mandag 28. september 2020

Topptrimmen 2020 - 2022: Grøndalseggi

 Fra kjøkkenglaset mitt har eg sett opp på toppen Grøndalseggi mang ein gang. Litt anonymt plassert midt mellom dei meir markerte og 200 meter høgare toppane Asbjørnsnosi og Hest. Dei to 1600++ har eg besøkt nokre ganger, men altså aldri lillebroren midt i mellom.

Men i dag, mandag 28.9.2020 vart det altså høve til det.

Grøndalseggi er min topp nr. 6 i denne versjonen av Topptrimmen, slik at eg har berre att 4 toppar til dei to siste åra. Hvis vi ikkje rekk enda ein til i høst da....

Kl. 0921 satte eg på Strava på mobilen, og vi la i veg. Topptrimkortet seier at det  kan forventast tre timar for å komme opp, og det var like greit å komme seg avgarde, så tidleg mørkt som det blir nå. 
Eit strålande vær, klar himmel, vindstille, fint og mildt... ein ypperleg dag for topptur.
"Heldig med været"? Nei, vi er ikkje heldige. Vi planlegg å gå på dagar som ER fine.

Dette området er blitt populært for laussnøkøyring om vinteren, og det er mange som går toppturar til Hest, med startpunkt fra dammen i Leirdalen. Derfor er det satt opp eit stort skilt med "HEST" på, og det er laga til ein forholdsvis god plass for parkering.

Her oppe er vi alt komne på ca. 480 moh, og det er såleis under 1000 høgdemeter til toppen av Grøndalseggi, 1423 moh.

Det er viktig å finne stien no på sommarstid, og dersom ein følgjer med bittelite grann, så finn ein stien rett til høgre for eit teknisk betongbygg som eg trur Statkraft har satt opp i si tid. Stien er eit must å følge, for den første kilometern oppover vil ellers berre bli supertraisg å gå, her i kronglete småskog.

Stien følgde vi opp til den einslege hytta på Skaret, ca. 1,2 km og 280 høgdemeter.
Her kjem vi over tregrensa, og medan det går merka sti mot Hest, så fant vi ikkje snurten av merking mot Grøndalseggi. Men med GPS og kart på plass, så gikk det rimeleg greit likevel. Det var eigentleg berre å gå rett opp. Litt storur her og der, men stort sett eit greit terreng. 

Vi kom opp på ryggen av fjellet Gråmerri etter 2,8 km og på kote 1160. Her drog vi svakt mot høgre, og terrenget var veldig behagleg å ferdast i. Lett fjellterreng, med godt underlag, og nå heller ikkje så bratt.
Fra 3,7 km. og 1300 moh, så byrja det bratte ein smule til att, og vi måtte krysse nokre snøfenner, som heimefra ser ganske så små og greie ut, men som etter ein lang sommar var veldig harde og litt krøkkete å komme seg over. Forholdsvis bratte var dei også, men med gode sko, og ikkje minst: Gangstavar, så gikk det veldig ok.

På toppen, som ikkje er markert, måtte vi som vanleg surre ein smule rundt om før vi fant posten. Her var det ikkje noko varde, staur eller liknande. Eit spedt forsøk på ein primitiv varde 50 meter før, var det næraste vi kom på ei slags markering av toppunkt.

Her oppe var det ein kjølig vind, noko som slett ikkje kunne være uventa, så seint på året, og i dette terrenget. Her er det værhardt, med store dalføre og brear rundt om.
Fin utsikt ned att til Veitastrondi, og sjølvsagt mot både Hest og Asbjørnsnosi, som ser ganske så anleis ut når ein er komen opp hit :-)

Klipp i kortet, navnetrekk i boka (som nr. 91), ein matbit, og så var det til å komme seg nedatt.
Fin utsikt, om enn svært disig etterkvart, ein naturleg reaksjon på at sola dampa vekk morgontåka nede på fjordnivået. 

Vi følgde spora ned att, og hadde berre nokre få avvik.

To og ein halv time opp, på ein dag da beina var blytunge var eg eigentleg godt nøgd med, og ein time og 50 minutt nedatt.
Totalt 8,66 km og 966 høgdemeter, dvs. vesentleg kortare enn t.d. Bolstadnosi fra forrige helg, som var ei mil lengre, og som også gav oss 250 fleire høgdemeter. 

Grøndalseggi er ein forholdsvis enkel og grei topp å nå. Dette er ein typisk ettermiddagstur, som normalt trente folk kan ta etter arbeid på ein sommardag. På denne tid av året derimot: Not so much.

Så; da får vi sjå om det vert sesongpause...


Bilder:



Grøndalseggi ser vi heimefra. Vi gikk over den kvite stripa med snø midt på bildet, og da var vi ganske så nær toppunkt.

Kraftutbygging er kontroversielt i våre dagar. Når Leirdøla vart utbygd på 1970-talet var det derimot ikkje mange kritiske røyster å høyre. Forståeleg med dei store flaumplagene som var.


Litt utsiktsbilder høyrer med på ein slik fin dag! Her ned mot vatnet og Leirdalen nedanfor.


Nokre meter forbi toppunkt såg vi nedatt på Veitastrondi, og det fortjente sjølvsagt eit bilde.


Hest ser unektleg litt anleis ut herfra.



For ikkje å snakke om Asbjørnsnosi.


Og som vanlig: "I can see my house from here"










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar