tirsdag 8. september 2020

"Open, raus og inkluderende"

 Jaha.

For dette er det Den Norske Kyrkja liker å framstille seg. Ei kyrkje for alle. Ei kyrkje der alle er velkomne, og som tek vare på sokneborna sine.

For oss utanforståande ser det slett ikkje slik ut.

Eg meldte meg ut av det som da vart betegna som "Statskyrkja" i gymnastida. Ettersom eg ikkje vart døypt før 14 dagar før konfirmasjonen, så vart det eit kort opphald i landets største og viktigaste religiøse samfunn.
Dog; Eg fant imidlertid ut at eg stod som medlem heilt fram til 1996, da ein barnedåp "avslørte" meg. Vegen var derfra kort til utmelding, og eg fekk skriftleg stadfesting fra den dåværande kyrkjetenaren om at saka var ordna. Eg har sjekka seinare, og er til alt hell registrert som utmeldt forlengst.

Først og fremst melde eg meg ut fordi eg aldri hadde trudd på korkje gud eller djevel. Ingen av dei ca. 4000 gudeskikkelsane eller nokre av dei tre-fire milliardar av djevlar og demonar som visstnok skal finnast rundt om overalt, høyrdest liksom særleg....truverdige.... ut.
For kvifor skal "vår" gud være meir sannsynleg enn nokon av dei 3999 andre?

Dernest hadde eg lite sans for kyrkja si mildt sagt gammaldagse holdning ovanfor skeive og kvinner. Kyrkja har hatt mange og lange diskusjonar om homofile og lesbiske, som om den allmektige måtte bry seg den døyt om kven vi har til sengepartner.
At kvinner skal være mannen underdaning er også eit forlengst utdebattert tema (skulle ein tru), men så feil kan ein altså ta.


Dei siste vekene har underholdningsverdien vore høg når det gjeld kvinnlege prestar her i prostiet. Sogndalspresten, ung men konservativ, har fått mykje pes fordi han altså ikkje vil utføre visse kyrkjelege handlingar med ein kvinneleg kollega. I dagens Sogn Avis får han støtte av Lustrapresten, som også er av den unge konservative sorten.
Dei øvrige prestane i prostiet kan alle ta mot nattverd fra kvinnelege prestar, og utføre alle kyrkjelege handlingar. Så det er da ikkje alt håp heilt ute.
Prosten, som vel er prestane sin næraste overordna, har ikkje gitt noko svar, men har i tidlegare intervju ikkje lagt skjul på si konservative haldning.
Biskopen prøver i denne saka å ri ein hesteflokk, og det er eigentleg litt pinleg å sjå på.
Jo, det skal være for begge syn i kyrkja, og med det unngår biskopen eigentleg å flagge kva han meiner. Eg trur likevel det er heilt greit å innsjå kvar han   eigentleg    står.


Beklager, alle de som meiner at Den Norske Kyrkja er ein "open, raus og inkluderende" stad å være.
Når våre lokale prestar ikkje kan ta imot brød og vin fra kvinnelege kollegaer, og mange av deira kollegaer i landet reserverer seg mot å vigsle likekjønna, så bør vi forstå at kyrkja er lukka, intolerant og ekskluderande. 
Ja, fleirtalet av prestar kan sikkert tåle både kvinnelege kollegaer og homsar og lesber, men fram til de har fått feia ut middelaldertankane, så får kyrkja finne seg i å leve med eit stempel som gammaldags og trangsynt. Det har kyrkja sjølv valgt.

Kva bør ein så gjere? Tja, i mange år nå har vi høyrt at skal vi få til endringar, så må ein være medlem og heller jobbe innanfra. Det ser ikkje ut til å ha lukkast i særleg grad, all den tid vi no har to lokale og skremmande nok, unge, prestar med (svært) konservativ haldning. Det burde ikkje være så vanskelig å forstå kvifor medlemstalet stadig går nedover.
Det å stemme ved kyrkjevalet er sjølvsagt mogleg, men som vi ser, så har ikkje det ført til noko som helst av liberale tankar. 
Etter mi meining er det einaste verkemiddel som gjer nytte for seg, faktisk å ikkje være medlem.
Som passivt medlem i kyrkja støttar ein stilltiande den openbare forskjellsbehandlinga som kyrkja står for i form av motstand til kvinnelege prestar og nei til homofile vigslar. Hvis ein synes det er ok å forskjellsbehandle folk sånn, så må ein jo gjerne stå som medlem. Velbekomme i såfall.



Så, her er eit forslag: Frigjer Den Norske Kyrkja fullstendig fra alle statlege og kommunale band.
La kyrkja styre seg i den retning den sjølv ynskjer. Vi ser at det ikkje nyttar med fagre ord, og burde ikkje kyrkja eigentleg få den tilliten at dei kan drive med sitt, utan å la utanforståande blande seg inn?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar