søndag 2. august 2020

Topptrimmen 2020-2022: Kattøyra

Topp nr. tre (av ti) vart fullført fredag ettermiddag/kveld, 31.7.2020.
Kattøyra, beliggande over Dalsdalen/Vigdalen med toppunkt 1411 moh. var av ein slik karakter at dette måtte bli den gode gamle "ettermiddagsturen".

Start fra Vårstølen i Vigdalen kl. 1645, i fint sommarvær.
Her er ein alt komen på 670 moh, så da var det berre 740 høgdemeter til å gå :-)
Heilt nede fra parkeringsplassen kan vi sjå ein varde mot horisonten der som Kattøyra ligg, men toppunktet ligg (sjølvsagt) lenger innpå. Dog er denne varden eit greit mål å gå etter.

Vi valde å gå om stien til Fivla for å komme bort til Breisete der stien mot den gamle fjellstølen Drivande er å finne. Mellom Breisete og Drivande er det mykje kratt, så denne stien er veldig grei å nytte. Vær obs på at ein må gå forbi Breistølen og mot elva før ein finn skiltet til Drivande, og IKKJE  bli frista til å ta av før.
Vi planla å gå om Vigdalsstølen ned att, slik at vi skulle finne ut kvar det var best å gå, og ikkje minst kva som kunne være kortast.
Og la det være sagt med ein gang; Fra Parkerinsplassen og til stikrysset mot Drivande, så var det 2,7 km via stien om Fivla og Breisete.
Om Vigdalsstølen er det 400 meter kortare.

Så da får kvar einskild velge.

Inn til Drivande er det forholdsvis lett terreng, men det brattar til ein smule derfra. Det er satt opp nokre vardar mot Kattøyra, og endatil eit skilt har kome på plass. Det skulle såleis være fullt mogleg å finne fram.
Når vi hadde passert tregrensa, så fortalde vardane oss at vi måtte bøyge gradvis av mot høgre, og der såg vi att den store varden som vi hadde sett nede fra parkeringsplassen. No byrja det å bli enda brattare, men dette var eigentleg berre eit mindre stykke, og det var fint å gå. Litt smeltevatn rant her og der etter den snørike vinteren og den sålangt kjølige julimånaden. Normalt skulle det vore omtrent snøfritt her oppe.

Oppe på den før omtala varden, så såg vi to nye vardar på kvar sin topp. Det var ikkje så langt til nokon av dei, så vi gikk mot den sørlegaste, noko som så viste seg å være feil.
Vel, det er ikkje første gang vi har gjort ein slik liten tabbe, men oppe i fjellheimen, i dette fine sommarværet, så tok vi ikkje det så tungt. Ein liten ekstrasnue baud ikkje på problem, totalt fikk vi 700 meter omveg, så det var ikkje all verda.

Den korrekte toppen vart nådd etter ein time og 48 minuttar. Vi skulle ikkje vore langt unna halvannan time dersom vi ikkje hadde vore kløner og gått feil. Da syntes eg vi hadde gått på ganske så bra, omtrent utan pausar.

Fra 1411 moh var det eit fint utsyn til alle kantar, og ikkje minst veldig LANGT. Fra fjella mot Skjåk i nord, til Lærdal i sør. Alt dette for ein såpass lett og fin tur.
Notering i topptrimboka, som nr. 90, og klypping i kortet, som eg faktisk hadde hugst å ta med denne gangen.
Det var ingen grunn til å stresse, sommarkvelden var varm og fin. I omtrent vindstille, så var det godt med litt drikke og ein godbit som belønning til seg sjølv.

Det å komme seg nedatt er utan unntak verre enn opp. Når ein skal opp, så ser ein alltid kvar ein kan gå, men når vi no skulle nedatt, så vart det nokre fleire stopp, i.o.m. at vi tok ein litt annan trase. Det var jo inga vits i å gå bort att på den første feile toppen enda ein gang!

Eg konfererte med Stravaspora innimellom, og snart var vi nede i dei spora vi hadde gått opp også. Da hadde vi tatt nokre snarvegar litt meir rett ned, for å sei det slik.
På Drivande satte vi oss ned for å sjå etter kjentfolk, men der dukka det ikkje opp nokon, så da var det via Vigdalsstølen, der dei store grantrea er massakrert sidan sist eg var der. Vel, dei er nok fjerna av ein grunn reknar eg med. Vakkert er det imidlertid ikkje slik det ser ut nå.



Personleg likar eg bedre å gå den andre ruta til Breisete, sjølv om den altså er nokre meter langer. Dette blir ein smaksak.

Fire timar og eitt kvarter etter at vi gikk fra bilen, så var vi nede att, og da hadde vi altså tatt oss svært god tid på toppen, surra litt nedatt og hatt ein fin tur.


Kattøyra er ein lett oppnåeleg topptrimpost som "alle" med interesse for enklare fjellturar kan komme seg opp på. Det er eigentleg berre eitt bratt parti, og det er overkommeleg det også. Det er fra Drivande og opp til den første varden, der vi på halvanna km. skal opp 400 høgdemeter.

Totalt gikk vi 13,7 km og 875 høgdemeter. Ein typisk ettermiddagstur altså.


Drivande er den gamle fjellstølen til Kilen. I bakgrunnen til høgre ser vi mot Fivlenosi.

Dersom du zoooomer inn ein smule, så ser du varden på 1411 på dette bildet. Og det er dit du skal. 



Flott utsyn denne fredagskvelden mot kjente toppar overalt....


Hurungane.

Ein fjellfie fra toppen høyrer alltid med.

Mot Kroken, og sanneleg seier eg dykk; Der er fjorden også!

Mot nord, og det er Vangsen vi ser som den markerte toppen i midten.

Ned mot Drivande.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar