mandag 23. november 2020

DES - serieomtale

 I 1982 vart vi nærast rysta over nyhenda fra England om ein Dennis Nilsen. Dette var ein mann som hadde begått fleire drap, noko som var forsåvidt ille nok i seg sjølv. Men han hadde ikkje berre tatt livet av kanskje 15-16 menn, han hadde oppbevart dei i husværet sitt, i månadsvis, deretter partert dei og brunne opp restane. Dei restane som ikkje vart med i bålet, vart forsøkt spyla ned i dass, og det var nettopp dette som gjorde at han vart oppdaga.


Makabert i 1982. Minst like makabert å lese detaljane nå.

Snart 40 år etter så kom altså miniserien om denne norskætta seriedrapsmannen, ein av Englands mest omtala av sorten nokon gang.



Serien er i tre deler, og vart tilgjengleg på TV2 Sumo nå i november. 

Handling: 
Vi startar med Nilsens pågriping, rett etter at ein røyrleggjar har vore å staka opp dei tette kloakkrøyrene i bygningskomplekset der Nilsen bur. 
Vi vert derfor spart for det som kunne overgått dei villaste splatterfilmane sine blodorgiar, noko som jo er heile poenget med denne briljante serien. Vi får nemleg ikkje sjå blod nesten i det heile teke, og parterte kroppsdeler vert vi også spart for, med unntak av nokre kjøttslintrer som den før omtala røyrleggjaren viser fram i eitt sekund.

Men til tross for at vi altså ikkje SER noko som helst, så kan vi likevel godt forestille oss korleis det har vore i Nilsens husvære, gjennom den stadige trangen politietterforskarane har til å dekke for luftvegane....

Det er altså ikkje utføringa av dei mange drapa som er hovedfokus her. Tross alt; Vi snakkar ikkje om SAW eller Hostel.
Det er politiets etterforskning som er hovedtema, samt eit dykk ned i ein svært farleg mann sine tankar. Nilsen nektar nemleg å snakke med politiet etter ei tid, og hyrer heller inn ein kjend forfattar. Boka er forøvrig ekte, og er ein av mange bøker om seriedrapsmenn som forfattar Brian Masters har skreve.

Politiet slit med manglande håndfaste bevis, tiltross for at Nilsen vedgår altså 15-16 drap.
I ein rettsstat skal det heldigvis meir til enn berre ei vedgåing. 
Leiaren for etterforskninga møter stadig juridiske utfordringar, samt at han må inngå ei rekkje kompromiss for i det heile teke å få Nilsen tiltala for overlagde drap.


Det er sjølvsagt inga spenning om kva utfallet blir, for det kan vi alle finne ut. 
Men likevel er dette er sjeldant engasjerande og drivande god TV-serie, lysår fra alle dei lettliva krimseriane som TV-kanalane spyr ut til dagen. 
Og ingen er bedre enn hovedperson Dennis Nilsen himself, fantastisk spela av skotske David Tennant, sist sett som ein av Voldemort sine dødseetarar i Harry Potter-filmane.

Som Nilsen er han laaaangt skumlare enn Voldemort nokon gang kunne bli. Her har vi ein intelligent, bebrilla byråkrat som styrer mykje av etterforskninga slik han vil. Ein intelligent mann, som også kunne oppbevare lik under golvplankane i huset sitt i månadsvis, samt småkoke eit hode i mange timar slik at kjøttet kunne spylast ned i dass.

Ein engasjerande, skremmande og knakande god TV-serie som alle med eit snev av sans for realistisk, britisk krim bør sjå. Om ikkje anna, så er tidssnittet perfekt: Folk røyker som besatt, det vert brukt fasttelefonar og skrivemaskiner, og alle menn går med slips.

Glad dei dagane er over.


Ein soleklar





søndag 15. november 2020

Nobody sleeps in the woods tonight - filmomtale

 Eg vil ikkje ein gang PRØVE å uttale originaltittelen til denne polske slasher-saken, det er ille nok å måtte prøve å skrive tittelen.
Derfor held eg meg til den engelske utgåva heretter.

Polske skrekkfilmar er av det meir sære her i huset, men da denne kom ut på Netflix nå i slutten av oktober, kvifor ikkje gi den ein sjanse?



Polen er for meg eit filmland som er heilsvart. Trur aldri eg har sett filmar derfra, men ein gang må jo bli den første, og kva passar da bedre enn 100 minuttar tradisjonell "ungdom på tur møter stor. stygg, sterk slaktar"?

Handling:
Ein kort prolog viser oss ein sliten postmann som oppdagar noko rart på ein avsidesliggande gard. Nede i kjellaren på småbruket der han skal levere ein pakke, er det eit eller anna av den store og sterke arten. Polens svar på Postman Pat får aldri levert pakken sin, men havnar antaglegvis som mat.

Fast forward 30 år, og vi skal til ferieleiren "Adrenaline" der kjipe byungdommar må bu seg på ei heil veke utan nettbrett, mobil og andre ting som alle berre MÅ ha i dagens samfunn. 

Leirdeltakarane vert delt inn i grupper på fem (pluss ein instruktør) og vi følgjer den eine av desse gruppene ut i den omtrent endelause polske skogen.
Dei fem er av den vanlege ungdomsgjengen vi treffer på einkvar filmtur i ødemarka: Den flotte blondina, filmnerden, den depressive, idrettsdusten og homoen. Dei fem, pluss deira kvinnlige instruktør, går og går. Dei finn spor som ville fått alle andre til å snu, men som i filmland berre får dei til å gå vidare. 
Det vert såleis ingen prisar for å gjette at våre heltar møter på den/dei før omtala store, stygge, sterke slaktarane (SSSS), og det er heller ingen prisar for å gjette kven av våre ungdommar som kjem til å komme heim att i eitt stykke.


Det tok meg ca. 20 sekundar å finne ut kven som ville overleve. 

Og eg fikk rett.

Ein treng ikkje å ha sett så mange slike slashers for å vite korleis dette skulle gå, så det var eigentleg berre å vente på korleis SSSS ville knerte dei ulike leirdeltakarane.
Nokre fiffige variantar var det da også, og såleis ikkje heilt vekkasta tid å bruke framfor skjermen.

Mange referansar til filmar generelt og skrekkfilmar spesielt fra nerden si side, blondina får flasha litt boobies, sex er einsbetydande med døden, dvs. alt er forutsigbart. Skummelt er det ikkje, men ein viss underholdningsverdi har denne filmen tross alt. Miljøet er for det meste lys sommardag i polske skogar, ikkje netter rundt Crystal Lake. Homoen får lagt inn nokre spark til polsk politikk, prisverdig av regissør og manusforfattar, kyrkja får sin dose kritikk, og filmen har ein fin liten snert som eg likte ganske godt. Den gir seg ikkje ut for å redde verda, dette er rein drapsunderholdning i regi av dei nå velkjende SSSS.

Kva var bra? Tja, at det var ein forutsigbar og velkjend modell, med nokre småoriginale drap her og der. Alltid skøy med litt nye metodar.

Kva var dårleg? Årsaka til det som gjorde SSSS til det dei framstår, den vart FOR dum. Skrekkfilm til tross.


Men konklusjonen må likevel bli at dette var langt fra dei verste 100 minuttar eg har brukt på Netflix. Sjølv om filmen ikkje har fått dei beste kritikkar, så syntes eg dette var grei tidtrøyte.

Til slutt vil eg anbefale å sjå filmen med originalspråket, og ikkje dubba til engelsk. 








lørdag 14. november 2020

#alive - filmomtale

 Og da har vi omsider sett ein ny film fra Sør Korea. Det vert laga haugevis av filmar i denne teknologiske stormakta, men langt fra alle kan seiast å være like spennande å bruke tida på.

Enter: #alive ein zombiefilm fra drabantmiljøet i utkanten av ein koreansk storby, og nei; Det er ikkje Seoul. Filmen er nemleg laga i Gunsan, eit par hundre km. sør for hovedstaden.


Handling:

Vi møter ungdommen Oh Joon-Woo, som bur saman med familien sin i eit bustadblokk-kompleks.
I det heller vesle husværet lever han for det meste sorglause dagar, og brukar tida på gaming. Ikkje litt, men MYKJE gaming. Dette legg han gjerne ut på nettet, for han er på såpass bra nivå at det fins folk som vil følgje spelinga hans direkte.

Ein dag er resten av familien på bytur, da det brått kjem inn merklige meldingar på TV om at folk vert sjuke, døyr og så kjem tilbake fra dødsriket for å fortære dei stadig færre levande.
Ikkje så originalt at det gjer noko, men i motsetnad til i "The Walking Dead" så har vi ikkje trege halvrotne vrak som subbar rundt i gatene, men hordar av springande nyleg avdøde, som kun er ute etter kjøtt.

Blokka til gameren vår vert etterkvart ganske så isolert, og det verkar som om Oh Joon-Woo skal sulte ihjel. Ikkje evnar han å rasjonere maten sin, og handel kan ein skyte kvite piler etter, da gatene er fulle av dei levande døde.

Alt håp er ute, da han brått får kontakt med ei jente fra naboblokka. Det burde han strengt talt klart mykje før, med så lite å tilbringe dagane med som han tross alt hadde.

Kan dei to klare seg gjennom apokalypsen tru?



Det aular av zombiar i denne halvannan time lange horrorsaken. Overalt finn vi døde som gjerne gomlar i seg litt levande kjøtt, og som dermed smittar vidare. 
Men som zombiar flest, så er dei ikkje så smarte at det gjer noko. Dei reagerer på lyd, men utanom det, så er det ganske så begrensa i topplokket.
Dette medfører bøtter med liksom-blod, klint utover vegger, golv og glasruter. Blodspruten står til himmels, og ein skulle vel tru at eit slikt inferno var det vel uråd å komme seg livberga fra.

Er det ein god film?

Mja.

Eg synes at zombiar skal være trege, og iallfall ikkje springe som gale berre dei ser ein levande skrott til kveldsmaten. Det som skiljer denne fra massen, er at vi ser det fra ein gamers synsvinkel og hans bruk av sosiale media. Gudane må vite om filmskaparane prøver å fortelle oss at SoMe kan være nyttig, men i det gjenomteknologiske sør-koreanske samfunnet, så vil eg anta at mobilar og internett er ein naturleg og naudsynt del av kvardagen, endatil i ein apokalypse.

Om ikkje anna, så er det ein uvant synsvinkel.

Mesteparten av handlinga føregår i små blokkleilegheiter, samt nokre utandørsscener som openbart er laga på avgrensa områder. Filmen kan neppe ha kosta allverda å produsere, men den duger som enkel og ganske tanketom underholdning.
Hvis ein liker zombiefilmar da.

Filmen er ny av året, og kan finnast på Netflix.

Nå skal eg tilbringe natta med å sjå på polsk slasher. Finkultur kan ikkje komme i store nok mengder.


Høgdepunkt: Hugs å alltid ha golfkøller klare i fall ein zombieapokalyspe skulle være rundt hjørnet.

Lavmål: Zombiar skal eigentleg kun subbe avgarde, ikkje løpe.





torsdag 12. november 2020

His House - filmomtale

 I skuggen av det spennande valget i USA forrige veke, fekk eg også høve til å få med meg den britisk/amerikanske grøssaren "His House". Den kom ut på Netflix nå i slutten av oktober, og i det minste såg traileren grei ut.
Men forventningane var ikkje altfor store; Grøsserfilmar på Netflix pleier gjerne å være dusinvare, som ikkje gir den heilt store filmopplevinga.

Skulle His House være eit unntak fra regelen?



Handling:

Vi treffer eit ungt par i Sør-Sudan, verdas yngste land, og samstundes åstad for ei rekke grufulle handlingar i form av overgrep, borgarkrig, etnisk renskning og det meste som måtte være av elendige tilstandar.
Paret, beståande av mannen Bol og kona hans, Rial, må flykte i hui og hast saman med jenta si, Nyagak, da landsbyen deira vert angripen.
Etter ei mildt sagt strabasiøs ferd har dei omsider kome seg til England, men dessverre utan Nyagak, som forsvant i Middelhavet.

Dei vert innlosjert i eit ganske så shabby husvære i utkanten av London, med ein liten pengesum fra den britiske stat kvar veke, samt strenge restiksjonar på kva dei kan gjere.
Huset, som i seg sjølv er ille nok, er beliggande i eit heller belasta strøk av byen. Kvardagsrasismen florerer og paret slit sjølvsagt med traumer etter tapet av jenta si.

Så byrjar underlege ting å skje i huset. 

Lydar til å begynne med, så utviklar det seg gradvis til stadig meir skrekkinngytande opplevingar.
Er det noko anna i huset også? Kan dei ha dratt med seg noko farleg og skummelt fra heimlandet?


Denne 93 minuttar lange saken raser ikkje avgarde i #kollosalfart, snarare tvert om. Til tider går det sakte og nesten FOR tregt. Tross alt er det snakk om stort sett berre det unge paret, med nokre få biroller og tilbakeblikk til å forklare kva som skjer.

Men joda; Det ER grøssande innimellom. Bakgrunnen i seg sjølv er fiffig nok, kor mange grøssarfilmar fra asylsøkarmiljøet har vi sett før? Her får vi eit overnaturleg element innimellom dei nitriste og grå dagane som Bol og Rial må gå igjennom. 
Og ja; Det fins scener som er creepy nok til å lage gåsehud, eit kvalitetsstempel!

Alt i alt er His House ein fin liten grøssar fra eit, iallfall for meg, nytt og originalt perspektiv.
At hovedrolleinnehavarane er britisk og nigeriansk får vi heller tåle.

Filmen kan anbefalast alle som likar gammeldagse grøssarar utan for mykje blod og gørr, men som istaden liker den litt nagande og ekle kjensla som grøssarfilmar skal gi oss.
Dette er altså ikkje ein splatterfest, ein slasher eller ein monsterfilm, men eit hyggeleg treff med den gode gamle litt småtrege og spennande grøssarsaken.
Filmen bør helst sjåast på mørke haustkveldar!

Høgdepunkt: "Rats did this?"

Lavmål: Det går ikkje akkurat på speeeeed gjennom dei 93 minuttane....