søndag 15. november 2020

Nobody sleeps in the woods tonight - filmomtale

 Eg vil ikkje ein gang PRØVE å uttale originaltittelen til denne polske slasher-saken, det er ille nok å måtte prøve å skrive tittelen.
Derfor held eg meg til den engelske utgåva heretter.

Polske skrekkfilmar er av det meir sære her i huset, men da denne kom ut på Netflix nå i slutten av oktober, kvifor ikkje gi den ein sjanse?



Polen er for meg eit filmland som er heilsvart. Trur aldri eg har sett filmar derfra, men ein gang må jo bli den første, og kva passar da bedre enn 100 minuttar tradisjonell "ungdom på tur møter stor. stygg, sterk slaktar"?

Handling:
Ein kort prolog viser oss ein sliten postmann som oppdagar noko rart på ein avsidesliggande gard. Nede i kjellaren på småbruket der han skal levere ein pakke, er det eit eller anna av den store og sterke arten. Polens svar på Postman Pat får aldri levert pakken sin, men havnar antaglegvis som mat.

Fast forward 30 år, og vi skal til ferieleiren "Adrenaline" der kjipe byungdommar må bu seg på ei heil veke utan nettbrett, mobil og andre ting som alle berre MÅ ha i dagens samfunn. 

Leirdeltakarane vert delt inn i grupper på fem (pluss ein instruktør) og vi følgjer den eine av desse gruppene ut i den omtrent endelause polske skogen.
Dei fem er av den vanlege ungdomsgjengen vi treffer på einkvar filmtur i ødemarka: Den flotte blondina, filmnerden, den depressive, idrettsdusten og homoen. Dei fem, pluss deira kvinnlige instruktør, går og går. Dei finn spor som ville fått alle andre til å snu, men som i filmland berre får dei til å gå vidare. 
Det vert såleis ingen prisar for å gjette at våre heltar møter på den/dei før omtala store, stygge, sterke slaktarane (SSSS), og det er heller ingen prisar for å gjette kven av våre ungdommar som kjem til å komme heim att i eitt stykke.


Det tok meg ca. 20 sekundar å finne ut kven som ville overleve. 

Og eg fikk rett.

Ein treng ikkje å ha sett så mange slike slashers for å vite korleis dette skulle gå, så det var eigentleg berre å vente på korleis SSSS ville knerte dei ulike leirdeltakarane.
Nokre fiffige variantar var det da også, og såleis ikkje heilt vekkasta tid å bruke framfor skjermen.

Mange referansar til filmar generelt og skrekkfilmar spesielt fra nerden si side, blondina får flasha litt boobies, sex er einsbetydande med døden, dvs. alt er forutsigbart. Skummelt er det ikkje, men ein viss underholdningsverdi har denne filmen tross alt. Miljøet er for det meste lys sommardag i polske skogar, ikkje netter rundt Crystal Lake. Homoen får lagt inn nokre spark til polsk politikk, prisverdig av regissør og manusforfattar, kyrkja får sin dose kritikk, og filmen har ein fin liten snert som eg likte ganske godt. Den gir seg ikkje ut for å redde verda, dette er rein drapsunderholdning i regi av dei nå velkjende SSSS.

Kva var bra? Tja, at det var ein forutsigbar og velkjend modell, med nokre småoriginale drap her og der. Alltid skøy med litt nye metodar.

Kva var dårleg? Årsaka til det som gjorde SSSS til det dei framstår, den vart FOR dum. Skrekkfilm til tross.


Men konklusjonen må likevel bli at dette var langt fra dei verste 100 minuttar eg har brukt på Netflix. Sjølv om filmen ikkje har fått dei beste kritikkar, så syntes eg dette var grei tidtrøyte.

Til slutt vil eg anbefale å sjå filmen med originalspråket, og ikkje dubba til engelsk. 








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar