mandag 28. september 2020

Topptrimmen 2020 - 2022: Grøndalseggi

 Fra kjøkkenglaset mitt har eg sett opp på toppen Grøndalseggi mang ein gang. Litt anonymt plassert midt mellom dei meir markerte og 200 meter høgare toppane Asbjørnsnosi og Hest. Dei to 1600++ har eg besøkt nokre ganger, men altså aldri lillebroren midt i mellom.

Men i dag, mandag 28.9.2020 vart det altså høve til det.

Grøndalseggi er min topp nr. 6 i denne versjonen av Topptrimmen, slik at eg har berre att 4 toppar til dei to siste åra. Hvis vi ikkje rekk enda ein til i høst da....

Kl. 0921 satte eg på Strava på mobilen, og vi la i veg. Topptrimkortet seier at det  kan forventast tre timar for å komme opp, og det var like greit å komme seg avgarde, så tidleg mørkt som det blir nå. 
Eit strålande vær, klar himmel, vindstille, fint og mildt... ein ypperleg dag for topptur.
"Heldig med været"? Nei, vi er ikkje heldige. Vi planlegg å gå på dagar som ER fine.

Dette området er blitt populært for laussnøkøyring om vinteren, og det er mange som går toppturar til Hest, med startpunkt fra dammen i Leirdalen. Derfor er det satt opp eit stort skilt med "HEST" på, og det er laga til ein forholdsvis god plass for parkering.

Her oppe er vi alt komne på ca. 480 moh, og det er såleis under 1000 høgdemeter til toppen av Grøndalseggi, 1423 moh.

Det er viktig å finne stien no på sommarstid, og dersom ein følgjer med bittelite grann, så finn ein stien rett til høgre for eit teknisk betongbygg som eg trur Statkraft har satt opp i si tid. Stien er eit must å følge, for den første kilometern oppover vil ellers berre bli supertraisg å gå, her i kronglete småskog.

Stien følgde vi opp til den einslege hytta på Skaret, ca. 1,2 km og 280 høgdemeter.
Her kjem vi over tregrensa, og medan det går merka sti mot Hest, så fant vi ikkje snurten av merking mot Grøndalseggi. Men med GPS og kart på plass, så gikk det rimeleg greit likevel. Det var eigentleg berre å gå rett opp. Litt storur her og der, men stort sett eit greit terreng. 

Vi kom opp på ryggen av fjellet Gråmerri etter 2,8 km og på kote 1160. Her drog vi svakt mot høgre, og terrenget var veldig behagleg å ferdast i. Lett fjellterreng, med godt underlag, og nå heller ikkje så bratt.
Fra 3,7 km. og 1300 moh, så byrja det bratte ein smule til att, og vi måtte krysse nokre snøfenner, som heimefra ser ganske så små og greie ut, men som etter ein lang sommar var veldig harde og litt krøkkete å komme seg over. Forholdsvis bratte var dei også, men med gode sko, og ikkje minst: Gangstavar, så gikk det veldig ok.

På toppen, som ikkje er markert, måtte vi som vanleg surre ein smule rundt om før vi fant posten. Her var det ikkje noko varde, staur eller liknande. Eit spedt forsøk på ein primitiv varde 50 meter før, var det næraste vi kom på ei slags markering av toppunkt.

Her oppe var det ein kjølig vind, noko som slett ikkje kunne være uventa, så seint på året, og i dette terrenget. Her er det værhardt, med store dalføre og brear rundt om.
Fin utsikt ned att til Veitastrondi, og sjølvsagt mot både Hest og Asbjørnsnosi, som ser ganske så anleis ut når ein er komen opp hit :-)

Klipp i kortet, navnetrekk i boka (som nr. 91), ein matbit, og så var det til å komme seg nedatt.
Fin utsikt, om enn svært disig etterkvart, ein naturleg reaksjon på at sola dampa vekk morgontåka nede på fjordnivået. 

Vi følgde spora ned att, og hadde berre nokre få avvik.

To og ein halv time opp, på ein dag da beina var blytunge var eg eigentleg godt nøgd med, og ein time og 50 minutt nedatt.
Totalt 8,66 km og 966 høgdemeter, dvs. vesentleg kortare enn t.d. Bolstadnosi fra forrige helg, som var ei mil lengre, og som også gav oss 250 fleire høgdemeter. 

Grøndalseggi er ein forholdsvis enkel og grei topp å nå. Dette er ein typisk ettermiddagstur, som normalt trente folk kan ta etter arbeid på ein sommardag. På denne tid av året derimot: Not so much.

Så; da får vi sjå om det vert sesongpause...


Bilder:



Grøndalseggi ser vi heimefra. Vi gikk over den kvite stripa med snø midt på bildet, og da var vi ganske så nær toppunkt.

Kraftutbygging er kontroversielt i våre dagar. Når Leirdøla vart utbygd på 1970-talet var det derimot ikkje mange kritiske røyster å høyre. Forståeleg med dei store flaumplagene som var.


Litt utsiktsbilder høyrer med på ein slik fin dag! Her ned mot vatnet og Leirdalen nedanfor.


Nokre meter forbi toppunkt såg vi nedatt på Veitastrondi, og det fortjente sjølvsagt eit bilde.


Hest ser unektleg litt anleis ut herfra.



For ikkje å snakke om Asbjørnsnosi.


Og som vanlig: "I can see my house from here"










lørdag 19. september 2020

Topptrimmen 2020 - 2022: Bolstadnosi / Hjerseggnosi

 Ein værmessig skral siste halvdel av august og ditto første halvdel av september har bremsa aktiviteten på Topptrimfronten betraktleg. Kombinert med eit dårleg kne, så har det blitt ein doven høst så langt. MEEEEEEN, også i oktober kan det være fint vær, så kven veit om vi ikkje kan ta ein tur eller to til før vinterdvalen senkar seg?

Laurdag 19.9.2020 var det meldt strålande vær, og da var det vel ingen grunn til å vente lenger? OK, kneet var framleis ikkje bra, men med voltarol, Ibux, Paracet og støttebandasje, så fekk ein prøve. 
Bolstadnosi var utsett som neste topp, beliggande rett over Skjolden 923 moh. Dette vart min femte topp i denne bolken.
Denne toppen vert også kalla Hjerseggnosi, men sidan det står Bolstadnosi i Luster Turlag sitt program, så brukar eg den betegninga heretter. Dessutan er det litt lettare å skrive :-)

Vi var tre stk som la i veg, og utgangspunktet vart parkeringsplassen nedanfor Heltne, Skjolden. Vi vurderte også å starte fra Yttri i Fortun, som nok hadde vorte litt kortare, men sidan ein av oss ikkje hadde gått fra Heltne før, så valde vi denne løysinga, og det var sikkert greit nok.

Vi gikk i roleg tempo opp traktorvegen til den nå fraflytta fjellgarden Rebni. Den er holdt rimeleg godt ved like, og kan mellom anna by på ganske så flott utsyn nedover mot fjorden.
Derfra stig det noko brattare til stølen Rebnisli, der vi tok ein liten drikkepause i finværet.
Vi var no komne opp på 580 moh, og gikk fra ATV-veg, over til sti i småskog.

Det var ein ganske så god sti opp mot neste støl, Skori, 850 moh, og sidan eg var der sist, for fem år sidan, så var det laga til mange fine steintrapper. Det er vel steinbyggarane fra Nepal som har vore og gjort ein god jobb vil eg tru? Veldig fint var det iallfall, og det letta unektleg turen merkbart.

Ny drikkepause på Skori, før vi tok sørover mot toppunktet. Vi fant ein sti, med noko gamal merking her og der, og etter litt konferering med kart og GPS fant vi ein grei trase bort mot det som skulle være toppunkt.

Utsynet mot Jotunheimen var mest magisk denne klare haustdagen. Vindstille, 15 grader og sol....jo dette gikk an....
Det som derimot var ganske så kjedeleg var at vi måtte gå nedatt til posten, som var plassert heilt utpå kanten. Høgste punkt var 1079 moh, slik at vi måtte ned ca. 150 høgdemeter. Vel, slik er nå posten plassert, så det er ikkje noko å sutre over i ettertid. Akkurat der og da, så var det imidlertid ikkje særleg poppis.

Utsynet fra posten var storslagent. Til tross for den heller beskjedne høgda over fjorden, så var utsikta evna til å ta pusten fra folk. Mildt sagt bratt ned att til Skjolden, og klar sikt ut mot Solvornsnipa nokre mil uti fjorden.
Her var vel også den einaste gangen vi kjende eit svakt vinddrag, kanskje ikkje så rart på denne værharde plassen. Vi bestemde oss for å rusle ned att mot Skori for ein matbit lenger nede i hogget.

Det var greit å følge Stravaspora ned, eller rettare; opp att, mot ein varde på ca. 1070 moh. Eg trur det er første gang eg har gått så mykje NED mot ein TOPP, og deretter OPP att for å komme NED.
Vi møtte nokre sauer, såg eit par andre personar, som openbart hadde vore for å sjå på utsikta. Fra Skori går stien nemleg ut til det som må være eit høgt stup med dertilhøyrande utsyn. Der var ikkje vi utpå, men med ein liten avstikker, så kunne vi glatt ha kikka nokre hundre meter rett ned vi også.

Fra Skori og ned var knea byrja å verke som ville helsike igjen. Dei bratte bakkane nedover blir ikkje bedre med åra. Til alt hell var det kun i dei aller brattaste partia det var skikkeleg plagsomt, men har ein sagt A, så får ein sei B,C og D også.


Heile turen vart på 18,5 km og over 1200 høgdemeter. Dvs. at det vart adskillig lengre og fleire høgdemeter enn eg trudde på førehand. Kanskje kunne vi spart oss nokre meter, både horisontalt og vertikalt om vi hadde gått fra Yttri, men det betyr ikkje noko. Det var ein ganske så grei tur, i fin temperatur, med byrjande haustfargar og oppsummert så trur vi kan sei oss godt nøgde med dagen. 
Eg var nr. 192 som skreiv meg inn i boka, så svært mange topptrimmarar har allereie vore der.

Ein fin dag i Lustrafjelli!

Bilder:


Ein kan ikkje klage på utsynet på slike dagar... Her ser vi nedatt i Mørkridsdalen ca 1000 m under oss.


Fint utsyn fra toppunkt. Som altså ikkje var det høgaste punktet på ruta :-)





"Det e ein strålande dag.....!"




Mot Hurrungane.


Mellom Bolstadnosi og Skori. Vi ser inn mot Harbardsbreen. Trur eg.



Grei sti fra Skori.



Rebnisli. Ein turpost er satt opp her, og hit er det sikkert mange fra Skjolden som tek seg ein fin trimtur.



Fjellgarden Rebni er fraflytta i 2020, men vert halden rimeleg godt vedlike. Veldig bra!















fredag 18. september 2020

"Cuties" - filmomtale

 Ein av landets mest omtale politikarar siste åra, Sylvi Listhaug, har ikkje vore på førstesidene sidan mandag, og måtte derfor finne på eit sprell for å havne der igjen.
Kva fant ho på denne gang? Jo, eit utspel om at Netflix måtte fjerne den franske filmen "Cuties", fordi den visstnok kan trigge pedofili.

Det var berre eit (stort) problem; Listhaug hadde ikkje sett filmen.....

Men det har eg gjort, nå i kveld. Enda eg ikkje har eit snev av pedointeresse i det heile tatt. Så; kva var dette halvanna time lange franske dramaet for noko? And beware for den norske tittelen: "Søtnoser"










Handling:
Vi møter Amy, ei 11 år gamal jente med bakgrunn fra Senegal. Ho bur saman med familien i eit av Paris sine meir slitne bydelar. Eller; Ikkje heile familen da, for pappa er nemleg heime i Senegal for å hente seg ei kone til. Som om det ikkje er nok med ei.
Fram til da er Amy med bl.a. tante på religiøse møter, der det kun er damer/jenter som har lov til å være til stades. Det vert predikert eit konservativt og kvinneundertrykkande syn, basert på deira tru, islam. Kvinnen skal som kjent være mannen underdaning iflg. gamle religiøse bøker, skrevne av menn, for menn, i ei kvinnediskriminerande tid. 
11-åringen finn møta gudsjammerleg (tog du `an) kjedlege, nesten som eikvar middels gudstjeneste altså, om det enn er gud eller allah som er fokus.

I dette nitriste livet oppdagar ho brått ein dansande, jamnaldrande jentegjeng. Ho vert fascinert av deira "frie" levemåte, dvs. at dei kan gjere som dei vil, utan å bry seg om straff fra fromme, gudfryktige vaksne.
Amy får sjølvsagt bli med i dansegjengen (omsider), og dei skal øve til ein konkurranse. 
Det å gå inn i eit slikt frilynt miljø er ikkje problemfritt når ein kjem fra ein djupt religiøs bakgrunn, og det bikkar over i det stikk motsatte da dei unge jentene omsider skal opptre, og vise kva dei har øvd på...

I minimale antrekk, og med mildt sagt utfordrande danseprogram, så forstår vi, og alle andre som faktisk har sett filmen, at det er samfunnets seksualisering av unge jenter som er filmskaparens poeng her.
Regissøren, som er 35 år gamal, kvinne og med sengalsk/fransk bakgrunn, har ikkje noko ønske om å framstille 11/12 år gamle jenter som ... ja...objekt.... Tvert om kjem ho med ramsalt kritikk av at samfunnet har godtatt slik framstilling.

Og DET, Sylvi Listhaug, hadde du KANSKJE forstått om du hadde brukt halvanna time av ditt liv til å sjå denne dramasaken. Kven veit, kanskje du endatil hadde endra syn, for filmen er også kritisk til det konservative muslimske miljøet, og det er da eit budskap du liker.


Vel.

For ein som ikkje hadde sett denne filmen mot betaling ellers, så var det ikkje akkurat dei mest givande 90 minuttar eg har opplevd. Eg burde heller fortsett lesinga av bok nr. 1 i Game of Thrones, men kan ein ekstra visning være med på å irritere ein av våre mest profilerte politikarar, so be it. Og den pedonissen som finn ein smule glede i å pløyge seg gjennom 90 minuttar fransk, muslimsk familedrama fra fattigstrøket utanfor Paris; Du treng lege. Fort.
Dette var like pirrande som ei rotfylling.

Kva var bra?
Tja, dei unge skodespelarane er dyktige. Noko seier meg at dei er litt eldre enn dei gir seg ut for å være, men uansett gjer dei ein god jobb.

Kva var skralt?
Fransk forstadsdrama fra fattige muslimske miljø er liksom ikkje heilt mi greie....
NEVER again.

Terningkast? Tja, dei unge skodespelarane er flinke, men igjen; Dette er ikkje min tekopp.

Velbekomme. 



lørdag 12. september 2020

"The girl on the Train" - filmomtale

 Jada, det er ingen dagsaktuell film, men det betyr lite for meg. Det er jo først nå eg har sett denne såkalla "psykothrilleren", basert på ein roman ved samme navn.

Film poster with the tagline, "what you see can hurt you"

Kom over denne på TV2 Sumo slik tilfeldig her ein dag, og håpa at den muligens kunne være like stilig som "Midsommar" på samme plattform, men det skal noko til. Den var nemleg knall.
Men The Girl on the Train" var sjåverdig og heilt grei underholdning, med skodespelarprestasjoner i toppklassen.

Handling:
Vi møter Rachel (Emily Blunt) som er nyleg fraskilt, alkoholisert og deprimert. Ho slit med hukommelsestap, grunna den tunge drikkinga muligens(?), og pendlar til og fra rommet ho får låne av barndomsvennen Cathy inn til New York. I storbyen har ho jobben sin, eller rettare; HADDE, fram til ho fekk fyken grunna drikkinga.
På sine daglege togturar ser ho stadig bort til sin tidlegare heim der hennar eksmann Tom no bor med den nye og vellykka kona si, Anna.
To husnummer lenger ned i gata bur Megan og Scott, og det byrjar etterkvart å skje underlege, og tildels farlige ting i miljøet rundt Rachel. La oss sei det slik; I fylla gjer ein ikkje alltid like smarte valg.

Stadige blackouts, framleis som følge av drikkinga til Rachel, eit stadig tettare nett av dobbeltspel, løgner og bedrag driv handlinga framover. Ja, det er ein god gammeldags psykothriller dette.


Men er det bra?

Joda. Dette funker. Men ein bør følge med ein smule, da det stadig er hopp fram og tilbake i tid, og vi vert nærare kjent med dei tre damene, og det einaste dei stort sett har felles.

Ein sit ikkje akkurat på nåler gjennom dei 110 minuttane filmen varer, men filmen er av såpass kvalitet at den aldri vert kjedleg.
Skodespelarprestasjonane er tatt fra øverste hylle, og vi får nokre nostalgiske gjensyn med Laura Prepon (That`70s Show) og Lisa Kudrow (Friends) i mindre roller. Åra har nok satt sine spor der og, som rett må være.

Men det er uansett Emily Blunt vi har i hovedfokus som alkoholisert, deprimert og nyskild kvinne ca. midt i 30-åra. Og ho gjer ein strålande innsats. Eg har ikkje sett ho i så mange filmer før, men ho framstår briljant, akkurat som i "A Quiet Place". Filmen i seg sjølv fekk nemleg ikkje så veldig gode kritikkar da den kom ut i 2016, men Blunt sine prestasjonar vart med rette framheva som svært gode.


Konklusjon; Ein god film, med Blunt som ein soleklar seksar. Dessverre er ikkje resten av materialet like bra, men sjåverdig er det nå likevel.


Høgdepunkt: Hovedrolleinnehavar Emily Blunt

Nedtur: Vi veit sjølvsagt korleis intrigane kjem til å ende, før halve filmen er unnagjort.


Bilderesultat for terningkast 4


tirsdag 8. september 2020

"Open, raus og inkluderende"

 Jaha.

For dette er det Den Norske Kyrkja liker å framstille seg. Ei kyrkje for alle. Ei kyrkje der alle er velkomne, og som tek vare på sokneborna sine.

For oss utanforståande ser det slett ikkje slik ut.

Eg meldte meg ut av det som da vart betegna som "Statskyrkja" i gymnastida. Ettersom eg ikkje vart døypt før 14 dagar før konfirmasjonen, så vart det eit kort opphald i landets største og viktigaste religiøse samfunn.
Dog; Eg fant imidlertid ut at eg stod som medlem heilt fram til 1996, da ein barnedåp "avslørte" meg. Vegen var derfra kort til utmelding, og eg fekk skriftleg stadfesting fra den dåværande kyrkjetenaren om at saka var ordna. Eg har sjekka seinare, og er til alt hell registrert som utmeldt forlengst.

Først og fremst melde eg meg ut fordi eg aldri hadde trudd på korkje gud eller djevel. Ingen av dei ca. 4000 gudeskikkelsane eller nokre av dei tre-fire milliardar av djevlar og demonar som visstnok skal finnast rundt om overalt, høyrdest liksom særleg....truverdige.... ut.
For kvifor skal "vår" gud være meir sannsynleg enn nokon av dei 3999 andre?

Dernest hadde eg lite sans for kyrkja si mildt sagt gammaldagse holdning ovanfor skeive og kvinner. Kyrkja har hatt mange og lange diskusjonar om homofile og lesbiske, som om den allmektige måtte bry seg den døyt om kven vi har til sengepartner.
At kvinner skal være mannen underdaning er også eit forlengst utdebattert tema (skulle ein tru), men så feil kan ein altså ta.


Dei siste vekene har underholdningsverdien vore høg når det gjeld kvinnlege prestar her i prostiet. Sogndalspresten, ung men konservativ, har fått mykje pes fordi han altså ikkje vil utføre visse kyrkjelege handlingar med ein kvinneleg kollega. I dagens Sogn Avis får han støtte av Lustrapresten, som også er av den unge konservative sorten.
Dei øvrige prestane i prostiet kan alle ta mot nattverd fra kvinnelege prestar, og utføre alle kyrkjelege handlingar. Så det er da ikkje alt håp heilt ute.
Prosten, som vel er prestane sin næraste overordna, har ikkje gitt noko svar, men har i tidlegare intervju ikkje lagt skjul på si konservative haldning.
Biskopen prøver i denne saka å ri ein hesteflokk, og det er eigentleg litt pinleg å sjå på.
Jo, det skal være for begge syn i kyrkja, og med det unngår biskopen eigentleg å flagge kva han meiner. Eg trur likevel det er heilt greit å innsjå kvar han   eigentleg    står.


Beklager, alle de som meiner at Den Norske Kyrkja er ein "open, raus og inkluderende" stad å være.
Når våre lokale prestar ikkje kan ta imot brød og vin fra kvinnelege kollegaer, og mange av deira kollegaer i landet reserverer seg mot å vigsle likekjønna, så bør vi forstå at kyrkja er lukka, intolerant og ekskluderande. 
Ja, fleirtalet av prestar kan sikkert tåle både kvinnelege kollegaer og homsar og lesber, men fram til de har fått feia ut middelaldertankane, så får kyrkja finne seg i å leve med eit stempel som gammaldags og trangsynt. Det har kyrkja sjølv valgt.

Kva bør ein så gjere? Tja, i mange år nå har vi høyrt at skal vi få til endringar, så må ein være medlem og heller jobbe innanfra. Det ser ikkje ut til å ha lukkast i særleg grad, all den tid vi no har to lokale og skremmande nok, unge, prestar med (svært) konservativ haldning. Det burde ikkje være så vanskelig å forstå kvifor medlemstalet stadig går nedover.
Det å stemme ved kyrkjevalet er sjølvsagt mogleg, men som vi ser, så har ikkje det ført til noko som helst av liberale tankar. 
Etter mi meining er det einaste verkemiddel som gjer nytte for seg, faktisk å ikkje være medlem.
Som passivt medlem i kyrkja støttar ein stilltiande den openbare forskjellsbehandlinga som kyrkja står for i form av motstand til kvinnelege prestar og nei til homofile vigslar. Hvis ein synes det er ok å forskjellsbehandle folk sånn, så må ein jo gjerne stå som medlem. Velbekomme i såfall.



Så, her er eit forslag: Frigjer Den Norske Kyrkja fullstendig fra alle statlege og kommunale band.
La kyrkja styre seg i den retning den sjølv ynskjer. Vi ser at det ikkje nyttar med fagre ord, og burde ikkje kyrkja eigentleg få den tilliten at dei kan drive med sitt, utan å la utanforståande blande seg inn?