torsdag 21. mai 2020

I am the pretty thing that lives in the house - Filmomtale

Uvanlige grøssarar står høgt på mi favorittliste, gjerne med gotiske innslag, og da passer det ekstra godt med denne saken, ein knapp halvannantime lang sak på Netflix, med minimal rolleliste, og nesten enda færre replikkar. 

I Am the Pretty Thing That Lives in the House poster.jpg

I am the pretty.... vert skildra til å være ein gotisk spøkelsesfortelling, og i mitt einfold trudde eg kanskje den kunne være i nærleiken av samme kvalitet som eksempelvis "The Others" fra ein del år tilbake.

Men nei.

Dette byrjar tregt, og det fortsett i sirup filmen til ende.

Handlinga føregår omtrent utelukkande i eit litt større hus, der pleiaren Lily kjem for å stelle den demente gamle dama Iris. Iris er forfattar av skumle bøker, men er nå så redusert at ho må ha tilsyn døgnet rundt. 
Fortellaren i filmen er altså pleiaren hennar, Lily, som etterkvart opplever uvanlige ting i det stort sett mørke huset. Iris er lenka til andre etasjen, men ein eller annan nappar ut telefonledninga, snur på eit teppe, og det dannar seg etterkvart også ein stadig større muggflekk i eit hjørne.

Lily byrjar å sjå og høyre ting i det ganske så dystre huset, og gjennom samtalar med Iris får vi også bli kjent med tidlegare bebuarar derfra, bl.a. Polly.
Polly lei ein heller ublid lagnad på 1800-talet eingang, men kven veit om ikkje ho har satt varige spor etter seg, både i Iris sitt forfattarskap, og kanskje også i.....sjølve huset?

Filmen sig avgarde i snegletempo. Det er ein av dei få filmane eg har sett som har hatt så lite framdrift at eg har måtte ta pause. Med ei rolleliste der kun fem personar seier noko, derav kun ei som pratar noko meir enn eit fåtall setningar, så er det ikkje dialogen som driv dette framover.
Filmen er i tillegg ganske så mørk, slik at denne må ein faktisk sjå i eit mørkt rom på kvelden. Så da vet ein vel kanskje redd vil du tenke?
Nei.

Det er ikkje bø-scener her. Nesten.

Filmen består av voice-over til Lily, at ho går rundt i mørke rom, og i det heile tatt er det ganske så kjedelig.
Til å være ein gotisk spøkelsesfilm, så er det uvanleg lite av begge deler, dvs. både den gotiske stemninga og spøkelser.
La oss heller kalle det ein film om å gå omkring i ein stort dystert hus med lite belysning, det trur eg passer bedre.

Høgdepunkt: Tja.....kan faktisk ikkje komme på noko.

Lavmål: Å herregud så tregt det går!


Ein svak

Bilderesultat for terningkast 2

Skal det få terningkast ein, så må det mykje til, og så ille er denne filmen ikkje. Men nesten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar