torsdag 30. januar 2020

Lords of Chaos - filmomtale

Ingenting er som eit dykk i mimrebrønnen, og det er nettopp det ein kan få dersom ein bruker knappe to timar på denne svensk/britiske filmen om det norske black metal miljøet før/etter 1990.
Lords of Chaos poster.jpg
For dei av oss som vokste opp med hard/tungrock fra siste halvdel på 1970-tallet og framover, og som fulgte med på utviklinga med stadig nye subgenrar, så er det veldig artig med eit slikt tilbakeblikk som dette.
Personlig syntes eg black og death metal var skrale og til deldels latterlege greier. Ikkje kunne dei synge, ikkje kunne dei spele (med unntak av trommisane) og imagen var så hinsides tåplig.
Eg foretrakk trash og speedmetal framfor dei meir destruktive søskenbarna i black og deathmetal miljøa.
Takke meg til Exodus, Metallica, Anthrax og Slayer (to name a few)  framfor eitt einaste av dei mengder av norske band fra denne tida.

Filmen, som er fra 2018, baserer seg i stor grad på boka ved samme navn fra 1998. Har ikkje lest den enda, kanskje eg burde prøve nå?

Handling:
Vi er på slutten av 1980-tallet, og blir kjent med ein ung, svartkledd og langhåra black metal entusiast, Øystein Aarseth. Filmen blir fortalt av han, gjerne som voice-over. Han er ein svært sentral figur i dette litt spesielle miljøet på denne tida, der deltakarane gjerne fordriv tida med å drikke øl, høyre på metalmusikk og forsøke å sjå skumle ut.
For Aarseth er det viktig å oppnå ein slags leiarstatus, og han vert i filmen framstilt som den einaste som ser ut til å være i stand til det også. Han samlar seg ein kvartett med musikarar, deriblant ein ung svensk vokalist som tek artistnavnet "Dead".
"Dead" er ein perfekt frontfigur for bandet Mayhem, da han ikkje går av vegen for å kutte seg opp med kniv på scena, og la blodet dryppe ned på publikum.
Dessverre er "Dead" også suicidal, og i ein svært blodig sekvens får vi bevitne sjølvmordet, og ikkje minst Aarseth sin reaksjon da han oppdager liket: Han stikk nemleg på butikken og kjøper eit eingangskamera for å fotografere den døde vennen.
Foto fra dette er forøvrig dukka opp på Mayhem sine bootleg-album. Smaklaust spør du meg.
Med "Dead" død og begraven, så må bandet skaffe seg eit nytt medlem, og etterkvart kjem dei i kontakt med ein ung bergensar, Kristian Vikernes, som seinare skiftar fornavn til Varg.
Vikernes vert framstilt som den rake kontrast til Aarseth i mange tilfeller: Han drikk ikkje alkohol, men O`Boy, og et helst salat, dvs. grøntfor. I byrjinga er Vikernes den litt beskjedne guten i klassen, men etterkvart er det han som overtek leiarrolla meir og meir, ikkje minst fordi han faktisk GJER ting, og ikkje berre seier det.
Som vi alle veit herjar kyrkjebrannar landet på denne tid, og det er dette snevre black metal miljøet som står bak. Konsentrert rundt Aarseth sin butikk, Helvete, der han også har plateselskapet sitt, vert det snakka mykje om øydelegging av kyrkjer og eit hat mot kristendommen. Planar om å sprenge Nidarosdomen kjem også for ein dag.

Er det noko happy ending her da?

Nei.

Det veit vi jo alle. Aarseth vart i august 1993 knivdrept av Vikernes. Drapet fekk enorm merksemd, ikkje berre her i landet, men også i utlandet. Norsk black metal er jo, av ein eller annan uforståeleg grunn, ein god eksportvare, og interessa vart neppe mindre etter eit par drap og fleire kyrkjebrannar i løpet av få år.


Men er dette ein god film?
Tja. For oss med meir enn middels interesse for den hardare delen av rock, så er det eit nostalgisk og hyggelig gjensyn med ein musikkgenre som eg fant småkomisk dengang, og som definitivt er småkomisk i dag også. Det er morsomt når filmen er i Aarseth sin platebutikk og vi ser kjente og kjære album i hyllene, eg har fleire av dei sjølv liggande i kassar.
Men det som IKKJE er morsomt er at drap og kyrkjebrannar faktisk fant stad. I dette destruktive og misantropiske miljøet gjekk ein altså til så ekstreme grep for å få merksemd og for å hevde seg sjølv. Det er svært ille å tenke på.
Filmen skildrar miljøet som ikkje akkurat dei smartaste på kloden,  men dette er nå eit grep regissøren har gjort.
Sjølv om alle skodespelarane snakker engelsk, så ser det likevel forbausande attkjennande ut. Vi har norske bilskilt (Falske til dei grader), norske vegskilt (også falske), norsk mat, norsk politi og norske TV-innslag slik at det ser ikkje heilt ille ut. Budsjettet til denne filmen har neppe vore astronomisk, men skodespelarane gjer ein grei jobb, utan at det lyser Oscarmateriale hos nokon av dei.

At både bok og film har fått sterk kritikk fra mange av dei omtala var vel ikkje anna enn å forvente. Dei synes neppe noko om å bli framstilt som .... ja.... litt enkle... er vel det beste uttrykket eg kan komme på. Ut fra det eg har sett og lest av dei i andre media, så er mange av dei faktisk ganske fornuftige. Og hvis du er rimeleg oppegåande, så er det såklart lite gøy å bli framstilt som ein dust.

Oppsummert: Ein heilt grei film, og eit must for alle oss som likte metal for 30 år sidan. Det som er spesielt rystande er den stakkars svenske vokalisten. Ein openbart sjuk og suicidal person som burde funne eit bedre miljø og ferdast i. Det som ikkje er så bra med filmen, er ein del historiske avvik og grep som er gjort for å sprite opp stemninga, drikking og laussluppen sex eksempelvis.

Uansett: Grei tidtrøyte som fortjener ein

Bilderesultat for terningkast 4


tirsdag 28. januar 2020

The house that Jack built - filmomtale

Jada. Dette er ingen ny film, men det er først nå eg har sett den.
Så da fortjener den kanskje nokre ord?
The House That Jack Built.png
Lars von Trier har laga masse rart. Og han har laga mange groteske og ekle filmar og TV-seriar og han seier mykje rart.
Eg vart først kjent med han og arbeidet hans gjennom TV-serien "Riget" fra midt på 1990-talet, og allereie da måtte einkvar forstå at dette var ikkje mannen som laga underholdning for kven som helst. Han hadde gjort seg kjent nokre år før, gjennom sær kameraføring og kontroversielt innhald. Kontroversane er ikkje vortne mindre med åra, for å sei det slik.

Men tilbake til "Jack", og kva handlar så denne over to og ein halv time lange filmen om? Jo, dette er ein film fra den heller sjeldne genren "psykologisk kunsthorror".
Vi treffer Jack, spelt av Matt Dillon, som lever eit rimeleg trøysteslaust liv ein gang på 1970-talet og utover på 1980-talet verkar det som. Han drøymer om å bygge seg eit hus, men finn liksom ikkje ut kva materiale han skal nytte. Han prøver seg fram med både leca og reisverk i tre, men det vert ikkje heilt det rette.
Vi finn snart ut at Jack i tillegg også er sprøyte gal. Som barn likte han å plage dyr, og når han nå er vorten vaksen, så må han la sine onde tankar og handlingar gå ut over folk.
Det byrjar litt famlande og uforstandig, men etterkvart ser han på sine stadige meir groteske handlingar som ein form for kunst.
Mellom sine drapstokt snakkar han med Verge, ei stemme som først på slutten av filmen viser seg som ein ekte(?) person, spelt av tidlegare Hitlertolkar Bruno Ganz.

Jack stablar sine (etterkvart svært mange) drapsoffer inn i eit kjølerom, som tidlegare inneheldt pizza, men som etterkvart vert fullt av lik, i alle aldrar og fasongar.
Jack er som sagt sprøyte gal, men han gjer iallfall ikkje forskjell på folk. Han drep unge, gamle, mørke, kvite, kvinner, menn...barn.....ALT for at dei skal utgjere ein del i hans perverse form for kunst, til slutt manifisert i eit hinsides byggverk inne i kjølelageret.

Handlingane vert verre og verre, og som seriemordaren "Mr. Sophisticate" oppnår han ein viss form for kjendisstatus.

Korleis det går med Jack til slutt?
Tja. Det går som det måtte gå.


Dette er ikkje ein film som du tek med deg tenåringsdaten på. Det er heller ikkje noko som du tek med deg ektefellen på for å feire sølvbryllupet.
"The House That Jack Built" er ein sær og til tider nesten over kanten grotesk affære fra den danske meisterregissøren. Anten så synes ein dette er noko av det verste ein har sett på film, eller så vil ein betegne dette som stor kunst.

Eller ein kan, som meg, la seg lett underholde av ein sinnssvak seriemordar, og storspel av Matt Dillon.
Det er kanskje ikkje verdas beste film, det er ikkje ein gang den beste fra von Trier, (Melancholia er framleis den beste) men ingen er likegyldig til det som vert servert.

To og ein halv time altså, med filosofiske betraktningar og drap i lett blanding.
"The house that Jack built" kom ut i 2018, og fekk begrensa tid på kinoane. Kritikarane var mildt sagt delt, med slakt fra nokon, og himmelropande hyllest fra andre.
Eg likar sære filmar, og har ingen problem med å gi denne ein god

Bilderesultat for terningkast 4

torsdag 2. januar 2020

Året 2019, fra A til Å

A for "Avkriminalisering". Det nye hippe moteordet som er sjølve bærebjelken i regjeringas rusreform.  La oss håpe at Stortinget har vett og forstand til å sette i gang noko nytt på rusfronten. Helst i går.

B for "Bøker". Ein samling papir med masse ord på. Pressa sammen i rekkefølge kan dei faktisk være nyttige og til stor glede. Ein type av "B", kjent som "Leksikon" er imidlertid heilt avleggs.

C for "Cannabis". Lettare narkotisk stoff som eg aldri har prøvd, og heller ikkje har noko ønske om å prøve. Vert produsert, innført og solgt for milliardbeløp av kriminelle, fordi det skal visstnok være smart at dei står for omsetninga.

D for "Deprimert". Tilstand som ein gjerne kunne tenkt seg å være uten. Sjå også "P"

E for "Elektrisk". Drivkraft på mange bilar, som enda fleire enn i dag burde anskaffe, om ikkje anna fordi slike bilar er så kanonmorsomme å køyre.

F for "Forsikringsbransjen". Flott arbeidsplass som eg er sjeleglad for å ha.

G for "Game of Thrones". Episk TV-serie som eg omsider har fått somla meg til å sjå. To ganger.

H for "Hurtiglesing". Eigenskap som mange avholdsorganisasjoner har, da dei dømte rusreformutvalget sine forslag nord og ned, 20 minuttar etter at den 411 sider lange rapporten var lagt fram.

I for Island. Øy i Atlanteren som eg har ønske om å sykle rundt ein gang.

J for "Justisministrar". Bingolotto-rekke av statsrådar fra det såkalla "Lov og Rett-partiet".

K for K. Kven ellers?

L for "Luksusbil". Noko ein ikkje har bruk for, men ein Tesla S kunne eg godt tenkt meg.

M for "Michonne". Samuraisverdsvingande heltinne i min mangeårige favoritt TV-serie
"The Walking Dead"

N for "Nipa". 867 m. høg fjelltopp som er med i den kommande Topptrimmen, og som eg tek sykkelen i bruk for å komme opp på.

O for "oktober". Månad i året da eg sykla flest kilometer. Ikkje berre varme dagar såpass seint på året.

P for "PTSD". Tilstand som ein godt kunne klart seg uten. Sjå også "D".

R for "Rusreform". Høgst påtrengande og naudsynt reform, i motsetnad til mange andre offentlege reformar vi har fått servert siste åra.

S for "Sykkeltur". Fint og hyggeleg tidsfordriv som kan utførast anten åleine, eller saman med andre.

T for "Tindevegen". Åstaden for årets tøffaste sykkeltur, sjå også "V".

U for "Uvær". Type vær som vi må påregne oftare og oftare.

V for "Varme". Noko ein kan komme borti dersom ein skal sykle opp fra Øvre Årdal og til Turtagrø i over 40 grader.

W for "Watchmen". Fantastisk TV-serie på HBO, som krev at ein må ha lest 1980-tals tegneserien først.

Y for "Ynkeleg". Betegning på organisasjon som blokkerte meg fra FB-sidene deira, utan forvarsel, utan årsak og utan forklaring.

Z for "Zebra". Kult hestedyr som eg har sett i mange TV-program på NatGeo.

Æ for "Ærleg". Eigenskap som dessverre ikkje alltid lønner seg.

Ø for "Ødsling". Samfunnets pengesummar på å straffe folk som brukar andre rusmiddel enn øl, vin og sprit.

Å for "År". Noko som ligg framfor oss, spesielt nå i byrjinga av januar.