mandag 14. oktober 2019

Rusreformkonferansen 2019

Eg har vore på Rusreformkonferanse. I sjølvaste Oslo.
Det er nokre veker sidan nå, men har ikkje vore i slag til å skrive noko på ei stund.
Her er iallfall mine inntrykk.

Det er Foreningen Tryggere Ruspolitikk som står bak, og det er såvidt meg bekjent, tredje gangen ein slik konferanse vert arrangert.
For meg var det første gangen eg var med, og det var ein høgst frivillig sak, der eg betalte alt saman sjølv, både reise og opphold. Det skulle vel nesten berre mangle.

Deltakarlista og programmet såg veldig bra ut. Her var det mange personar som eg har møtt i SoMe siste åra, og nå var det sjansen til å treffe dei IRL.
Det var også nokre av foredragsholdarane som eg såg litt ekstra fram til, og eg kan allereie nå fortelle at eg ikkje vart skuffa, heller tvert om.

Bakgrunnen for mi deltakning er sjølvsagt vår historie fra fire år tilbake. Vi mista som mange nå veit eit kjært familiemedlem som ein direkte følge av norsk narkotikapolitikk, og eg finn det svært provoserande at det framleis fins personar som vil behalde dagens straffe og forbodsregime.
Straff og forbod er meiningslaust ovanfor rusbrukarar synes eg. Vi har forlengst slutta å straffe dei som drikk, kvifor skal vi da fortsette å straffe dei som velger andre, og gjerne mindre farlege rusmiddel? For ikkje å snakke om det meininglause med å straffe personar som er avhengige av dopet sitt?
Kva hensikt har det å straffe sjuke menneske?
Kva hensikt har det å straffe personar som IKKJE har problem med bruken i det heile tatt?

Det fins altså framleis mange som synes det er veldig smart.
Eg tør påstå at dei neppe har erfart kor ille forbodspolitikken kan ramme.


Men attende til ruskonferansen....

Arrangementet framstod på førehand som profesjonelt og velorganisert. Føredragshaldarane kan ikkje seiast å være kven som helst. Her var det fagfolk på høgt nivå, henta inn fra Italia, Nederland, våre nordiske naboland samt nokre av våre eigne beste på rusområdet. Eg presiserer at desse baserer sine føredrag på årelang forskning, og ikkje eigne erfaringar og synsing, som eg dessverre ser altfor ofte når folk uttaler seg om kvifor narkotikabruk framleis skal være forbode.

Før konferansen byrja, så fikk eg møte fleire personar som eg berre har truffe på SoMe tidlegare, og det var svært hyggeleg.

Eg fikk satt meg ned på nestfremste benk, saman med mine kollegaer fra LEAP Scandinavia.
Alltid hyggeleg å treffe politiansatte med samsvarande meiningar.
Vi var vel ca. 150 personar som var samla vil eg anta, og eg ana ugler i mosen da den første power-pointen kom fram; Dette skulle føregå på engelsk.
Eg har rett nok både lest og høyrt mykje engelsk opp gjennom åra, men ville eg være i stand til å henge med akademisk og forskningsbasert stoff når det skulle føregå på engelsk? Vart litt skeptisk da.

Innleiinga var god og kortfatta i regi av Ina Roll Spinnangr fra FTR, eg hang med enda.
Det akademiske var enda noko fram i tid.
Carl-Erik Grimsberg fra Venstre fortalde om kva som nå skjer i Norge på rusfronten. Han var strek og klar, og eg satte stor pris på hans klare tale om at det ikkje ville bli tolerert forsøk på å torpedere rusreforma, slik som vi ser openbare forsøk på, bl.a. fra NNPF.
Vi skulle hatt fleire slike politikarar, og eg hadde svært gjerne sett han som justisministar framfor bingolotto-rekka vi har fått fra FRP siste seks åra.

Professor Paul Larsson fra Politihøgskulen var også invitert til å sei nokre ord. Spør du meg, så kunne han godt ha snakka heile dagen, for det er sjeldan eg høyrer ein person sei så mykje fornuftig på ein gang. Larsson har tidlegare fått kritikk fordi forskninga hans ikkje viste det resultat som Norsk Narkotika Politi Forening ønskte. Det seier veldig mykje om NNPF, når dei ikkje aksepterer resultatet av seriøst forskningsarbeid, men i krigen mot narkotika er kanskje ikkje forskning så mykje å bry seg om?
Larsson fortalde om verknader av straff, og viste til at dette verkemiddelet ikkje har noko synleg effekt på kriminalitetsbildet. Det må eg sei meg heilt enig i. Straff som almen og individuell preventivt verkemiddel er utdatert. Kven vert vel eit bedre menneske av å sitte i fengsel, eller å bli pålagt bøter?
Det verkar ikkje på den jamne lovbrytar, og gjer det iallfall ikkje på rusbrukarar.
Igjen: Dette er forskningsbaserte resultat, og ikkje synsing.

Eg bifell Larsson 100%.

Etter mi meining er det kun farlege personar vi må holde borte fra samfunnet, og det er ikkje fordi dei skal straffast og "lære av sine feil", men fordi samfunnet må vernast fra desse farlege personane. Ønsket om hevn, det å påføre ein anna person eit onde fordi vedkommande har brote lova, er utdatert og høyrer heime på historias skraphaug.

Da Larsson, som dessverre fikk altfor lite tid etter mi meining, var ferdig, vart det meir fagstoff fra FN sine undersøkningar. Det var ein italiensk forskar som la fram resultata fra årelange undersøkingar om straff som verkemiddel ovanfor rusbrukarar, og kva dei meinte kunne være den beste strategien for å redusere skadeverknadane ved narkobruk.
Konklusjonen, såvidt eg forstod, var at ei avkriminalisering var det beste og viktigaste steget. I kva form avkriminaliseringa skulle finne stad såg eg ikkje noko endeleg konklusjon på, men det var i allfall openbart at dei mange tiåra med straff og forbod hadde gjort meir skade enn nytte.
Dette ser vi jo også trenden av i store deler av verda i dag, i.o.m. at fleire og fleire land lettar på strafferegimet sitt.

Da den italienske forskaren hadde sagt sitt, fikk vi møte ein nederlandsk professor innan rusforskning og avhengigheit. Han kom mykje inn på dei biologiske verknadane ved rusbruk, og medikament som kunne lindre dette.
Temaet vart litt for innfløkt for min smak, men det var iallfall ein svært engasjert og fagleg dyktig mann, det skal han ha.

Det var så tid for årets prisutdeling.
Rusreformprisen har vorte delt ut til Arild Knutsen og Thorvald Stoltenberg tidlegare, og det fortel meg at det ikkje er kven som helst som kan gjere seg fortjent til ei slik utmerkning. Både Knutsen og Stoltenberg må seiast å være blant dei aller viktigaste stemmene vi har hatt på området i mange år. Utan deira arbeid hadde vi neppe fått ein rusreform i det heile teke!

Men ein reform kan ikkje bli iverksatt utan at vi har politikarar som faktisk tør og kan.
Og det har vi omsider fått i Bent Høie.
Han åleine har gjort meir for rusreforma enn samtlige helse og justisminstrar i 50 år før han.
Rett nok veit vi ikkje innhaldet i rusreforma enda, men prinsippa er lagt, til tross for alle iherdige forsøk fra diverse forbodslobbyar som altså synes det er ein god ide å straffe folk som rusar seg med noko anna enn alkohol.


I lunsjpausen fikk eg møte enda fleire av mine meiningskollegaer som eg berre har møtt på twitter og FB tidlegare. Det var noko eg satte veldig høgt, og som eg kjem til å ta med meg i lang tid framover. Det er også under slike samtaler at eg forstår kor lite eg eigentleg veit om norsk narkotikapolitikk, enda eg faktisk har hatt noko av dette som jobb i mange år, samt å ha brukt svært store deler av mi fritid på det samme. Kunnskapen er enorm rundt om, og eg lærte mykje berre ved å høyre på folk. Ein må sjølvsagt være open for å lære noko nytt, men såpass har eg iallfall fått med meg; Dersom fakta er av ein slik art at ein må endre syn, så må ein, anten ein vil eller ei, gjere det.
Eg fikk i pausen også møte ei svært viktig stemme i rusdebatten, Ane Ramm, som nå har gitt ut bok.
Ramm har ein svært sterk historie å fortelle, og det å møte ho gjer inntrykk. Ho er på alle måter eit fantastisk menneske som eg er stolt over å ha møtt og få veksle nokre ord med.


Etter lunsjen vart konferansen delt i to.

Eg valde å forbli i "Storsalen".
Nå var det Kenneth Arctander Johansen fra RIO og medlem i rusreformutvalget som tok over regien, noko han gjorde på utmerka vis.
Det neste var eit foredrag fra ein finsk forskar. Dette var ikkje spesielt nyttig for mitt vedkommande,
Men eg la iallfall merke til følgande visdomsord: "The war on drugs, is a war on people".

Dei neste som stod på scena heva inntrykket.
Eg meiner at det var ein nå nyleg pensjonert rådgjevar fra Folkehelsedirektoratet som var den neste, og han var veldig interessant. Mykje fakta fra norsk ruspolitikk og utviklinga der.
Ein skulle vel tru at narkobruk burde ha minka dersom forbodsstrategien hadde fungert, men det gjer den jo ikkje. Og da fins det berre ein konklusjon. Hvis ein tør og vil innsjå det da.

Lege Sverre Eika er alltid ein fornøyelse å høyre på. Han pakkar ikkje inn sine synspunkt i bomull for å sei det slik, og sjølv om han er ein smule omdiskutert, så synes eg han fortjener stor ros for sitt ærlege engasjement og hjelp til rusbrukarane.
Om vi skulle hatt fleire politikarar som Grimsberg og Høie, så skulle vi også hatt fleire legar som Eika.


Det var nå byrja å bli litt utpå ettermiddagen, og helsetilstanden min byrja å dale. Det er problemet med å være redusert, og eg hadde ikkje noko ønske om å vise fram elendigheita for alle dei flotte menneska eg hadde møtt før på dagen.
Eg valde derfor å trekke meg stille og roleg tilbake, da eg ikkje hadde ork og krefter til å takke for meg på "ordentleg" vis. Det er trist og ille å måtte leve med ein slik mørk tilstand.

Til alt hell har eg fått med meg store deler av resten av konferansen, da den er filma.
Eg vil i så måte spesielt trekke fram Dagfinn Hessen Paust sitt utmerka foredrag om korleis regulere tilgangen på rusmiddel. Det er ikkje så ofte eg blir imponert, men eg gjer eit unntak her. Veldig, veldig bra!




Så, for å oppsummere; Korleis var det å være på ruskonferansen?
Vel, eg kjende meg litt bortkomen innimellom. Dette fordi nivået låg ein del høgare enn det eg har sjølv, ikkje så reint lite heller for å være ærleg. Til trøst får eg sei at eg lærte mykje.
Alt var ikkje like spennande, og det vart noko for akademisk for mitt nivå, men mesteparten var altså veldig bra, og eg trekker igjen fram Dagfinn Hessen Paust og Paul Larsson sine foredrag.
Dei hadde som sagt berre den feilen at dei hadde litt for kort tid til disp....

Opplegget var svært profesjonelt, mykje meir enn eg faktisk hadde trudd. Dei som trur at "vi liberale" består av ein gjeng tidlegare narkomane som berre ynskjer fri dop overalt, ja dei tek grundig feil.
Ruskonferansen var prega av eit svært høgt fagleg nivå (for mitt vedkommande: antagleg FOR høgt), basert på årelang forskning og tilegna kunnskap.

Kjem eg til å delta fleie ganger? Muligens. Kanskje ikkje så mykje for den faglige biten sin del, men meir for å treffe meiningsfeller. Eg satte stor pris på å få møte så mange gode menneske på ein gang!
You know who you are!


Her er nokre få bilder fra konferansen. Eg tok haugevis, men har valgt ut desse i denne omgang.

Noko før oppstart av konferansen tok eg dette bildet, om ikkje anna for å vise kor mange deltakarar som faktisk var venta. "Liberaliseringsrørsla" er ikkje ein levning fra Woodstock som ynskjer fri dop til alle, tvert om. Det er dagens ordning for er slik, og det er det vi vil endre.

Fra FN kunne det meddelast at deira forskning ikkje peiker på kun ei løysing på rusproblemet. Det må være tungt å fordøye for dei som trur at straff og forbod er det einaste som hjelper.


Bent Høie fekk rusreformprisen. Nå veit vi rett nok ikkje innhaldet, korkje i utredninga som kjem, eller korleis reformen vil bli i detalj. Uansett har Høie gjort meir enn nokon annan justis og helseministar har fått til på over 50 år. Vi får håpe denne prisen kan bidra til at han får på plass ENDA litt til.

Fra Finland kom denne forskaren med følgande spørsmål. Og svar.
Igjen; Dette er ikkje synsing.

2 kommentarer:

  1. Det var hyggelig å møte deg, Knut. Som du sier er NRC fantastisk til å møte de man har hatt så mange "samtaler" med på SoMe gjennom året.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for at eg fikk treffe deg. Det satte eg veldig stor pris på.
      Håper vi kan møtast til neste år også!

      Slett