torsdag 10. oktober 2019

Minneverdige sykkelturar 2019, fem høgdepunkt.

Oppdatert, 20.10.2019:


Minneverdige sykkelturar 2020?

Nr. 1:

Sognaporten - Håbakken.

Ja, normalt køyrer vi den lange kjedelige Lærdalstunnelen her.
Kvifor ikkje lage ein liten rundtur ut av det?
Vi parkerer ein bil på Håbakken på Lærdalssida. Tek med oss syklane til Sognaporten i Aurland, og syklar den vinterstengte fjellovergangen mellom Aurland og Erdal. Det er mange som har tatt denne turen allereie, og den er nok ein av dei tøffare stigningane vi har i området, heilt opp på nesten 1300 moh. skal vi.
Hvis vi skal tru Strava, krabbar det ganske så jamnt i over 16 km, med 8% i snitt. Det er, såvidt eg kan lese, kun eit veldig kort stykke som bikkar 10%.
Kan det være ein tur på mellom 50 og 60 km? Eg ser andre er så gale at det gjerne syklar tilbake over fjellet også, men det er ikkje aktuelt her i gården.

Får berre satse på at det ikkje blir så varmt som det var da vi tok Tindevegen.



Nr. 2:


Dragsvik - Skei

Ein sykkeltur over Gaularfjellet bør være obligatorisk for einkvar med adresse her i fylket. Det er ein stigning på ca. ei mil opp til Utsikten og ca. 700 høgdemeter, med fine hårnålssvingar slik at det er mogleg å få litt pust her og der. Deretter ned til Viksdalen og over Rørvikfjellet, som er ein overkommeleg sak. Når vi kjem til Moskog, så må vi dessverre følge E39 opp til Vassenden, men derfra vil eg sykle sørsida av Jølstravatnet til Skei. Ein tur på mellom 115 og 120 km.
Så var det dette med transporten til/fra start/mål da...



Nr. 3:

Gudvangen - Vangsnes - Gaupne

Ferje inn til Gudvangen. Sykle til Vinje, via den sinnsvakt bratte Stalheimskleiva, over Vikafjellet, ned til Vangsnes. Ny ferje over til Hella og så heim?
Dette må være hovedmålet for 2020!
Ein tur på mellom 145 og 150 km vil eg anta, og med ein tur over Vikafjellet som høgdepunkt.

Beklager glippen på kartet, der er det lagt inn Flåm som startpunkt, men det går jo ikkje.




Nr. 4:

Skei - Lom, via gml. Strynefjellsvegen

Her vert også transport til/fra start/mål ei utfordring, men med litt planlegging, så får vi det til.
Det vert også ei god utfordring å ta ein slik tur, for vi skal over Utvikfjellet (600 moh.) og ikkje minst Strynefjellsvegen, som kjem opp i 1139 moh.
Lengda er også noko å klå seg på, for dei 200 km. trillar ikkje av seg sjølv!





Nr. 5:

Skei - Sandane - Hyen - Førde -Skei.

Fikk tips om ein ny og spennande rundtur etter at denne posten vart lagt ut, og det tipset var så godt at det må vi prøve å få til.
Vi køyrer til Skei, tek syklane ned fra biltaket, og trillar anten til høgre eller venstre :-)
Forslaget mitt er at vi syklar mot Sandane, dvs. gjennom Våtedalen, og mot Byrkjelo. Fra Sandane tek vi turen ut på Hestnesøyra, før det går rett sør inn Hyefjorden. Eg har kun tatt ferje inn denne fjorden eit par ganger, og det mange år sidan nå. Trur det er nokre tunnelar her.
Fra Hyen er ca 85 km. til Vassenden, for vi må sykle over Ramdalsheia. Det er kanskje ikkje så mange bilar som tek denne skrale vegstubben lenger, så da passar det ekstra bra. Fra Vassenden så tek vi sørsida av Jølstravatnet.
Eit grovt overslag gir meg ein antatt distanse på mellom 18 og 19 mil. Ein god dags arbeid altså.
Ingen fjell, men sikkert nokre bakkar som kan merkast etterkvart.






Har du fleire forslag?
Eg tek gjerne imot!




***************************************************



Oktobermørket har senka seg, og ein må motstrebande vedgå at snø og vinter er over oss.

Igjen.


La oss møte vintertida med eit lite tilbakeblikk på fem minneverdige sykkelturar fra sesongen som snart er over. OK, eg syklar heile året, men skal være den første til å innsjå at det ikkje vert nokre episke turar på dei vekene som er att av 2019.

Nr. 1:

Tindevegen

Vi skal til 25. juli, midt under den verste varmeperioden i sommar.
Da kom eg på den "gode" ideen å sykle Tindevegen, dvs. mellom Øvre Årdal og Turtagrø, ei strekning på i underkant av fire mil, men som har ein av landets tøffaste stigningar, over 1300 høgdemeter opp til bomstasjonen på denne private vegbiten gjennom Jotunheimen.

Vi var to stk. som starta fra Fodnes ferjekai denne småvarme formiddagen. Eg har køyrt bil til Årdal mange, mange ganger, og fjellovergangen fra Årdal til Luster er ein personleg favoritt av arten. Det er bratt, høgt, smal veg og alt som høyrer til ein vinterstengd veg på Vestlandet.
Sykkelturen inn til Øvre Årdal, der vi hadde avtala å ta ein liten pause før sjølve stigninga opp Fardalen, er på ca. 35 km.
Vi tok det med ro, og brukte ca. halvannan time til min faste matplass i Øvre, Ve-kiosken.
Da vi skulle over ei såpass krevande stigning, så var det ingen vits i å lesse innpå med hamburger og greier, men ein halv baguett gikk nå med.
Flaskene var fulle att (hadde alt drukke 0,7 l. berre inn til Årdal), men vi meinte at 2 x 0,7 l burde holde eit stykke. I tillegg hadde eg med ein Red Bull på baklomma.

For det var først nå det byrja. Dei 35 km. inn til Øvre hadde berre vore ein kosetur på ein vegstrekning som låg delvis i skugge.
Da vi var i gang med dei første metrane på Tindevegen, så spurde eg min sykkelkollega om han hadde termometer på computeren sin, og det hadde han sjølvsagt. 34 grader viste den.

Klokka var nå blitt ca. to på ettermiddagen, og det var allereie nesten koketemperatur for meg. Eg tåler varme svært dårleg, men hadde trudd at det skulle være litt skugge mellom trea opp hårnålssvingane.

Så feil kan ein altså ta.

"36 grader nå", sa min følgesvenn muntert i sving tre, men han svetta nok han også.
Dette var heilt bakarovn. Dei første par svingane gikk eigentleg nokolunde greitt, men varmen vart berre verre og verre.
Usle to kilometer og 180 høgdemeter oppi dalføret var pulsen omtrent på maks (og det hadde den vore ei stund). Sola steikte verre enn nokon gong, og vi tok ein høgst tiltrengt ministopp i ein skuggelagd hårnålssving.
"Nå er det 37 grader", fikk eg høyre.

Dette ville bli ein lang dag.

Opp til bommen er det to mil og som sagt over 1300 høgdemeter. Etter 10 minuttar og altså berre to(!) føkkings kilometer var vi omtrent kokt. Alt snakk om at vi muligens kunne være på bomstasjonen på to timar vart ein rein utopi. Her var det kun snakk om å karre seg opp.

Ein snegl kunne ha krabba fra meg opp her.

På ei lang rettstrekke nedanfor Haug, den øverste garden i Fardalen, ca. fem kilometer og 500 høgdemeter fra Øvre, møtte vi eit ungt par som hadde problem med bilen sin. Den hadde kokt i varmen og dei bratte bakkane. Dette paret skulle vi komme til å møte att mange ganger vidare oppover, da bilen deira kokte gang på gang.
Nå var temperaturen bikka 40 grader. Sola steikte rett ned på oss, og alt vatnet som vi hadde tatt med oss var snart oppbrukt, anten til å tømme over oss, eller som lunken drikke.
Eg kan aldri hugse å ha slitt så voldsomt på sykkel nokon gang før, og det var 800 høgdemeter og 15 km. til den første (!) toppen, dvs. bomstasjonen.

Omsider oppe på Haug, så venta min følgesvenn på meg. Eg trilla i mikrofart, på makspuls. Flaskene var som nevnt nesten tomme alt, og vi vart samde om å stoppe langs passande beliggande bekkar for å fylle opp. Normalt er jo fjellvatn godt og kjølig, men nå var endatil dette lunkent verka det som.

Da vi kom forbi den skralaste asfalten før skihytta, så var det endeleg litt flatare eit stykke. Vi nærma oss tregrensa, og den lange rettstrekka på over to km. under svingane til Murabrekka.
160 nye høgdemeter består denne rettstrekka av, noko som isolert sett ikkje er noko problem i det heile tatt, men den intense varmen hadde tappa all energi. Til og med min langt lettare og mindre  følgesvenn sleit i bakarovnvarmen nå.

Nå var det inga veg utanom. Eg måtte innsjå nederlaget, og GÅ med sykkelen eit stykke. Beina var som betong, og vi var framleis berre halvvegs til toppen. Men over skulle vi, det var aldri snakk om noko anna.

Midt på den lange rettsrekka kom det ein svensk bobil nedover. Vi såg vel ut som to vrak, for den snille sjåføren stoppa og ropte ut til oss. "Vill ni ha øl?"
Og etter ein tenkepause på ca. tre sekund, så takka vi ja.

Det var eit ungt svensk par som var på ferietur i Norje, og vi fikk kvar vår boks med noko som heitte Smålandsøl. Det inneheldt 5,2% alkohol, og var ikkje iskaldt, men med eit slikt væsketap som vi hadde hatt fram til da, så tok vi det meste. (Ja, eg veit at alkohol er vanndrivande, men der og da brydde vi oss ikkje så mykje om slike bagatellar).
Vi takka og bukka, og drakk opp iallfall nesten heile kvar vår boks. Ølet var ikkje så godt at det gjorde noko, men så lenge det var flytande, så var eg nøgd.
Uansett var det veldig snilt av dei ferierande svenskane, det satte vi begge pris på.

Svingane vidare oppover gikk så sakte at det var eit gudsunder at vi ikkje velta. Pausane kom støtt og stadig. Vannflaskene vart omtrent tomme fortare enn vi klarte å fylle dei, men endeleg, etter nesten tre timar, så kom vi opp på bomstasjonen. Ein time etter skjema, men så glad for å sjå ein bomstasjon har eg neppe vore før. Her oppe, på over 1300 m.o.h. og i noko av landets villaste fjellandskap, var det godt over 20 grader, og nesten vindstille. Heile turen opp fra Øvre hadde vore eit makelaust slit som eg kjem til å hugse så lenge eg lever. På det meste over 40 grader i solsteiken, null vind, svensk sterkøl, og tomme vannflasker er det minnet eg har fra desse to tøffaste mila eg har hatt på ein sykkel nokon gang.

Så nå var vel alt over?

Å nei.

Vi visste godt at vi framleis hadde ei utfordring i vente. Dessutan skulle vi også sykle ned fra Turtagrø, ut Lustrafjorden og heim, ei strekning på over 5 mil stod såleis att.

Men den neste umiddelbart tøffe utfordringa var opp fra Berdalen og til Berdalsbandet.
Fra Bomstasjonen går det ned 260 høgdemeter, før vi får den brutale bakken opp til nesten 1250 m.o.h. att.
230 nye høgdemeter på 2,8 km. utan ein einaste hårnålssving er seigt nok til vanleg. Nå, denne kokvarme ettermiddagen i juli, var det tortur. Det vart påny eit uttall pausar med vannflaskefylling, makspuls, betongbein og eit salig slit.

Eg har nok aldri vore så glad for å sjå Turtagrø som eg var da vi kom på toppen.
Her tok vi nokre bilder, fekk av oss dei forlengst gjennomsvetta sykkelkleda, og erstatta dei med den tørre sportstrøya i sadeltaska før nedfarten.

Turen til Turtagrø og Fortun går av seg sjølv, men ein skal være litt obs i slike turisttider. Det er ikkje noko problem å peise forbi bilar, bussar, lastebilar og vogntog ned til Fortun, men er det særleg smart?

Vi bunkra opp med litt mat på Vassbakken, og eg var sjeleglad for at vi hadde kome oss så langt.
Nå var det berre den svært seige turen ut Lustrafjorden som stod att. Opp Nesbakken var det som om beina hadde vaskemaskinlodd på seg, og etter dryge sju timar, 108 km og nesten 1800 høgdemeter var vi komne heim.
Den tøffaste turen eg har hatt på mange, mange år, inkludert Trondheim - Oslo i 2017, som var ein lettare tur enn det vi akkurat hadde kokt oss igjennom.

Årets mest minneverdige tur var unnagjort.

Vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal har eg køyrt mange, mange ganger. Med bil.
Opplevinga vart noko anleis med sykkel.

Her hadde vi fått i oss kvar vår boks øl, så kanskje det er difor vi ser så spreke ut? 


Dette bildet viser eigentleg berre ein sving, men om ikkje anna så fortel det at vi hadde pausar på vegen. MANGE pausar.

Herfra ser det ikkje så ille bratt ut, og vegbiten som vi ser her på bildet var da heller ikkje av dei verste. Men nede i dalen bakom....

Eg MÅTTE ha eit bilde oppe på bomstasjonen. Det kan bli lenge til neste gang, sjølv om eg synes eg har noko uoppgjort med denne fjellovergangen... Det skal iallfall ikkje være så innihelsike varmt neste gang. I slutten av august kanskje, hvis ikkje snøen er komen da.

Toppane bak oss bikkar 2000 m.o.h. Denne fjellfien er tatt på Berdalsbandet, 1256 m.o.h. og vi hadde nå to mil med unnabakke til Fortun framfor oss. 




Nr. 2:

Lærdal-Tyin-Årdal-Fodnes

Årets lengste tur vart gjennomført 23. august. Dette var ein etterlengta rundtur delvis på vegar eg ikkje har sykla før, samt at strekninga fra Lærdal til Tyin er sykla for mange år sidan, og utan at eg kan erindre eit snev av glede med å sykle der heller.

Vi var fire mann som ville ta denne turen, med vekt på "tur".
Været var noko ustabilt, og det nærma seg haust. På fjellovergangane Filefjell og Tyin-Årdal kan temperatur og vær skifte fort, så vi hadde med oss kvar vår vesle sekk med litt mat, tøyskifte og kanskje ein reserveslange og litt verktøy.

Vi vart samde om å reise fra Lærdal fra formiddagen av, og kl. 0943 trilla vi ut fra Lærdal sentrum.
Sidan dette var ein "tur", så ville vi nytte høvet til å køyre på sidevegar, dei nå lite trafikkerte strekningane opp Lærdalsdalen. Som kjent er det kome ei rekkje nye tunnelar, men gamlevegane ligg der no framleis.
Alt på Tønjum tok vi av, og enda kunne vi ha gjort det noko før ved å ha sykla om sjukehuset. Da måtte vi imidlertid ha sykla tilbake ein liten bit, og såååå nøye var det da ikkje. Ein knapp km. på
E-16 fikk vi heller tåle.
Vi møtte ikkje mange bilar på denne seks km. lange avstikkaren, men artig å få sjå nye deler av Lærdal! Vi kunne endatil ha sykla litt til oppover dalen, men oppdaga ikkje det før vi var kome ut på Europavegen att.

Som sagt er store deler av E-16 nå lagt i ny trase, så da passa det veldig godt å ta den gamle vegen nede mot elva. Biltrafikken var minimal, men det er IKKJE bilfritt. Derfor må ein være ein smule obs, for det fins lokale som køyrer her.

Heile to mil kunne vi nå sykle nesten samanhengande utanfor E-16, før vi kom innpå europavegen rett nedanfor Borlaug. Og som vi alle veit, så er det her enda ein tunnel, så da fikk vi nye fem kilometer utan bilar.
Ved utløpet av Borlaugstunnelen, på Filefjellssida hadde vi såleis fått sykla tre av fem mil borte fra E-16, på fine sjarmerande vegar, nesten utan å ha møtt bilar!
E-16 over Filefjell er vorte ein svært fin veg. Her er det brei vegskulder for oss på to hjul, og når vi attpåtil hadde medvind(!) så gikk det ganske radig mot Filefjellstunnelen og Tyinkrysset.
Denne staslege tunnelen midt på fjellet gjorde at vi fekk nye km. på lite trafikkert veg, og på Tyinkrysset hadde vi såleis fått trilla ca. 37 av 71 km. på vegar nesten utan bilar!
Så, skal de sykle denne turen, så ta av fra den fæle europavegen, som er utmerka for bilar, og ta alle dei småvegar som finst. Du får sjå og oppleve mykje meir.

Fra Tyinkrysset og opp til avkøyringa til Eidsbugarden er det knappe tre kilometer, og ca. 160 høgdemeter. Det er ikkje så ille, men etter sju mil og allereie ein gjennomført fjellovergang, så var det ganske så tungt. Vi tok ein stopp ved eit slags bygningskompleks akkurat i krysset, og skifta til tørre klede, samt at vi tok ein liten matbit. Nå skulle vi skifte retning, og vi håpa at vinden skulle gjere det samme, men nei.
Etterkvart som vi følgde innsjøen Tyin meir og meir mot nord og vest, jo meir motvind vart det.
Det var såleis heilt ok at vi byrja på bakkane ned mot Holsbru og svingane vidare ned mot Øvre Årdal.

Men her fekk vi oss ei lita overrasking; Vegen var stengt. Det var fredag ettermiddag vorte, og vi hadde eit håp om at anleggsdrifta skulle ta helg til vi kom der, men nå var det visst slutt på hellet for alvor. Tre kvarter vart vi ståande å vente på at vegen skulle opne att, og da var det berre til å kaste seg nedover. Inga grunn til å la bilane i køen komme først, da vi glatt sykla fra dei nedover mot Øvre Årdal.

Nå var det gått seks og ein halv time sidan vi trilla fra Lærdal, og det var på tide med ein (svært) etterlengta burger på Ve-kiosken. Ein god pause der, før det var på tide med den verste etappen; Øvre Årdal - Årdalstangen.

Kvifor er dette den verste biten?
Trafikken såklart!

Det var fredag ettermiddag, og bilane dundra forbi i eit sett. Her går det også mykje tunge køyretøy, så eg var eigentleg glad til da vi kunne ta av i rundkøyringa mot Fodnes nede på Årdalstangen.

Men problema var ikkje slutt med dette: Nå rauk det ein girvaier hos ein av mine sykkelvenner, og med kun to gir, der kjedet var låst på det minste tannhjulet bak, så skulle det bli rimeleg tungt ut dei knappe tre mila til Fodnes ferjekai.
Spesielt den eine tunnelen, som går i fleire hundre meter med slakk motbakke vart rimeleg heftig....

Omsider var vi nå framme på ferjekaia. Ca. 145 km, 1600 høgdemeter og over sju timar på sykkelen var over, men eg trur vi alle var enige om at det hadde vore ein flott tur!

Denne runden tek eg gjerne igjen, men da skal vi iallfall passe på at vi slepp å stå i spreningskø i tre kvarter.
Årets soleklart nest mest minneverdige tur, der eg skuldar mine tre sykkelvenner ein stor takk for ein flott tur!







Luster SK-toget i fri dressur i medvinden på Filefjell.

Det er laaaaangt mellom dei gangene ein syklar her, så da høyrer sjølvsagt ein fjellfie over Tyin med.

Dagens høgaste punkt, såvidt eg har forstått. Det er Tyin som er vatnet, og vi ser regnskyene ned mot Årdal i horisonten. Til alt hell vart det ikkje altfor mykje av det.

Jeeezzzz.... å sei at dette var irriterande er inga overdriving. Vi hadde forstått det slik at det ikkje var arbeid her på fredagane, men der tok vi feil. Vel, vel. Tre kvarter venting går bra i hyggeleg lag!


Nr. 3:

Matre - Rosendal, Kvinnherad

Av og til får ein høve til å trille på stader der ein normalt ikkje ferdast.
Dette er ein slik tur.

25.juni hadde eg sjansen til ei "utblåsing" før den kommande helgs tur over Sognefjellet. Alltid greit å slite seg heilt ned nokre dagar før eit slags "mål". Nokre dagars kvile, og turen opp Måbødalen går noko greiare.

Utgangspunktet var fra Matre, ei lita bygd eit par mil fra den meir kjende tettstaden Rosendal i Kvinnherad. Sjølv om vi er på Vestlandet her også, er landskapet og vegane heilt anleis enn heime.
Fjorden er breiare, fjella er ikkje så høge, vegane er meir varierte. Her heime går det stort sett rett opp eller flatt, i høgda småkupert.
I Kvinnherad er det bakkar på to-tre kilometer overalt, men klatring ala Sognefjellet fins det ikkje snurten av.
Og det er nettopp derfor det er så fint å sykle på nye plassar; Vi får oppleve noko nytt.

Fra start i Matre sykla eg "over fjellet" og ned att i Omvikdalen. Det medfører ein heftig start, da det går rett inn i ein nesten tre kilometer lang stigning, med nesten 9% i snitt. Utan oppvarming er det tøft nok.
Oppe på toppen er det ein smal, men lite trafikkert veg i lett rullande terreng før det går bratt nedatt mot Kvinnheradsfjorden langt der nede. Høgste punkt er ikkje på meir enn ca. 350 m.o.h. men slike korte, bratte bakkar kan være tunge nok for det.
Nede i Omvikdalen har ein fleire vegar ein kan trille for å komme heilt ned til fjorden, og eg valde den kortaste... Svært smalt, og gjennom eit utprega landbruksområde.
Eg rulla i mitt eige rolege tempo gjennom Rosendal, men var ikkje oppom Baroniet denne gang.
Istaden tok eg turen mot den nedlagde ferjekaien på Løfallstrand der ein tidlegare kunne ta ferja over til Varaldsøy og Gjermundshavn.
Denne kaien er erstatta av ein langt større og oppgradert ferjekai på Årsnes. Dette ligg nærare Maurangerfjorden, og vegen dit har gang og sykkelveg eit stykke. Vi skulle hatt meir slikt.
I høve den nye ferjekaien, så vart det også bygd nokre kilometer ny, flott veg. Og da får vi sjå norsk samferdselspolitikk i praksis: Vi går fra flott to-felts veg med god asfalt, med plass til syklistar, og over til den langtfra oppgraderte vegen inn mot Folgefonntunnelen til Odda, og den like lange Jondalstunnelen til Jondalen.
Denne vegbiten på eit par mil er eit kapittel for seg. Det er smalt, svingete, rasfarleg, og trafikken har auka betydleg etter opninga av dei to 11 km tunnelane. Ein tunnel inn mot Mauranger er så smal at den har lysregulering.

Kvifor er det slik? Jo, fordi opphaveleg var det visst ikkje behov for noko anna. Det bur ikkje så mange folk langs Maurangerfjorden, og her har folk nytta fjorden som framkomstmiddel i hundrevis av år.
Nå til dags derimot, har vi fått på plass tunnelar til milliardar, utan at tilkomstvegane er utbetra den døyt. Ei slik mangel på evne til å planlegge finn berre sin like langs den enda verre vegen mellom Kinsarvik og Odda.

Vel, vel.
Smale vegar er uansett sjarmerande å sykle på, men trafikken er litt for heftig til tider på den underdimensjonerte vegen mot Ænes og vidare heilt inn Maurangerfjorden.
Ænes ligg heilt på utløpet inn til Maurangerfjorden.
Der er det ein campingplass, og eg stoppa der for å slappe av med ein is og ein brus. Eg hadde sykla nesten fire mil, og syntes eg fortjente ein avslappande belønning.
Men, der solgte dei ikkje brus, og isen hadde ikkje kome for sesongen enda. Iallfall hvis eg skulle tru paret som styrde på campingen. At det ikkje var is på ein campingplass 25. juni, var nesten for utruleg, men eg kunne i det minst få fylt opp vannflaskene mine, det var da noko.

Det var ikkje noko anna å gjere enn å trille tilbake dei to mila til Rosendal for ein godbit der.

Eg stoppa her og der, tok nokre bilder over mot Varaldsøy, og konstaterte at også i Hardanger har dei fin natur. Det er som sagt heilt anleis her, enn heime.

Da eg kom til Rosendal var klokka blitt ca. sju om kvelden, og på ein slik turistplass måtte det da være ein kakebit å glefse i seg? Men nei.
Det meste var stengt, og etter nesten seks mil, så merka eg at det hadde gjort seg med litt næring.
Det vart til at eg måtte stoppe på ein bensinstasjon i Dimmelsvik og kjøpte ei pølse i brød og ein RedBull. Ikkje akkurat det som var planlagt, men skulle eg komme meg opp dei bratte bakkane over mot Matre, så måtte eg ha næring.

Eg sykla litt utover fjorden mot Husnes, og tok den ytterste vegen opp Omvikdalen. Den vesle første stigninga var som eit fjell, da energinivået var lågt etter nokre dagars bakkekøyr.
Inn dalføret kjende eg meg meir som ein Big Mac enn som Big Mig (Kallenavn på Miguel Indurain, kjent spansk syklist), dvs, feit, tung og ekkel.
Og den verste bakken stod att....
På 2,7 km. stig det 260 høgdemeter, noko som er slitsomt nok. Det er kun to hårnålssvingar på denne strekninga, med 100 meters mellomrom. Ikkje noko høve til å slappe av her nei...

Beina var som bly oppover. Det var knapt sykkelen bevega seg verka det som. I den andre hårnålsvingen tok eg ein kunstpause, satte meg på rekkverket, drakk litt vatn, slappa av ein smule og såg på den eine bilen som køyrde forbi.

Dette gikk forferdeleg tungt!

Men, det var ingen som kom og ville køyre meg over, det var berre til å slite seg vidare.
Og omsider, etter ein av dei verste halvtimar eg har hatt på ein sykkel, så var eg oppe.
Det var på tide med nye utsiktsbilder.
Det var da eg oppdaga at eg hadde sykla på storskiva heile vegen opp. Ikkje rart det var tungt. OK, eg hadde nytta 34 klinga bak, men det vart likevel tungt med 48 framme....
Det var til å le av.

Årsaka til at det gikk så tungt var i det minste oppdaga, og med eit heilt nytt girsett på plass, så tok eg ein svipptur opp dei enda brattare anleggsvegane i høve all kraftutbygginga oppe i fjella.
Eller fjell og fjell... Til tross for at det verka til å være omtrent på Styggevatnet (1250 m.o.h.), så kom eg aldri meir enn 415 m.o.h. denne dagen. Opp og ned, javel, men dei store og lange klatringane uteblei, og det var jo heile hensikta.

Etter nye foto her og der, var det berre å trille heim att. Beina var skikkeleg kokt før helga etter over åtte mil og nesten 1300 høgdemeter heilt åleine, med tendensar til akutt sukkermangel og feilgiring i den verste bakken.
Absolutt ein fin og minneverdig tur.
Dette er ned mot Omvikdalen og vi ser Kvinnheradfjorden ca. 350 høgdemeter lenger nede. Og ja, det er brattare enn det ser ut. Ca. 10% held denne bakken. 


Vi er framleis på Vestlandet, men landskapet er likevel noko anna enn her i Sogn. Vegane derimot, er mykje like til tider.

Hårnålssvingane der eg tok ein kunstpause.... puh!

Opp i dalføret dit skulle eg altså. Med bein som kjendes som betong.

Med 11 nye og tildels lettare gir, så var det ikkje noko problem å ta seg eit stykke inn i fjellheimen under Folgefonna.






Nr. 4:

Vanndalsvegen

1. august var på slutten av varmeperioden i sommar, og ein passande dag til å ta ein av våre HC-katergoriserte stigningar, opp Vanndalsvegen.
Eg hadde sykkelen med på bading under Nigardsbreen (ja, det er tilfelle), og planla å trille derfra og heim, via Vanndalen. Denne turen var ein av våre såkalla "Lustrabakkar 2019", så det var det som var årsaka til at eg gjennomførte denne ganske så brutale stigninga.

Men korleis er det opp til Vanndalsvatnet? Eg har vore der med bil fleire ganger, og sykla opp dit ved eit høve midt på 1990-talet. Den gang var kanskje syklane dårlegare enn våre dagars maskiner, men kroppen oppå var definitivt yngre, lettare og meir trena.
Såvidt eg kan hugse sykla eg opp dit nokre veker etter fullført Jotunheimen Rundt, og med 20 kg. mindre å drasse på. Tidene har endra seg....
Sykkelen eg nytta den gang, var ein DBS Landevegssykkel med stålramme. Det var integrerte gir i bremsehendlane, noko som var ganske nytt på den tid. Klikkpedalar var også på plass.
Girpakken derimot, er det ingen som ville ha nytta i dag. Krank på 54/42, og ein åttedelt kassett 11-24, betyr at ein måtte bryte seg opp bakkane. Det gikk på eit slags vis den gang, og eg brukte ganske nøyaktig ein time.

I 2019 er det ingen som syklar slike bakkar på stålrammer og iallfall ikkje med slike monstergir.
Eg nytta "gravel-biken", med 37 mm. kombidekk for komforten sin del. Gir: Krank 48/32 og 11-delt kassett 11-34. Det skal være svært bratt før ein må stige av denne....

Vanndalsvegen er kanskje ikkje så bratt, men det er ein stigning på nesten ni kilometer, og vi skal opp ca. 830 høgdemeter. Det gir eit snitt på 9%, men det er ganske jamn stigning, kun nokre få parti ser 12%.
Lengda er altså utfordringa, og ein samanliknbar bakke er den kjende Alpe d`Huez som vi kjenner fra Tour-sendingane på TV.
I motsetnad til den kjende franske saken, så er det langt mellom syklistane som tek turen opp Vanndalen, og asfalten er da heller ikkje verdas beste, sjølv om det er null problem å nytte landevegsdoning.


Eg sykla fra Nigardsgrandane, tok ein styrketår på Jostedal hotell, og byrja på stigninga ca. kl. 1900 om kvelden. Sola var ikkje lenger så kokande, men varmt og godt likevel.
Det er ei overdriving å sei at farten var #kollosal, men eg følgde med på computeren, og hadde full kontroll på kor langt det var att til ei kvar tid.

Den brattaste biten er eigentleg den opp til Myri, dvs. der vi kan ta av til Geisdalen. På desse tre kilometrane er vi allereie klatra over 300 høgdemeter. Aberet er sjølvsagt at det framleis er seks kilometer og 500 høgdemeter til, og dei kan heller ikkje seiast å være sjølvsyklande.

Det gikk i jamnt tempo oppover. Marsjfarten var stort sett mellom 7 og 8 km/t heile vegen, med nokre små unntak +/- alt etter terrenget. Det var fort nok for min del.

Å herrefred kor langt det var. Sving etter sving.
Kilometrane åt seg imidlertid sakte opp mot vatnet øverst i dalen, og etter ein time og sju minuttar samanhengande klatring var eg omsider oppe. Kveldssola var ubeskrivleg vakker. Vanndalsvatnet var som ein oase i fjellheimen, der oppe på 1050 m.o.h. Eg vurderte seriøst å hoppe uti for ein avkjøling, men fant ut at det ikkje var så smart, i.om. at eg skulle sykle dei fire mila heim også....

Men duverda kor fint det var der denne sommarkvelden. Over 20 grader, vindstille og dei einaste levande vesen eg hadde møtt på heile turen hadde fire bein; Nokre sauer på toppen og ein rev rett etter start av bakken.

Tøyskifte, og så var det berre til å trille dei ni kilometrane ned att. Totalt vart det ca. 55 km. og knappe tre timar på tohjulingen denne fine 1. august.

Ein flott og minneverdig tur var det, og eg anbefaler alle sykkelfantastar å ta utfordringa med å klatre dei over 20 hårnålssvingane og opp til Vanndalsvatnet.


Vanndalsvatnet ein sommarkveld er ikkje den verste plassen på jord.

Ein av dei mange svingane. Dette er den siste av dei når du kjem nedanfra. Trur eg.
Herfra er det knapt ein kilometer att til toppen. Den markerte toppen vi ser nærast er forøvrig Dugurdskulen, som eit anna bilde er tatt fra.

Som ein ser er ikkje asfalten nylagd akkurat. Den er grov, og eg vil anbefale litt breiare dekk enn vanlege 23 eller 25 mm, om ikkje anna enn for komforten sin del nedatt.

Fant eit foto fra den gang eg var på Dugurdskulen. Da tok eg dette bildet som viser nesten heile Vanndalsvegen, og da forstår ein bedre kvifor det er ein tøff bakke.







Nr. 5:

Gjerde - Viva - Gjerde

21.mai køyrde eg elbilen min, for første gang med montert tak og sykkelstativ fram på Gjerde ein snue.
Sykkelturen skulle gå mot Styggevatnet, så langt det var forsvarleg vel og merke. Styggevatnet, langt inne i Breheimen, ligg på ca. 1200 m.o.h. og dei siste kilometrane opp til damanlegget der oppe går i svært rasfarleg terreng. Inga vits i å ta sjanser når eg tross alt var åleine også.

Eg trudde det skulle være eit drag av vinter enda, da vår og sommar kjem seint i dette ville landskapet lengst nord i kommunen vår. Derfor tok eg på meg bra med klede, slik at eg skulle slippe å fryse. Erfaringsmessig tek ein jo alltid på seg for mykje klede, og kokar etter fem kilometer, men etterkvart som åra har gått, så har ein lært å kle seg.

Skulle ein tru.

På Gjerde var det godt og varmt denne mai-dagen. Det fantes ikkje eit snev av vinter att, men da eg ikkje visste kor langt inn i fjella eg kunne komme, så tok eg ingen sjansar.
Det var forholdsvis tidleg på dag. Denne skrotten trives best på kveld når det gjeld trim, og beina var som bly fra starten av. Opp Krokabakken (1 km, 10% i snitt) etter berre tre kilometers sykling og det var  som eg hadde sykla fra Bergen og heim. Rein tortur, og alt som kunne minne om vinter var forlengst borte. Denne bakken ligg midt i solsteiken, og temperaturen bikka 25 grader med god margin. Det betydde at før eg var komen til Fåberg etter knapt seks km. så var eg omtrent gjennomvåt.
Men, sidan eg var åleine, så var det ingen grunn til å stresse. Eg tok gamlevegen forbi Steinstova, ned att på grusvegen, og svinga ut på "hovedvegen" vidare framover mot Fåbergstølen. Ikkje ein einaste bil hadde eg møtt sålangt, og det var på tide å karre seg opp bakken fra Fåberg (1,4 km. 7% i snitt) og til den mildt sagt heilsvarte tunnelen før Bjønnstegane. Denne tunnelen er svart som natta når ein kjem fra Fåberg, og ligg i unnabakke når ein kjem sørfra. Godt lys er eit must!!! Asfalten er noko skral, men kan fint forserast med racer for det. Tunnelen går rett ut på den høge brua over Jostedalselva, og her er det høve til å briljere med nokre villmarksbilder. Såvidt eg veit er dette det smalaste partiet i heile Jostedalen, og det seier ikkje så reint lite.

Det stig lett inn mot Fåbergstølen, som var endepunktet for ein enkel grusveg heilt fram til kraftutbygginga på 1980-talet. I dette landskapet ser ein kor bitteliten ein er, og med tanke på at det er omtrent null trafikk her på denne tid av året, så kan ein verkeleg kjenne på kor fritt ein kan ha det på ein sykkeltur.

Men skulle du ha sett; Rett forbi dalføret som leier opp til Fåbergstølsbreen, der stod det jammen ein bil og ei gravemaskin. Folk var det også der, ein eller anna form for vedlikehaldsarbeid i regi av Statkraft. Eg trilla berre forbi, da dei sikkert lurte på kva slags tulling som hadde forvilla seg frammi der på sykkel.


På Fåbergstølen har eg sett elg tidlegare. Det var også på ein sykkeltur, i august 2017. Kunne eg være så heldig å få sjå dette majestetiske dyret i dag også?
Eg trilla forbi Fåbergstølen, og mot Øy. Det ser ikkje så langt ut, men det er faktisk tre kilometer. Midt mellom Fåbergstølen og Øy låg det att ei lita rest av eit snøskred som hadde gått over vegen. Det betydde at herfra var eg heilt utan kontakt med omverda. Ikkje fantes det bilar, og mobildekning var det heller ikkje. Det vil sei; Slik som det var i det meste av landet for berre nokre få tiår sidan.

Og der: Midt i vegen stod det så ein elg. Eg rakk ikkje å få ta bilder av dette store dyret, men berre det å få sjå ein elg synes eg er spennande og ei fin oppleving. Dyret var nok langt reddare meg enn eg var for elgen, for den sprang, i kollosal fart, ned i skogen. Eg ville ikkje forstyrre dyret unødig, og trilla vidare så stille og roleg som mogleg.

Rett før Øy byrjar det å stige. Vegen ligg på ca. 550 m.o.h. (Gjerde er forøvrig på ca. 230 m.o.h.), og det stig jamnt heile vegen opp til Viva. På dei neste knappe fem kilometrane opp dit, så stig det ca. 360 høgdemeter, noko som gir eit snitt på 7%. Brattaste parti er på 12%, ganske tidleg i bakken.
Utfordringa er at her fins det ikkje ein einaste hårnålssving. Det går, om ikkje rett fram, ganske så beint oppover, gjennom tregrensa, før vi kjem opp til brua nedanfor parkeringsplassen opp mot Sprongdalen. Her er ein komen på nesten 900 moh, og to mil fra Gjerde. Eg har vel knapt kjent meg så åleine nokon gang, her som det ikkje var mogleg for bilar å ta seg fram, og mobildekning fantes det ikkje snurten av.
Skulle eg sjå korleis det var innover dalføret mot Styggevassdammen?
Såklart.

Men det var ikkje aktuelt å sykle heilt opp. Snøen låg i skavlar oppe på fjelltoppane, og eg forstod at det kunne være svært farleg å sykle inn denne dalen.
Dessutan gjorde naturen det veldig enkelt for meg: Knapt ein kilometer etter parkeringsplassen, så låg snøen i meter over heile vegbana inn heile dalen. Eg hadde neppe tatt sjansen på å sykle lenger likevel, men det var altså ikkje mogleg å komme vidare.

Det hadde uansett vore ein fin tur.

Nå var det berre til å trille ned att mot Øy, Fåbergstølen og til bilen på Gjerde. Eg hadde kome over 900 moh, på ein veg som ikkje vert brøyta og det var eigentleg nok. Som sagt skal ein ikkje ta sjansar.

Turen ned til Øy gjekk vesentleg fortare enn turen opp. Sidan vegen er ganske så rett, så kan ein få god fart, men vær obs på at vegdekket ikkje er heilt nylagd asfalt. Den er svært grov, og har ei rekkje sår.

Nokre bilder vart det tid til, bl.a. det obligatoriske på Øy fram mot bl.a. Lodalskåpa og Stegholtbreen.
Når ein er her framme i dalføret, så kan det være verdt å vite at det er vesentleg kortare til Stryn og Skjåk enn heim att til Gaupne.

Vel, skulle eg oppleve meir dyreliv på turen?
Jepp, på same stad traff eg elgen att. Nå stod han/ho/det på andre sida av vegen, og berre følgde meg med augene. Ikkje noko springing denne gang, og eg vart like imponert nå også. Det å få sjå elg, på kun nokre meters avstand er ikkje kvardagskost på desse kantar av landet.

Turen nedover mot Fåberg gjekk greit, endatil i motbakken i den nattsvarte tunnelen, som vi heldigvis ser opninga på nesten heile vegen når vi kjem nordfra.

Eg møtte framleis ikkje ein einaste bil, før eg kom til Elvekrok. der stod Presis Vegdrift og gjorde klar ei ferist.

To og ein halvtime og 41 kilometer mutt åleine vart det denne etterkvart kokvarme maidagen. Definitivt ein av årets minneverdige turar.






Her var eg kome forbi den noko pussige tunnelen. Legg også merke til gamlevegen som vi kan sjå i fjellsida over tunnelopninga! Rart å tenke på at der har eg faktisk køyrt bil, for ca. 1000 år sidan. 

Denne vesle resten var alt som låg att av det som sikkert har vore ei stor fonn fra i vinter. Ca. ein kilometer lenger inn mot Øy traff eg dagens elg, om enn ikkje i solnedgang.

På denne staden er det vanleg å ta bilder. I dalføret inn til høgre kan vi finne Stegholtbreen, og til venstre er det ikkje langt over til Lodalen i Stryn.

På Viva er dette skiltet satt opp, og det er ikkje utan grunn. Dalføret er svært rasfarleg, og eg hadde aldri tatt sjansen på å ta meg opp til dammen med dei snømengdene som var att i fjellet, sjølv om vegen hadde vore open

Hit, men definitivt ikkje lenger. Ein passande stad og stoppe denne maidagen, men på sommarstid er det ein svært fin tur opp til sjølve Styggevatnet, ein stad som ikkje fortjener navnet sitt i det heile teke. Det er veldig fint der!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar