tirsdag 20. oktober 2020

TV-seriar, hausten 2020

 Tre TV-seriar er avslutta siste veka. To er nye av året, dvs. dei vart lagt ut nå i september/oktober, medan den andre var seks år gamal.

Vi tek den eldste først:


The Leftovers er basert på boka av samme navn. Det som gjorde at eg fikk snusen i denne var at Damon Lindelof stod bak, dvs. mannen bak fjorårets suverene serie om Watchmen. Etter å ha lest meg litt opp på The Leftovers, så fant eg ut at eg kunne gi denne ein sjanse. 
Sesong 1 har eg akkurat avslutta, og eg begynner på sesong 2 seinare i natt :-)

The Leftovers sesong 1 tek for seg dei som sit att etter ei verdsomspennande hending tre år tidlegare. Da forsvant to prosent av verdas befolkning, heilt sporlaust, som åndar i fillehaugen. 
Unge, gamle, menn, kvinner, barn..... Og serien tek altså for seg korleis verda blir etter ein slik katastrofe.

Vi møter eit samfunn framleis sterkt prega av det som skjedde, men som samstundes prøver å karre seg vidare. Det er oppretta eigne departement som tek seg av dei etterlatne, men forsvinninga fekk også fram ei rekkje ekle sekter. Ei av dei verste er dei kvitkledde røykarane, som nærast terroriserer småbyen til politisjef Kevin , men som ikkje kan gjerast så mykje med, det er jo religionsfridom må vite! Dei kvitkledde kan ikkje snakke saman, og kommuniserer stort sett ved å skrive små beskjedar til kvarandre, og dei utanfor sekta.

Kevins kone er blitt med i sekta, og vi får i stadige tilbakeblikk bli kjent med historia til både sekter og familiar samt at vi møter ville dyr med underleg oppførsel, og eit kobbel med ville hundar.

På overflata ser dette ut som nærast ein kva som helst slags dramaserie, men det er eit underfundig og fengslande preg over det heile. Eit eller anna mystisk og kanskje farleg kviler i bakgrunnen....

The Leftovers sesong 1 består av ti episodar på omlag 50-55 minuttar kvar. Eg likte serien ganske så bra, og gir den ein god 


Serien fikk etterkvart gode kritikkar, og spesielt sesong to og tre i så måte. Det er såleis berre til å glede seg. Den er tilgjengleg på HBO.



**********************************************************************


Serie 2:

The Haunting of Bly Manor

Forventningane var store til denne, etter den mildt sagt knallgode The Haunting of Hill House fra 2018.
Bly Manor har mange av dei same skodespelarane, men har absolutt inga tilknytning til Hill House ellers. 
Bly Manor er omtala som ein slags spøkelsesforteljing, med innlagt drama og psykologiske intriger.





Dessverre innfrir ikkje Bly Manor heilt. Der Hill House var dritskummel, så er det lite med skummel stemning i Bly Manor.
Vi vert kjent med ei middeladrande dame som vert utfordra til å komme med si spøkelsesforteljing, og det gjer ho i ti episodar. Ei ganske så lang forteljing altså.

Spøkelsesforteljinga er om den unge amerikanske guvernanta Dani, som reiser til godset Bly Manor for å sjå til to barn da foreldra deira er døde, og onkelen ikkje har tid til å fostre dei opp som han burde.
Boka som serien er basert på, er fra 1898, men handlinga er stort sett plassert i 1987, slik at det er sagt. 

På Bly Manor, eit fint og stasleg gods ute på den engelske landsbygda, går livet sin vante gang. Med skulearbeid, hagestell, matlaging, og det som ellers høyrer til. Vi vert kjent med gartnar, kokk, hushjelp som alle tilbringer mesteparten av tida si på godset.

Men det har skjedd farlige og onde ting på denne staden tidlegare, og kven veit om det ikkje heng att noko i dei lange gangane og på dei mørke lofta....for ikkje å snakke om i dammen utanfor....

Ein godt laga serie, men den er ikkje skummel nok. Dette vart for snilt og pusete. Rett nok har Dani med seg ei interessant ballast, som har alle tegn på å være interessant og skremmande, men dette vert ikkje utnytta godt nok. 
Jo, det fins nokre bø-scener her og der, men det er få av dei, og vi har heller ikkje den uhygge-stemninga som Hill House hadde.

Ein god serie, bevares, men langt fra forgjengaren sitt nivå. Håpar på meir skrekk og gru i neste "The Haunting of....."
Serien er tilgjengleg på Netflix, og kvar episode er også her på ca. 50-55 minutt.


*************************************************************************



Serie 3: 

Lovecraft Country.


Haustens mest opphausa serie må ha vore denne horror-saken fra HBO. Mykje omtala, og ein påkosta høgkvalitetsserie er det.
Eg håpa den skulle være i same meisterklasse som fjorårets Watchmen, men så bra var den ikkje.
God, men ikkje så god.

Bakteppet for Lovecraft Country er, ikkje uventa, skrekkuniverset til forfattaren HP Lovecraft. Han skreiv banebrytande skrekk og fantasy-fortellingar på 1920 og 1930 talet, men det som nok er det mest skrekkinngytande med han nå i ettertid, er hans rasistiske haldningar.

HP Lovecraft vaks opp i eit rasedelt USA, og forteljingane hans ber ofte preg av dette, og det får vi sjå til gangs i denne serien.

Vi møter Atticus Freeman, ein farga veteran fra Koreakrigen i 1950-talets Chicago.
Kanskje skulle vi tru at sidan Chicago er i nord, så var det ikkje rasisme der? Ikkje ifølge denne serien. Afroamerikanarane vart henvist til eigne bydelar, dei fekk dårlegare betalte jobbar, lågare levestandard og eit generelt mindre behagleg liv.
Atticus må på leit etter sin forsvunne far, og med seg på reisa får han onkelen sin, som lagar "Trygge reiseruter for negrar" i hefteform (Safe travel for negroes), slik at dei farga ikkje skal havne bort i dei mest rasistiske strøka i USA.

På turen treffer vi ufyslig rike kvite, som leflar med det overnaturlege, og som faktisk ser ut til å hjelpe dei farga reisande fra "white-trash" som dukkar opp.
Vi møter ekte monster, med mange tenner, auge og tunger, gjerne med appetitt på det nemnde "white-trash"-kjøttet.
Og ikkje minst treffer vi det som ER monster; Kvite rasistar.

Sjølv om handlinga er lagt til 1950-talet, så kjennes det ubehagleg nært ut, med tanke på korleis tilstand USA befinn seg i, med ein bortimot fascistpresident, som knapt veit fram og bak på.... ja... det meste.

Her har Lovecraft Country mykje til felles med Watchmen fra i fjor, den ekle rasismen som gjennomsyrer USA i stadig større grad, alt takka være ein komplett idiot av ein president.


Lovecraft Country er ikkje ein lett serie, men den er av svært høg kvalitet. Den har med rette fått gode kritikkar. Eg håpar vi får ein sesong to også.
Serien består av ti episodar, kvar på ca. 55-60 minutt, og er som sagt å finne på HBO.



Eg likte iallfall serien såpass bra at den får 













søndag 11. oktober 2020

Topptrimmen 2020 - 2022: Sippelhaugnosi

 Det er langtfra kvar seinhaust ein kan ta barmarkstur i norsk fjellheim, men når høvet byr seg på ein fin søndag, nesten midt i oktober....kvifor la sjansen gå fra seg?
Eigentleg var Topptrimambisjonane lagt i hiet for vinteren, men da nysnøen på Sippelhaugnosi var smelta vekk i solskinnet, så avtala vi på kort varsel eit forsøk.
Denne fint beliggande toppen på den såkalla sørsida av Lustrafjorden, ikkje så langt fra grensa til Årdal er ikkje så høg, kun 1251 moh.
Vi kunne gått tre andre toppar også, men dei er alle på over 1400, og Greineggi er jo på over 1800 moh, lengst nord i Breheimen, så den var heilt uaktuell.

Det måtte bli Sippelhaugnosi.

Som tenkt, så gjort.

Topptur nr. sju i denne bolken vart avtalt med reise heimefra kl. 0900. 

Ankomst Kroken, og parkering rett ovanfor Munthehuset, altså ikkje så altfor høgt over havnivå. Stien går i byrjinga litt bratt opp til det som må ha vore ein vårstøl i gamle dagar, Vassløysa heiter den. Denne stølen er på dryge 300 moh. Det var ca. halvanna km. opp dit, og sjølv om det var oktober, så var det ikkje problem å få opp varmen. 
Ein liten drikkepause, før vi gjekk vidare opp til fjellstølen(?) Sippelhaug på ca. 930 moh. 
Stien opp dit må seiast å være god. Det er antaglegvis lite husdyr som held til i dette området nå, såg ikkje spor av slikt før vi passerte Sippelhaug.
Det vi derimot såg var ein heil del døde lemen, samt nokre ivrige levande artsfrender som pilte fort avgarde etterkvart som følget kom pustande og pesande oppover bratta. 


Stølen Sippelhaug vart nådd etter ca. 4,0 km. og vi tok ein liten omveg, dvs. vi følgde merkinga fra den gang Surnasetnosi var med i Topptrimmen for 10-12 år sidan. Men også denne stien førde oss bort til brua over elva til foten av Sippelhaugnosi.

Framleis var det merka sti, men etter stølen var det slutt på den.
Dog var det rydda eit slags spor i einerkrattet oppover, og den var veldig grei å følge. Da vi nærma oss 5 km. gange og nesten opp på 1200 moh, så såg vi også nokre enkle vardar som var satt opp, samt at det heilt oppe på platået var nokre små restar av nysnøen. Det var fotspor i den, og toppunkt, som sjølvsagt var eit stykke innover og gå, var eigentleg lett å finne. Den raude postkassen såg vi på nokre hundre meters avstand, og vi lurde på om det var ein slags vimpel på varden. På avstand såg det nemleg slik ut. Da vi kom nærare, så oppdaga vi kva det var.... :-)

Det var definitivt ingen sommartemperatur, men eg har vore på toppar i juli månad med adskillig lågare temp. Det at to av oss gjekk i shorts heile vegen, fortel om kor grei varme det var. 
Litt kjølig vind på toppen var det jo, men herrefred; kalenderen viser nesten midt i oktober!

Klesskifte, kortklypping, signatur i boka, og dei obligatoriske meldingane om at vi var komne trygt opp, samt bildetaking med fjellfiar og greier, før det bar nedover att.

Vi tok oss ein liten matbit på Sippelhaug att, der ein venleg sjel hadde satt opp ein fin benk som vi tjuvlånte til formålet.
Framleis flott vær, lemen som pilte omkring, og brunstige hjortar som brøla på andre sida av den ville og trange Krokadalen.

Det fins verre måtar å tilbringe søndagen på.

Da vi var komne over brua, så tok vi ein litt anna veg ned til det før omtala krysset til Surnasetnosi. Her har antaglegvis nokre driftige menneske lagt litt flid i å bygge trapper i betong, noko som sikkert har vore ein tung jobb vil eg tru. Det såg ut som det hadde gått eit ras her for nokre år sidan, og at stien nå var utbetra. Veldig bra jobba, uansett kven som har gjort det!

Ned mot Vassløysa byrja sjølvsagt knea å klage, som vanleg. Til alt hell er stien her av god kvalitet, og slyngar seg i svingar nedover. Den verste biten var faktisk den nederste.

Etter fem timar og 20 minuttar var vi nede ved bilen. Vi brukte to timar og 50 minuttar opp, og det var eigentleg eit greit tempo. Ein halvtime med mat og pausar høyrer også med.
Totalt vart det 11,8 km. og 1264 høgdemeter.

Sippelhaugnosi er ein middels krevande topp, med god sti, og som er lett å finne fram til. I dette krevjande terrenget er det heilt naudsynt å finne stien heilt nedanfra vegen, og den finn du når du ser skiltet Vassløysa. Følg den, og derfra skal du på skrå oppover , og du må for all del finne stien fra Vassløysa. Går du rett inn dalen her, så vil det bli svært tungt å ta seg fram. 

Vi var ca. nr. 90 av topptrimmarane som hadde vore her, så kor mange som har nytte av denne posten skal være usagt, men vi var iallfall samde om at det hadde vore ein fin tur.

Luster leverer fjellvarene, også i oktober!


Bilder: 







Første pause på Vassløysa.


På veg opp, og vi ser bort på Sippelhaugnosi og stølen Sippelhaug.


På Sippelhaug kunne vi sjå nesten heim!


Her er vi komne opp på platået, og herfra såg vi toppunktet.



Den "vimpelen" som vi trudde det var, viste seg altså å være noko heilt anna.




Ikkje det store utsynet mot fjella i Jotunheimen denne søndagen, men ein mektig fjellheim er det uansett.





Lengst inne i Krokadalen ligg det faktisk enda ein støl. Noko seier meg at denne kanskje ikkje er besøkt kvar dag?



Ned att mot Kinsedalen.





Heimover mot platået på Sippelhaugnosi.





Og som vanleg må ein ha med eit utsiktsbilde over fjorden.