tirsdag 21. juli 2020

Topptrimmen 2020-2022: Grånosi

"Ettermiddagstur".
Eit uttrykk som eg ofte har brukt på dei litt "lettare" toppane som har vore med på Luster Turlag sin mangeårige Topptrim.

Grånosi, 1347 moh. beliggande over Engadalen og over mot Luster er eit slikt eksempel, altså på "Ettermiddagstur".

Ganske så impulsivt fant eg ut at denne nært beliggande toppen var verdt ein tur mandag 20.7.2020.
I utgangspunktet vurderte eg å sykle opp i Engadalen og gå derfra, men fornufta slo heldigvis inn, så det vart bilen opp Vassvollvegen.
Det kan være verdt å nemne at Vassvollvegen AL framleis krev kontant betaling for bruk av vegen. Medan store deler av verda ellers gjerne nyttar betalingsmetodar som t.d. vipps, så skal dette aksjelaget har det i cash.
Altså: Vi er i 2020. De må seriøst opprette ein vippskonto. Helst i fjor. Eg betaler gjerne, men må i det minst vite kva kontonummer det skal innpå, eller kven som kan kontaktast for info.

Nåvel.

Den opprusta vegen til Vassvollane er verdt å bruke hvis ein startar å gå herfra. Alternativt kan ein gjerne gå fra Mytane og via Navarsete og Heggdalen, eller fra Røssesete over Harastølen i Luster. Eg valde altså Vassvollane, fordi eg ville gå om den gamle fjellstølen vår, Bergskar, av meir nostalgiske grunner. Har ikkje vore her på 14 år, og dette er den gamle fjellstølen til Haugane. Her oppe i fjellet, 1000 moh, dreiv dei altså på med støling ein gang i tida. Livet er på mange måtar enklare nå.



Litt om stien opp. I området rundt Flatningane er det flust av stiar ein kan gå, og mange av dei er skilta. Problemet er imidlertid av mange av skilta er gnaga på av hestar, og dermed heilt eller delvis øydelagde. Nå er eg heldigvis ein smule lokalkjend, så det baud ikkje på noko problem, og fra Flatningane og opp til Bergskar er det ein heilt grei sti, om enn ikkje så mykje brukt.

Derfra gikk eg opp mot trigpunktet som er markert på kartet på høgde 1058. Dette punktet ser ein på god avstand. Derfra var det berre å rusle innover fjellet, uten at eg hverken såg eller høyrde ein sjel. Av og til kan det være veldig behagleg.

Oppe i fjellheimen kom eg så til to mindre hytter, den eine visste eg om fra før, men den nyaste stod der definitivt ikkje sist eg var der, i 1988 trur eg det var.
Dermed tok eg snuen forbi den nyaste hytta også, som ikkje er den største eg har sett.
Men likevel; Veldig greit å vite at det er to krypinn her oppi ville fjellet i fall ein skulle hamne i naud eingang.
Nå kom det eit par mindre snøfenner som eg måtte krysse, og over nokre av dei var det gått såpass mykje at det var vorte søkk. Om det er folk eller dyr, har eg ingen aning om, og bryr meg heller ikkje. Det var uansett eit fint terreng å gå i, og det gikk lett å finne Turlaget sin kasse. Den var festa på eit nytt trigpunkt, markert som 1346 moh på kartet. Det høgaste punktet er oppgitt til 1354, og ligg noko lenger innover i fjellet.
På toppen var det nå ein heller kald vind, så eg tok dei obligatoriske bilda, skreiv navnet i boka (som nr. 114), og skulle klippe kortet......som låg att heime....Hadde nemleg tatt det ut av kartmappa, og gløymt å legge det inni att etterpå....

Det fins større problem her i verda. Corona, narkokrigen i Mexico, borgarkrigen i Syria, aidsepidimien i Sør-Afrika...
Når ein set det perspektiv, så er eit attgløymt kort av mindre betydning. Eg kan heller gå opp att seinare, dersom Luster Turlag ikkje skulle tru på meg. Men bilder og signatur i boka held sikkert :-)

Eg ville gå om Stordalen nedatt. Det betydde at eg følgde Stravaspora mine ned til dei før omtala hyttene, og gikk ein ny trase derfra.
Dette var ein mykje bedre sti å gå,  meir brukt, og ikkje på langt nær så bratt som det hadde vore fra Flatningane og opp til Bergskar.
Men det visste eg jo om.
Eit godt tips må derfor være å gå heilt bort på Flatningane, og om Stordalen når ein skal på Grånosi. Eg gikk jo om Bergskar av nostalgiske årsaker. Dessutan er Flatningane ein av dei mest velstelte og flottaste stølane i heile Lustrafjelli, så ein stopp her er eit must.
Fra Flatningane og ned til parkeringsplassen er det berre ein km, og ein kan gå omtrent kor ein vil, om enn stiane er å føretrekke.

Vel nede att ved bilen kom eg på at støttebinda til knea hadde vore gode å ha, samt gangstavane mine. Gangstavar er kanon, og støtte for mine urgamle og utslitte fotballkne var sårt sakna. Det var regelrett vondt å gå nedover på slutten. Godt det ikkje var ein lenger tur.

Eg brukte ein time og 32 minuttar opp, og eg gikk ikkje som ein racer akkurat. Tok litt bilder her og der, drakk litt saft, mimra litt og hadde det i det heile ganske så bra. Ein liten pause på toppen,  klesbytte, ein bitteliten matbit, drikke, foto og signatur tok nokre minuttar.
To timar og 45 minuttar etter at eg gikk fra bilen, så var eg nede igjen, så jo; Grånosi er ein ettermiddagstur, med fint terreng og som vanleg; Strålande utsyn til tross for den heller beskjedne høgda over havet.
Total distanse vart 10,5 km og791 høgdemeter.

Bilder:


Fjellstølen Bergskar er forlengst nedlagt, og kun nokre steintufter vitnar om arbeidet som pågjekk her oppe i høgfjellet i si tid.


Her var eg komen nesten til hyttene, og Grånosi reiser seg i bakgrunnen. Herfra er det ca. to km. til toppen.


Eg måtte jo ta ein fjellfie på toppen, ettersom eg hadde gløymt att klyppekortet mitt heime....

Skilta er som nevnt i ein miserabel forfatning rundt om i fjella. Dette var av dei bedre.

Ein snøfie/skyggfie høyrer med på einkvar fjelltur.

Heggdalsvatnet(1025 moh) er isfritt, men det tok si tid i år.

På Flatningane er det så fint at ein skulle tru at det vart nytta robotklippar. Det er det sjølvsagt ikkje, men hestar og sauer gjer også nytten. Fine og velstelte hytter og stølshus er det her også!

Hadde ikkje med salt til desse....

mandag 6. juli 2020

"Scary stories to tell in the dark" - Filmomtale

Ein fin liten familegrøssar, fra den norske regissøren Andre Øvredal, mannen  bak den mildt sagt uhyggelege "The autopsy of Jane Doe". Vi får for all del håpe at det ikkje er mindreårige som finn ut at dei skal sjå "Jane Doe" etter denne heldige versjonen av "Scary stories"....

Scary Stories to Tell in the Dark film logo.jpg

"Scary stories" er basert på barne og ungdomsserien ved same navn. Dette er såleis ikkje ein skrekkfilm for oss diehard grøsser og horrorfans, men skal vi heller kalle det ein slags lettare og passe skummel innføring i skrekkgenren for dei litt yngre av oss?


Handling:
Vi er i året 1968 der ein smånerdete vennegjeng gjer seg klar til Halloween. Det er siste gang dei skal feire "trick or treat", for neste haust er dei liksom for gamle.
Vennegjengen er plaga av den vanlege ufordraglege samling idrettstullingar, de veit; Den samme drittgjengen som vi har sett i dusinvis av amerikanske filmar opp gjennom åra. 
Men nå er det halloween, og dei tre nerdene har lagt ein plan, som Egon Olsen ville ha sagt.

Planen går "helmax", med det unntak at idrettstullingane blir drit(!)forbanna og skal hevne seg. Nerdegjengen havnar til slutt i det fraflytta og skumle huset som antaglegvis befinn seg i einkvar amerikanske småby. I dette skumle huset var ei ung jente innesperra av den slemme familien sin, og kanskje heng noko att.....?

No prices for guessing at det gjer det.

Ei bok dukkar opp. Skreven av den stakkars innesperra jenta, med blod som blekk. Oi-oi, dette blir ille!


For oss som har sett mengder med grøss og gru før, så veit vi sjølvsagt alt som vil skje, men i dette tilfellet er ikkje det så nøye. Dette er berekna på eit heilt anna publikum, og det funker godt. Vi får nokre velplasserte jump-scares, spennande og småekle hendingar, eit lett intrikat plot og nokre småskumle scener. Jo, dette er ei god og effektiv innføring i den fantastiske filmgenren som heiter "skrekk".
Det er lettvektarskrekk, men det er heile hensikta. Kvifor skal ein skremme folk fra sans og samling, slik at dei aldri løyser ein kinobillett igjen? Filmselskapet skal jo tjene pengar, og det har dei da også gjort på denne fiffige familegrøssaren. Faktisk ventar eg berre på oppfølgaren!



Kva var bra?
Fugleskremselet.

Kva var mindre bra?
Han duden fra The Walking Dead såg litt for gammal ut til denne rolla.

Alt i alt, ein fin familegrøssar, men ikkje for dei aller minste. Det er tross alt ein grunn til at aldersgrensa er som den er (15). 12-åringen treng ikkje sjå denne åleine.

Lukke til!

Bilderesultat for terningkast fire



"Ukjent soldat" TV-serie, omtale

Nå i mai kom miniserien "Ukjent soldat" ut på strømmetenester.
Netflix vart mitt valg, og eg slukte denne briljante finske serien i to jafs.

A theatrical release poster of the film featuring a Finnish soldier carrying a machine gun tripod through a foggy forest.

"Ukjent soldat" er basert på Vaino Linnas roman fra 1954. Han var sjølv soldat under andre verdskrig, og deltok bl.a. i den såkalla "Fortsettelseskrigen" som Finland førte mot Sovjet.
Som vi alle veit måtte Finland avstå store landområder etter Vinterkrigen halvanna år før, men med nazitysklands invasjon av Sovjet sommaren 1941, så gikk Finland også til angrep mot den mektige naboen i aust. Finland ville ta attende landområda dei måtte avstå, og det er dette felttoget som er bakgrunn for romanen og dermed også TV-serien.

"Ukjent soldat" følgjer ikkje ein hovedperson, men vi vert litt lausare kjent med ei rekke soldatar og offiserar i den finske hæren. Kameratskapet som soldatane føler til kvarandre, hiarkiet mellom offiserar og soldatar, meiningslause handlingar, krigens råskap og barbari..... alt vert skildra fra synsvinkelen til dei vanlege soldatar. Soldatar som gjerne vert ofra som kanonføde mot det som etterkvart skal bli ein uovervinneleg krigsmaskin i form av Den Røde Arme.

Kva slags figurar møter vi så?
Jo, t.d. den unge offiseren med sin trofaste forlova. Han er fra ein velståande familie av militærslekt, og føler fedrelandet kallar. 
Vi møter underoffiserar som utfører dei ordrar som vert gitt, uansett kor heilville dei møtte framstå.
Vidare treffer vi høgtståande offiserar som knapt bryr seg om soldatane i det heile tatt, så lenge dei gjer som dei får beskjed om.
Men mest av alt er dette altså beretninga sett fra heilt vanlege unge menn sin synsstad, krigens meiningslause og endelause voldsorgiar.

Konfliktar oppstår når krigslukka byrjar å snu. Da er det den erfarne soldaten fra Vinterkrigen som må trå til. Som hardfør gardbrukar uti villmarka er han vand med å klare seg, uansett tilhøve. Spørsmålet vert berre: Er det for mykje endatil for denne dyktige mannen?


"Ukjent soldat" baserer seg på Linnas eigne observasjonar og opplevingar som soldat under krigsåra. Boka vert, med rette, rekna som eit av finsk litteraturs aller største meisterverk, og spør du meg, så fortjener denne serien nesten samme status.
Det er ein, etter finske tilhøve, dyr og stor produksjon. Kritikkane heime i Finland var blanda, der mange av dei kritiske røystene gjekk på den brutale framferda som også dei finske soldatane stod bak. 

TV-versjonen er på fem deler, med kvar episode på i underkant av time kvar. Det er også ein langfilm-versjon på knappe tre timar.

Så, er dette bra TV?

Utan tvil. Dei finske soldatane snakkar... ja... finsk. Sovjetarane snakkar russisk. Slagscener er påkosta, kostymer og rekvisittar ser, etter mitt enkle auge, ut til å være ein ekte finsk hær anno 1942. Slik er det ytre av høg klasse.
Men det er altså den vanlige soldats opplevingar som gir inntrykk. Unge menn som dreg ut i ein meiningslaus krig, forført av stormannsgalskap og urealistiske draumar fra forvirra statsleiarar.
Det er som nevnt brutalt, og noko happy ending kan vi nesten sjølvsagt berre gløyme.

For som vi nå veit: Fortsettelseskrigen enda med finsk tilbaketrekning, og kapitulasjon med enda verre vilkår enn det dei hadde fått etter Vinterkrigen. Enda større landområder måtte avståast til Sovjet, og Finland måtte betale ei stor krigserstatning attpå. 
Verst av alt var likevel at over 60000 finske soldatar vart drepne i dei blodige kampane, eit veldig antal når vi veit at Finland hadde ei befolkning berre noko større enn Norge.

Hvis du framleis ikkje har sett den beste nordiske krigsfilm/TV-serie nokon gong, så gjer det. I kveld.

Bilderesultat for terningkast fem


søndag 5. juli 2020

Topptrimmen 2020-2022: Nipa

Omsider.
Etter nesten to års venting.

Luster Turlag sitt flotte og tildels utfordrane tiltak med å dra folk rundt om på plassar der dei ellers aldri ville satt sin fot.
Vi snakkar sjølvsagt om den nyleg igangsatte Topptrimmen for åra 2020-2022.

For dei som ikkje kjenner det smått geniale konseptet, så handlar det altså om å besøke 10 fjelltoppar rundt om i vår fjellrike og store kommune.
Vi har tre år på oss, og om det er sommar eller vinter betyr ikkje så mykje.

For mitt vedkommande vert alle toppane på sommarstid, da mine skiferdigheiter er......minimale.
Opp skulle nok gått bra, men ned. Hoi.

Første, og definitivt lettaste av dei ti, vart tatt nå, laurdag 4.7.
Det er toppen som gjer at mykje av bygda ligg i skugge store deler av året, Nipa, der posten er satt på 867 moh.
Her KAN vi køyre opp nesten til stølen Røyteholet, og gå i ein halvtime før vi er på toppen. Men kva er vitsen?
Heiter det ikkje ToppTRIM?
Turlaget har i deltakarkortet sitt sagt at startpunkt kan være fra Joranger eller Røneidsstølen, slik at vi i det minste får ein smule utfordring.
Eg valde å gå for den fjerde varianten, sykling heimefra, da det tross alt er tohjulstreninga som er viktigast for meg. Eg anslo distansen til ca. 15 km. ein veg, og satsa på å trille om Lambhaug og Høgi på veg opp.
Som tenkt, så gjort. 
Med terrengsykkel klar, eit liten sekk med nokre bitar fyrstekake, RedBull og klesskifte så trilla eg i veg. Det gikk ikkja akkurat i #kollosalfart mot Marifjøra og opp Marheimsgjelet, men det var da heller ikkje hensikta.
Roleg opp til Lambhaug også, før dei meir utfordrande delene forbi bomvegen ved Høgi og opp til parkeringsplassen ikkje så langt fra Røyteholet. Eg brukte ein time og 26 minuttar opp til dei knappe 650 moh, uten å slite meg ut. Skulle tross alt gå til topps også. Det er mange år sidan eg var her sist, og hadde derfor ikkje så store kunnskapar om stien eg skulle gå.

Røyteholet er ein fin støl, med nokre mindre tjern. Isolert sett skulle ein tru at dette var ein stad som høyrde heime i skogane på austlandet.
Men uansett kor sjarmerande det var med sauer og tjern, så var det toppen som var målet.
Det gikk rimeleg greit å finne posten som var satt opp, for her skal ein faktisk berre gå etter det høgste punktet. Det går ein tydleg sti fra Røyteholet og vidare mot "Speigelen" som den populært vert kalla. Eit par hundre meter før ein kjem heilt bort til den, så er det berre til å ta av fra stien, og bryte av til høgre mot det som ser ut til å være det høgaste punktet og vips! så ser ein posten litt innpå. Heilt greit å finne fram.
Det tok meg ein halvtime fra eg parkerte sykkelen, og totalt ein time og 58 minuttar sidan eg sykla heimefra. Distanse var 15,5 km.

På denne fine sommardagen vart det klar sikt til alle kantar: Mot Jotunheimen, Breheimen, Haugmelen og gudane må vite kva dei heiter alle toppane vi ser herfra. 
Etter å ha klipt kortet og satt signaturen min i boka som nr. 38, rusla eg ned til "Speigelen" for fyrstekake og RedBull. Her kunne eg sjå nedatt på huset mitt, men også Skagastølstindane og Feigefossen. Rett fint var det!
Eit kvarters pause måtte eg unne meg, før det var berre til å labbe nedatt tiol Nakamuradoningen. På att med sykkelsko og hjelmen, og i adskillig større fart enn opp, så tok eg vegen om Sjåflat og Joranger.
På den måten vart det ein fin rundtur, og vel heime viste Strava i underkant av 30 km. 3,7 av desse var til fots, resten på to hjul. Heile turen i overkant av tre timar, og det inkluderer klesskifte, skobytte, fotos og ein liten matbit. 

Løysinga med å sykle til ein Topptrim syntes eg var såpass vellukka, at det ikkje skal utelukkast at eg gjer det fleire ganger. Bolstadnosi og Grånosi er dei første eg kjem på i så måte. Vi får sjå korleis det blir...
Eg anbefaler iallfall folk i Gaupne og dei andre næraste nabobygdene til Nipa å gjere det samme. Da får de ei god sykkeløkt, og ein fin liten topptur som kan by på flott utsyn.


Bilder: 

Det er ikkje noko varde på toppen, men posten er rimeleg grei å finne likevel. Den er ganske enkelt plassert der den skal være, på det høgaste punktet:-) Herfra kan Nipa by på fint utsyn, til tross for den beskjedne høgda over fjorden. Heilt i bakgrunnen ser vi t.d. Skagastølstindane.





"I can see my house fram here" var ein tittel på ei plate av progrockbandet Camel. Og fra Nipa kan mange gåpningar sjå sitt hus. Fint å sjå NED på Engadalsvegen og Engadalen også.


Desse kjende toppane markerer seg godt i fjellheimen.




Og altså: Heilt opp hit kan ein sykle. Hvis ein gidd. Tenk på at herfra er det kun ein halvtime til toppen, ein tur som også mindreårige kan klare ganske så greit, dvs. gåturen fra parkering til toppunkt.