tirsdag 1. desember 2020

Minneverdige sykkelturar 2020

 1. desember, og det er på tide med den årlege oppsummeringa av dei fem mest minneverdige sykkelturane fra eit høgst uvanleg år.

2020 har ikkje berre vore året da den vestlege verda fikk smake på følgene av ein verdsomspennande pandemi, som jo er den negative storhendinga vi har hatt.
Av gode ting som skjedde, kan vi og hugse at den nyare tids mest uduglege amerikanske president også fikk fyken.

Men over til noko laaaangt viktigare; Sykkelturar.


Av pandemiske årsaker, så fikk eg faktisk ikkje på plass ein einaste av dei turane eg planla for året, eksempelvis over Vikafjellet fra Gudvangen.



OPPDATERT MED NYE FRAMTIDIGE TURAR NEDERST I POSTEN!


Tur nr. 1:

Skjolden-Nørstedalseter-Skjolden

Da er det på tide og offentleggjere årets mest minneverdige tur, kun dryge seks mil lang, men likevel ein tur eg burde tatt lenge før, og som eg definitivt skal ta fleire ganger.

15. juli var dagen for denne turen, og sidan det var ettermiddag, og eg var i det smådovne hjørnet, så juksa eg litt. Med sykkelen på biltaket køyrde eg inn til Skjolden, og starta sykkelturen derfra. Hadde ein liten sekk med drikke og klesbytte, for Nørstedalseter ligg i villaste fjellheimen, og eg måtte opp på over 950 moh for å komme dit. Da kan det være smart å skifte til ein skal nedatt, med sola bak fjella og kjøligare temperatur.

Innover til Bjørk har eg vore mange ganger på sykkel, men det pleier å stoppe der. Derfra er det nemleg grusveg inn til dei siste gardsbruka, eit par km. lenger inne i dalføret. Og der som det ikkje bur folk, er det kun ein mindre vedlikehalden, tidlegare anleggsveg, som Hydro vel står som eigar av. Vegen fra Øyane og innover i dette ville dalføret er eit kapittel for seg. At det i det heile teke er bygd veg for bilar og anleggsmaskiner i eit slikt landskap skulle ein ikkje tru var mogleg. Det fortel oss også kor viktig den store kraftutbygginga var i si tid. 
Det er bratt, smalt, tildels så ymse med vegdekket, og for nokre stup vi skal forbi....hoi!!!

Eg har køyrt masse bil rundt om i landet, men eg tør påstå at vegen fram her er noko av det mest ekstreme som fins her til lands. Dette er ikkje ein strekning for den som er redd for høgder.

Vel, bilvegen er ei historie, på sykkel derimot.... er dette kanskje den villaste og flottaste turen ein kan ta. Fortunsdalen er trang, bratt og nesten skummel opp Bakligjelet, den første skikkelege store utfordringa innover. Det stig ca. 350 høgdemeter på 5 km. noko som ikkje høyres så ille ut. Det er lettast i byrjinga, men det endrar seg gradvis oppover, og vegdekket er lysår fra å være god asfalt. 

Noko som er heile poenget med å reise inn hit.

Det var i tillegg lagt på ny grus ikkje så lenge før eg var der, noko som ikkje akkurat gjorde det lettare å sykle. Mine grus-dekk måler berre 32 mm framme og 35 bak, så da seier det seg sjølv at i laus grus, så vert det problematisk i 8-10% motbakke.

Det var ikkje så nøye. Eg tok meg berre ein stopp før neste kneik, såg litt på utbetringa etter at vegen hadde rasa ut i fjor, tok nokre bilder, litt drikke, såg på naturen, og sjølvsagt måtte eg ta ein titt ned i juvet, der elva brusa nokre hundre meter lenger nede....
Altså; Den som køyrer utover her, den får seg ein luftetur av dei sjeldne. Her er det eit par hundre meter rett ned i fossane....
Men Hydro har nå satt opp aluminiumsrekkverk innover, slik var det ikkje før i tida. Eg har aldri høyrt om nokon som har køyrt eller sykla utover, og det er like greit.

Etter det bratte og tunge partiet var vegdekket fastare og eg trilla vidare innover dalføret. Eg tok framleis nokre stopp, berre for å ta fleire bilder av høge fossar t.d. 
Få i dag veit at nokre av verdas høgste fossar fins innover her. Dessverre er mange (alle?) av  dei tørrlagde, men denne sommardagen var det fin vannføring fleire stader. Sein sommar, og mykje snø sytte for det.

Det er nokre bruer ein skal krysse på veg innover, og dei er greie å bruke som landemerke. Den første er ca. fem km. før ein kjem inn til turisthytta, og den neste ca. 4 km. før. 
Så blir det påny bratt. På 3,5 km. skal ein opp nye 270 høgdemeter, og her er det adskillige bratte kneikar innimellom. Tungt er det!

Det tok meg to timar og 16 minutt fra Skjolden til eg var inne i krysset over turisthytta. Her kan ein sykle inn mot Fivlemyrane eller nokre av dei andre anleggsvegane som går herfra. Ein er nemleg langt fra endepunktet enda!
Men eg hadde ikkje høve til meir denne kvelden. Eg sykla ned til hytta, der det stod mange bilar parkert, og utanfor låg det ein mann og sov på ein benk. Dette var nok ein sliten fjellvandrar som hadde slokna etter dei to ølboksane som han openbart hadde innteke etter turen sin.

Eg drakk opp colaboksen min, slappa av med eit medbrakt lite kakestykke, og såg heimover dalføret der eg hadde kome opp. Ein strålande flott kveld, på 900 moh, med sola som var på veg ned, snø som framleis låg att, ein av landets villaste grusvegar og lengste samanhengane unnabakkar og nokre heilt spektakulære stup venta....

Klesbytte, og så bar det ned att. Eg tok det med ro, for sjølv om det er lite bilar innover her, så betyr ikkje det BILFRITT. Og er ein så dum at ein sykler tulling nedover her, og møter ein bil i ein av dei tallause svingane, ja da bør du velge rette sida å køyre av vegen på....
Eg møtte da også to-tre bilar på veg ned, slik at det er sagt. I eit område med null mobildekning, så var det derfor smart å sykle forsiktig.

Også denne gang gikk det mykje fortare ned enn opp, det er visst ein vane blitt.


Så; For den som framleis ikkje har sykla inn til Nørstedalseter; Dette er ein tur de MÅ ta før de døyr. Bruk den tida som trengs, det er garantert ein tur de vil hugse, men for all del; bruk vettet når de skal heim igjen, og køyr på rett side av vegen. Du vil ikkje sykle over rekkverket i Bakligjelet.

Dryge seks mil fra Skjolden og retur altså, og tre timar og 45 minuttar sykling. Ikkje fort, men det kan ein heller ikkje forvente, og kva hadde vel vore poenget med det?

Men konklusjonen må iallfall bli; Dette var årets mest minneverdige tur, og eg skal love at sjølv om det var første gang eg var innover på tohjuling her, så blir det ikkje siste. 

Eit MUST for einkvar tohjulsentustiast!


Det ser kanskje ikkje så høgt ut bak meg, men det skal eg love det er. Eg står innafor rekkverket og i midten der nede, eit par hundre meter eller så, renn altså elva. 



Sommarkveld på Nørstedalseter. Som vi ser var det mykje bilar der denne dagen, men den einaste personen eg møtte låg altså og sov. Utandørs. Med to tomme ølboksar ved sidan av seg. 


På veg nedover så måtte eg jo stoppe å ta bilde av dette skiltet. Rasfaren byrjar altså ETTER skiltet, og dermed vart det ikkje så mange stopp herfra og ned nei.


Rett etter dei siste gardsbruka i Fortunsdalen, så er det Hydro som overtek eigarskapet av vegen, og det er herfra og innover i to mil at moroa byrjar. 



Tur nr. 2:

Hafslo-Tungestølen-Hafslo

19. juni var siste skuledag før ferien, og klassen til 12-åringen skulle markere den med ein tur på badestranda i Solvorn. Eg var sjåfør for denne muntre gjengen, og da barna var levert i solsteiken, så var det klart for ein trilletur.
Oppatt på Hafslo, parkerte, kjøpte litt drikke og ein banan og så; Strondi next!

Det er eit par år sidan eg var der sist på sykkel, og med den nye flotte turisthytta på Tungestølen klar til å ta imot coronafrie gjester, såg eg fram til dette.
Ein makelaus fin dag var det!

Som vanleg var det litt motvind framover langs vatnet, men eg var der for turens skuld, heilt åleine. Og når eg triller åleine i slik fin natur, så gidd eg ikkje stresse. Eg ser på naturen, fossar her, fuglar der...og sjølvsagt den noko spesielle vegen. Det er til tider smalt, svingete og fjellvegg på ei side, og rett ned i det iskalde (og over 150 meter djupt på det meste) Veitastrondsvatnet. Det betyr at også at biltrafikken er liten, iallfall føør folk finn ut kor fint det er der framme om sommaren.
Som sykkeltur synes eg dette er ein av dei finaste vi kan ta her i kommunen. Slike vegar er så utruleg morsomme å sykle på, og nå som eg var åleine, så sykla eg også utanfor alle tunnelane. Mine medsyklistar vil helst sykle i dei svarte hola grunna smalare og tynnare dekk som er meir utsatt for punktering enn mine grovare grusdekk.
Men eitt pussig fenomen må jo likevel nemnast; Det er berre eit par år sidan det opna ein ny tunnel på denne rasutsatte vegen. Dette er ein moderne og flott tunnel, som det ikkje er lov å sykle igjennom.
Det kan eg forsåvidt leve godt med, men da må vi også forvente at vegeigaren syter for å halde gang/sykkelvegen på utsida så nokolunde i stand. Da eg var forbi der, så hadde det gått eit ras som hadde øydelagt vegen skikkeleg i nokre meter. Her var det ikkje farbart, og her måtte eg pent gå av tohjulingen, trakke over øydelagt rekkverk, og store steinar.
Seinare på sommaren vart dette utbetra, såvidt meg bekjent, og slik må det sjølvsagt også være, når tunnelen er stengt for oss.

Eg har aldri sykla fram til Tungestølen før, og eg visste at dei siste fem-seks kilometrane var på grus, noko som gjorde det heile ENDA bedre. Framover her var det nå så utruleg fint at eg MÅTTE stoppe for nokre bilder. Godt og varmt var det også, om enn ikkje kokande varmt mellom snøkledde fjell og brear på alle kantar.

Framme på turisthytta så var det ingen andre gjester enn meg denne formiddagen. Det passa sikkert bra, så svett og ekkel som eg følte meg etter den siste bratte kneika opp. Inne i hytta traff eg ein hyggeleg mann, og han hadde nystekt sjokoladekake til salgs. Eit stort stykke fikk eg kjøpt, og saman med ei nykjøpt  Cola gikk eg for å sitte på ein benk utanfor, .........og nyte livet.....det har ikkje alltid vore så lett siste åra. 

Medan eg satt der ute, så forstod eg brått at nå hadde eg det faktisk bra. Ei slags kjensle som har vore altfor sjeldan heilt sidan 2015. Ein sykkeltur i solskinnet i fantastisk natur, ei god sjokoladekake og ein kald cola. Eg fant ut at stort bedre enn dette gikk det ikkje an å ha det.

Så der er svaret på kvifor denne turen måtte med som minneverdig tur; Den gjorde meg godt, både på opplevingar og i sinnsstemning. 
Sidan den gang har det sjølvsagt vore mange tunge dagar att, men det er iallfall heilt sikkert at slike fine turar hjelper på alle dei tunge stundene som ein dessverre er belasta med.


Når kaka var fortært, og colaen tom, så var det berre å trille til Hafslo att. Nå kom det enda eit stort pluss med å sykle til Veitastrondi; Medvind. Det er ALLTID ein hjelpande trekk heimover att. Det set vi pris på.

Tre timar og 20 minuttar brukte eg på dei 75 km. denne strålande dagen. Fort gikk det langtfra, men eg hadde iallfall hatt ein flott dag, det betyr mykje. 

Til den som ikkje har sykla fram til Veitastrondi enda; Det er ein makelaus flott tur, men hugs å ha med godt lys hvis du velgjer å sykle tunnelane, ja unntatt den store flotte, nye da. Der er vegen utanfor framleis god, og ikkje minst bilfri. 


Det blir knapt flottare enn dette.




Flagget var oppe også. Neppe fordi at eg kom forbi, men fint var det nå likevel.



Tur nr. 3:

Gaupne-Styggevatnet-Gaupne

8. juli var dagen for den lengste og mest krevjande av "Lustrabakkar 2020". Det vart avtalt ein slags fellestur, med avreise kl. 1200. Været var litt smårufsete, så eigentleg håpte eg vel på at det ikkje kom nokon andre....men det gjorde det sjølvsagt....
Så, framover Jostedalen bar det, i forholdsvis vettugt tempo. Og O lykke; Vi skulle ikkje lenger enn fram i sandtaket før regnet forsvant og sola kikka fram. JU-HUUU!

Med sekk på ryggen trilla vi vidare i finværet, for Styggevassdammen ligg på over 1200 meter, og den vinterstengte vegen var akkurat brøyta. Der oppe var det garantert mykje snø att enda. Klesbytte var eit must.

Ein ting er at vi skal opp fra havnivå til 1200 meter, ein annan ting er at det går meir opp og ned framover Jostedalen enn ein merkar med...ja...bil....
Spesielt bakken i Elvekrok etter 35 km. er merkbar. Rett nok er den ikkje så lang, kun ein km. med den stig 100 høgdemeter.
Likeeins er bakken opp til den noko pussige tunnelen etter Fåberg er seig nok. 1,4 km. og nye 100 høgdemeter etter ca. fire mil. 

Likevel vert desse to som juniorbakkar å rekne samanlikna med strekninga fra Øy og opp til Styggevatnet. 
Stravasegmentet seier at dette er ein kat 2 bakke, men tidlegare starta segmentet noko før, dvs. der som stigninga faktisk byrjar, og ikkje fra brua, og da var det ein kat 1 stigning. 
For den som ikkje veit det, så er kat 1 klassifisert som ein hardare bakke enn kat 2.


Uansett er segmentet ca. 8 km. og vi skal opp nesten 600 høgdemeter. Eg visste at eg ikkje hadde sjanse til å halde følge oppover rettstrekkene, så her var det berre til å ta sitt eige tempo.
Hvis det fins gudar ein stad, så var dei plassert nede på Øy denne dagen, for vi hadde ein god medvind oppover, noko som jo gav meg ny personleg rekord på alle segment oppover.
Til tross for medvind, så var eg ganske så sliten på toppen, etter nesten 5 mil med stadig brattare motbakke.
Her oppe var det ikkje eit snev av sommar. Kun to-tre grader, brøytekantar på seks-sju meter og masse snø. For ikkje å snakke om sjølve magasinet som var totalt dekka av is.
Jo, det er dette som er norsk høgfjell. I byrjinga av juli er det som ein middels vinter nede i låglandet.

Da vi hadde fått tatt nokre bilder, og skifta til tørt fra den medbrakte sekken, så fikk vi selskap av den kvinnlege amazonsyklisten i klubben også. Vi vart einige om å sykle samla ned att alle tre, og eg tenkte i mitt stille sinn at dette ville bli ei tøff økt heim. Slike trekkhestar som desse to er ikkje å spøke med.

Turen ned til Øy tok merkleg nok mykje kortare tid enn dei 48 minuttane eg brukte opp, rart det der. Der nede var eg også sjeleglad for å endeleg komme ned i litt meir levlege temperaturar. Unnabakke i 3-4 grader er ikkje spesielt...varmt....

Fra Fåberg og til Gaupne gikk det som det kosta. Dei to gale eg hadde med meg sykla ganske så heftig etter min smak, så eg tok mi siste føring i Fossøyadn, og låg deretter som nr. to eller tre stort sett heile vegen heim. Det var slitsomt nok.

Så; Det minneverdige her er fleire ting: Årets høgaste punkt (1215 moh), årets lengste både i tid og avstand (nesten fem og ein halv time, og over 11 mil), samt eit fint selskap på turen som rett nok holdt på å ta knekken på meg fra Haukåsgjelet og heim.

Gøy var det. Enda så langt, høgt og slitsomt det var.


Oppe på Styggevassdammen var det fint lite som minna om juli-månad denne dagen.
Det kjem ikkje fram av bildet, men her var det to grader og ein kjølig trekk fra brrrrreen......



Oppe fra toppen kan vi kikke ned på vegen som snirklar seg opp. Det ser kanskje ikkje så bratt ut, men vegen held jamnt 8-10% heile vegen.


På veg ned att fikk eg tatt eit bilde av mine to medsyklistar, som gav meg bakhjul mang ein gang på turen heim. Eg er dei to ein stor takk skuldig for ein fin, men også for meg ein rimeleg tøff tur. Dei to andre løyste vel knapt svetten.  
I bakgrunnen ser vi litt av dammen som dei to føregåande bilda er tatt fra. 



Tur nr. 4:


Matre-Åkra-Matre

Tur nr. 4 vert også ein solotur, denne gang fra midten av august, og ein av kun to turar som var utanfor kommunen i 2020.
Vi pleier å ta oss ein årleg ferietur til Kvinnherad kvar sommar, for fisking og avkopling. Og fins det bedre avkoplingsmåtar enn å trille ein tur? Neppe.

Matre er ikkje nokon storby akkurat, og heller ikkje nabogrenda Åkra kan seiast å være av metropolstorleik.

Noko som jo er heile gleda med å feriere og ikkje minst, sykle der.
Biltrafikken er minimal, og vegen er av typisk vestlandsstandard, dvs. ca. fem meter brei, svingete, nokre små tunnelar her og der samt: Bakkar.
Her i Luster har vi ein heilt annan geografi, med høgare fjell og trangare fjordar, men det vi ikkje har i samme grad som på denne turen er altså bakkar. Ikkje fjell altså, men bakkar. 
På den knappe fem mil lange turen vart det sju gode bakkar og nesten 1100 høgdemeter. Høgaste punkt var berre 212 moh, og det er jo ingenting, men når ein ikkje akkurat er skapt for klatring, og når dei kjem såpass tett, så vart det heftig nok. Kun eit par kilometer av heile turen gikk på flat veg, ellers var det opp og ned heile tida. Ein km. opp her, tre km. ned der, fire km. opp att, ned, opp, opp, ned....
Det er nettopp derfor dette er ein minneverdig tur. Ja, naturen er fin, været var bra, ein idiot som køyrde gris som holdt på å kollidere med traktoren bak meg, men likevel er det dei sju bakkane og følgeleg også utforkøyringane som gjer dette "minneverdig". 
Skikkeleg grov asfalt, som skapt for min "gravel-bike".

Ikkje gikk det så fort at det gjorde noko, eg stoppa for fotografering og utsyn fleire ganger. Ein kan unne seg slikt på avkoplingsturar.

Ein trase som kan anbefalast!


Det er ikkje traseen langs fjorden som er det mest interessante, men dei forholdsvis korte bakkane.
Litt sånn "hai-kjeft" :-)



Vegen er som sagt ikkje av den beste, for billistar. For oss som syklar derimot er det reine paradiset.
Eg likar slike vegar veldig godt! 


Dette bildet er tatt fra kaien i Åkra, og eg meiner at vi ser over mot Kyrping eller kva det no enn heiter på andre sida av fjorden. Uansett: Fint er det!


Tur nr. 5:

Gaupne-Brunestegen-Gaupne

Så da får vi nøye oss med noko enklare, og på femteplass over minneverdige turar, så kjem turen opp til Brunen.
Ikkje fordi den var så lang, eller gikk på nye og ukjende vegar, neida.
Årsaka til at den kom med, er at det nok var den turen i år som fikk opp pulsen mest, iallfall over eit såpass langt tidsrom.

"Col d`Brunestegen" var ein av våre seks Lustrabakkar, den uhøgtidlege bakkekonkurransen, som eg sjølv har komponert. Opp dit er det seks km. og med pene 640 høgdemeter gir det like pene 10,6% i snitt, iflg. Strava.  Men snitt er ein ting. Sidan det er adskillige parti med lågare stigningsprosent, og endatil nesten flatt før siste kneika, så veit vi jo kva det betyr: Det MÅ være vesentleg brattare nokre stader.
Dei stadene startar med den siste kneika opp til vegkrysset i Engadalen (Vegaskjølet for oss lokale), og vidare opp forbi hårnålssvingane. Dette er ikkje meir enn 1,2 km, men det stig altså 170 høgdemeter. 
Og det merkast særs godt når ein har først har komen seg opp i Engadalen, det er tross alt nesten 10% i snitt dei fire km. før det brattaste partiet også..

Nemnde eg at det er grusdekke oppover her? Ikkje? Neivel. Det er grus. Noko som gjer at ein står i fare for å spinne dersom ein reiser seg på sykkelen, iallfall når ein velgjer å bruke noko anna enn ein terrengsykkel med knastedekk.
Eg satsa på grusdoningen oppover, og låg eigentleg bra an, heilt fram til foten av det aller brattaste partiet. Grussykkelen har ei lettaste utveksling på 32 krank og 34 på kassetten, noko som gjer at normalt kjem ein opp dei langt fleste bakkar.
Da var eg så gåen at blodsmaken kom, og farten var så låg at eg holdt på å velte. Eller kanskje det var utmattinga som gjorde at vegen gjekk i bølgjer...


Det var såleis inga veg utom; Eg måtte stå av og gå (forsøk på "løp" oppover her er fånyttes) nokre meter for å komme til hektene att ein smule. Fikk satt meg på sykkelen att før første sving, og trilla, stadig godt over den teoretiske makspulsen på 165, inn i veggen rett etter siste sving. Da måtte eg gå av ENDA ein gang. Så, medan sveitten rant (dette var 22. juni og ein fin og mild sommarkveld) og med tunga hengande som eit 17.mai slips, så stavra eg meg vidare oppover. Tenkte for meg sjølv at "Håpar ingen ser meg nå", for det synet var garantert ikkje mykje pent. 

OMSIDER. Oppe forbi dei to hårnålssvingane, og det første "flate" partiet som kun har 8-10% før det faktisk er flatt og ein smule unnabakke i knappe 500 meter. Det er forøvrig dette partiet som trekker ned snittprosenten på heile bakken til dei før omtala 10,6%. Men det varer ikkje lenge, for siste kneika er kanskje ikkje meir enn 400 meter lang, men stig nye 50 høgdemeter. Og den svir.

På eit eller anna forunderleg vis kom eg meg opp på parkeringsplassen, og til alt hell var det ingen personar der. Alle lydane eg hadde laga litt nedi bakkane hadde også jaga vekk sauer og småvilt, så plassen var heilt for meg sjølv.
Like bra eigentleg.

Totalt utkøyrd.


Litt drikke på dei naturskjønne betongbenkene som er satt opp, og så ned att. 

Det gikk mykje fortare enn turen opp.

Satte ny pers i det minste, det var jo bra. Pleier å ta ein tur opp her kvart år, den årlege sjølvplagarturen som eg kallar den. Og i år var sjølvplaginga verre enn før, men det var jo liksom heile vitsen.


Etter å ha kome til hektene att, så rakk eg sanneleg å ta eit bilde på toppen også.




Engadalen er ei lita perle, og denne fine vesle fossen er ikkje noko unntak.
Måtte jo ta ein snue forbi her, når eg først var oppi likevel.


********************************************************

Da er det også på tide å legge inn tre nye framtidige turar, som kanhende blir realisert ein gang i framtida. Turane eg håpte på i år, vart det ingenting av, men så har 2020 vore eit spesielt år på alle vis. Kan liksom ikkje reise rundt og tenke på sykkelturar slik som det har vore nå.


Men det er lov å drøyme.


Framtidig tur nr. 1:


Lom-Juvasshytta-Lom

Kvifor? Fordi det er landets høgtsbeliggande vegstrekning, heilt opp til 1841 meter moh. Slike høgder må vi til Alpane for å finne ellers.
Det er 34 km. fra Lom til Juvass, og omtrent heile vegen er motbakke, men det er sjølvsagt der vi tek av fra Sognefjellsvegen det blir moro. 13,1 km. med 10% i snitt.
Det vert rekna som landets kanskje tøffaste stigning, antaglegvis med rette. Det er kanskje ikkje like bratt som Stalheimskleiva, men dette er ein stigning som hadde blitt klassifisert som HC i dei store etapperitta også.

Sikkert skøy nedatt.







Framtidig tur nr. 2:

Sykle i 12 timar samanhengande.
Kvifor? For å sjå kor langt ein kjem på 12 timar såklart! Start på Lom, og deretter på alle dei sidevegar vi kan finne ned mot Otta, og vidare ned Gudbrandsdalen. 
Har sykla i 24 timar, og det var da greit nok.
Må ha mat og drikkepausar innimellom, men opp att til Fagernes burde da være råd å få til?



Framtidig tur nr. 3:

"Molding"
Den nye store trenden nå under covid-19, var såkalla "Everesting", eller variantar av denne mildt sagt spesielle øvinga.
"Everesting" er kort forklart å sykle opp og ned samme bakke samanhengande heilt til ein har sykla like mange høgdemeter som Mount Everest, dvs. 8848 m.
Ein slik prestasjon kjem eg aldri til å klare, men det fins variantar, eksempelvis "Mont Blancing" eller "Galdhøpigging", der prinsippet er det samme; Opp og ned samme bakke til nevnte fjells høgde er oppnådd. Det fins også ein enda verre variant som heiter "Trenching", men la oss ikkje gjere dette meir innfløkt enn det er.

Kvar?
Fra Tangaflati og opp på Lambhaug.
Kvifor akkurat der?
Fordi det er ein lite trafikkert veg, med lite svingar slik at vi heller ikkje brukar så lang tid ned att.
Andre fordeler?
Ja, dersom vi kunne gjort eit arrangement ut av det, eksempelvis skaffe kroner til eit veldedig formål, kunne vi kanskje hatt skulen midt i bakken som utgangspunkt og base.




Stravasegmentet er laga, men eg har holdt det personleg fram til nå. Det er nesten likt det mykje brukte segmentet opp Indre Hafslo, men byrjar litt nærare krysset til FV 55, slik at ein skal få bruke alle høgdemetrane.

Og kor mange ganger må du sykle opp/ned her?

"Molding", 1118 m. det må syklast opp sju ganger, vi rundar oppover. Totalt 37 km. opp og ned.
"Galdhøpigging",  2469 m, det må syklast opp 15 ganger. Totalt 84 km opp og ned.
"Mont Blancing", 4808 m, det må syklast opp 29 ganger. Totalt 194 km opp og ned.
"Everesting", 8848 m, det må syklast opp 53 ganger. Totalt 296 km. opp og ned.


Det hadde jo vore moro å få til eit eller anna....




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar