søndag 24. mai 2020

Have a good trip - filmomtale

Dette er ein film som er svært aktuell for alle oss med ein smule interesse for ruspolitikk.
Vi står som kjent midt oppi ein heit debatt om rusreform, og denne filmen kan faktisk være eit forholdsvis nøkternt bidrag i så måte.
Have you ever had a bad trip while high on any type of drug and if ...

Filmen vart sluppen på Netflix nå i mai, og den norske tittelen er..... "Psykedeliske høydepunkt".

Eg føretrekk den originale tittelen.

Dette er ein slags dokumentarfilm, med ei rekkje intervju av kjende personar som har testa diverse psykedeliske stoff, det mest kjende er såklart LSD.
Og da vil du kanskje tenke; Er ikkje det veldig farleg?
Jo, som alle rusmiddel i ein eller annan form er det forbunde med fare å innta det, men det er ikkje på langt nær så farleg som vi "lærte" i t.d. "Himmel og helvete".
Hadde det så vært, så burde vi sjølvsagt høyrt mykje meir om fatale konsekvensar av bruken, men det gjer vi jo ikkje.

Vel, tilbake til sjølve filmen.
Vi får sjå tidlegare tiders propaganda om kor farleg LSD kunne være, presentert av legar, gjerne i militæruniform. Det høyrer med til historia at LSD opphaveleg vart brukt som legemiddel og testa ut, bl.a. på studentar fram til byrjinga av 1960-talet. I takt med datidas moral, så vart det satt ein stoppar for all legal bruk, noko som sjølvsagt gjorde at den illegale bruken eksploderte. Vi kjenner alle til kunstnarar av diverse slag fra den tida som utan tvil testa psykedelisk dop.
Vi møter ei mildt sagt underleg forsamling med kjendisar, Ben Stiller, Sting, Sarah Silverman, Carrie Fisher og haugevis av andre som fortel om sine opplevingar, påverka av psykedeliske stoff.
Ja, det fins einskildhistoriar om folk som har opplevd underlege og kanskje skumle ting påverka av eksempelvis LSD, men langt dei fleste skildrar bruken som eit dykk i diverse sanseopplevingar som vi ikkje kan oppleve ellers.


Her i landet har LSD bruken auka ein smule siste åra, skal vi tru rapportane. Det er kanskje ikkje så rart. Stoffet krev særs lite plass, det er ikkje rapportert om dødsfall, og mange brukarar seier å oppleve ting dei aldri har drøymt om før. Klart, det kan medføre farlige situasjoner, spesielt hvis ein drikk alkohol ved sidan av. Men da er liksom heile vitsen borte, spør du meg. Og nei; Eg har aldri prøvd psykedelisk dop av noko slag, og har heller ikkje noko ønske og behov om å gjere det. Eg har opplevd ein hallusinasjon (av utmatting på militærøvelse), og det var lysår fra å være skøy. 



Filmen intervjuar brukar etter brukar, og er det da så ingen ulemper med psykedelisk dop? Er dette eit slags mirakelstoff som slepper laus nye banebrytande tankar hos alle?
Nei, det er også ei rekke kritiske merknader, bl.a. må ein passe på å ikkje ta for mykje. Ein vanleg feil er at ein ikkje har tolmod til å vente på at rusen skal slå inn, og derfor tar ein lapp til. Det er ikkje å anbefale. Og igjen: IKKJE drikk alkohol ved sidan av!!
Skal eg være heilt ærleg, så vil eg vel neppe anbefale nokon å prøve rusmiddel i det heile tatt, men hvis du absolutt MÅ, så er antagleg LSD og andre psykdeliske middel av dei tryggare. Følg desse gode råda, hvis du som sagt absolutt MÅ teste.

Kanskje du går i flint over det eg har skreve her, og meiner at eg oppfordrar til å teste dop?
Beklager, da har du ikkje forstått noko av det eg har skreve. Kommenter gjerne, men legg att fullt navn, slik som eg gjer. Anonyme innlegg bruker eg ikkje tid på.

"Have a bad trip" er ein interessant og småmorsom film om bruken av eit berykta dop, som er langt mindre farleg enn "dei" vil ha oss til å tru. 
Det er ikkje nokon film som kvar og ein vil ha interesse av, men som sagt, for oss med meir enn middels interesse for temaet, så anbefaler eg den gjerne. 

På Netflix altså.

Bilderesultat for terningkast 4





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar