tirsdag 21. juli 2020

Topptrimmen 2020-2022: Grånosi

"Ettermiddagstur".
Eit uttrykk som eg ofte har brukt på dei litt "lettare" toppane som har vore med på Luster Turlag sin mangeårige Topptrim.

Grånosi, 1347 moh. beliggande over Engadalen og over mot Luster er eit slikt eksempel, altså på "Ettermiddagstur".

Ganske så impulsivt fant eg ut at denne nært beliggande toppen var verdt ein tur mandag 20.7.2020.
I utgangspunktet vurderte eg å sykle opp i Engadalen og gå derfra, men fornufta slo heldigvis inn, så det vart bilen opp Vassvollvegen.
Det kan være verdt å nemne at Vassvollvegen AL framleis krev kontant betaling for bruk av vegen. Medan store deler av verda ellers gjerne nyttar betalingsmetodar som t.d. vipps, så skal dette aksjelaget har det i cash.
Altså: Vi er i 2020. De må seriøst opprette ein vippskonto. Helst i fjor. Eg betaler gjerne, men må i det minst vite kva kontonummer det skal innpå, eller kven som kan kontaktast for info.

Nåvel.

Den opprusta vegen til Vassvollane er verdt å bruke hvis ein startar å gå herfra. Alternativt kan ein gjerne gå fra Mytane og via Navarsete og Heggdalen, eller fra Røssesete over Harastølen i Luster. Eg valde altså Vassvollane, fordi eg ville gå om den gamle fjellstølen vår, Bergskar, av meir nostalgiske grunner. Har ikkje vore her på 14 år, og dette er den gamle fjellstølen til Haugane. Her oppe i fjellet, 1000 moh, dreiv dei altså på med støling ein gang i tida. Livet er på mange måtar enklare nå.



Litt om stien opp. I området rundt Flatningane er det flust av stiar ein kan gå, og mange av dei er skilta. Problemet er imidlertid av mange av skilta er gnaga på av hestar, og dermed heilt eller delvis øydelagde. Nå er eg heldigvis ein smule lokalkjend, så det baud ikkje på noko problem, og fra Flatningane og opp til Bergskar er det ein heilt grei sti, om enn ikkje så mykje brukt.

Derfra gikk eg opp mot trigpunktet som er markert på kartet på høgde 1058. Dette punktet ser ein på god avstand. Derfra var det berre å rusle innover fjellet, uten at eg hverken såg eller høyrde ein sjel. Av og til kan det være veldig behagleg.

Oppe i fjellheimen kom eg så til to mindre hytter, den eine visste eg om fra før, men den nyaste stod der definitivt ikkje sist eg var der, i 1988 trur eg det var.
Dermed tok eg snuen forbi den nyaste hytta også, som ikkje er den største eg har sett.
Men likevel; Veldig greit å vite at det er to krypinn her oppi ville fjellet i fall ein skulle hamne i naud eingang.
Nå kom det eit par mindre snøfenner som eg måtte krysse, og over nokre av dei var det gått såpass mykje at det var vorte søkk. Om det er folk eller dyr, har eg ingen aning om, og bryr meg heller ikkje. Det var uansett eit fint terreng å gå i, og det gikk lett å finne Turlaget sin kasse. Den var festa på eit nytt trigpunkt, markert som 1346 moh på kartet. Det høgaste punktet er oppgitt til 1354, og ligg noko lenger innover i fjellet.
På toppen var det nå ein heller kald vind, så eg tok dei obligatoriske bilda, skreiv navnet i boka (som nr. 114), og skulle klippe kortet......som låg att heime....Hadde nemleg tatt det ut av kartmappa, og gløymt å legge det inni att etterpå....

Det fins større problem her i verda. Corona, narkokrigen i Mexico, borgarkrigen i Syria, aidsepidimien i Sør-Afrika...
Når ein set det perspektiv, så er eit attgløymt kort av mindre betydning. Eg kan heller gå opp att seinare, dersom Luster Turlag ikkje skulle tru på meg. Men bilder og signatur i boka held sikkert :-)

Eg ville gå om Stordalen nedatt. Det betydde at eg følgde Stravaspora mine ned til dei før omtala hyttene, og gikk ein ny trase derfra.
Dette var ein mykje bedre sti å gå,  meir brukt, og ikkje på langt nær så bratt som det hadde vore fra Flatningane og opp til Bergskar.
Men det visste eg jo om.
Eit godt tips må derfor være å gå heilt bort på Flatningane, og om Stordalen når ein skal på Grånosi. Eg gikk jo om Bergskar av nostalgiske årsaker. Dessutan er Flatningane ein av dei mest velstelte og flottaste stølane i heile Lustrafjelli, så ein stopp her er eit must.
Fra Flatningane og ned til parkeringsplassen er det berre ein km, og ein kan gå omtrent kor ein vil, om enn stiane er å føretrekke.

Vel nede att ved bilen kom eg på at støttebinda til knea hadde vore gode å ha, samt gangstavane mine. Gangstavar er kanon, og støtte for mine urgamle og utslitte fotballkne var sårt sakna. Det var regelrett vondt å gå nedover på slutten. Godt det ikkje var ein lenger tur.

Eg brukte ein time og 32 minuttar opp, og eg gikk ikkje som ein racer akkurat. Tok litt bilder her og der, drakk litt saft, mimra litt og hadde det i det heile ganske så bra. Ein liten pause på toppen,  klesbytte, ein bitteliten matbit, drikke, foto og signatur tok nokre minuttar.
To timar og 45 minuttar etter at eg gikk fra bilen, så var eg nede igjen, så jo; Grånosi er ein ettermiddagstur, med fint terreng og som vanleg; Strålande utsyn til tross for den heller beskjedne høgda over havet.
Total distanse vart 10,5 km og791 høgdemeter.

Bilder:


Fjellstølen Bergskar er forlengst nedlagt, og kun nokre steintufter vitnar om arbeidet som pågjekk her oppe i høgfjellet i si tid.


Her var eg komen nesten til hyttene, og Grånosi reiser seg i bakgrunnen. Herfra er det ca. to km. til toppen.


Eg måtte jo ta ein fjellfie på toppen, ettersom eg hadde gløymt att klyppekortet mitt heime....

Skilta er som nevnt i ein miserabel forfatning rundt om i fjella. Dette var av dei bedre.

Ein snøfie/skyggfie høyrer med på einkvar fjelltur.

Heggdalsvatnet(1025 moh) er isfritt, men det tok si tid i år.

På Flatningane er det så fint at ein skulle tru at det vart nytta robotklippar. Det er det sjølvsagt ikkje, men hestar og sauer gjer også nytten. Fine og velstelte hytter og stølshus er det her også!

Hadde ikkje med salt til desse....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar