torsdag 21. mai 2020

Midsommar - filmomtale

I 2018 kom Ari Aster ut med den heilmørke og svært nifse grøssaren Hereditary. Den handla om arv, okkulte krefter og vart omtala som noko av det mest grøssande på mange år. Var det ein sjanse for at han kunne klare å toppe dette med fjorårets bidrag?

Midsommar (2019 film poster).png

Enter; Midsommar, så langt bort fra mørke hus, trehytter og skumle omgjevnader som du kan tenke deg.
Vi skal nemleg til den svenske landsbygda, nokre mil nord for Stockholm (OK, filmen er spelt inn i Ungarn, men det er ein anna historie), og der skal det markerast ein stor fest.
Den svenske studenten Pelle får med sine amerikanske venner, Mark, Josh og Christian, på noko som eigentleg skal være ein slags fest og morotur. 
Med på turen vert også Christian sin kjæreste, Dani, som akkurat har opplevd svært traumatiske ting i den aller næraste familie. Christian vil eigentleg avslutte forholdet med Dani, men lar det være, eine og åleine grunna hennar nylege tragiske hendingar.

Dei fem reiser til Sverige, møter to engelske studentar, samt Pelle sin familie som han kallar dei. Her burde nok alarmklokkene byrja å ringe for våre amerikanske venner som tross alt studerer antropologi og psykologi. Liknar ikkje dette svært yndige samfunnet, beståande av lyse netter, blomsterkledde og smilande svenskar, mistenkeleg på ein kult?

"Familen" skal iallfall feire midsommar, med ein fest som kun vert avholdt kvart 90. år, og som skal vare ni dagar til ende. Null alkohol, men haugevis med psykedelisk dop florerer, og våre amerikanske og britiske heltar tek ikkje fem øre for ein "trip" av det anten gode eller dårlege slaget.

Vi blir kjent med at familien er inndelt i vår, sommer, høst og vinter, og at ingen i familen vert over 72 år. Vi får snart vite kvifor.

Midsommar varer i nesten to og ein halvtime, og det går ikkje unna i lynets fart heile tida. Mykje vert brukt på Danis mildt sagt tragiske familiebakgrunn, og i det heile tatt hennar forhold til Christian. Det er bakgrunn for heile filmen.

I rollane finn vi, forutan dei amerikanske, også ei rekke svenske aktørar, som heldigvis snakkar svensk. Det gir det, som i Extraction, eit langt meir realistisk preg. 
Ja, vi ser at kulten sin landsby er bygd opp for å lage denne filmen, ingen kunne bodd i slike hus midtvinters, men det funkar likevel.
Så, sjølv om det er lyst omtrent heile døgnet, og alt er fagert og godt, så er dette ein ganske så guffen og ekkel grøssar. Ingen jumpscares, men ei krypande stemning av uhygge og ein definitiv kjensle av at "dette kan ikkje gå bra" bygger seg opp.
Ein artig twist på slutten, uten at den skal røpast her.

Midsommar vert anbefalt alle som liker oppbyggande og uvanlige grøssarar. Hvis ein er ute etter tonnevis med blod og gørr, så har ein havna feil.
Filmen har fått gode kritikkar, og dersom filmskaper Aster fortsett som med Midsommar og Hereditary, så ser framtida lys ut for alle skrekkfans.

Høgdepunkt: Dani får det som ho vil til slutt.

Lavmål: Amerikanarane er ikkje så smarte at det gjer noko, til tross for si akademiske utdanning.

Bilderesultat for terningkast 5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar