lørdag 24. oktober 2020

Kadaver - filmomtale

 Norsk horror er ikkje kvardagskost, sjølv om vi jo har gode grøssarar som Villmark og Fritt Vilt.

Eitkvart forsøk på norske skrekkfilmar bør testast ut, og nå, 22.oktober, kom "Kadaver" ut på Netflix.


Knappe 90 minuttar postapokalyptisk skrekk, eit ikkje ukjent tema innan skrekkgenren.

Handling:
Vi møter ein liten familie, som må klare seg så best dei kan etter noko som må ha vore ei atomkatastrofe ein gang i nær framtid. Det er stort sett alltid kaldt (atomvinter), og med slike værtilhøve, så er det heller skralt med maten. Byane er øydelagde, infrastruktur rasert, det fins inga form for statleg innverknad, kort sagt; Nærast anarki.

Inn i dette traurige livet dukkar det ein dag opp ein annonsør på gata. Ein hyggeleg eldre herremann fortel om ei forestilling som skal avholdast på eit hotell, og herremannen ber folk om å komme. Forutan eit minneverdig teater, så skal det endatil bli servert mat (!)

Vår vesle familie finn ut at dette vil dei være med på, forestillinga skal dei vel klare seg igjennom, maten er det viktigaste.

Den store kvelden kjem, og publikum vert varma opp med kjapp omvisning på kjøkkenet, og deretter varme rettar i ein stor sal. Der dukkar teaterdirektøren opp, og lover dei at dette skal bli ei førestilling som dei aldri vil gløyme. MEN, alle som er publikum må ha masker, slik at dei kan skiljast fra skodespelarane. Her er nemleg ALT iscenesatt, og sidan publikum vert dratt inn i førestillinga, så må ein vite kven som er kven.

Vår vesle famile synes nok at dette er ei underleg teateroppleving heilt fra byrjinga, men undringa går snart over til redsel, da den vesle jenta forsvinn fra foreldra sine, og nå skal eg ikkje røpe meir....


Stort sett alle vi treffer i filmen snakkar norsk, noko som fortel oss at dette sikkert skal forestille Norge, men det ser ikkje akkurat slik ut i det få utendørsscenene. Faktisk ser det ganske så dystert og mørkt ut, skulle nesten tru det var innspelt i..... tja.... Tsjekkia? Og det er det.
Litt fiffige CGI-effektar gjer at landskapet, dvs. byen, ser ganske så krigsherja ut, men det er inne på hotellet at alt overbeviser. 

Dette er ein film der det ytre er kanonbra. Interiør, antrekk..... alt er veldig bra. Det minna meg om ein sesong fra American Horror Story; Hotel, der det meste var mørkt og raudt.

Så, utsjånad og stilmessig er dette ei sann oppleving innan norsk film. Veldig, veldig bra!

Det som ikkje kan seiast å være i samme toppklasse er mange av replikkane som vert avlevert. Dei er like naturlege som 11-kroners myntar. Den einaste som ser skikkeleg truverdig ut når han leverer dei (altfor få) linjene han har fått tildelt, er veteran Helge Jordal som den før nemnde annonsøren på gata. Han ser ut som han meiner det han seier, medan samtlige andre lir under eit oppkonstruert manus. Eg gjer eit unntak for veslejenta Alice, ho framstår også som dyktig. Rart at den eldste og yngste i heile filmen er dei som klarer seg best.


Filmen er ikkje spesielt oppfinnsom, iallfall ikkje for oss som har sett bunkevis med skrekk fra før. Eg leser at folk samanliknar denne med The Shining, A clockwork Orange og andre store klassikarar, iallfall inspirasjonsmessig.
Jovisst er filmen grei underholdning, men for meg og alle andre skrekkfans, så visste vi sikkert kva som kom til å skje, ca. 15 minutt ut i filmen.

Og det er slett ikkje dei to nemnde klassikarane eg tenker på først, når eg skal samanlikne Kadaver med utanlandsk påverknad: Det er, foruten den nemnde sesongen med American Horror Story, også siste halvdel av sesong fire i The Walking Dead (Samt første halvdel av sesong fem).
Antrekka på ein del av dei ansatte på hotellet ser også ut til å være noko som vart til overs fra Hostel-filmane, og nå veit sjølvsagt alle korleis Kadaver også ender.


Alt i alt er dette ein grei debut fra regissør Jarand Herland, som fortjener at folk gir filmen hans ein sjanse. 


Høgdepunkt: Helge Jordal. Han burde hatt ein større rolle. Ja, og så SER alt stilig ut da. Det er da noko.

Lavmål: Replikkane fra alle andre enn Helge Jordal.















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar