torsdag 21. mai 2020

Extracion - Filmomtale

Det er alt gått ein nesten ein månad sidan eg såg denne på Netflix, men tida har blitt brukt til andre ting enn å skrive siste vekene.
Men bedre seint enn aldri, så her kjem det iallfall nokre ord om ein litt uvanleg action-film.

Extraction (2020 film).png

Vi skal til mafiamiljøet i India, der tenåringssønnen til ein fengsla, og openbart steinrik, mafiaboss vert kidnappa.
Bakom lurer ein rivaliserande bandeleiar fra Bangladesh, ein herremann som ser ut til å ha omlag heile Dacca si politi og militærvesen i lomma.

Til å frigi sonen, vil den indiske mafiabossen ha tak i filmens helt, Tyler Rake (Chris Hemsworth i si beste rolle eg har sett han) som supertøff einmanns krigsmaskin. 
Rake er imidlertid ikkje heilt på nett, og slappar av med øl og slaraffenliv i Australias villmark. Dog, og kanskje ikkje så overraskande, så let Rake seg overtale, og flyg over til Bangladesh for å få tak i guten, frakte han over grensa til India og antaglegvis håve inn ei grei timelønn for bryderiet.

Men undervegs i oppdraget finn han ut at her er ikkje alt som det ser ut til. Det er ikkje berre to partar involvert,  ein tredje aktør byrjar også å bli plagsomt nærgåande.


Dette er ikkje ein film som skal redde verda med djuptgåande analyser om livet, kor vi kom fra, kvar vi går og kva som ventar oss etter døden.
Nei, dette er ganske så hjernedød action, men når det blir laga så bra som dette, så lever eg fint med at handlinga kanskje ikkje er av den mest spenstige.
Hemsworth er beintøff drapsmaskin, gudane må vite kor mange han knertar i denne filmen, la oss berre konstatere at: Det er ikkje få.
Motspelarane er anten indiske eller fra Bangladesh, og dei snakkar det lokale språket, noko som gir heile filmen eit laaangt meir realistisk inntrykk enn dersom vi berre hadde hatt kvite skodespelarar som snakka engelsk.
Actionscenene er heseblesande, filmteknikken er superb, bl.a. ein scene der Rake og hans motstandar ramlar ut eit vindauge i andre etasje er eineståande bra. Lange sekvensar, som i det minste ser ubrotne ut, med løping, slåssing, bilkøyring og skyting av ei anna verd.

Sjølvsagt må det være med noko meir seriøse greier om Tyler Rake sin meir triste bakgrunn, noko som godt kunne vore utelatt, men det skal vel liksom bidra til å gjere han meir "følsom" og ikkje fullt så eindimensjonal.

Dette er, same korleis eg snur og vender på det, ein av dei beste actionfilmar eg har sett på mange år, og det skal noko til for det er normalt ikkje min favorittgenre i det heile tatt.


Høgdepunkt: Ein jagescene i Dacca sitt mylder av hus og gater. Du forstår det, når du ser det.

Lavmål: Forsøket på å gjere Rake meir kjenslefyllt enn han openbart er.


Extraction har fått brukbare kritikkar, men spør du meg, så hadde den absolutt gjort seg på eit kinolerret framfor 65-tommaren i stova. Slike actionfilmar fortjener noko meir enn ein TV-skjerm.

Uansett: God tidtrøyte!

Bilderesultat for terningkast 5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar