra. Etter premiera har filmen fått rimeleg gode kritikkar, og har tjent inn nokre kroner også. Rett nok var budsjettet ikkje av det største, men det er jo hyggeleg at filmskaparane sat att med eit lite overskot.
Eit hyggeleg tidtrøyte som fortjener ein sterk 

torsdag 24. oktober 2013

Ein tur på Bedehuset.

Når ein er med i diverse lag og foreiningar, så må ein stille opp på ulike arrangement.

Og nå på søndag som var, var det min tur. Bygdelaget skulle overrekkje ei lita påskjønning til Luster Familiemøte som har gjort mykje godt dugnadsarbeid i Bedehuset siste halvåret.
Bedehuset er ikkje ein stad eg besøker til dagen for å sei det slik, sjølv om eg alltid var med bestemor på tredjedags basaren der midt på 70-talet.
Som praktiserande ateist var det ikkje fritt for at eg følte meg som eit lam i løvens hule, iallfall før eg kom inn dørane.

Denne søndagen var det besøk fra Evangeliesenteret. Det er nokre karar som syng og spelar om Jesus, og som angivleg er frelst. Deira bakgrunn er gjerne som narkoman eller alkoholikar, sjølv om eg kunne tenkt meg å få sjå noko meir handfast på det.

Da eg kom inn døra vart eg ynskt velkomen av ildsjelene bak dugnadsprosjektet. Sidan det er i samme bygda, så kjende eg jo mange av dei frammøtte. Kun blide og hyggelege menneske å sjå.
Det var nærast ein skrikande kontrast til sist gang eg var der, som 12 åring eller noko slikt. Da var det ganske så dystert, med tungetale og greier. Ei traumatisk oppleving.

Bedehuset har verkeleg fått ei fin oppgradering. Her må det ha vore mengder med dugnadstimar, og lokalitetane er jo vortne rett fine. Lyse, fine veggar og ikkje minst; Bedre varme. Inngangspartiet er utvida ein smule og toaletta er no nyoppussa. I gamle dagar stod det ein utedass bakom her. Skrekk og gru.
Det er heilt klart at folka bak oppussinga har gjort ein formidabel jobb, og det skal dei ha all ære av.


Salen vart fylt opp, så eg vil anslå besøket til nærare 100 stk. Det er hyggeleg for arrangøren at dei kan samle såpass med folk, men på den andre sida, så har dei heile kommunen å ta av.
Eg fekk komme opp på podiet og overrekke ei blomehelsing, og sei nokre meir, eller helst mindre, velvalgte ord. Eg var meir nervøs for å stå der i 30 sek. enn å prate pensjon på eit personalmøte i to timar.
Applaus fekk eg også, det var snilt gjort, for eg sa neppe så mykje fornuftig.
Eg tenkte at det ville være uhøfleg å strene rett ut att dørane, og sidan eg har ei viss interesse av livssyn og religion, så vart eg værande der ein time.
Satte meg langt baki salen, der eg vart tatt godt imot av nokre sambygdingar. Dei takka for gåva, og så får eg tru at dei ikkje fekk forhåpningar om at eg ville bli fast gjest der.
Etter ei kort innleiing av møteleiar var det så tid for Evangeliesenteret. Dei skulle synge og framføre såkalla vitnesbyrd i ein knapp time, før det vart kaffi og kaker.
Ja, forresten: Der har mange lag og organisasjonar mykje å lære. Det var jo eit aldeles overveldande kakebord, mektig imponert!

Tilbake til Evangeliesenteret: Dei hadde no vore i distriktet i ei veke var det vel. Og dei er innlosjerte privat. Dei har farta omkring i Sognebygdene og forkynt Det Glade Bodskap, og eg forstod det slik at dette var den siste dagen deira her i Sogn. Åtte mann var dei, og dei kunne synge høgst brukbart.
Først fekk dei aller minste på møtet være med fram på podiet og synge nokre strofer. Personleg så kan eg styre mi begeistring for at barn blir opplært til å tru på det eine eller det andre, men det får være foreldra sitt valg.
Så var det meir sang fra dei åtte karane, og innimellom vart det altså vitnesbyrd. Eg har jo knapt peiling på kva eit vitnesbyrd er, men eg forstod det slik at det er ei slags personleg forteljing, i plenum, om korleis vedkommande, etter eige utsagn, vart frelst.
Slike vitnesbyrd gjekk på rundgang blant dei åtte. Dei opplyste at dei hadde vore narkomane og alkoholikarar, mista arbeid, hus og familie, men så funne meininga i livet i Jesus.
Det er sjølvsagt veldig bra dersom dette er tilfelle, for det meste er eigentleg bedre enn å være alkis og narkis.

Ein av dei åtte fortalde at han hadde vore på Evangeliesenteret ei tid, og der hadde han sett store ting skje. Bl.a. hadde folk blitt lindra for alvorlege sjukdommar som kreft. OK, var eg den einaste i salen som reagerte på akkurat det?
Der og da såg det slik ut, men eg vil tru at det nok var andre som stussa over akkurat den påstanden der, og den kunne vi godt vorte sparde for.
Ei pengeinnsamling var det også. Eg hadde ikkje ei krone på meg, men hadde vel neppe gitt om eg hadde hatt heller. Gir aldri til religiøse organisasjonar, om det så er jødar, muslimar, buddistar eller gud forby: Scientologar.


Konklusjon: Det heile var ei nærast surrealistisk oppleving. Ei lovprising av Herren og Jesus med allsang og vitnesbyrd, noko som er lysår fra mitt personlege livssyn.
Men arrangøren skal ha ros for at dei har pusta liv i det gamle huset og det framstår no som eit teneleg hus for bygda, i sterk kontrast til rønna 100 meter lenger framme i Øyagata. Kanskje kan navnet "bedehus" og det enorme veggmaleriet skremme lag/organisasjonar ein smule, men det er det eigentleg inga grunn til. Kristenfolket slik det framstod denne søndagen er blide, hyggelege menneske som vil sine sambygdingar berre vel.
Dog må eg få sei at eg sat att med kjensla av at sjølv om vi var i samme rom, så var vi ikkje i samme univers. Earth calling.

Etter ein time i Gaupne Bedehus var eg forsynt, og tok deretter turen på Treningssenteret for å teste ut den nyaste spinningtimen eg skal ha. Eg føler meg meir heime der likevel.




mandag 14. oktober 2013

Sykkelåret 2013 fra A til Å.

A for Angliru. Avsidig bratt fjell som vart nytta i Vuelta Espana. 23,6% stigning på det verste. Men gøy på TV!
B for Bergen-Voss. I år for 37. gang, men ikkje så gøy som i fjor. For masse bråkete bergensarar som stressar med å komme fort til Voss. Det er eit TURRITT for f.
C for Chris Froom. Britisk, radmager syklist som vant masse ritt, og toppa det heile med å vinne Tour de France, som han eigentleg burde vunne i fjor og.
D for Dyranut. Høgste punktet på det nye turrittet Voss-Geilo, der dei til alt hell hadde MAT.
E for Edvald Boasson Hagen, som hadde ein litt skuffande sesong. Kanskje han ikkje vinn alt i heile verda likevel?
F for Fanaraaken. Fjelltopp i Jotunheimen som vi ser kvar sommar når vi syklar Sognefjellsrittet.
G for Giro d`Italia. Som i år hadde fleire etappar med snø!
H for Hushovd, med Thor til fornavn. Norsk veteransyklist som hadde ein katastrofal vår, og ein veldig bra haust.
I for idioti. Best illustrert gjennom det internasjonale sykkelforbundet UCI. Herrefred for ein udugleg gjeng. Lykke til nyvalgt president Cookson, det treng du!
J for Jostedalen. Fint dalføre i Luster som vart sykla heilt til endes i august, dvs. til Styggevatnet. Anbefalast!
K for kamikaze. Beste betegninga på alle gale menn i sykkelfeltet, også kjent som spurtarar....
L for lang distanse. Slik som årets VM i Firenze. Det beste VM på årevis, antaglegvis sidan 1995.
M for Måbødalen. Bratt dalføre mellom Eidfjord og Dyranut på den tidlegare nemde strekninga fra Voss til Geilo. Vi brukte tre timar på tre mil....
N for Nordhaug, Lars Petter til fornavn. Norsk syklist som gjorde det knallbra i Firenze.
O for overraskande. Iallfall ein smule, da Rui Costa vart verdsmeister.
P for Peter Sagan. Slovakisk supersyklist som ser ut til å vinne akkurat det han gidd.
Q for Quintana, Nairo til fornavn. Colombiansk klatrefenomen som vart nr. 2 i Touren. Han skal vi nok sjå meir til da han også vant ungdomstrøya i Frankrike.
R for Roma Maxima, italiensk sykkelritt som hadde ein nr. 2, Pozzato, som trudde han vant. Det er alltid like gøy.
S for Sven Nys. Belgisk sykkelcrossfantom som i ein alder av 36 år vart verdsmeister og har totalt ca. ein million sigrar.
T for Tour de France. Nok sagt.
U for utslitt. Kjensle ein kan oppnå når ein ikkje får i seg nok mat når ein skal sykle over Hardangervidda.
V for Vos, Marianne til fornavn. Nederlandsk syklist som er verdsmeister i omtrent alt som trillar på to hjul. Manglar vel berre terrengsykling?
W for Wiggins, Bradley til fornavn. Britisk syklist som skulle vinne Giroen, men som istaden framstår som den største klumsen i utforkøyringane.
X for AleXander Kristoff. Norges beste syklist i 2013.
Y for yngling. Det kryr av norske sykkelritt på UCI-kalenderen. Og det er bra! Når får vi eit norsk profflag??
Z for Joaquin RodrigueZ. Utan tvil sesongens beste syklist, og han skulle absolutt fått regnbogetrøya også.
Æ for "ærleg". Betegning som omsider passa på amerikansk storsyklist som liksom "vant" Tour sju ganger på rad.
Ø for øl. Drikk som smakar veldig godt etter lange sykkelritt.
Å for årvis klaging på at ein ikkje har fått trent nok om vinteren.

tirsdag 8. oktober 2013

Ein tur på terrengsykkelen.


I dag var det regn.
Og blad som fell fra trea.

Dvs. ein perfekt dag for å teste ut terrengsykkelen.

Den gamle Cannondalen vert lite nytta til trening, men på haustdagar slik som i dag er det ein godt alternativ til landevegssykling, for ikkje å snakke om å sitte inne i spinningsalen.
Det er 10 varme ute enda, og eg hadde ikkje behov for anna enn ei tynn ulltrøye under den gule sykkeljakka. Det skulle vise seg å bli meir enn varmt nok.

Opp Engadalsvegen er det nylagd asfalt og nytt fortau denne hausten. Usle 10 månader tok det, så var vegen ferdig.
Nylagd asfalt betyr lett trilling, til tross for knastedekk og greier. Eg følte meg som Big Mig (Klengenavn på Miguel Indurain, spansk storsyklist fra første halvdel av 90-talet), der eg susa oppover langs rekkehusa i kollosal fart. Opp til gamlekyrkja, og nedatt, før eg tok snuen opp til nyekyrkja også. Masse kyrkjer her i bygda, og i kommunen generelt.
Fra nyekyrkja tok eg gangvegen ned til barnehagen, og sviiisj! så bar det framover Grindane. Forbi Hagasanden, skytebana, tverrslaget, dynamittlageret, nesten ei grein i trynet, og så: Den bratte bakken. Kanskje ikkje så lang, maks eit par hundre meter, men veldig bratt, sikkert oppmot 20%. På asfalt hadde det gått greit, men på regnvåt grus og sleipe blader måtte eg faktisk stå av 20 meter fra toppen. Nå var eg ingen Big Mig lenger, meir ein Big Mac, dvs. ein ekkel, feit sak. (Men Big Mac er velsmakande, så eg får trøste meg med det).

Ned att mot Rydøla er det først veldig bratt, og så går det greit oppover mot brua. Der stoppa eg og skulle ta bilde av fossefallet, men i regnværet hadde det danna seg lågt skydekke, slik at eg såg ikkje toppen av fossen. Hovedelva var imidlertid veldig stor.

Eg gadd ikkje sykle lenger oppover, for vegen på andre sida av brua såg enda meir attgrodd ut.
Får heller prøve i helga kanskje? Nokon som vil bli med?

Turen nedover gjekk greit. Den lange bratte bakken er lettare fra denne sida, da det er i to etappar, men også her er det nokre svinbratte parti.
Nedatt må ein nå være obs, da det kan være veldig glatt. Det å sykle med vanlege kombidekk her nå, er ikkje å anbefale. Knastedekk er det einaste som dug.

Ved dynamittlageret traff eg ein av dei lokale hundeluftarane, for dette er eit flott terreng å lufte sine firbeinte i. Det var vel ein jakthund hvis eg ikkje såg heilt feil. Men du veit, meg og hundar...

Tok turen over brua ved skytebane, og nedatt mot "sentrum" var eg oppom Røneidsvegen, der det no er komme opp gatelys. Samanhengande heilt fra sandtaket og inn til "sentrum". Nei, du verden.
Det neste som trengs her no må være eit rekkverk, for det er bratt og høgt ned i fylkesvegen nedanfor. Sidan eg sykla i slik kollosal fart, så hadde eg ikkje tid til å stoppe for å ta bilder, skal heller prøve ein annan dag.

Eg likar å trille på desse mindre sidevegane, og har vurdert om det kunne vore mogleg å arrangert sykkel-NM i bygda. Det trur eg nesten det kan, iallfall løypemessig, men det er tross alt ein del andre ting som skal på plass først.

Nede ved Hesjabakken tok eg gangstien ned til fylkesvegen att, før det bar over gamlebrua og ned på gangvegsystemet i "sentrum". Inne på treningssenteret var det spinningtime, men faktisk er det bedre å sykle ute enda. Det verste steget er å komme seg utafor døra, for når ein først er komen ut, så er det berre moro.
Ein blir blaut, og gjørmete, og det er......sjarmerande på sitt vis...

Eg trilla forbi Badet, der var det masse bilar, som vanleg, og eg fant ut at ein tur dit etter syklinga var ein god ide. Ut forbi campingplassen, og så heim.
Heile turen var ikkje meir enn litt over ein time, og det var neppe meir enn to mil, men det gjorde ingenting. Det viktigaste var at ein nå er så smått i gang med oppladinga til sesong 2014. Det å starte opp nå, og halde det gåande ute nokre veker til før spinningsalen ropar, er berre bra.
Ein bygger litt grunnlag, istaden for å utsette treningsstart til mars/april. Da kjem ein bakpå.

Hadde ein berre fått av seg nokre kilo også....

Det regna godt i ettermiddag, men det må ein berre tåle. Det har, som nevnt, sin eigen sjarm å sykle i møkkavær, sjølv om eg kjenner nokre som meiner at sykling kun skal skje i sol...

Hovedelva rann stor og stri nederst i dalføret....



søndag 6. oktober 2013

I spit on your grave (2010)

Da har eg sett film igjen, ein remake denne gang.
I spit on your grave er ein amerikansk horrorfilm i subgenren rape/revenge fra 2010, og er ei nyinnspeling av originalen fra 1978. Originalen har eg i DVD-hylla, og den er elendig.
Derfor var ikkje forventningane så store til denne nye versjonen, men det går jo an å ta ein kikk for det. Horror er nå horror.
I Spit on your Grave.jpg
Handling: Ei ung forfatterspire, Jennifer, dreg ut på bondelandet for å skrive si neste bok.
Ho skal bu i ei avsidesliggande hytte, og der er ikkje alt som det skal. Røyrene t.d. er tette.
Ho får hjelp av ein lettare tilbakeståande lokal mann, men han har dessverre nokre dårlege kameratar.
Dei oppsøker ho ei natt, og etter å ha blitt sjikanert ganske så grovt av desse, så klarar ho å stikke av.
Ho vert plukka opp av den lokale sheriffen, som sjølvsagt viser seg å være den verste av heile pøbelgjengen.
Han tek ho med att til hytta, der ho vert gjengvoldtatt og mishandla. Til slutt skal dei avslutte det heile med å skyte ho, men da forsvinn ho i elva.
Ho vert ikkje funnen, men ein månad seinare byrjar gjengen å ane uråd...
Kanskje ho ikkje forsvant i elva likevel?

Og sidan dette er ein film som jo handlar om hevn, så er det neppe noko stor overrasking at dei fem mishandlarane får smake sin eigen medisin, og vel så det.


Originalen fra  1978 er som nevnt elendig. Der er det skodespel på absolutt verste nivå, og det er mange hakk bedre her. Filmen er imidlertid svært voldeleg, og har av ein eller annan totalt uforståeleg grunn fått aldersgrense 15 år hos Viaplay der eg såg den. Spesielt er Jennifers hevnaksjonar ganske så hard kost, sjølv om ein erfaren skrekkfilmentusiast har sett verre.
Det er ikkje alt som heng på greip i filmen, bl.a. kan eg ikkje fatte korleis Jennifer, som er ganske lita og spinkel, har fått hengt opp dei velvaksne karane på alle moglege vis. Det var litt sånn "fattigmanns-Saw" over ein del av løysingane der.

I spit on your grave er spela inn på eit ganske så labert budsjett, og det synes. Skodespelarane gjer faktisk ein OK innsats, sjølv om dei er heilt ukjente. Ein kan jo lure på kva slags kjende skodespelarar som ville ha vore med for den del.
Men ellers er det minimalt med effektar. Litt gørr og blod, men locations ser svært billig ut; Nokre hytter ute i skogen, ei gammal bru, ei elv...enkelt.

Eg syntes filmen var bedre enn frykta. I.o.m. at originalen var så sørgeleg elendig, så vart eg positivt overraska. MEN: Det betyr ikkje at dette var Oscarmateriale. Det er framleis ein primitiv liten voldsfilm for dei spesielt interesserte. Overgriparane vert FOR onde, og hevna Jennifer påfører dei vert FOR brutal, på grensa til parodisk.
Men med tanke på forventningane, så var det OK, har sett verre filmar.

Nyinnspelinga av I spit on your grave vart inga publikums eller kritikarsuksess. Filmen er stort sett møtt med heller labre kritikkar, og av innspeilingsbudsjettet på 2 mill USD, så vart ikkje eingang halvparten tjent inn att.
Det viser kanskje at det ikkje er alle nyinnspelingar som kan gjere det like bra som t.d. Dawn of the dead.

Eg hadde labre forhåpningar, men vart så passa imponert eg gir filmen ein svak