lørdag 12. september 2020

"The girl on the Train" - filmomtale

 Jada, det er ingen dagsaktuell film, men det betyr lite for meg. Det er jo først nå eg har sett denne såkalla "psykothrilleren", basert på ein roman ved samme navn.

Film poster with the tagline, "what you see can hurt you"

Kom over denne på TV2 Sumo slik tilfeldig her ein dag, og håpa at den muligens kunne være like stilig som "Midsommar" på samme plattform, men det skal noko til. Den var nemleg knall.
Men The Girl on the Train" var sjåverdig og heilt grei underholdning, med skodespelarprestasjoner i toppklassen.

Handling:
Vi møter Rachel (Emily Blunt) som er nyleg fraskilt, alkoholisert og deprimert. Ho slit med hukommelsestap, grunna den tunge drikkinga muligens(?), og pendlar til og fra rommet ho får låne av barndomsvennen Cathy inn til New York. I storbyen har ho jobben sin, eller rettare; HADDE, fram til ho fekk fyken grunna drikkinga.
På sine daglege togturar ser ho stadig bort til sin tidlegare heim der hennar eksmann Tom no bor med den nye og vellykka kona si, Anna.
To husnummer lenger ned i gata bur Megan og Scott, og det byrjar etterkvart å skje underlege, og tildels farlige ting i miljøet rundt Rachel. La oss sei det slik; I fylla gjer ein ikkje alltid like smarte valg.

Stadige blackouts, framleis som følge av drikkinga til Rachel, eit stadig tettare nett av dobbeltspel, løgner og bedrag driv handlinga framover. Ja, det er ein god gammeldags psykothriller dette.


Men er det bra?

Joda. Dette funker. Men ein bør følge med ein smule, da det stadig er hopp fram og tilbake i tid, og vi vert nærare kjent med dei tre damene, og det einaste dei stort sett har felles.

Ein sit ikkje akkurat på nåler gjennom dei 110 minuttane filmen varer, men filmen er av såpass kvalitet at den aldri vert kjedleg.
Skodespelarprestasjonane er tatt fra øverste hylle, og vi får nokre nostalgiske gjensyn med Laura Prepon (That`70s Show) og Lisa Kudrow (Friends) i mindre roller. Åra har nok satt sine spor der og, som rett må være.

Men det er uansett Emily Blunt vi har i hovedfokus som alkoholisert, deprimert og nyskild kvinne ca. midt i 30-åra. Og ho gjer ein strålande innsats. Eg har ikkje sett ho i så mange filmer før, men ho framstår briljant, akkurat som i "A Quiet Place". Filmen i seg sjølv fekk nemleg ikkje så veldig gode kritikkar da den kom ut i 2016, men Blunt sine prestasjonar vart med rette framheva som svært gode.


Konklusjon; Ein god film, med Blunt som ein soleklar seksar. Dessverre er ikkje resten av materialet like bra, men sjåverdig er det nå likevel.


Høgdepunkt: Hovedrolleinnehavar Emily Blunt

Nedtur: Vi veit sjølvsagt korleis intrigane kjem til å ende, før halve filmen er unnagjort.


Bilderesultat for terningkast 4


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar