tirsdag 11. august 2020

Topptrimmen 2020 - 2022: Nordre Skagastølstind

Søndag 9.8.2020 var meldt til å bli ein strålande dag, og da fins det vel knapt nokon bedre måte å bruke den på enn å komme seg opp på det høgaste fjellet i Topptrimmen nokon gong; Nordre Skagastølstind, 2167 moh.

Til tross for den ligg høgt, er det likevel lillebror i Skagastølstindane, der sjølvaste "Storen" ruvar lengst sør med sine 2405 moh. Dit kjem eg aldri, men til Nordre kom vi da oss, eit følge på sju heilt vanlige trimmarar som la i veg fra Turtagrø kl 0848 denne varme og ikkje minst vindstille dagen på slutten av sommarferien.

I motsetnad til mange av dei andre toppane som vi "må" bestige, så aular det av folk i dette området. Men sjølv om det er masse folk, så merkar ein eigentleg ikkje så mykje til dei, så snart ein har gått nokre hundre meter.
Det er ein mykje brukt sti inn mot Skagastølsbotn, og hugs å gå rette dalføret. Ein skal IKKJE inn Helgedalen mot Fanaråken og Skogadalsbøen.

Det er ein ganske så fin start, berre nokre små kneikar her og der, og vi tok ikkje første vesle stopp før etter 4,1 km, da vi såg Tindeklubbhytta. Etter starten på omlag 870 moh var vi nå alt kome over 1300 moh, utan å ha slitt oss ut i det heile teke.

Men det var nå moroa verkeleg starta.

Vi vart einige om å gå opp til eit lite vatn som ligg mellom Kolnosi og Nordre. Sidan ingen av oss var kjende der, så tok vi oss oppover noko før stien som går fra sjølve Tindeklubbhytta. Det var likevel ikkje noko problem å komme seg opp, og ved foten av landets 74. høgste fjell, så tok vi ein god pause med drikke og mat.

Traseen oppover såg no nærast ut som ei einaste stor røys. Vi hadde 550 høgdemeter att, i kun ur og stein. Nemnde eg at det såg bratt ut? Ikkje? Vel, det såg bratt ut. Og verst skulle det bli på slutten. Iallfall kjendes det slik ut.

Det gikk forbausande greit å komme seg oppover bratta. I motsetnad til andre liknande toppar eg har vore på, som Steindalsnosi og Gravdalstind, så er det her mykje meir folk som ferdast. Det inneber at det har vorte danna ei rekkje mindre tråkk og det er satt opp mange små vardar som ein kan sjå etter.
Så; Det vart ikkje så ille som eg frykta, og det var vi eigentleg ganske einige om også.

Men det bratte og likevel krevande terrenget tappa oss gradvis for energi (unntatt ungdommen vi hadde med oss da. Ho flaug opp som ein antilope), og eg var veldig glad da eg kom opp til Luster Turlag sin raude og lett synbare kasse. Den var plassert rett under sjølve toppunktet, og du forstår kvifor, når du kjem opp....
Eg skreiv meg inn som nr. 47.
Forutan ungdommen kom dei fleste seg opp i nokolunde samla tropp, og da hadde vi brukt tre timar og 40 minuttar, inklusiv 20 minuttar pause. Det synes eg vi skal være nøgde med.


Det var eit magisk utsyn. Heilt utruleg flott. Rett nok var det enda finare fra Gravdalstind, fordi den toppen ligg meir for seg sjølv og ikkje som del av ei fjellrekke, men makelaust var det likevel.

Den praktfulle utsikta, kombinert med vindstille, god varme fra sola, gjorde at vi kunne ta oss ein velfortjent matbit til, og ein halvtimes pause. I bar overkropp kunne vi sitte på 2160 moh og regelrett kose oss.
Ja, det er høgt ned, men ikkje så ofseleg bratt som mange andre toppar eg har vore på. Ein risikerer kanskje ikkje å ramle nokre hundre meter i fritt fall, men heller kast i kast....
For det er inga leik å komme seg opp hit, og tru at ein kan danse ute på dei verste stupa. Respekt for fjell skal ein ha.


Nå var det berre det verste som stod att: Komme seg ned til vatnet der vi tok lunsjen ein time og tjue minuttar før.
Ein ting er å karre seg opp ei ur, noko anna er å komme seg ned.....
Det gikk i sneglefart, spesielt i det brattaste terrenget heilt øverst. Eit par ganger vart det nokre glipptak, men takka være LYNRASK reaksjon, så gikk det bra med oss alle.
Vi brukte faktisk nesten ein time nedatt, på samme bit som vi altså brukte ein time og tjue minutt opp.
550 høgdemeter på 1,6 km. som det virka til at vi gikk mest i sikk-sakk.

Nå fant vi stien ned til Tindeklubbhytta, og vi møtte stadig folk som skulle opp, både på Topptrimtur, og folk som skulle klatre heilt rundt til Dyrhaugstind.

Dei fire km. innover dalføret hadde vore ganske så greie, men nedatt mot Turtagrø vart det seigt. Det er drygt å gå, spesielt med bein som ikkje har spesielt god fjellturtrening.

Men etter sju timar og eitt kvarter var vi nede til bilane att. Total gåtid var på seks timar og 38 minuttar, og stort fortare enn det ville eg neppe klart å få til.
Sjølve turen vart ikkje lenger enn litt over 14 km, men med nesten 1300 høgdemeter, så vart det ei god økt likevel.


Norde Skagastølstind vil eg anbefale å ta i august. Det var kun nokre få meter på snø, NEDANFOR Tindeklubbhytta, og ein MÅ ta denne turen i finvær. Eg ser på det som meiningslaust å komme seg opp på denne utsiktsposten i...... tåke. Ein anna ting er at turen ned, i vått vær, må være eit sant mareritt.

Ta på dei beste fjellskoa du har, med gode såler, og igjen; Pass på at du tek stien innover mot Tindeklubbhytta og Skagastølsbotn.
Ja, det er ein slitsom tur, men eg kan nesten garantere at det er verdt slitet dersom du går på ein solskinnsdag.
Og det beste av alt; Det må seiast å være lett å finne fram, berre ta deg litt tid nede ved Turtagrø, for det er jo utgangspunkt for så mange turar. Berre eit velmeint tips altså.

Sånn.
Nå har eg vore der. Eg kjem der sikkert aldri fleire ganger.


Bilder:


Utgangspunktet er altså Turtagrø. Og hvis du ikkje veit kor det er, kvifor les du dette da?
Nordre Skagastølstind er fjelltopp nr. to fra venstre på bildet.

Her er vi komne inn mot Tindeklubbhytta, som vi kan sjå mot den nedereste snøfonna. Nordre Skagastølstind er toppen rett under sola.


Lunsj i grønne? Nei, det steingrå. Her kan ein i det minste få eit vagt inntrykk av kor bratt og steinete det er. Men igjen; Det var ikkje så ille å gå opp som frykta. Ned derimot...



Fra toppen måtte eg sjølvsagt ta eit bilde nedatt mot Turtagrø. Dalføret vi ser, er der vi kom opp.


Fra toppen måtte eg også forevige vatnet der vi hadde matpause. Det er det mørke næraste.


Rett nedanfor toppen fikk eg tatt dette bildet mot Fanaråken og over mot Smørstabtindane i Lom.


Såklart, ein fjellfie må vi ha med.
Skagastølsvatnet ligg der, isgrønt, nesten 800 høgdemeter nedanfor oss.

Ser du dei to borte på bandet?
Ein vert liten i dette landskapet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar