lørdag 5. oktober 2019

Joker - filmomtale

Karakteren Joker, Batmans erkefiende i mange tiår, er attende med ENDA ein film. Gudane må vite kor mange filmar denne forskrudde personen nå har fått, men det er ikkje få.
Er det siste tilskotet noko å bruke tid på?

Joker (2019 film) poster.jpg

Svaret er: JA.

Dette er antaglegvis den beste tolkninga av den gale mannen nokon gang. Og ja, eg har sett mange versjonar av Joker tidlegare.

Handling: Vi er på byrjinga av 1980-talet, i eit slags dystert og regnfullt Gotham, som minner mykje om New York, men det lever vi godt med. Byen er i konstant forfall, med søppelstreik, nedskjæringar på offentlige tilbod og generelt dårlege tider.
I dette miljøet finn vi Arthur Fleck (Joaquin Phoenix) , ein mislykka stand-up komikar på kveldstid, som har ein liten jobb som klovn på dagtid. Jobben går etterkvart like dårleg som stand-up showet hans, og han får den eine smellen etter den andre.
For å sei det enkelt; Alt går til helsike med Arthur.
Det einaste lyspunkt han eigentleg har, er å være heime med si smått forvirra mor og sjå på TV-showet "Murray Franklin", ein slags Gotham-versjon av alle dei ulike "Late-night" programma som USA er overlessa med.
Murray Franklin, ypperleg spela av Robert De Niro, har ein liten, men svært viktig rolle og påverknad av Arthur sitt liv.

Forutan å være mislykka på omtrent alle områder, så er Arthur også alvorleg sjuk. Han knaskar medisin mot alle sine psykiske problem, han røyker som ein svamp og lever i ei slags fantasiverd der alle er mot han.
Men etter ei sjokkerande hending på T-bana, så oppdagar han brått at mange sympatiserer med han. Han får anerkjenning, støtte, ros og ikkje minst: Folk legg merke til han.

Gotham by er lysår fra å være nokon hyggeleg stad du vil reise på ferie til, men det finns rike og vellukka folk der, bl.a. Thomas Wayne, som vil stille til valg som borgermeister. Ja, Thomas er faren til..... Bruce, som vi også får nokre minuttar med.

Om vi får ein happy ending her?
Tja, det kjem vel an på korleis vi ser det. Uansett er dette ein mørk og dyster sak om tida før Arthur Fleck vart Joker, og ikkje minst om kva som fikk han til å bli den livsfarlege og gale forbrytaren vi kjenner så godt fra før.
Det er nemleg ikkje så smart å plage og tråkke på alvorleg sjuke og potensielt farlege menneske.



Det er altså laga haugevis av filmar som har Joker med i ein eller annan slags variant. Nokre av dei framtoningane har vore bra, andre heller skrøplige. Men eg vågar atter ein gang påstanden om at ingen har vore så bra som Joaquin Phoenix sin versjon. Han er med i omtrent kvar einaste scene gjennom to timar. Vi kan nesten kjenne korleis samfunnet trykker han stadig lenger ned i gjørma, før det til slutt er nok. Og da er ikkje Joker ein figur å spøke med lenger.


Phoenix har spelt i mange filmar, alltid med godt resultat. Men så bra som Joker har endatil ikkje han vore. Her legg han lista skyhøgt, og stakkars den skodespelar som skal framstille Joker etter dette. Kven kan vel toppe noko slikt?
Mitt favorittsitat: "All I have is negative thoughts"

Det høyrdes kjent ut.


Høgdepunkt: Joaquin Phoenix. Han må gjere klar Oscar-takketalen sin.

Lavmål: Tja, litt småtreg framdrift til tider. To timar kunne godt vorte kutta ned til 100 minutt.

Alt i alt ein kanonbra film, som fortjener

Bilderesultat for terningkast 5


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar