søndag 17. november 2019

"Lustrabakkar 2020"

Da var det slutt for i år, men så snart det vert farbart på vegane att, og ikkje minst litt varmare, så kan vi starte på neste års utfordringar.
Det er to bakkar på kvart nivå.

Seks nye bakkar er funne, om enn nokre av dei har vorte brukt deler av før.
Bakkane er spredd utover kommunen, men gi meg gjerne tips om nye.


NIVÅ III

Vi startar med den kortaste.



Denne korte, men tildels svært bratte saken, kjenner vi alle til. Her vert det berre til å bryte seg opp så fort ein klarer. Kun 600 m, men sidan dei første 150 er bortimot flate, så seier det seg sjølv at snittet på 14% medfører adskillig brattare parti. Høgdemeter: 83.
Rekorden er fra 2014 og er på 1:40


Den neste bakken er også klassifisert som "lett".
Litt lenger nå, 800 m, men ikkje så bratt i snitt, 9% og 70 høgdemeter.
Til gjengjeld er det ikkje flate parti. Vi startar rett etter krysset, og skal opp til der det ganske så markert flatar ut. Du merkar det når du er der. Rekorden er fra 2014, og lyder på pene 2:58



NIVÅ II

Da går vi opp eit nivå, og første bakke ut er ein nykommar for min del. Har sykla opp her ein gang, men det er iallfall 20 år sidan.
Vi skal opp den såkalla Høyheimsvikbakken, 2,7 km. og 191 høgdemeter gir eit snitt på 7%. Her er det også eit flatt parti, og det er grusveg mykje av vegen.
Rekorden er fra 2018 og lyder på 12:10


Vi må ha med ein bakke i dei heilt innerste delane av kommunen også.
Ein kjenning for alle av oss, berre hugs at de ikkje stoppar på butikken, for bakken startar litt før.
Fortun - Berge er 2,6 km, og ein svært jamn stigning er det. 200 høgdemeter gir eit snitt på 7%
Rekorden er fra 2016, og eg skal garantere at det er ingen i Luster SK som kjem til å være i nærleiken av den tida. Den er på imponerande 8:12




NIVÅ I

Da er det dei to verste/beste att.
Eg tek den brattaste først. Det er opp på "Col d`Brunestegen", som ein luring har kalla denne 6,0 km. lange bakken. På desse seks km. skal vi opp 641 høgdemeter, eit snitt på 11% og med parti opp mot 20% på det verste. Grusveg heile stekninga, med unntak av dei 200 første metrane...
Rekorden er fra 2017 og lyder på sterke 31:37.


Årets siste godbit er den suverent lengste.
Strekninga Øy-Styggevatnet er nesten ni km. lang og stig 652 høgdemeter, som gir eit snitt på 7%. Sidan dette er ein veg som kun er open nokre få månader i året, og som heller ikkje vert brøyta, så vil eg anbefale å vente med den til uti juli.
Dette er ikkje ein spesielt mykje brukt bakke, naturleg nok. Kun 42 personar er registrert med Stravatid opp der. Rekorden er fra 2015 og er på 31:20.




Lukke til!