onsdag 9. oktober 2019

In the Tall Grass - Filmomtale

Ny Stephen King-bok er blitt til film, denne gang ein av hans nyare "verk", da han saman med Joe Hill gav ut "In The Tall Grass" i 2012.
Kaaaan dette måle seg med filmversjonen av t.d. "It"?

In the Tall Grass poster.jpeg

Not even close.

In The Tall Grass kom ut på Netflix nå i oktober, og er skildra som eit "overnaturleg horror drama". Da skulle vi forvente litt av kvart, men det tok eigentleg aldri heilt av, eit lovande utgangspunkt til tross.

Handling:
Søskenparet Becky (seks månader gravid og på veg bort fra barnefaren) og Cal er på veg til San Diego, og tek seg ein liten pause på dei nærast endelause grasslettene i Midtvesten. Filmen er forøvrig innspelt i Ontario, Canada, men detaljar, detaljar.
Dei stoppar utanfor ei nedlagt kyrkje, og skal til å køyre vidare da dei brått høyrer nokon som ropar om hjelp ute i det to meter høget graset.
Det er ein gut, Tobin, som ikkje finn vegen ut att av graset, og søskenparet synes som rett og rimeleg er, at dei må hjelpe han. Sidan dei kan høyre guten, så kan han da ikkje være så langt unna?
Søskeparet surrar seg imidlertid fra kvarandre, og inne i graset byrjar underlege ting å skje.
Bl.a. verkar det som om ting og stader flytter seg, stemmene kjem liksom fra alle kantar, og det vert stadig verre å orientere seg.
Tobin har kome bort fra foreldra sine, men etter å ha surra omkring som forvirra kråker i timevis, så vert alle fem omsider samla.
Forutan Tobin er nå også foreldra Ross og Natalie saman med søskenparet, men problema er langtfra løyst for det.

I mellomtida er barnefaren Travis tilfeldigvis på vegen også. Han oppdager den parkerte bilen til Cal og Becky, og finn ut at han bør leite etter dei.....

Merkverdige ting skjer ute i graset. Hallusinasjonar, urkrefter, ubestemmelege grasvesen og gamle konfliktar kjem til overflata. Dette kan vel ikkje gå bra?


Men er det ein god film?
Nei, ikkje noko særleg. Det er ein typisk Netflix-dusinvare; Ikkje er det elendig, men samstundes lysår fra å være engasjerande i det heile teke.
Rollelista er svært kort, og eg for min del hadde kun høyrt om Patrick Wilson (Conjuring og Watchmen) i rolla som Ross  på førehand.
Mykje av filmen består i å labbe omkring i verdas høgste graseng, med eit visst håp om at det skulle dukke opp noko spennande her eller der. For det meste finn dei berre meir......gras.....

Heile plotet skal være at graset er heimen til rare, urgamle vesen og dei nye gjestene vert kasta fram og tilbake i ein form for "timeloop". ALT går dermed fram og tilbake i tid. Hendingane vert i det heile tatt ein smule forvirrande.


Alt i alt altså: Såder underholdning som eg ikkje gidd å bruke tid på ein gang til. Greit nok å ha sett, men det er nok med ein gang.


Høgdepunkt:
Tja.....Visjonen som Becky har ute i graset var ganske så intens.

Lavmål:
Det vert aldri spennande.

"In the Tall Grass" kan ikkje få meir enn

Bilderesultat for terningkast 3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar