søndag 11. oktober 2020

Topptrimmen 2020 - 2022: Sippelhaugnosi

 Det er langtfra kvar seinhaust ein kan ta barmarkstur i norsk fjellheim, men når høvet byr seg på ein fin søndag, nesten midt i oktober....kvifor la sjansen gå fra seg?
Eigentleg var Topptrimambisjonane lagt i hiet for vinteren, men da nysnøen på Sippelhaugnosi var smelta vekk i solskinnet, så avtala vi på kort varsel eit forsøk.
Denne fint beliggande toppen på den såkalla sørsida av Lustrafjorden, ikkje så langt fra grensa til Årdal er ikkje så høg, kun 1251 moh.
Vi kunne gått tre andre toppar også, men dei er alle på over 1400, og Greineggi er jo på over 1800 moh, lengst nord i Breheimen, så den var heilt uaktuell.

Det måtte bli Sippelhaugnosi.

Som tenkt, så gjort.

Topptur nr. sju i denne bolken vart avtalt med reise heimefra kl. 0900. 

Ankomst Kroken, og parkering rett ovanfor Munthehuset, altså ikkje så altfor høgt over havnivå. Stien går i byrjinga litt bratt opp til det som må ha vore ein vårstøl i gamle dagar, Vassløysa heiter den. Denne stølen er på dryge 300 moh. Det var ca. halvanna km. opp dit, og sjølv om det var oktober, så var det ikkje problem å få opp varmen. 
Ein liten drikkepause, før vi gjekk vidare opp til fjellstølen(?) Sippelhaug på ca. 930 moh. 
Stien opp dit må seiast å være god. Det er antaglegvis lite husdyr som held til i dette området nå, såg ikkje spor av slikt før vi passerte Sippelhaug.
Det vi derimot såg var ein heil del døde lemen, samt nokre ivrige levande artsfrender som pilte fort avgarde etterkvart som følget kom pustande og pesande oppover bratta. 


Stølen Sippelhaug vart nådd etter ca. 4,0 km. og vi tok ein liten omveg, dvs. vi følgde merkinga fra den gang Surnasetnosi var med i Topptrimmen for 10-12 år sidan. Men også denne stien førde oss bort til brua over elva til foten av Sippelhaugnosi.

Framleis var det merka sti, men etter stølen var det slutt på den.
Dog var det rydda eit slags spor i einerkrattet oppover, og den var veldig grei å følge. Da vi nærma oss 5 km. gange og nesten opp på 1200 moh, så såg vi også nokre enkle vardar som var satt opp, samt at det heilt oppe på platået var nokre små restar av nysnøen. Det var fotspor i den, og toppunkt, som sjølvsagt var eit stykke innover og gå, var eigentleg lett å finne. Den raude postkassen såg vi på nokre hundre meters avstand, og vi lurde på om det var ein slags vimpel på varden. På avstand såg det nemleg slik ut. Da vi kom nærare, så oppdaga vi kva det var.... :-)

Det var definitivt ingen sommartemperatur, men eg har vore på toppar i juli månad med adskillig lågare temp. Det at to av oss gjekk i shorts heile vegen, fortel om kor grei varme det var. 
Litt kjølig vind på toppen var det jo, men herrefred; kalenderen viser nesten midt i oktober!

Klesskifte, kortklypping, signatur i boka, og dei obligatoriske meldingane om at vi var komne trygt opp, samt bildetaking med fjellfiar og greier, før det bar nedover att.

Vi tok oss ein liten matbit på Sippelhaug att, der ein venleg sjel hadde satt opp ein fin benk som vi tjuvlånte til formålet.
Framleis flott vær, lemen som pilte omkring, og brunstige hjortar som brøla på andre sida av den ville og trange Krokadalen.

Det fins verre måtar å tilbringe søndagen på.

Da vi var komne over brua, så tok vi ein litt anna veg ned til det før omtala krysset til Surnasetnosi. Her har antaglegvis nokre driftige menneske lagt litt flid i å bygge trapper i betong, noko som sikkert har vore ein tung jobb vil eg tru. Det såg ut som det hadde gått eit ras her for nokre år sidan, og at stien nå var utbetra. Veldig bra jobba, uansett kven som har gjort det!

Ned mot Vassløysa byrja sjølvsagt knea å klage, som vanleg. Til alt hell er stien her av god kvalitet, og slyngar seg i svingar nedover. Den verste biten var faktisk den nederste.

Etter fem timar og 20 minuttar var vi nede ved bilen. Vi brukte to timar og 50 minuttar opp, og det var eigentleg eit greit tempo. Ein halvtime med mat og pausar høyrer også med.
Totalt vart det 11,8 km. og 1264 høgdemeter.

Sippelhaugnosi er ein middels krevande topp, med god sti, og som er lett å finne fram til. I dette krevjande terrenget er det heilt naudsynt å finne stien heilt nedanfra vegen, og den finn du når du ser skiltet Vassløysa. Følg den, og derfra skal du på skrå oppover , og du må for all del finne stien fra Vassløysa. Går du rett inn dalen her, så vil det bli svært tungt å ta seg fram. 

Vi var ca. nr. 90 av topptrimmarane som hadde vore her, så kor mange som har nytte av denne posten skal være usagt, men vi var iallfall samde om at det hadde vore ein fin tur.

Luster leverer fjellvarene, også i oktober!


Bilder: 







Første pause på Vassløysa.


På veg opp, og vi ser bort på Sippelhaugnosi og stølen Sippelhaug.


På Sippelhaug kunne vi sjå nesten heim!


Her er vi komne opp på platået, og herfra såg vi toppunktet.



Den "vimpelen" som vi trudde det var, viste seg altså å være noko heilt anna.




Ikkje det store utsynet mot fjella i Jotunheimen denne søndagen, men ein mektig fjellheim er det uansett.





Lengst inne i Krokadalen ligg det faktisk enda ein støl. Noko seier meg at denne kanskje ikkje er besøkt kvar dag?



Ned att mot Kinsedalen.





Heimover mot platået på Sippelhaugnosi.





Og som vanleg må ein ha med eit utsiktsbilde over fjorden.



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar