lørdag 19. september 2020

Topptrimmen 2020 - 2022: Bolstadnosi / Hjerseggnosi

 Ein værmessig skral siste halvdel av august og ditto første halvdel av september har bremsa aktiviteten på Topptrimfronten betraktleg. Kombinert med eit dårleg kne, så har det blitt ein doven høst så langt. MEEEEEEN, også i oktober kan det være fint vær, så kven veit om vi ikkje kan ta ein tur eller to til før vinterdvalen senkar seg?

Laurdag 19.9.2020 var det meldt strålande vær, og da var det vel ingen grunn til å vente lenger? OK, kneet var framleis ikkje bra, men med voltarol, Ibux, Paracet og støttebandasje, så fekk ein prøve. 
Bolstadnosi var utsett som neste topp, beliggande rett over Skjolden 923 moh. Dette vart min femte topp i denne bolken.
Denne toppen vert også kalla Hjerseggnosi, men sidan det står Bolstadnosi i Luster Turlag sitt program, så brukar eg den betegninga heretter. Dessutan er det litt lettare å skrive :-)

Vi var tre stk som la i veg, og utgangspunktet vart parkeringsplassen nedanfor Heltne, Skjolden. Vi vurderte også å starte fra Yttri i Fortun, som nok hadde vorte litt kortare, men sidan ein av oss ikkje hadde gått fra Heltne før, så valde vi denne løysinga, og det var sikkert greit nok.

Vi gikk i roleg tempo opp traktorvegen til den nå fraflytta fjellgarden Rebni. Den er holdt rimeleg godt ved like, og kan mellom anna by på ganske så flott utsyn nedover mot fjorden.
Derfra stig det noko brattare til stølen Rebnisli, der vi tok ein liten drikkepause i finværet.
Vi var no komne opp på 580 moh, og gikk fra ATV-veg, over til sti i småskog.

Det var ein ganske så god sti opp mot neste støl, Skori, 850 moh, og sidan eg var der sist, for fem år sidan, så var det laga til mange fine steintrapper. Det er vel steinbyggarane fra Nepal som har vore og gjort ein god jobb vil eg tru? Veldig fint var det iallfall, og det letta unektleg turen merkbart.

Ny drikkepause på Skori, før vi tok sørover mot toppunktet. Vi fant ein sti, med noko gamal merking her og der, og etter litt konferering med kart og GPS fant vi ein grei trase bort mot det som skulle være toppunkt.

Utsynet mot Jotunheimen var mest magisk denne klare haustdagen. Vindstille, 15 grader og sol....jo dette gikk an....
Det som derimot var ganske så kjedeleg var at vi måtte gå nedatt til posten, som var plassert heilt utpå kanten. Høgste punkt var 1079 moh, slik at vi måtte ned ca. 150 høgdemeter. Vel, slik er nå posten plassert, så det er ikkje noko å sutre over i ettertid. Akkurat der og da, så var det imidlertid ikkje særleg poppis.

Utsynet fra posten var storslagent. Til tross for den heller beskjedne høgda over fjorden, så var utsikta evna til å ta pusten fra folk. Mildt sagt bratt ned att til Skjolden, og klar sikt ut mot Solvornsnipa nokre mil uti fjorden.
Her var vel også den einaste gangen vi kjende eit svakt vinddrag, kanskje ikkje så rart på denne værharde plassen. Vi bestemde oss for å rusle ned att mot Skori for ein matbit lenger nede i hogget.

Det var greit å følge Stravaspora ned, eller rettare; opp att, mot ein varde på ca. 1070 moh. Eg trur det er første gang eg har gått så mykje NED mot ein TOPP, og deretter OPP att for å komme NED.
Vi møtte nokre sauer, såg eit par andre personar, som openbart hadde vore for å sjå på utsikta. Fra Skori går stien nemleg ut til det som må være eit høgt stup med dertilhøyrande utsyn. Der var ikkje vi utpå, men med ein liten avstikker, så kunne vi glatt ha kikka nokre hundre meter rett ned vi også.

Fra Skori og ned var knea byrja å verke som ville helsike igjen. Dei bratte bakkane nedover blir ikkje bedre med åra. Til alt hell var det kun i dei aller brattaste partia det var skikkeleg plagsomt, men har ein sagt A, så får ein sei B,C og D også.


Heile turen vart på 18,5 km og over 1200 høgdemeter. Dvs. at det vart adskillig lengre og fleire høgdemeter enn eg trudde på førehand. Kanskje kunne vi spart oss nokre meter, både horisontalt og vertikalt om vi hadde gått fra Yttri, men det betyr ikkje noko. Det var ein ganske så grei tur, i fin temperatur, med byrjande haustfargar og oppsummert så trur vi kan sei oss godt nøgde med dagen. 
Eg var nr. 192 som skreiv meg inn i boka, så svært mange topptrimmarar har allereie vore der.

Ein fin dag i Lustrafjelli!

Bilder:


Ein kan ikkje klage på utsynet på slike dagar... Her ser vi nedatt i Mørkridsdalen ca 1000 m under oss.


Fint utsyn fra toppunkt. Som altså ikkje var det høgaste punktet på ruta :-)





"Det e ein strålande dag.....!"




Mot Hurrungane.


Mellom Bolstadnosi og Skori. Vi ser inn mot Harbardsbreen. Trur eg.



Grei sti fra Skori.



Rebnisli. Ein turpost er satt opp her, og hit er det sikkert mange fra Skjolden som tek seg ein fin trimtur.



Fjellgarden Rebni er fraflytta i 2020, men vert halden rimeleg godt vedlike. Veldig bra!















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar